Norsk del, Gullvekta
Naropa
Seksjon › 6   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ord

Reservasjonar    Innhald     

Naropa, old painting style. Section of a painting with more detail.

Naropa, Nadapada

Naropa (sanskrit: Naropada eller Nadapada) (956-1041) var ein indisk yogi, mystikar, buddhistmunk og elev av Tilopa (988–1069). Naropa er kjend i tibetansk buddhisme for "dei seks yogaane", som er seks meditasjonsvegar. Naropa var hovedlæraren til Marpa, som grunnla skoleretningas tibetanske del, kagyu.

Naropa var født brahmin. Foreldra hans ville at han skulle gifte seg med ei ung brahminjente, og det gjorde han. Etter åtte år blei ekteskapet oppløyst. Tjueåtte år gammal drog Naropa til det buddhistiske Nalanda-universitetet i Bihar. Der studerte han skrifter og tantra. Han fekk ry for å vere svært lærd, deltok i mange debattar og underviste og vann mange studentar.

Ein dag mens han studerte, synte eit overnaturleg kvinnevesen seg for Naropa og spurde om han hadde forstått orda i læra til Buddha. Han svarde at han gjorde det, og forstod kva dei tydde, også. Himmelkvinna brast i gråt og sa han var ein stor løgnar, for den einaste som forsto læra var bror hennar, Tilopa, sa ho.

Naropa prøvde å finne bror hennar for å vinne full og heil sannkjenning. Han forlét studia og stillinga si ved universitetet og drog av stad. Leitinga var ikkje lett. Han møtte mykje motgang. Men vanskane i vegen løynde viktige lærdommar om vegen hans.

Då han endeleg fann Tilopa, fekk han øvingar og tolv store vanskar som blei kronte med at Naropa sannkjente storseglet, mahamudra. Naropa var i lag med Tilopa i tolv år i alt.

Naropa ærast

Seinare i livet budde Naropa i Phullahari, Kashmir. Der døydde han åttifem år gammal. Ein tibetansk omsettar, Ngatso, fortel frå ei gjesting der:

Eg tenkte eg ville dra og sjå Herren Naropa. Eg hadde høyrt at Herren bur i klosteret kjent som Phullahari. Det låg stort gagn i å vere i stand til å dra og sjå han. Den dagen eg kom, sa folk at ein føydal-fyrste hadde komme for å ære Naropa. Så eg drog dit det skulle skje. Ei stor trone var reist opp der. Eg sat rett framfor ho.

Folkemengda tok til å summe: "Herren kjem!" Eg såg etter han. Han var ganske korpulent. Det kvite håret hans var farga lyseraudt med henna, og rundt hovudet hadde han på seg ein sinoberraud turban. Han blei boren på ein berestol av fire menn, og tygde betelblad.

Eg greip føtene hans og tenkte: "Eg skal lytte til det han seier." Men folk skubba meg kraftigare og kraftigare lenger og lenger vekk frå føtene hans, og til sist blei eg driven ut av flokken. Då kunne eg sjå fjeset hans, men ikkje høyre han. [Utdrag, noko attgitt]

Kagyu-læremeister

Lærde Naropa blir hugsa som læremeister i kagyu-retninga, og er best kjend for dei seks yogaane. Dei er vegar som kan hjelpe fram god opplysning. Mange i lærelinja etter han var særleg flinke til ein eller fleire av desse seks yogaane, kan vi lese. I Diamantvegen (Vajrayana, også kalla tibetansk buddhisme), blir yogaane også kalla dei seks dharmaane ("passande vegane") til Naropa. Dei seks yogaane til Niguma er nesten som dei seks yogaane til Naropa.

"Seks yogaar" er eigentleg opptil ti vegar. Tummo-yoga er utgangspunktet. Tummo omfattar mellom anna at ein sonderer djupt i fenomena i eigen hug. Rett, behageleg praksis skal gi styrke og gjere finare, og fremme ei salig kjensle.

Så kjem fleire andre metodar i flokk og følge, så som draumetilstand-yoga, døyings-yoga (skildra i den tibetanske daudeboka Bardo Thödöl. Sex-yoga med ein god partnar kviler på tummo-yoga. At tummo gjer varmare og visare, og gjer livet mykje rikare og føder klarare medvett er deler av tummo-lære. [Jf. WP, sv. "Tummo"; "Naropa"; "Six Yogas of Naropa"]

  Innhald  


Naropa, Nadapada, tibetansk buddhisme, Litteratur  

Musés, C. A., ed, Esoteric Teachings of the Tibetan Tantra. Indiana Hills, CO: The Falcon's Wing Press, 1961 (og andre, seinare utgåver). ⍽▢⍽ På nett her: buddhist-tantra.html

Evans-Wentz, Walter Yeeling, ed. The Tibetan Book of the Great Liberation or the Method of Realizing Nirvana through Knowing the Mind. London: Oxford University Press, 1968. ⍽▢⍽ Finst i bokform og på nettet i dag.

Evans-Wentz, Walter Yeeling, ed. Tibetan Yoga and Secret Doctrines. 2nd ed. London: Oxford University Press, 1967. ⍽▢⍽ Enda ei bok med tibetansk lære.

Evans-Wentz, Walter Yeeling, ed. The Tibetan Book of the Dead: After-Death Experiences on the Bardo Plane, according to Lama Kazi Dawa-Samdup's English Rendering. London: Oxford University Press, 1927. ⍽▢⍽ Omsettingar som Den tibetanske dødebok (2000) og Den tibetanske dødsbok (1995, svensk) finst.

Evans-Wentz, Walter Yeeling, ed. Tibet's Great Yogi Milarepa. 2nd ed. London: Oxford University Press, 1969. ⍽▢⍽ Biografi med kløktige vers i.

Gampopa. The Jewel Ornament of Liberation: The Wish-Fulfilling Gem of the Noble Teachings. Tr. Khenpo Konchog Gyaltsen Rinpoche. Boston: Snow Lion, 1988. ⍽▢⍽ Mahamudrasystemet blir vist fram. Kjerneteknikkar er hemmeleg lære.

Heruka, Tsang Nyön. The Life of Marpa the Translator. Reprint ed. London: Shambala, 1995. ⍽▢⍽ Kortare biografi.

Marpa, Chos-Kyi Blo-Gros. The Life of Mahasiddha Tilopa. Paperback ed. New Delhi: Paljor Publications, 2002. ⍽▢⍽ Meir eller mindre ein "symbolsk biografi."

Rinpoche, Drikung Kyabgon Chetsang. The Practice of Mahamudra. Boston: Snow Lion Publications, 1999. ⍽▢⍽ Ei bok med praktiske instruksjonar og gode skussmål.

von Guenther, Herbert, tr. The Life and Teaching of Naropa. London: Shambala, 1986. ⍽▢⍽ God bok.

Naropa, Nadapada, tibetansk buddhisme, opp    Seksjon     Sett    Neste

Naropa, Nadapada, tibetansk buddhisme. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2014–2018, Tormod Kinnes, cand.philol. [E‑post]