Norsk del, Gullvekta
Kagyu
Seksjon › 6 Sett Søk Førre Neste

Ordliste

Reservasjonar Innhald  

Vajradhara, diamanthaldaren

Kagyu

Vajradhara, diamanthaldaren, lynberaren

Først eit symbol: Vajradhara er førstebuddhaen, Adi Buddha, ifølge dei to store tibetanske buddhistretningane gelug og kagyu. Vajradhara ber symbol-pryd, ikonisk representasjonpryd. Rundt hovudet er feltet for opplysing. Det han held i hendene, har han makt over, og så bortetter.

I kagyu er Vajradhara bilde på opphavs-Buddha, Dharmakaya Buddha. Han er vanlegvis representert med mørkeblå hudfarge. Det skal gi uttrykk for hovudsaka ved buddhaleik (Buddhahood). Diamanthaldaren uttrykker sjølve kjerna ved alle buddhaar si opplysing.

Det er den tantriske sida ved Gautama Buddha som blir kalla Vajradhara. Han står for Buddha for seg sjølv, og Buddha i seksuell foreining, i yabyum-form.

Frå Vajradhara stammar fem visdoms-buddhaar.

Slik er den trua, i eit nøtteskal. [WP, sv. "Vajradhara"]

Dharmakaya Buddha

Trikaya-doktrinen, "trekroppslæra", er sentral i tibetansk buddhisme og Mahayana elles. Ordet trikaya kjem frå sanskrit, som så mange andre ord i buddhismen, medrekna zen. Det tyder "tre kroppar eller personlegdommar". Doktrinen seier noko om korleis røyndommen og ein buddha (eit opplyst vesen) er.

Læra fekk si noverande form på 300-talet e.Kr., og seier at ein buddha (opplyst) har tre kroppar: Éin kropp framtonar i tid-rom. éin kropp syner seg i gjensidig nyting, og ein tredje kropp, Dharmakaya, sanningsanden eller røyndomsanden, representerer yogisk Opplysning.

Merk: Tathagatagarbha Sutras frå oldindisk tradisjon ser på Dharmakaya som det sanne Sjølvet til buddhaen.

[WP, sv. "Vajradhara", "Dharmakaya"]

Kagyuskolen i tibetansk buddhisme

Kagyu eller kagyüpa er ein av fire store tradisjonane i tibetansk buddhisme. Kagyu er ei kortform for "Ka Bab Shi Gyupa" – "fire straumar med munnleg overlevering". Dei tibetanske ledda i den opphavleg indiske kagyu-kjeda starta ned Marpa (1012–1097). Marpa lærte Sanskrit, fekk tak i særs rikhaldige sanskritverk og omsette dei til tibetansk.

Marpa reiste tre gongar til India og samla ymse buddhistiske tekstar og overføringar. Han blei innført i mahamudrasystemet etter dei indiske meistrane Tilopa (988–1069) og Naropa (1016–1100). Naropa var hovudlæraren til Marpa. Den mest kjende eleven til Marpa var Milarepa, og dei to mest kjente elevane til Milarepa var Rechung og munken Gampopa.

Rechungpa-linja blei grunnlagt av Rechung og er ei sjølvstendig, sterkt yogisk prega linje. Ho finst den dag i dag.

Gampopa slo saman yogi-tradisjonen frå indiske meistrar med gammal, buddhistisk munke-tradisjon. Han hadde fire hovudelevar i Tibet, og mange andre elevar. Dei fire hovudelevane hans blei opphav til dei fire "store" kagyu-tradisjonane. Vidare kom åtte såkalla "små" kagyu-tradisjonar og kagyu-greiner som utvikla sjølvstendige tradisjonar.

Mahamudra, storseglet

Hovudoverføringa i kagyu-skolen er mahamudra-læra. Mahamudra tyder "Det store seglet", "Det store symbolet" - frå sanskrit maha, stor, og mudra, som har fleire tydingar, som segl, symbol, teikn og stenging, lukking.

Marpa hadde fått mahamudra-læra frå Naropa. Gampopa forklarer ho i forskjellige verk. W. Y. Evans-Wentz (1967) har også ei gild utgreiing om læra.

Mahamudra inneheld ulike stigar eller vegar innan meditasjonspraksis; det er dei såkalla fire yogaane i mahamudra:

  • Utvikling av sameina ånd.
  • Overskriding av omgrepsaktige førestillingar.
  • Framdyrking av "ein smak" (kryptisk fortalt).
  • Frukta av å vandre vegen bortanfor strev i meditasjon.

⍽⍽⍽⍽

Svært berømt er dei såkalla "Naropas seks yogaar". Dei blei sett saman i éi systematisk avhandling av Naropa. "Dei seks yogaane" er kjende i nesten alle buddhistiske tradisjonar i Tibet, og handlar om:

  1. Indre varme (tummo) - ein pustemåte.
  2. Illusjonskropp-yoga (gyulu)
  3. Draumeyoga (milam)
  4. Klart-lys-yoga (ösel)
  5. Overføring av medvett (powa)
  6. Mellomtilstandsyoga utanfor kroppen etter dauden (bardo)

Innhald


Kagyu, skole i tibetansk buddhisme  

Blofeld, John. The Tantric Mysticism of Tibet. Rev. og red. av Allan R. Bomhard. Charleston: Charleston Buddhist Fellowship, 2002.

Chang, Garma C. C., oms. The Hundred Thousand Songs of Milarepa. London: Shambala, 1999.

Evans-Wentz, Walter Yeeling, red: Tibetan Yoga and Secret Doctrines. 2. utg. London: Oxford University Press, 1967.

Evans-Wentz, Walter Yeeling, red. Tibet's Great Yogi Milarepa. 2. utg. London: Oxford University Press, 1969.

Heruka, Tsang Nyön. The Life of Marpa the Translator. Reprint ed. London: Shambala, 1995.

Roberts, Peter Alan. The Biographies of Rechungpa: The Evolution of a Tibetan Hagiography. Abingdon, Oxon: Routledge, 2007.

von Guenther, Herbert, tr. The Life and Teaching of Naropa. London: Shambala, 1986.

Rinpoche, Drikung Kyabgon Chetsang. The Practice of Mahamudra. Boston: Snow Lion Publications, 1999.

Roberts, Peter Alan. The Biographies of Rechungpa: The Evolution of a Tibetan Hagiography. Abingdon, Oxon: Routledge, 2007.

Kagyu, skole i tibetansk buddhisme, opp Seksjon Sett Neste

Kagyu, skole i tibetansk buddhisme. BRUKARGAID: [Lenke]
© 2014–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]