Norsk del, Gullvekta
Gampopa
Seksjon › 6   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ord

Reservasjonar    Innhald     

Ikonografi-ymt, antydning

Gampopa

Sonam Rinchen frå Gampo, Gampopa Sonam Rinche, er også kjend som "Legen frå Gampo". Han kom frå staden Budnyi Chedrak Serlung i Nyel-dalen i midt-Tibet. Først blei han utdanna til lege, så gifta han seg. Paret fekk eit barn i lag, men kona og barnet døydde. I 1104, tjuefem år gammal, blei han ordinert til munk og fekk namnet Sonam Rinchen, "forteneste-juvel".

Nokre år etter mens han sat i fred og ro, kom han til å overhøyre tre tiggarar som snakka om yogien Milarepa (1052–1135), leitte han opp og blei eleven hans i 1109.

Enkle attgivingar

Milarepa sa og song til Gampopa:

Kast ikkje vekk tida di med studier, men praktiser dei vesentlege læresetningane.
Du kjem til å spreie den buddhistiske trua. Følg vegen min og gjer som meg.

Gampopa fekk kjernelæra, og spurde seinare kva som var det vesentlege i utsyn, praksis og levemåte. Milarepa song:

Følg stødig med på det du tenker [kor du har tankane].
Den endelege praksisen er å ikkje anse avleiingar som feil.
Kvil makeleg.
Den endelege Guruen er [i] hugen.

Gampopa mediterte godt, og blei stegvis leia av Milarepa til finare (meir subtile) plan. Han fekk draumar, og Milarepa tyda dei for han. Milarepa sa ved eitt høve: "Sit berre roleg og mediter." Ein annan gong var rådet: "Praktiser varlegare."

Milarepa tyda fleire av draumane hans. Mellom anna sa han: "Draumen du nett fortalde meg viser du vil få eit stabilt sinn og god helse. Ein meister i draumetyding kan kjenne att (og tyde) gode draumar."

Milarepa la til: "Å gagne seg sjølv og gjere godt for hine kjem ut på eitt i den høgaste tilstanden. Konkluder ikkje for hastig."

Etter enda nokre veker med mykje meditasjon, gjekk Gampopa til Milarepa for å fortelje enda fleire av draumane sine til han. Men Milarepa sa: "Du treng ikkje fortelje meg om synene dine. Eg kjenner til dei allereie. Og jamvel om du helst vil bli hos meg, lyt du dra til midt-Tibet og meditere der." Der fekk Gampopa lov å undervise disiplar in hug-basisen.

Milarepa song til han: "Dra og gjer menneskevennlege gjerningar!"

Så følgde Milarepa Gampopa eit stykke på vegen mot midt-Tibet. Då dei kom til ei steinbru sa han sånn omtrent: "Ein god buddhist skulle aldri ha samkvem med vonde menneske, for ikkje å bli smitta av dei. Hald ikkje fast på trongsyn. Trongsynte menneske er tilsløra av ikkje-viten. Bland deg ikkje med dei og bry deg ikkje om kva dei bablar. Fordi dei er trongsynte, kjem ikkje gode råd til å gjere dei godt. Hald godt auge med korleis du oppfører deg!"

Milarepa song igjen:

Det er viktig å vere beskjeden.
Kvil makeleg bortanfor alle ord.
Og legg merke til hugen din, utan spesielle håp av noko slag.

Milarepa sa så: "Ver glad og kast aldri vekk alt eg har lært deg."

Etter godt og vel eit års meditasjon i ei hole, hadde no Gampopa komme på heimvegen med heile læra til Milarepa, og mahamudra-opplegget også.

Slikt som Gampopa lærte frå seg etter kvart

Slik sende Milarepa Gampopa tilbake til heimlandet, føresa at han kom til å bli ein vidgjeten lærar, og bad han komme att etter tolv års meditasjon. Tolv år etter var Gampopa på veg tilbake til Milarepa, då han fekk han vite at Milarepa var avliden. Då gjorde Gampopa vendereis, drog tilbake dit han kom frå, og heldt fram med å meditere. Han flytta dernest til Gampo-regionen, og der skipa han klosteret Daklha Gampo i 1121.

Han lærte frå seg mahamudra, og også sex-yoga til eit utvald fåtal. Fire av elevane hans kom med tida til å skipe fire forgreiningar av kagyu-tradisjonen som Gampopa stod i.

Gampopa er såleis ein av to mykje vidgjetne elevar til Himalaya-yogien Milarepa i kagyu-linja i tibetansk buddhisme. Han gjorde mykje for å systematisere læra i kagyu så ho blei meir samordna og likande med tanke på utvikling. Han skreiv også yogaavhandlingar om storsegl-læra, mahamudra, læra om storsymbolet.

Gampopa døydde i 1153.

Sytti velmeinte råd og kloke ord

- i utval etter Gampopa, frå boka Tibetan Yoga and Precepts (1968)

❦❦❦❦

Å svikte velmeinte foreldre i nød kan bli ei kjelde til anger (Jf. s. 68).

Høgt og godt vern [fin rustning] i lag med eit svært skarpt intellekt er kjærkome (Jf. s. 68).

Studer lærene til store vismenn så upartisk som du kan (Jf. s. 69).

Gå inn for fromme øvingar som fører til åndeleg utvikling for deg (Jf. s. 69).

Ein skulle halde seg bra aktsam når ein går, sit, et og søv (Jf. s. 69).

Unngå vennar som er skadelege for sinnsfreden (Jf. s. 70).

Unngå eit levebrød med svik og tjuveri i (s. 70).

Unngå tankelause handlingar som får hi8ne til å akte deg mindre (s. 70).

Unngå mat og vanar som ikkje harmonerer med helsa di (Jf. s. 70).

Gode lidenskapar rett brukt skal ein ikkje unngå (Jf. s. 70).

Velstand, som gjødslar og vatnar åndeleg vekst, er ikkje noko å unngå (Jf. s. 70).

Det som kjem av seg sjølv som ei god gåve, er ikkje noko å unngå (Jf. s. 70).

Forstand, ein bestevenn, er ikkje noko å unngå (Jf. s. 71).

Ein hug er ikkje så langvarig (Jf. s. 71).

Også ulykke er ein undervisar (Jf. s. 71).

Alle ting er ganske avhengige av kvarandre (Jf. s. 71).

Bli verken taktlaus eller tamd til lydnad, så hald godt auge med ting som betyr noko (Jf. s. 72).

Ein nybegynnar bør både lytte til og meditere på hevinga dyktige lære (Jf. s. 73).

Blir du ramma av ulykker, er ikkje medynk nok (Jf. s. 73).

Bli oppglødd til å leve fromt og godt (Jf. s. 73).

Unngå vondt ved å tenke gjennom følgene av vondskap (Jf. s. 73).

Dekadanse [forfall o.a.] er alltid galt.

Eit lite glimt av røynda [Urlivet] kan forvekslast med komplett sannkjenning (s. 75).

Det er i og for seg ikkje gale å studere høvelege læresetningar, grunde og meditere på dei (Jf. s. 76).

Å vende heim tomhendt frå eit land som er rikt på verdifulle edelsteinar, er ingen liten fiasko (Jf. s. 76).

Å døy av tørste på bredda av ein innsjø, er ein sørgeleg fiasko (Jf. s. 77).

Å by ei mor kjøtet frå barnet hennar er ingen liten feil (Jf. s. 77).

Å arbeide som lege når ein er kronisk sjuk, kan gjere andre mistenksame, som kan føre til at ein blir lite akta, og vidare til mange fiaskoar ut frå det att (Jf. s. 77).

Ein riking som har mista nøkkelen til det indre skattkammeret sitt, er ein trist riking (Jf. s. 78).

Å vere besett av verdslege tankar seier "for veik innvendig" (Jf. s. 78).

Dei religiøse og svake blir drivne av eigeninteresser og ikkje menneskevennlege [altruistiske] [jf. s. 78). Å ikkje klare å gå langs ein høgare stig, gir ymt om ein veikskap som heng saman med det (Jf. s. 78).

Å vere likesæl med eit komfortabelt liv, og favorisere unødvendige strabasar, kan komme av alvorlege veikskapar i hugen. Ein av dei er "gjer som fortald" (Jf. s. 78).

Oppvakt å fatte og bruke den beste læra vi treng til, tener oss godt (Jf. s. 79).

Ein dyktig gaid tener oss vel (Jf. s. 79).

Stadig å gjere godt tener oss vel (Jf. s. 79).

Rein kropp, reint sinn, og å halde styr på tunga, tener oss venteleg vel (Jf. s. 79).

Upartisk å halde vennskap i live er veldig, veldig bra (Jf. s. 80).

Å la andre få vinne framgang på metodisk vis er teikn på å vere førsteklasses (Jf. s. 81). Å skilje seg frå mengda godt nok til å gjere ein forskjell er bra (Jf. s. 81).

Å ikkje bry seg noko særleg om illusjonar, kan vere blant det beste ein gjer (Jf. s. 81).

Å ikkje hjelpe lort til ære, til rikdom, påverknadsmakt og verdsleg pomp, kan vere noko av det betre ein kan gjere (Jf. s. 81).

Å vinne eller skaffe seg nok til å kunne hjelpe andre, kan vere godt å gå for (Jf. s. 81n).

Prøv å komme i orden til å døy, fleire år før det faktisk skjer; det kan det bli hjelp i (Jf. s. 82).

Å leve som hyklar gjer maten ein et til gift (Jf. s. 82).

Ei veik, gammal kvinne som freistar å gjete storfe, bringar vanskar over seg sjølv (Jf. s. 83).

Å sette i gang med vanskelege tiltak utan evne til å gjere det som krevst, er å kalle på vanskar (Jf. s. 83).

Ein konge som følger ein forderva politikk, er opphav til vanskar (Jf. s. 83).

Ein bør gagne seg sjølv ved å halde seg aleine i einsemd (Jf. s. 84).

Ein gjer godt for seg sjølv ved å ikkje dra fordel av andre (Jf. s. 84).

Ein gagnar seg ved utsøkte, uskyldige, stuttvarige gleder (Jf. s. 84).

Ein gjer godt for seg sjølv ved rett [og forstandig] bruk av kropp, tale og sinn (Jf. s. 84). For nokon med framifrå intellekt er det godt å forstå mange beste-ting (Jf. p. 85).

For nokon med framifrå intellekt er djup sinnsro utan mykje tenking - om ikkje tømt for all slags tenking - svært bra (Jf. p. 85).

Å følgje ein godarta gaid oppriktig treng ikkje bere gale av stad, men å gi hjartet sitt til ein hyklersk sjarlatan, blir fort eit mistak heile vegen (Jf. p. 86).

Å leve sunt som om kvar dag var den siste, og ganske som ein gniar, kan gå godt (Jf. p. 86).

Å betre andre, men ikkje seg sjølv, er ein feil som ragar høgt (Jf. p. 87).

Ein vil helst flykte frå fangenskap (Jf. p. 87).

Glede i hugen kan tene ei god gjerning med påverknad som går vidt (Jf. p. 87).

Ein bør fatte at det kanskje ikkje er ein augeblink å miste, i sær for ein som er såra av ei pil (Jf. p. 87).

Hald deg roleg trygg på åndsevnene dine så lenge det går (Jf. p. 88).

Hald fast på alle dei edelsteinane du har funne (Jf. p. 88).

Den utmatta kråka som er langt frå land, stoler eller stoler kanskje ikkje på skipsmasta ho slår seg ned på, men gjer det likevel. Ha høveleg, gladvoren og lys tillit (Jf. p. 88).

Ein som har kome i Mål, treng ikkje å meditere på vegen ditl, og heller ikkje å meditere over ikkje-erkjenningstilstanden (p. 88, 89, 88n).

Keisame religiøse lærer og å søke tilgiving altfor lenge i staden for å komme fram til ei løysing, er altfor lågt for høg-skikka individ (p. 88).

É vismann er meir verdt enn mange verdslege pakka og bunta saman (p. 88).

Eit kort glimt av guddommeleg visdom er meir dyrebart enn å tenkje på religiøse læresetningar (p. 88).

Det bør vere god sport å nyte sanseglede (p. 88).

For den som har Sannkjent, er det ganske ut på eitt om han mediterer eller ikkje, og om han held seg ifrå verdslege gjeremål eller ikkje (Jf. p. 91). [For då har meditasjon gjort sitt. - W. Y. E.-W (Jf. p. 91n).]

[Høgare] Medvett finst av seg sjølv (Jf. p. 93N).

At dei som gjer det vonde går inn i ulykkeleg tilstandar etter dauden, viser sanneleg verdien av slike tilstandar etter dauden (Jf. p. 95n).

Gledeleg sannkjenning: Det uendelege (Infinity) finst eigentleg ikkje (Jf. p. 98).

Steg opp og fram:

  1. Komme inn i straumdraget.
  2. Bli født enda ein gong.
  3. Ikkje bli født att (ein som har vunne Nirvana og kan gå vidare bortanfor ut frå det).
  4. Å vere guddommeleg nedstiging, ein Nirmanakaya. Eigen-Opplyste (Skt. Pratyeka) Buddhaar gjer [ofte] godt mot dei som kjem inn i personleg kontakt med dei, og allvitande Buddhaar forkynner vidt, både for gudar og menneske (Jf. p. 94n).

Mahamudra og zen

Garma C. C. Chang; Zhang Chengji
Garma C. C. Chang (Zhang Chengji)

Kinesisk zen, chan, er tufta likeeins som tibetansk mahamudra, fortel professor Garma C. C. Chang i boka Tibetan Yoga and Secret Doctrines. [Dit]

Mahamudra handlar om å meditere og halde seg på meditative nivå livet gjennom. Det same har chan/zen for auge. Høge mål synest i namna, om ein forstår dei, då . . . Det finst heldigvis gode ordbøker og mykje anna å slå etter i, så ein kjem under overflata av gamle og framande ord. Men storsegl-læra, mahamudra, er ikkje heilt enkel å forstå, i og med at ho kviler på fleire lærer og går for å vere samanfattinga av fleire av dei. Hovudsaka er å komme bortanfor omgrep i hugen i gnosis-tilstandar, i slike høge hugtilstandar at ein sannar Det Absolutte. Så heiter det (Jf. Wikipeda, "Mahamudra").

Så hovudsaka attom mange framande ord og omgrep er å transcendere (overskride) dei orda og omgrepa også, å nå betre medvett-tilstandar. Det kan skje gradvis; det kan skje fort. Det blir skildra fleire vis (måtar) Ein trener for å gli bortanfor omgrepa ved meditasjonsmetodar, til meditasjonane blir djupe (subtile, fine) og gode. Ein overlevert, byggande, treningsbasert og kulturell veg til Gudsriket er noko å vere takksam for.

  Innhald  


Gampopa, Sonam Rinchen, Gampopapa, tibetansk buddhisme, varjrayana, Litteratur  

Gampopa. The Jewel Ornament of Liberation: The Wish-Fulfilling Gem of the Noble Teachings. Tr. Khenpo Konchog Gyaltsen Rinpoche. Boston: Snow Lion, 1988. ⍽▢⍽ Denne vil eg tilrå til studium og noko praksis (lojong-trening) attåt ein god ◦meditasjonsmetode, som Transcendental Meditasjon. Overleveringa er klart framsett i boka. Ho innheld også ein fin Gampopa-biografi.

Evans-Wentz, Walter Y., red: Tibetan Yoga and Secret Doctrines. 2. utg. London: Oxford University Press, 1967. ⍽▢⍽ Serien med stutte attgivingsord ovanfor stammar frå denne likande boka. Ho gir fleire forklaringar og oppklaringar, som verkar tiltrengt for å få bra utbytte av framandarta ordbruk frå ein kulturkrins der mahamudra er i høgsetet for mange - Sjå om det høver.

Evans-Wentz, Walter Y., red. Tibet's Great Yogi Milarepa. 2. utg. London: Oxford University Press, 1969.

Heruka, Tsang Nyön. The Life of Milarepa. Tr. Andrew Quintman. London: Penguin Books, 2010.

Heruka, Tsangnyön. The Life of Marpa the Translator. Reprint ed. London: Shambala, 1995.

Gampopa, Sonam Rinchen, Gampopapa, tibetansk buddhisme, varjrayana, opp    Seksjon     Sett    Neste

Gampopa, Sonam Rinchen, Gampopapa, tibetansk buddhisme, varjrayana. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2014–2018, Tormod Kinnes, cand.philol. [E‑post]