Gullvekta
Till Uglespegel  ❀ Innleiing
Seksjon › 38   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Innleiing

Berättelserna om landstrykaren, skälmen och narren Till Eulenspiegel skapades under de oroliga tiderna strax innan den första borgerliga revolutionen i Tyskland, bonderevolternas och stadsupprorens tid. - Jan Myrdal, "Eulenspiegel, en gycklare?" i Veckopressen nr 24 1957

Var Till til?

Dei blei laga ei bok om Till Uglespegel så tidleg som rundt 1500 e.Kr. Boka heitte Ein kurzweiliges Buch von Till Eulenspiegel aus dem Lande Braunschweig (Ei kort bok om Till Uglespegel frå Braunschweig-landet). Boka blir tilskriven Hermann Bote (ca. 1467 - ca. 1520). Det er ei av dei mest populære bøkene som nokon gong er skriven på tysk, og ho har blitt omsett til mange språk. Boka består av farseforteljingar, og Till er ein slags landstrykar, ein omreisande lømmel og lurendreiar.

Etter tradisjonen blei han født rundt 1300 i Kneitlingen nær Braunschweig (Brunswick) i det som no er den tyske delstaten Niedersachsen, og somme vil også ha det til at han døydde i byen Mölln i Schleswig-Holstein. Men dei fleste forskarane i dag vil vel halde Till for å vere ein oppdikta person. Han er gjennomgangsfigur i ein syklus forteljingar som var mykje omtykte i mellomalderen.

Namnet 'Uglespegel'

Somme trur at namnet kjem frå lågtysk, og blei gjort mindre krenkande då det blei omsett til høgtyske "Uglespegel". Ei ugle og ein spegel har dermed vore kjennemerke til figuren i gamle tresnitt-illustrasjonar.

Paul Oppenheimer skriv i innleiinga til omsettinga si at namnet "Uglespeil" kjem frå det lågtyske mellomalder-verbet ulen, tørke, og spiegel, spegel. Spiegel kunne også oppfattast som rumpe, bakende; med tydinga "Tørk rumpa!" Det er den lågaste tydinga (1991, lxiii). Boka om Till og namnet hans kan også oppfattast som "spegling av dei dumme og vonde", skriv Oppenheimen vidare (1991, lxiii-lxiv). Det er mange spekulasjonar omkring namnet.

I omkring halvparten av forteljingane i boka snakkar somme figurativt og Eulenspiegel tar det bokstaveleg. Følgene av kan bli drastiske, poengterer Oppenheimer (1991, lxiv; jf. Uther 2004).

Kor gamle er Till-sogene, og kva stadar er dei lagt til?

Desse lågtyske episodane kom på trykk rundt 1500. I sogene utfaldar Till seg i hovudsak på reiser gjennom det store tysk-romerske keisarriket, særleg Nord-Tyskland, Benelux-landa, Bøhmen, og Italia. På 1800-talet kom den første engelske omsettinga om han, og der fekk han namnet Till Owlglass.

Kva slags sjanger er dette, og kva for røter har sjangeren?

Sjangeren er ei eldre forma for tysk farse med "lystige innfall", Schwank. Det er ei folkeleg forteljingsform med kort tekst og ein tvist mellom to partar i motstrid til kvarandre, som mellom adelen og bønder. Ramma er gjerne at personar i farsen styrer og steller med daglegdagse eller "lystige" saker. Handlingsgangen er likefram, og grove ord og uttrykk er mange. Og som fabelen har Schwank'en (farsen) eit vendepunkt i forteljinga.

På 1200-talet blei Schwank'en ein sjølvstendig, sjanger med korte historier. Han har røtene i blant anna latinske lygehistorier frå 1000-talet og der omkring, i mellomalderske, folkeleg populariserte preiker og fransk fablar.

[WP, "Schwank"]

Kva spelar dei gamle skjemtesogene på?

Ofte blir handverkarar, gode borgarar, adel og paven krenkte ved hjelp av fantestykka til Till. Stykka blei til i ei tid med kraftige motsetningar mellom høgare og lågare klasser i Europa, før ei tid med opprør og bondeoppstandar i Tyskland, som Jan Myrdal peikar på (ovenfor). Somme soger spelar også på mistydingar av figurativt språk.

Forfattaren fortel at det einaste han vil med boka er å skape "ei glad kjensle i harde tider, så lesarane og lyttarane mine kan oppleve god, behageleg underhaldning og moro." Tja:

Den som kun tar spøg for spøg og alvor kun alvorligt,
han og hun har faktisk fattet begge dele dårligt.

- Piet Hein

Humoren var grovare og hardare før i tida - det går fram i ei bok om humor redigert av Jan Bremmer og Hermann Roodenburg (1997). Det er også slik at verk som før i tida var for vaksne og både vaksne og barn, har blitt barnelitteratur i vår tid. [Roodenburg-bidrag, op.cit]

Omsettingar i dag

Boka om Till Uglespegel er omsett til mange språk.

Innhald


Till Uglespegel, Till Uglespeil, Tyll Owlglass, Till Eulenspiegel, litteratur  

Bote, Hermann. Till Eulenspiegel: Ein kurzweiliges Buch von Till Eulenspiegel aus dem Lande Braunschweig.. Auflage 16. Berlin: Insel Verlag, 1978.

Bremmer, Jan, og Herman Roodenburg, redr. A Cultural History of Humour: From Antiquity to the Present Day. Oxford: Polity Press, 1997.

Oppenheimer, Paul, oms. Till Eulenspiegel: His Adventures. London: Routledge, 2001. ⍽▢⍽ Fin bok.

Roodenburg, Herman, artikkel i A Cultural History of Humour: From Antiquity to the Present Day, redigert av Jan Bremmer og Herman Roodenburg. Oxford: Polity Press, 199:112, 119.

Mackenzie, Kenneth R. H., coll. The Marvellous Adventures and Rare Conceits of Master Tyll Owlglass, Newly Collected, Chronicled and Set forth, in our English Tongue. London: Trübner, 1860.

Uther, Hans-Jörg. The Types of International Folktales: A Classification and Bibliography Based on the System of Antti Aarne and Stith Thompson. Vols 1-3. FF Communications No. 284-86, Helsinki: Academia Scientiarum Fennica, 2004.

Till Uglespegel, Till Uglespeil, Tyll Owlglass, Till Eulenspiegel.    Seksjon     Sett    Neste

Till Uglespegel, Till Uglespeil, Tyll Owlglass, Till Eulenspiegel. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2010–2020, Tormod Kinnes, cand.philol. [E‑post]