Norsk del, Gullvekta
Tsjekkiske og slovakiske eventyr  ❀ 2
Seksjon › 43 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Piggsvinet

Eit fattig par var barnlause, og tykte det var stussleg slik. Ein gong dei sat aleine om kvelden, sa kona:

"Hadde vi enda hatt nokon vi kunne prate med og som kalla oss mor og far! Om det så var berre eit piggsvin, hadde det straks vore betre!"

"Vakt deg, kone, det kan gå troll i ord", sa mannen.

Morgonen etter var det noko som tusla bak omnen. Fram kom eit piggsvin og ropa: "Mor, mor!"

"No får du stelle med det, eg vil ikkje ha noko med slikt stell å gjere," sa mannen.

Kona blei mållaus, men piggsvinet ropa:

"Gi meg niste mor, og han far får finne ein stav, så vil eg av og gjete."

Ja, kona stelte i stand niste, og mannen fann ein gjetarstav, og sende hunden deira med piggsvinet også. Piggsvinet reiste seg på bakføtene, tok nistepakka i eine labben, staven i den andre, og stabba etter sauane til skogs. Der fann det seg ei innhol eik, kraup inn og sa: "Her vil eg vere med sauane våre i lang tid."

Der gjekk sauane fint samla i flokk. Stortreivst gjorde dei. Då eit år var gått, hadde flokken vakse til ein stor flokk.

Ein dag var kongen ute på jakt. Langt inni skogen gjekk han seg vill. Han gjekk og gjekk, men fann ikkje vegen ut av skogen. I kveldinga såg han saueflokken rundt eika, og då blei han glad. "Der det går sauar, er det nok folk nær ved", tenkte han.

Men han fann ikkje folk, berre eit piggsvin som sat med ein stav i labben.

"Kven skal hjelpe meg ut av skogen?" sukka kongen.

"Eg skal hjelpe deg", sa piggsvinet.

"Du?" undrast kongen. "Vel, hjelper du meg, skal eg lønne deg godt. Kva vil du ha?" spurde kongen.

"Eg vil ha ei av døtrene dine til kone", sa piggsvinet.

Kongen blei fælen. Han hadde tre vakre døtrer, men kunne ikkje tenke seg å gi nokon av dei til eit piggsvin.

"Ønsk deg heller noko anna", sa han, "gull og sølv, så mykje du orkar å bere med deg, til dømes."

"Eit piggsvin treng ikkje til gull. Men ei kongsdotter vil eg ha. Elles finn du vel ikkje vegen ut av denne storskogen."

Då hadde kongen ingen annan utveg, han laut love piggsvinet ei av døtrene sine, og gav det ein ring til merke, så piggsvinet kunne komme uhindra inn i slottet hans når det ville.

"Om eit år og ein dag kjem eg og hentar henne", sa piggsvinet og synte kongen vegen ut av skogen. Ringen hadde det trædd på ein tråd og hengt omkring halsen.

Piggsvinet kalla på hunden sin og baud han samle saueflokken, og så dreiv dei sauane heim. Far og mor kom ut, og undra seg stort. Dei hadde trudd dei hadde mista alle sauane sine etter at dei ikkje hadde høyrt eller sett noko til dei på eit heilt år. Men no kom piggsvinet att med ei stor flokk sauar. Dei var feite og fine, og ulla var så lang at ho sopa nedi marka.

Mora visste ikkje kva godt ho skulle gjere for piggsvinsonen sin. Ho fann fram av den beste maten ho hadde, og det smaka godt, såg det ut til. Då piggsvinet hadde ete og drukke, grov det seg ned i sengehalmen og sov i mange, lange dagar. Då det hadde sove ut, spratt det opp og hjelpte far og mor. Alt slag arbeid gjekk som ein leik, og snart var det så velstelt og fint ute og inne som aldri før.

Då sa piggsvinet ein dag: "Du, far, vil du sale den store hanen til meg? Eg vil av stad og hente meg ei brur."

Faren skjøna ikkje heilt kva dette skulle bety.

"Eg vil gifte meg," sa piggsvinet, "og sal treng eg ikkje. Legg berre ei snor i nebben på hanen, så har eg beksel og kan halde meg fast."

Faren henta hanen og gjorde som piggsvinet sa. Og piggsvinet slengde seg opp på haneryggen og rei av stad så støvet fauk etter dei. Far og mor vann nesten ikkje å rope lykke på reisa før hanen og piggsvinet var vekke.

Utanfor slottet til kongen syne piggsvinet fram seglringen til kongen sjølv og ville inn i borga. Portvakta laut sleppe det inn, for ho hadde ikkje lov til å nekte den som bar kongsringen på seg, enda om det ikkje var på handa. I slottet blei det noko til oppstyr. Somme skreik og somme skratta, og kvinner i fine kjolar hoppa opp på benker og stolar. Dei frykta at piggsvinet skulle rispe kjolane deira.

Piggsvinet baud at tenarane skulle ta seg av hanen og gi han bra med korn og vatn. Sjølv gjekk det rake vegen inn til kongen. Der sat dei tre døtrene omkring far sin og knisla og lo og var nyfikne etter å vite kva piggsvinet ville. Men kongen var bleik, og sa alvorsamt:

"Piggsvinet kjem etter ei av dykk. Det frelste meg ut frå skogen i fjor etter at eg lova det ei av dykk til kone i løn for berginga. Kven av dykk vil hjelpe gamle far sin å halde ord utan at eg treng å tvinge ho til det?"

"Ikkje eg!" skreik den eldste, "Då heller drukne seg!"

"Å, skam deg, far, å love noko slikt!" sa den mellomste. "Eg vil ikkje ha eit piggsvin til mann. Heller hoppe på varmen!"

Den yngste sa ikkje noko før kongen spurde henne. Då kviskra ho berre: "Eg får gjere det for di skuld, far, når ingen annan vil", og snudde seg bort og gret.

Kongen var sjølv på gråten av di den yngste dottera hans skulle gifte seg med eit piggsvin. Men folk strøymde til frå nær og fjernt og ville sjå bryllaupet. Somme gjorde narr av kongsdottera, og dei to søstrene hennar var leiast. Den yngste dottera blei så lei seg at ho rømde inn på rommet sitt. Der sat ho og gret.

Dagen etter drog dei til kyrkja. Då dei var vigde, ville piggsvinet ta kona si med seg heim. Men kongen bad og truga til dei nygifte laut love å vere i kongsgarden ein dag til i det minste.

Om kvelden då dei blei att aleine i soverommet, sa piggsvinet:

"Vil du vere trufast mot meg og gjere det eg bed deg om?"

"Eg får vel prøve", sa ho, "når eg no er kona di."

"Ta denne kvasse kniven og skjer meg opp frå strupen og nedetter bringa."

Men det ville ho likevel ikkje gjere.

"Korleis kunne eg gjere det, når du har frelst far og aldri har gjort meg noko vondt?" sa ho.

Men piggsvinet bad så vakkert, og tårene trilla ifrå auga på det. Då tok ho mot til seg og rispa det så vidt frå strupen og nedetter den harde, grå huda.

Då smatt det noko lyst og stort ut av piggsvinskinnet, og ein vakker fyrste stod framfor henne og takka henne fordi ho hadde frelst han.

Då blei kongsdottera, kongen og heile folket jublande glade. Den fattige mannen og kone trudde knapt sine eigne auge då fyrsten og kona hans kom køyrande og henta dei, og den fine fyrsten kalla dei mor og far. Han hadde vore fortrolla til eit piggsvin, og kunne ikkje bli folk att før han fann far og mor mellom folk, og ei prinsesse som av eigen vilje gifta seg med han.

No var nesten alle i kongeslottet lykkelege, men ikkje søstrene som hadde vore så leie mot søstera som hjelpte far sin. Dei fekk ikkje bu på slottet meir, for dei hadde gjort narr og spotta ho då ho var ulykkeleg.

(Etter Blekastad. Attgiving)

⚶ ⚶ ⚶

Det som er heime, tel. (Tsjekkisk ordtak)

Innhald


Tsjekkiske og slovakiske eventyr, litteratur  

Kjeldene: [Eventyrsamlingar]

Tsjekkiske og slovakiske eventyr, opp Seksjon Sett Neste

Tsjekkiske og slovakiske eventyr BRUKARGAID: [Lenke]
© 2016–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]