NORSK DEL, GULLVEKTA

Tibetanske eventyr og andre soger

 13 › 1 › 58 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR Tibetanske eventyr og andre soger – SAMLINGA

Krabben ved sjukesenga

Ei jente som heitte Fali var sjuk i lang tid, og ingen kunne gjere henne frisk. Derfor kom familien hennar til at ho må vere besett av ein demon. Den lokale åndemanaren blei kalla til landsbyen hennar nede i Nepal til å drive vekk den vonde ånda.

Men aller først skulle åndemanaren undersøkje henne. På vegen stakk han og sonen han seg inn på rismarkene og leitte etter landkrabbar [1]. Då dei fann ein ganske stor ein, bad faren sonen sin om å putte den i ei lita korg og ha den under den lause bomullsskjorta si til faren sin tok til å klapre på tromma si og rope, "Ru-ru!" Då skulle guten sleppe laus krabben ved fotenden av sjukesenga.

Åndemanaren og sonen stod snart i lag med foreldra til den sjuke jenta rundt senga hennar. Ho støna sakte og heldt seg på magen.

Åndemanaren såg ut til å gå inn i transe, og det verka for folket i bygda som ei stemme snakka gjennom han: "Den stygge ånda Mali har fått ein krabbe til å tyggje på innvolane hennar. Men når tromma ramlar og klaprar og "ru-ru" lyder, vil den vonde krafta vil bli driven ut og krabben bli pressa ut av den stakkars lidande kroppen."

Akkurat då spurde sonen, som stod og heldt korga i eit hardt grep under skjorta si: "Far, er det no eg skal sleppe laus krabben vi fann på rismarka?"

Dei sjokkerte folka i bygda knurra sint då transen til åndemanaren med eitt gjekk over og han fór sin veg i stor hast. Han og sonen kom aldri tilbake til den landsbyen att.

Ord

  1. Landkrabbar er krabbeartar som har tilpassa seg å leve på landjorda. Ein av landkrabbeartane held til i ferskvatn.

Tømmerhoggaren som var lei av å leve

Like før natta fall på, stabba ein krumbøygd tømmerhoggar av stad under eit digert lass fyringsved. Han hadde mange kilometer å gå slik før han nådde heim. Til slutt ropte han: "Å, om berre døden ville setje meg fri frå alt slitet og vanskane mine!"

Døden høyrde mannen og kom for å møte han på vegen. Han ville ta med seg mannen med det same, men då tømmerhoggaren såg han, kom han med eitt på andre tankar: "Eg har familie å fø og syte for. Men om du gjer ein avtale med meg, kan du kanskje få heile familien min om tolv års tid."

"Eg får dei alle til slutt likevel!" sa døden og var djupare enn natta. "Kva kan du by meg som eg ikkje har?"

Tømmerhoggaren: "Eg kan by deg ein heim. Kva kan du kalle heim no?"

"Eg finn ein heim overalt," svarte døden. "Kva for eit hus har eg ikkje gjesta?"

"Orsak meg at eg er så dristig," sa tømmerhoggaren igjen, og veiva med handa mot aust, "men det har blitt fortalt meg at det bur ein udødeleg eremitt i ei fjellhole bortafor denne dalen. Han er over tusen år gammal, og har sete på same staden så lenge at skjegget har vakse ned til marka og slått rot. Du har nok aldri gjesta den staden, tenkjer eg."

"Kor er den yogien?" tora døden arg. "Kven tør å seie at han ikkje kan dø? Eg skal ha han til frukost i morgon!"

I sinne trampa døden av stad og gløymde den vesle tømmerhoggaren, men han fann ingen udødeleg yogi bortafor dalen same kor mykje han såg etter og leita.

Tømmerhoggaren sukka letta over korleis det gjekk til sist og skunda seg heim. Men han visste at før eller seinare ville døden treffe han igjen. Så han og kona hans bøygde seg om og om att for Buddha for å gjere det godt att at han hadde narra døden så drusteleg.

Spegelen

På ein gard som låg svært avsides ved ein brusande bekk, visste ikkje folk korleis dei såg ut, for dei hadde ingen spegel. Saksi var son på garden, og tenkte å slå seg fram som handelskar når tida var høveleg for det. Og som skikken var, budde han i lag med mor, far og den unge kona si.

Ein dag sa Saksi til familien sin at han ville reise til andre land og finne spesielle ting å kjøpe billeg og selje dyrare, så han venteleg kunne ta med seg kostelege ting til dei der heime til sist. Familien hans støtta tanken, og dagen etter drog han.

Fleire månader etter vende Saksi tilbake med mange slags ting som han hadde kjøpt på reisene sine. Han fortalde familien om reisa og sa at han hadde kome over noko heilt spesielt. Mens som han var i ferd med å seie kva det var, laut han utfor dør eit ærend.

Imens gjekk kona hans inn i soverommet deira og blei var ein lys og bjart ting inni rommet. Då ho såg litt nærare etter, skjøna ho at det var eit bilete av ei vakker ung kvinne. Ho sette gjenstanden tilbake på bordet der og tok til å gråte mens ho sprang ut til svigermor si og fortalde henne at Saksi hadde gift seg med ei vakker ung kvinne mens han var borte på reisa.

Den eldre kona kunne vanskeleg tru dette, så ho gjekk utolmodig g til soverommet, der ho plukke opp den lyse tingen og såg på den. Der såg ho ei lite vakker, eldre kvinne. Ho funderte sint på dette. "Dersom Saksi har gift seg att, korfor så med ei mindre pen kjerring?"

Då ho fortalde dette til mannen sin, gjekk han inn på soverommet, tok opp den lyse tingen og fekk sjå ein gammal mann. Han gjekk straks til kona og svigerdattera og sa opphissa at det faktisk var eit bilete av faren til den nye kona til sonen.

Då Saksi kom inn att, sa han: "No skal eg vise dykk den heilt spesielle tingen eg skaffa oss. Det er ein spegel, og ein kan sjå seg sjølv i den."

Då familien hans høyrde dette, lo alle saman.

Eselsmør

Ein småkonge som åtte land der smøret var sjeldant godt, la kvart år ein smørskatt på folket sitt. Dersom dei ikkje betalte skattesmør, straffa han dei strengt. Derfor var ikkje folket så glade i småkongen sin.

Ein dag gjekk skurken Dunba heim til småkongen med son sin og kjefta arrig på han. Kongen spurde: "Korfor snakke så hardt til sonen sin?"

Dunba svara sorgsamt, "Han drap eselet mitt. No kan eg ikkje betale smørskatten."

Småkongen mista nesten munn og mæle, men så svara han: "Betaler du skatten med eselsmør?"

"Det kan du tru," sa skurken.

Småkongen tok han straks til smørbua si og spurde: "Veit du kva for smør her inne som er eselsmør?"

"Det kan tenkjast," svara Dunba.

Småkongen sa, "Ja, det kan det. Eg et ikkje eselsmør, så ver så god å fjerne eselsmøret frå bua mi."

Dunba valde det beste smøret og drog heim til sitt med det.

To kaninar og ein bjørn

To unge kaninar hoppa gjennom skogen. Den eine sa til den andre, "Vi er gode venner. Vi må hjelpe kvarandre. Skulle eit dyr overfalle deg, vil eg bli og hjelpe deg."

Den andre kanin sa: "Eg vil hjelpe deg også, dersom dyr overfaller deg."

Etter ei stund høyrde dei ein sterk lyd. Det var ein bjørn. Den eine kanin gøymde seg i ei lita hole. Den andre var for tjukk til å kome seg inn. I staden kasta han seg ned ved foten av treet, og spela død.

Eit augeblink etter stod bjørnen over den feite, unge kaninen og snuste på han. Kaninen heldt pusten. Bjørnen trudde han var død og gjekk derifrå.

Kaninen som hadde gøymt seg i hola, spurde vennen sin, "Bjørnen heldt snuten sin ei stund ved øyret ditt. Kva sa han?"

Den andre kaninen svara: "Eg trur han sa," Du skal ikkje stole på vennen din. Han sprang ifrå deg då du trengte han som mest."'

Tibetanske eventyr og andre soger – SAMLINGA
Tibetanske eventyr og andre soger - SLUTTBOLK

Tibetanske eventyr og andre soger - LITTERATUR  

Tibetanske eventyr og andre soger - OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Tibetanske eventyr og andre soger BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]
© 2010–2011, Tormod Kinnes [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]