NORSK DEL, GULLVEKTA

Tankar av Dalai Lama

 13 › 4 › 6 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR Dalai Lama tankar, den fjortande Dalai Lama – SAMLINGA GLOSSAR: ORD I BUDDHISMEN

Tankar av Dalai Lama

Nedafor er nokre ord av Dalai Lama, som er leiaren for Gulhattordenen i tibetansk buddhisme, og åndeleg leiar for mange.

DALAI LAMA
Buddhismen oppmuntrar til å skjerpe sinnet.

Biografi

Han som no har tittelen Dalai Lama, er den fjortande i rekka, og blei født i 1935 av tibetanske foreldre i det som no er den kinesiske Tsinghai-provinsen i Kina. I 1937 kjende høgtståande tibetanske munkar han att som den atterfødte trettande Dalai Lama. I 1940 fekk guten trona, og han blei statssjef i 1950. Same året rykte kinesiske styrkar inn og hærtok Tibet.

Dalai Lama rømde til eksil i India i 1959. Det var det året tibetanarane reiste seg mot dei kinesiske styrkane utan å lykkast. Dharmsala i Nord-India blei hovudsetet for eksilregjeringa hans. Heilt til våre dagar har tibetanar flest blitt undertrykt av skarar av kinesarane som har invadert det ressursrike, enorme fjellmassivet.

Dalai Lama er er verdskjent talar, og ofte karakterisert som karismatisk. Han går inn for å spreie buddhistisk lære og fremje etikk og harmoni mellom ulike slags tru. I 1989 fekk han Nobels fredspris for ikkjevoldsstriden som han og eksilregjeringa hans fører.

I desember 2008 trekte Dalai Lama seg halvveges som overhovud for tibetanarane. Eit valt eksilparlament med statsminister fekk avgjere kursen frametter, sa han, og dessutan at "Det er betre om eg trekkjer meg heilt tilbake." Han har skrive mange bøker om tibetansk buddhisme. [Ebu "Dalai Lama"]

Tankar

Somme av tankane under er omsette ordrett, mens andre er samandrag. Det finst endra nokre (modifiserte) fråsegner i tillegg. Sitata og ulike attgivingar blir merka kort med så som jf. mod(ifisert), med, og fork(orting) så ein lettare kjem til hovudideane.

Frå eit intervju med nobelprisvinnaren av Laurence Freeman den 15. mai 1993 i Samye Ling-klosteret:

Twig

Meditasjon er vesentleg om ein skal omforme det åndelege livet sitt.

I den buddhistiske tradisjonen er meditasjon svært viktig.

Spørsmål: Kva ville De seie til ein kristen som tenkjer på å bli buddhist, eller ein buddhist som vil bli kristen? – Svar: Ein må vise omhug om ein skiftar religion. [Med Dalai Lama]

Det finst knapt nok noko gap mellom korleis eg ter meg, talar og tenkjer offentleg og privat. Dette gjer alt saman mykje lettare! [Dalai Lama, fork]

Meir

Fred i verda lyt komme frå indre fred. [Dalai Lama]

Når du oppdagar at du har gjort ein feil; gå då straks i gang med å rette den. [Dalai Lama]

Sett ikkje på spel dei inste verdiane dine. [Dalai Lama]

Del ut visdommen din. [Dalai Lama]

Vårt eige hjerte er tempelet vårt. Filosofien vår er godleik. [Dalai Lama]

Frå Sanningsord: Ei bøn om fred i Tibet og medkjensle i verda

Vinn att visdomsauget og vit kva som må gjerast. [Noko fritt etter Dalai Lama]

La Buddha si fulle lære bløme. [Dalai Lama, korta ned]

La rettferdas ti gode vegar rå. [Dalai Lama] - [Der er meir enn ti. - TK]

Dalai Lama tankar, den fjortande Dalai Lama – SAMLINGA
Dalai Lama tankar, den fjortande Dalai Lama - SLUTTBOLK

Dalai Lama tankar, den fjortande Dalai Lama - LITTERATUR  

Ebu: Encyclopaedia Britannica. Encyclopaedia Britannica 2010 Ultimate Reference Suite DVD. London: Encyclopaedia Britannica, 2010.


Dalai Lama tankar, den fjortande Dalai Lama - OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Dalai Lama tankar, den fjortande Dalai Lama BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]
© 2006–2011, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]