Norsk del, Gullvekta
Tilopa
Seksjon › 6 Sett Søk Førre Neste

Ordliste

Reservasjonar Innhald  

nn

Tilopa

Tilopa (sanskrit: Talika og Tilopada) (9881069) blei født i Bengal, enten i Chativavo (Chittagong) eller Jagora der. Han gjorde tantra-yoga og blei kalla "storlegkommen", mahasiddhi. Han utvikla storseglvegen, mahamudra, som er ei ladning øvingar som kan gi ein framgang langsetter vegen til hjarte-opplysning, bodhi. Naropa blir rekna som den viktigaste eleven hans.

Tilopa blei født inn i brahmin-kasta eller ein kongeleg familie, men han gjekk inn for munkelivet då ei himmelkvinne (dakini), sa han skulle gjere det. Ho bad han flakke omkring på munkevis. Ho fortalde han dessutan at dei verkelege foreldra hans ikkje var dei som hadde oppseda han, men Opphavsvisdom og sunyata*, mellom anna kalla Slikheit.

* Sunyata omset tibetanarar i fleng som tomleik. Ordet har fleire andre meiningar også, og kjem til sjuande og sist frå den gamle rota "å svelle" og "å vekse". "Slikheit" er ei kjekk og bra vanleg oppfatning av kva ordet kan tyde. (Jf. WP, sv. "Sunyata")

Tilopa blei munk og lærd. Himmelkvinna kom ofte til han for å leie han og gjere vegen heim enklare.

Han tok til å dra omkring i India, og blei undervist av mange guruar:

  • Frå Saryapa fekk han lære om indre varme - tummo.
  • Frå Nagarjuna fekk han læra om det strålande lyset (sanskrit: prabhasvara) og blendverkskroppen (sanskrit: maya deha).
  • Frå Lawapa fekk han draumeyogaen.
  • Frå Sukhasiddhi fekk han læretekstar om liv, daude og tilstanden imellom dei - og om korleis ein overfører medvett (phowa);
  • Frå Indrabhuti lærde han om innsikt (prajna);
  • Frå Matangi fekk han lære om korleis liket står opp att, gjenoppstår.

Matangi rådde no Tilopa til å få seg jobb hos ei bengalsk prostituert, Dharima, som talsmann og utkastar. Om dagane knuste han sesamfrø for å ha levevegen. Og namnet fekk han frå sesam, til på bengali. Han song i lag med Dharima:

Oljen i sesamfrøet får ein ikkje ut før ein har lært det handlaget.
Medfødt visdom blir vanskeleg sanna fullt ut utan hjelp frå ein klok meister.

Det gjeld å dunke ut oljen frå sesamfrø etter at skalet er fjerna, og å ta vel vare på instruksjonene frå læremeisteren fram til ein finn Slikheita (tathata) [Utdrag, forenkla av meg - Jf. WP, sv. "Tathata" - TK]

Ein gong han mediterte, fekk han sjå Buddha Vajradhara i eit syn, og segna vil ha det til at heile storseglvegen, mahamudra, blei overført til han. Dernest gav han seg til å flakke omkring og undervise. Han utnemnde Naropa til etterfølgaren sin.

[Kjelde: WP, sv. "Tilopa"]

Innhald


Tilopa i buddhismen, mahasiddhi  

Evans-Wentz, Walter Yeeling, ed. Tibetan Yoga and Secret Doctrines. 2nd ed. London: Oxford University Press, 1967. ⍽▢⍽ Skattar frå Tibet, i store drag. Marpa er mellom dei som blir heidra.

Evans-Wentz, Walter Yeeling, ed. Tibet's Great Yogi Milarepa. 2nd ed. London: Oxford University Press, 1969. (1928). ⍽▢⍽ Gripande. Milarepa gjekk inn for ekstrem askese og fråseiing av verdsleg liv, beint imot Buddhas gylne mellomveg, men sansa etter kvart at Buddha hadde grepet på god lære. Marpa var guruen hans, i tibetansk-buddhistisk meining av ordet.

Heruka, Tsang Nyön. The Life of Marpa the Translator. Reprint ed. London: Shambala, 1995. ⍽▢⍽ Marpa Omsettar i tibetansk buddhism hadde Tilopa til lærar.

Marpa, Chos-Kyi Blo-Gros. The Life of Mahasiddha Tilopa. Paperback ed. New Delhi: Paljor Publications, 2002. ⍽▢⍽ Biografien til den indiske Tilopa (988-1069). Han rår til rang sar bzhag, (slapp av, nett no, og kvil)" mellom anna.

Rinpoche, Drikung Kyabgon Chetsang. The Practice of Mahamudra. Boston: Snow Lion Publications, 1999. ⍽▢⍽ Ei bok med praktiske instruksjonar.

von Guenther, Herbert, oms. The Life and Teaching of Naropa. London: Shambala, 1986. ⍽▢⍽ Ei kunnig, god bok.

Tilopa i buddhismen, mahasiddhi, opp Seksjon Sett Neste

Tilopa i buddhismen, mahasiddhi. BRUKARGAID: [Lenke]
© 2014–2016, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]