Norsk del, Gullvekta
Tibetanske eventyr og andre soger  ❀ Innleiing
Seksjon › 54 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Yak (Bos grunniens) in central Nepal.
Jak

Innleiing

Å fortelje historier, å gå med pyntestas og å trampe og stampe i bakken i ein ring, rundt og rundt ikring, er blant dei eldste kunstformene menneska kjenner. Og kjekke forteljarar tar vare på og overfører felles historie og kunnskap ved underhaldning - for eksempel før sengetid.

Skapning til tibetanske eventyr

Yetien, "snømannen", var ein verna art i Nepal så seint som i 1958. I fleire slektledd har sherpafolket latt vere å klatre i Kumbhika-fjellet aust i Tibet fordi dei frykta at mellom to og fire meter høge yetiar ville komme og straffe dei då.

Yetilanda dekker veldige område. Dei omfattar Nepal, Bhutan, Sikkim, og "verdas tak", Tibet, der Dalai Lama [1] ein gong var "sjefen i godstolen". Også i andre område fortel folk stundom om yetien [2], men ikkje i så stort omfang: Uighurstan, nordvest-India, nordlege Pakistan, Assam og delar av Burma, blant andre.

Svært få i Vesten trur at det finst ein slik hårete mellomting mellom menneske og dyr, ein "mannebjørn" på to bein, ein yeti (som blir uttalt jeti). Men det finst også dei som trur denne unnvikande, farlege skapningen held til i det snødekte Himalaya. Tibetanske lamaer har fortalt at yetiar ber omkring på ein magisk stein i venstre armhòle og kastar han på store jakoksar [4] på mange hundre kilo for å lamme og drepe dei.

I 1986 blei yetien observert to gongar i austlege Tibet av den vidkjente italienske fjellklatraren Rheinholdt Messner (1944-). Den store apeliknande skapningen blei også sett i Nepal av den britiske fjellklatraren Don Whillans i 1970. Den gongen stakk yetien av over sørskråninga av Annapurna-fjellet med ein pose engelske sjokoladar frå teltet til Whillans, heiter det.

Hår og andre restar av kjente og ukjente dyr har blitt granska med tanke på om dei kunne vere yeti-prov. Men så vidt vi veit, finst ingen yeti tilgjengeleg for dei som vil studere han, og ingen gode, autentiske bilde av han heller.

[Wikipedia, s.v. "Yeti", "Dalai Lama"]

Ord

  1. Dalai Lama (dalai, 'hav', og lama. 'den opphøgde'): åndeleg overhovud for den største gruppa buddhistar i Tibet. [Meir]
  2. Yeti: mystisk vesen som held til i snøområda i Himalaya, avskyeleg snømann.
  3. Sherpa: eit tibetansktalande folk i nordaustlege Nepal og tilgrensande strøk i India.
  4. Jak: Jak, Bos grunniens, er ein sterkbygd, langhåra ferase. Både ville og tamme finst. Dei lever i Sentral-Asia og toler ikkje å vere i lavlandet. Høgt, høgt i det veldige Tibet streifar ville jakdyr omkring på jakt etter mat. Tamme jakar blir brukte som fraktedyr og for kjøt og mjølk, brensle, lys og mykje anna til folk høgt i fjella.

Innhald


Tibetanske eventyr og andre soger frå Tibet, litteratur  

Budhwar, Kusum. Where Gods Dwell: Central Himalayan Folktales and Legends. New Delhi: Penguin Books India, 2010.

Das, Surya. The Snow Lion's Turquoise Mane: Wisdom Tales from Tibet. Paperback. New York: Harper Collins, 1992.

Ghose, Sudhin N. Tibetan Folk Tales and Fairy Stories. Calcutta: Rupa og Co, 1986.

Hyde-Chambers, Fredrick and Audrey. Tibetan Folk Tales. Ny utg. Boston: Shambala, 2001 (1. utg. 1981).

Jewett, Eleanor Myers. Wonder Tales from Tibet. Boston: Little, Brown, og Company. 1922.

O'Connor, William F. T., saml,, oms. Folk Tales from Tibet with Illustrations by a Tibetan Artist and some Verses from Tibetan Love-Songs. London: Hurst and Blackett, Ltd. 1906.

Schiefner, Anton. Tibetan Tales Derived from Indian Sources. Oms. W. R. S. Ralston. London: Kegan Paul, Trench, Trubner og Co., 1906.

Shelton, Albert L., oms. Tibetan Folk Tales. St. Louis, MISS: United Christian Missionary Society, 1925. (also: Abela Publishing, 2009)

Thomas, Allie, Kevin Stuart, Tse dbang rdo rje, mfl, red. Tibetan-English Folktales, 2006.

Tibetanske eventyr og andre soger frå Tibet, opp Seksjon Sett Neste

Tibetanske eventyr og andre soger frå Tibet BRUKARGAID: [Lenke]
© 2010–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]