NORSK DEL, GULLVEKTA

Tibetanske eventyr og andre soger

 13 › 1 › 58 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR Tibetanske eventyr og andre soger – SAMLINGA

Forord

Skapning til tibetanske eventyr

Å fortelje historier, å gå med pyntestas og å trampe og stampe i bakken i ein ring, rundt og rundt, er blant dei eldste kunstformene menneska kjenner. Og kjekke forteljarar tek vare på og overfører felles historie og kunnskap ved underhaldning - for eksempel før sengetid.

Yetilanda dekkjer veldige område. Dei omfattar Nepal, Bhutan, Sikkim, og "verdas tak", Tibet, der Dalai Lama [1] ein gong var "sjefen i godstolen". Også i andre område fortel folk stundom om yetien [2], men ikkje i så stort omfang: Uighurstan, nordvest-India, nordlege Pakistan, Assam og deler av Burma, blant andre.

Svært få i Vesten trur at det finst ein slik hårete mellomting mellom menneske og dyr, ein "mannebjørn" på to bein, ein yeti (som uttalast jeti). Men sama kva, yetien var ein freda art i Nepal så seint som i 1958. Det finst dei som trur denne unnvikande, farlege skapningen held til i det snødekte Himalaya. I generasjonar har sherpaer [3] i Nepal og Tibet late vere å klatre i Kumbhila-fjellet i austlege Nepal av frykt for at yetiar skulle kome og straffe dei, for det blir sagt om yetiane av dei som har sett dei, at dei blir mellom to og fire meter høge. Og tibetanske lamaer har fortalt at yetiar ber omkring på ein magisk stein i venstre armhole og kastar den på store jakoksar [4] på mange hundre kilo for å lamme og drepe dei.

I 1986 blei yetien observert to gonger i austlege Tibet av den vidkjente italienske fjellklatraren Rheinholdt Messner (1944-). Den store apeliknande skapningen blei også sett i Nepal av den britiske fjellklatraren Don Whillans i 1970 då den stakk av over sørskråninga av Annapurna-fjellet med ein pose med engelske sjokoladar frå teltet til fjellklatraren.

Hår og andre restar av kjente og ukjente dyr har blitt granska med tanke på om dei kunne vere yeti-prov. Men så vidt vi veit, finst ingen yeti tilgjengeleg for dei som vil studere den, og ingen gode, autentiske bilete av den heller.

[Wikipedia, s.v. "Yeti", "Dalai Lama"]

Ord

  1. Dalai Lama (dalai 'hav' og lama 'den opphøgde'): åndeleg overhovud for den største gruppa buddhistar i Tibet. [Meir]
  2. Yeti: mystisk vesen som held til i snøområda i Himalaya, avskyeleg snømann.
  3. Sherpa: eit tibetansktalande folk i nordaustlege Nepal og tilgrensande strøk i India.
  4. Jak: Jak er ein sterkbygd, langhåra ferase (både vill og tam) som lever i Sentral-Asia og ikkje toler å vere i lavlandet. Høgt, høgt i det veldige Tibet streifar ville jakdyr omkring på jakt etter mat. Tamme jakar blir brukte som fraktedyr og for kjøt og mjølk, brensle, lys og mykje anna til folk høgt i fjella.

Å velje kone

IMAGE
Toppen av Raudberget slik den ser ut no. Dalai Lama budde der

Kong Songtsen av Tibet levde for over tusen år sia. Han hadde fem dronningar. Dei budde med han i ei steinfestning på toppen av Raudberget med utsikt over hovudstaden hans, Lhasa.

Tibet var eit veldig rike på den tida. Kongen kravde ei dotter til kone ifrå den kinesiske keisaren for å tryggje fred og gjensidig forståing.

Songtsen sende den kløktige ministeren sin, Garpa, til den kinesiske keisaren sitt hoff, og keisaren kunne vanskeleg avvise krava han sette fram. Tibetansk kavaleri hadde alt nådd murane utafor keisarpalasset, og han var redd. Derfor lovde han å sende med ei av døtrene sine til Songtsen, men berre dersom den tibetanske statsråden greidde fire prøver. "Det er slik vi gjer det," la keisaren snøgt til. "Dersom du ikkje klarer dette, så skal du døy. Om du lykkast, er jenta di. Det er ikkje noko å ta ille opp," la han til.

Garpa tok imot utfordringa, og keisaren samrådde med rådgivarane, spåmennene og embetsmennene sine. "Ta ein saueflokk på tusen søyer som har eitt lam kvar, og skil søyene frå lamma. La så Garpa prøve å bringe saman søyene med sine eigne lam," sa ein gråhåra minister. "For korleis kan nokon som ikkje kjenner sauene, bringe saman søyer og lamma deira?"

Då flokken på to tusen brekande sauer blei leia framfor han, sleppte Garpa dei fri med det same. Sauene fekk sjølve orden på kven som var mor til kven, slik dei elles brukte. Snart trykte kvart lam seg opp mot si eiga mor. Dermed klarte Garpa den første prøva si.

Då tenkte keisaren: "Denne karen kan seg med dyra og måtane deira, men eg skal snart gi han ei uløyseleg kongeleg oppgåve."

Keisaren lét no livvaktene sine føre Garpa gjennom ei rekkje gangar og passasjar om natta, heilt til han ikkje kunne vite kor han var. Dei baud han sove natte over i eit lite rom blant tusenvis av andre rom, og sa kva han skulle gjere.

"Sov her i natt. I morgon skal vi leie deg med band for auga til den store plassen framfor keisarpalasset. Klarer du å finne tilbake til dette rommet då, har du klart den andre prøva."

Garpa smilte og baud dei god natt. Då morgonen grydde han var klar, og straks han fekk bandet av auga, gjekk han beinveges tilbake til det vesle kammeret der han hadde sove om natta. Dermed hadde han forpurra planane til keisaren enda ein gong, og ingen fatta korleis han fekk det til.

"Kva skal eg gjere med Garpa?" ropte keisaren og vrei juvelprydde hender med langnegla fingrar ut i eitt. "Han vil ha dottera mi! Korleis kan eg hindre han i det?"

"Silke og juvelar," kviskra eit kvitskjegga gammal rådgivar i øyret hans. "La oss sjå om han kan træ ein tråd gjennom den vridne korallperla etter den avdøydde enkekeisarinna sitt kostbare halsband. Ingen har klart å få så mykje som ein silketråd gjennom den korallperla, for holet er fælande lite og vridd og snodd der inne. Ingen som har prøvd det før, har klart det," la kløpparen til.

Dei svarte auge til keisaren glitra. Han sjølv og alle brørne og systrene hans hadde prøvd å træ ein tråd gjennom den perla, men utan å klare det.

Garpa gjekk snart i gang med den oppgåva også. På eit blunk fann han ein maur til å hjelpe seg. Han batt ein tynn, tynn silketråd rundt mauren der den var smalast, og med litt honning lokka han den vesle skapningen gjennom den vidgjetne korallperla, og tråden drog den med seg heile vegen gjennom. Straks den kom ut på hi sida av perla, trekte Garpa heile silketråden gjennom, og dermed klarte han den tredje prøva si.

Keisaren jamra og bar seg, men ei av konene hans hadde ein plan. "Sett Garpa på eit podium og la han velje ei kone til kongen sin," foreslo ho. "La han plukke ut den ekte prinsessa blant ein flokk med tusen jenter som liknar henne."

Keisaren gjekk med på det, og tusen ungjenter blei stasa opp så dei såg ut som tusen prinsesser. No laut Garpa sitje fremst i ein stort sal og sjå over jentene og velje den rette prinsessa.

Då skokken av av sømmelege unge damer spankulerte i eit yndig og staseleg festtog framfor Garpa, granska han dei nøye ei etter ei. Med eitt såg han at det kravla eit par bier på blomane som pryder håret til ei av dei. Sia det var vinter, slutta han seg til at dei andre neppe hadde fine, ferske blomar i håret, for kor kunne keisaren brått finne tusen friske blomar på denne årstida? Berre ei ekte prinsesse kunne ha sjeldne og vakre irisliljer festa til dei vakre, svarte lokkane sine, meinte han. Så sa han kven som vel kunne vere prinsessa, og fekk rett.

"Heldigvis," tenkte han, for han hadde ikkje vore sikker. Men no var alle prøvene unnagjort. Han følgde høfleg med prinsessa til heimlandet sitt, og Kong Songtsen blei glad over å kunne gjere prinsessa til dronning hos seg, henne også. Den gode dama innførte silkeormar til det nye landet sitt, lærde kongen å spinne silke, og fekk han til å bytte ut dei røffe skinnkappene sine med elegante kapper av tjukt silketøy med innvovne figurar. Og den store indiske buddhasstatuen ho bringa med seg som del av medgifta si, var med og fekk Kong Songtsen til å gå over til buddhismen og mykje fredelegare måtar å vere på.

Yetisalving

Ein gong var det ein gammal mann frå Nepal som bar ein stor kornsekk gjennom skogen til ei lita mølle som låg for seg sjølv, for å male kornet til mjøl. Men før han blei ferdig med å male, blei det mørkt, på så han hadde ikkje noko anna val enn å vere i mølla natta over.

Midt på natta, då låg den gamle mannen låg samankrølla ved sida av det vesle bålet sitt på møllegolvet, vakna han med eitt. Eit svært apeliknande vesen stod over han og tora: "Kven er du og kva har du her å gjere?"

"Eg vil berre male kornet mitt," peip den gamle bonden.

"Dette er gøymestaden min!" snerra Yeti. "Ingen ser meg og dreg herifrå i live."

Mannen blei veldig redd, men fekk ein idé: "Store yeti," begynte han, "det er tibetansk skikk å salve føter og leggar før ein døyr. Ver gild og la meg få gjere desse rituala før du tek livet av meg."

Yetien blei paff og nikka, det var greitt. Så mannen sette seg ned og tok til å gni smør på beina, og masserte begge sider. "Slik er det vi blir velduftande før vi dør, storing. Då kan dei velsmurte føtene våre bringe oss fort og enkelt dit vi vil."

"La meg prøve noko av det!" brølte yetien og sette seg ned med eit dunk. Det han ikkje la merke til var at den gamle mannen masserte dei bulande, hårete leggane hans med harpiks ifrå sekken, og ikkje smør.

Så tok mannen ei brennande vedskie og heldt den nær ved sitt eige bein, så smøret byrja å renne nedover det og lukte smør. Yeti gjorde det same med ein flammande kjepp. Men så snart han heldt den ved sida av beinet, blussa furuharpiksen opp, og på ein blunk var heile kroppen hans omspent av flammar. Hylande sprang han vekk i skogen og ingen såg han igjen.

"Det bur ei yeti [eller frykt] langt bake i alle sine sinn, men dei velsigna blir ikkje heimsøkt av det." [Gammal sherpavisdom]

Venn med ein yeti

Ein lama sat på plassen sin ikkje langt frå Mount Everest. Han sat og vakte i stille over menneska og andre skapningar si verd, og som månen skein over. Mens han bad for at dei skulle bli fri alle sorger og lidingar, sneik ein svær yeti seg innpå han for å drepe han. Men det var så fredeleg omkring lamaen i bønn at yetien reint gløymde det han hadde tenkt å gjere, og med vennlege geberder helste den fillete munken den digre gjesten sin. For første gong i livet kjende den fæle yetien seg verdsett, og det fekk ånda hans til å sveve, så letta at han ikkje kunne få sagt det.

Lamaen tok no til å behandle gjesten som del av husstanden sin for å så fredsfrø i hjertet til den. Det voks lite oppi høgfjella der. Det var langt over skoggrensa, men frå den dagen bringa yetien fersk kjøt til lamaen kvar dag, og prøvde å gle han med det.

Åra gjekk, og lamaen blei gammal og skrøpeleg. Men den mektige yetien heldt fram med å skaffa mat til han, samle ved og bere vatn frå ein bekk nær ved. Igjen og igjen bad heilagmannen for den hårete vennen sin.

Ein kveld, etter at det hadde gått eit stort snøskred i nærleiken, kom ikkje yetien tilbake til lamaen sin plass, slik han pla gjere. Lamaen gjekk ut for å leite etter han i måneskinet, og fann han etter mange timar. Han låg død ved botnen av snøskredet.

Det blir fortalt at han seinare forærte yetiskallen som ein skatta relikvie til Pangboche-klosteret.

Gammal mann med son og hest

I den tibetanske provinsen Kham er folk sterkt knytte til hestane sine. Der budde det ein gong ein gammal enkjemann i lag med sonen sin i eit av fleire grovt tillaga steinhus ved ei elv i utkanten av dei flate slettene. Dei hadde ein flott hest. Sonen var den største gleda til mannen, og hesten var det som guten var mest stolt over og glad for.

Dag og natt snurra mannen på eit lite heimelaga bønnehjul. Ein dag forsvann hesten. Naboane sa: "Stakkars dykk, no har de mista det einaste verdifulle de hadde."

Men den gamle mannen heldt berre fram med å snurre på bønnehjulet og seie fram utvalde mumlelydar, og la til, "Finn noko godt og gagleg i det som hender, og takk for det. Kven kan seie kva som er bra eller dårleg i lengda? Vi får sjå - "

Etter mange dagar kom hesten tilbake og hadde med seg eit par ville hopper. Den gamle mannen og sonen hans tamde dei raskt. Heile bygda song og feira og lykkeønska den gamle mannen med den uventa lukka hans. Mannen berre smilte over bønnehjulet og sa: "Eg er takksam, men kven veit korleis det vil ende? Vi får sjå, kan hende."

Ein dag då sonen rei ei av hoppene i galopp, fall ho så stygt at guten brakk foten. Nokre naboar bar han heim, snakka stygt om hoppa og jamra over ulykka. Men den gamle mannen spjelka beinet hans fint, sette seg ved senga til sonen og heldt fram med å snurre på bønnehjulet og mumle lydar. Han nikka høfleg og vant til naboane når dei snakka til han, og tok opp att det han hadde sagt før. "Buddha gjer godt. Eg er takksam for at sonen min lever. Vi får vel sjå korleis det går."

Veka etter dukka det opp nokre offiserar. Dei søkte etter unge vernepliktige til ein grensekrig. Alle gutane i bygda blei straks tekne bort, men ikkje han som låg i senga si med ein spjelka, broten fot.

Naboane kom snart til og lykkeønska den gamle mannen med det veldige hellet hans, og meinte det kom av at han snurra rundt på bønnehjulet så flittig mens han mumla sterke klangar mellom dei noko sprukne lippene sine. Han smilte og sa ingenting.

Ein dag då guten hadde blitt frisk att, gjekk han og faren ut for å sjå dei fine hestane sine der dei beita på slettegraset. Der i det fri tok den ordknappe, gamle faren med eitt til å syngje:

"Du kan skyte pilar mot himmelen om du vil det, sonen min, men dei fell ned att på jorda.

Ein hest er ein hesteverd i bry og vanskar.

Dersom du var svært evnerik, son, ville munkane snart finne ut av det og frakte deg heimafrå og til eit kloster. Fordi du var oppvakt, men ikkje så oppvakt at du visste å løynde det, måtte du ende opp ein stad langt heimafrå og bli bunden til konfliktane til andre, ved kontorpult, og leve mest til vinning for andre. Så pass godt på.

Vi må vere gode og upartiske så langt råd, og følgje Buddha si djupe lære og leve naturleg i harmoni og fred så langt det går.

Så blei den gamle mannen stille att.

Teken til ein betre stad

Det var skikken i Tibet å sende bod etter ein lama når nokon i familien døydde heime. Lamaen gjennomførte då spesielle rotar som skulle bringe den døyande til betre stader å vere på hi sida.

Ein dag døydde leiaren for ein nomadefamilie ein stad oppi det forblåste Tibet. Det var langt mellom dei få lamaene som fanst, og nomadefamilien lurte på kva dei skulle gjere då ein fillete mann kom gåande mot dei. Det var ein lama. Familien bad han om å gjere seremoniane for den døde, og lamaen sa ja. Då han kom til dødsleiet, bad familien han om å føre den døde inn i eit rike der det var stor indre glede.

Men lamaen sa: "Eg er berre ein fattig, ulærd utøvar, men eg vil tru at trua mi på Buddha kan gjere det." Så tok han til å seie fram same ordet, om og om att. Etter messinga daska han liket lett nokre gonger med rosenkransen sin og bad den døde om å dra til einkvan stad bak solnedgangen.

Etter litt tid la alle merke til at liket begynte å miste håret frå krona og nedetter, og at det kom ein behageleg ange i lufta. Og då ein stor kul dukka fram øvst på hovudet til liket, gledde alle seg og takka den reisande lamaen overstrøymande.

Lamaen heldt snart fram på reisa si. Ein dag trefte han ein annan ferdamann, ein med temmeleg lange øyreflippar. Den andre mannen sa: "Det var litt av ei bragd vi gjorde med nomadane, var det ikkje?"

Så lo han og daska lett den hine med rosenkransen sin.

Tibetanske eventyr og andre soger – SAMLINGA
Tibetanske eventyr og andre soger - SLUTTBOLK

Tibetanske eventyr og andre soger - LITTERATUR  

Tibetanske eventyr og andre soger - OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Tibetanske eventyr og andre soger BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]
© 2010–2011, Tormod Kinnes [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]