Gullvekta
Till Uglespegel  ❀ 1
Seksjon › 38   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

1. Korleis Till Uglespegel blei født, korleis han blei døypt tre gongar same dag, og kven som var gudfaren og gudmora hans

Till Uglespegel blei født i landsbyen Kneitlingen ved Elm-skogen i Sachsen. Far hans heitte Claus Uglespegel og mor hans Ann Wibeken. Då ho hadde komme seg etter fødselen,, sende dei barnet til landsbyen Ampleben for å bli døypt, og dei kalla han opp etter gudfaren. Det var ein mann som budde i Ampleben og heitte Till von Uetzen.

Ampleben hadde vakse opp rundt eit slott som folk frå Magdeburg øydela med hjelp frå andre byar femti år før, fordi det var eit røvarreir. Kyrkja og landsbyen som låg att, var no under abbed Arnolf Pfaffenmeier.

Då Till var døypt, bringa dei barnet inn i landsbykroa og hadde hatt det hyggeleg med å skåle for barnet, sidan barnefaren var den som skulle betale, slik skikken var. Då dei var klare til å bere barnet tilbake til Kneitlingen, ville gudmora, som bar spedbarnet, gå over ei smal bru mellom Ampleben og Kneitlingen. Dei hadde drukke for mange øl etter dåpen, og gudmora fall i vatnet med barnet. Dei blei så tilgrisa av gjørme at barnet nesten blei kvelt. Dei andre kvinnene hjelpte barnet og gudmora ut av gjørma, drog heim til landsbyen, vaska barnet i ein kjele, og stelte det så det blei fint og reint att. Dermed hadde Till blitt døypt tre gongar på ein og same dag: Først då han blei døypt, så under brua og til slutt i kjelen med varmt vatn.

2. Korleis bøndene og konene deira klaga over den unge Till og sa han var ein svindlar og kjeltring, og om korleis han rei bak faren på hesten hans og viste den berre rumpa si til folk utan at faren blei var det

Frå Till var gammal nok til å gå og stå, søkte han seg til all slags ugagn. Snart klaga alle naboane over han til far hans, Klaus, og sa at Till var ein rakkar. Faren gjekk sonen og sa, "Korfor fortel naboane våre at du er ein rakkar?"

Till sa: "Eg seier ikkje noko upassande. Det skal eg lett prove for deg. Sett deg opp på hesten din, så set eg meg bak deg på hesten og sit still der, og så rir du med meg gjennom gatene. Dei kjem enno til å lyge om meg og seie kva dei vil. Merk deg det."

Faren gjorde som sonen bad han om, han løfta opp sonen på hesten bak seg og rei gjennom byen. Till tok ned buksene sine lite grann der han sat og sat med rumpa bar utan at faren merka noko. Snart løfta gutungen rumpa i vêret eit grann også, så naboane fekk enda meir å sjå. Etter den helsinga sette sonen seg ned att bak på hesten. Naboane og konene deira peika på han og sa, "Fy, sjå for ein rakkar han er!"

Till sa: "Høyr, far, no ser du godt nok at eg sit stille, og likevel seier folk at eg er ein rakkar."

Faren ville ta enda ein ridetur for å få syn for segn enda ein gong. Denne gongen sette han sonen sin framfor seg på hesten. Till sat stille no også, men han opna munnen på vidt gap, gliste til bøndene og rekte tunge. Denne gongen kom folk springande til dei og sa: "Høyr her. Han er ein liten rakkar!"

Far hans sa, "Det er tydeleg at du er født under ei lite heldig stjerne. Du sit stille utan å seie noko upassande til nokon. Og likevel seier folk du er ein rakkar."

Dette førte til at faren drog ifrå denne staden med Till og flytta med huslyden sin til Magdeburg ved Saale-elva, der mora til Till mor kom ifrå. Kort etter døydde gamle Klaus. Mora tok seg då av sonen. Mora var fattig, og Till hadde inga lyst til å lære noko handverk. Han voks opp og blei seksten år gammal der, mora seg sjølv og lærte mange apestrekar og narrefakter.

3. Korleis Till gjekk inn for gå på stram line over elva Saale

Mor til Till hadde sitt eige hus, og gardsplassen gjekk heilt ned til elva Saale. Till tok til å balansere på stram line, først på loftet i huset, for han ville ikkje at mora skulle sjå det. Ho tolte ikkje slikt tull frå han som å gå på line, og hadde truga med å gi han pryl for det. Ein gong kom ho over han oppå lina. Då tok ho ei stor klubbe og prøvde å dytte han ned frå lina. Han sprang ifrå henne, ut gjennom eit vindauge, og kleiv opp på taket der ho ikkje kunne få tak i han.

Dette heldt han ifrå balanseringa til han blei litt eldre. Då tok han til å opptre på tauet igjen, strekte det over Saale frå baksida av huset til mora og over til eit hus på andre sida. Mange unge og gamle stimla saman, for dei såg tauet og var nyfikne etter å sjå om han ville prøve å komme seg over elva ved å balansere på tauet.

Då Till sat på tauet og underheldt som best med mora innandørs, fekk mora likevel nyss om kva som gjekk føre seg. Ho sneik seg då opp på loftet der tauet var fest og kutta det over. Sonen hennar fall i elva til spottord, og fekk litt av eit bad. Bøndene brølte av latter, og unggutane ropte på han, "He-he, bad no godt og vel", og så vidare. "Du har lenge trengt ein dukkert."

Spotten og hyla frå gutane ergra Till så mykje at han tok til å pønske på korleis han skulle bli skuls med dei og gi dei att for dette. I mellomtida plaska og bada han i elva som best han kunne.

4. Korleis Till letta gutar for to hundre par sko som dei slost over til unge og gamle reiv kvarandre i håret

Kort tid etter ville Till hemne spotten og skaden han hadde fått av dukkerten i elva. Han strekte tauet ut over Saale frå eit anna hus og lét folk få vite at han tenkte å gå over på lina. Snart samla det seg både unge og gamle for å sjå på.

Till sa til gutane at kvar av dei skulle låne han skorne sine, så ville han vise dei eit fint triks med venstreskorne. Gutane gjorde som han bad om. Dei tok av seg venstreskorne og gav dei til Till, som la dei i to haugar. Så samla han skorne, batt dei to byltane i kvar sin ende av eit tau, og klatra opp på lina med skobyltane. Gamle og unge stirde opp på han med forventing; dei trudde han ville prøve å gjere noko uvanleg, men gutane tok til å bekymre seg og ville ha att skorne sine.

Till sat på tauet og gjorde førebuingane sine. Så ropte han ned frå tauet: "Sjå opp, alle saman. No kan de leite etter dykkar eigne skor." Med det kappa han snora dei hang i, så alle fall på marka, den eine skoen over den andre. Gutar som eldre menn storma bort til dei. Den eine fann skoen sin her, den andre der. Ein sa: "Denne skoen er min." Ein annan sa: "Du lyg. Den er min." Så tok dei tak i håret til kvarandre å tok til å rive og slite og denge laus på kvarandre. Ein låg under, ein annan på toppen, den eine skreik, den andre gret, den tredje jo. Dette heldt fram til gamlekarane tok til å fike til kvarandre også, og dra kvarandre i håret.

Till blei sittande på tauet. Han lo og ropte: "He-he! No kan de få leite etter skorne dykkar og sjå like latterlege ut som meg då eg fekk ein dukkert i går." Så sprang han av tauet og overlét gutar og gamlekarar til seg sjølve.

Etter dette våga han ikkje å gå nær gutane eller gamlekarane på ein månad på grunn av skorne, men heldt seg heime hos mor og lappa skor. Dette gledde mor hans storleg, og ho tenkte det ville gå bra med han her i verda. Men ho visste ikkje om at han hadde gjort seg så mykje til narr at han ikkje torde å komme ut for dør.

5. Mor til Till prøver å overtale han til å lære eit gagnleg yrke

Mor til Till fryda seg over at sonen hennar var blitt så roleg. Men samtidig klandra ho han for at han ikkje ville lære seg noko yrke. Sonen sa ikkje noko til det, så ho heldt fram med å formane han.

Endeleg sa Till: "Kjære mor, det ein mann tar seg til, skal kunne forsørge han heile livet."

Mora sa, "Eg har mine tvil om det. Når eg reknar etter, har vi ikkje hatt brød i huset dei siste to vekene."

Till: "Det har slett ikkje noko å gjere med det eg sa."

  Innhald  


Bøker      

Till Uglespegel, Till Uglespeil, Tyll Owlglass, Till Eulenspiegel.    Seksjon     Sett    Neste

Till Uglespegel, Till Uglespeil, Tyll Owlglass, Till Eulenspiegel. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2010–2020, Tormod Kinnes. [E‑post]