Norsk del, Gullvekta
Tusen og éi natt  ❀ 2
Seksjon › 62 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Vadefuglen og skjelpadda

Kong Sjeheriar sa til kona si, Sjeherasad: "Skal tru om eg ikkje gjer rettast i å seie frå meg trona og finne ei hòle å bu i, slik som heilagmenn gjer. Eg blir mismodig av å tenke på kor mange kvinner og unge jenter eg har fått drepne gjennom åra. – No vel, kan du fortelje meg om dyr så eg får noko anna å tenke på?"

"Det skal bli", svarte Sjeherasad og sa fram:

"Det var ein gong ein vadefugl som sat og såg utover ei elv. Mens han sat der, kom det drivande eit mannelik med mange sverdhogg og spydstikk i. No kom åtselfuglar og slo ned på liket og til å slåst om matbitane. Vadefuglen letta og flaug vekk derifrå. Han kjende seg så ille til sinns at han flaug lange vegar mens han famla etter meininga med det han hadde vore vitne til, og sanna at ordtaket som sa at verda er heimstaden til dei heimlause, høvde. Til sist slo han seg ned i eit tre og jamra høgt og lenge over kor grufullt livet kunne vere.

"Ete mat og sjølv bli mat sidan", harka ei skjelpadde i det ho kom opp av vatnet etter å ha høyrd etter ein heil del. "Det er få som slepp unna det." Ho helste vennleg på vadefuglen og spurde kva han gjorde så langt vekke heimanfrå. Vadefuglen sa at arge fuglar hadde drive han vekk derifrå, og skjelpadda sa:

"Det er fælt å bli landflyktig, så eg skal gjerne halde deg med selskap til gagn for begge to. Ordtaket seier jo at den landflyktige ikkje kan gjere noko betre enn å bere lagnaden sin med tolsemd og søke seg venn i det framande."

Slik heldt ho fram og trøysta og oppmuntra vadefuglen, like til han kjende seg trygg nok til å fly heim. Der var alle dei biske åtselfuglane vekke, og av liket var det att berre reingnegne bein og knoklar.

Vadefuglen flaug straks til skjelpadda og fortalde dette og sa: "No vil eg heim att; for eg kan vanskeleg trivast heimanfrå i lang tid."

Skjelpadda slo følge med vadefuglen. Langt om lenge kom dei dit vadefuglen budde. Der var det ingenting å vere redd for meir. Då song vadefuglen nøgd: "Det hender så menn at allting ordnar seg både til fryd og gaman."

Vadefuglen og skjelpadda levde lykkeleg saman i lang tid, heilt ein hauk slo ned på vadefuglen og drap ho ein dag ho ikkje var så frisk og sprek og likevel song. Då kom hauken farande, for han blei losa av lyden." [Gjenskapt]

Då kong Sjeheriar hadde høyrt dyrehistoria, spurde han Sjeherasad om ho kunne fleire. Ho svarte ja og fortalde.

Falken og rapphøna

Ein stor falk skar ein gong ned gjennom lufta mot ei lita rapphøne. Men rapphøna var snar i snuinga og greidde å komme seg inn i reiret sitt. Inngangen til reiret var så liten at falken ikkje kunne komme inn. Han sette seg utanfor og sa vakkert:

"Kjære, snille rapphøne!" sa den. "Korfor gøymer du deg? Eg vil deg då berre vel. Eg såg at du var svolten. Derfor kom eg med nokre korn som eg hadde sanka saman til deg. Kjære vene, ver ikkje redd, kom berre ut og ta imot denne vesle gåva eg bringar."

Rapphøna let seg lokke og kom ut av reiret. I det same var falken over henne og sette klørne i henne.

"Uff og au!" skreik rapphøna. Så døydde ho.

Då kongen ikkje såg ut som han var tilfreds med berre to korte historier, fortalde ho han enda ei, og så ei til.

Kråka og ormen

Uti skogen budde eit kråkepar oppi eit tre. Der hadde dei gode dagar heilt til ungane skulle klekkast ut. Då hadde det blitt så varmt at ein stor orm kraup opp frå hòlet sitt og klatra opp i treet og snodde seg om greina heilt fram til kråkereiret. Der på greina heldt han seg mest heile sommaren og åt egga også. Kråkene måtte halde seg vekke.

Så tok varmen slutt, og ormen drog ned i hòla til seg sjølv att. Då sa kråka til kona si: "Du og eg slapp unna. Det blei ikkje ungar på oss i år, men lever vi til neste år, kan vi få då."

Neste år kraup ormen opp av hòlet sitt igjen og ville opp til kråkereiret. Men mens han kveila seg opp på greina, slo ein stor fugl ned på han, sette klørne i skallen hans og reiv og sleit i han så han fall daud til jorda. Maur myldra fram og fekk restane av han.

Sidan levde kråka og kona i ro og fred og ruga ut kull etter kull med kråkeungar. "Kor velskapte, kor inderleg kjære!" tenkte foreldra og flaug etter mat til dei i eitt køyr i lange tider, for slik er det laga.

Reven og villeselet

Det var ein gong ein rev som kvar dag gjekk og leita etter mat. Ein gong hadde han vore oppe i fjella før han gav seg på heimvegen før kvelden. Då trefte han ein annan rev. Dei kom i snakk på revars vis og fortalde kvarandre kva slags vilt dei hadde fått.

"Her om dagen var eg fælt svolten", sa den andre reven, "for eg hadde ikkje ete på tre dagar. Då såg eg eit villesel, fekk det i bakken og reiv hjartet ut på det og åt det og gjekk heim. Og enda dette skjedde for tre dagar sidan, har eg ikkje blitt svolten sidan."

Då den første reven høyrde dette, sette han ut for å ete hjartet til eit esel, han også. I fleire dagar jakta han utan å ete annan mat og blei mager og elendig. Så hende det at to jegerar kom gåande forbi mens reven låg utmagra og samankropen i hiet sitt. Dei hadde skremt opp eit villesel og trefte det med eit pileskot utanfor revehiet. Pila gjekk inn i eselhjartet, og dyret fall daud til bakken. Jegerane kom til og ville dra ut pila, men dei fekk med berre skaftet. Pilspissen blei sittande i eselskrotten.

Dei sette seg som snarast mens mørket sakte breidde seg. Dei kunne vanskeleg anna enn å forlate skrotten før store villdyr kom snusande i mørket, dratte av blodlukt. Så jegerane let eselskrotten ligge og gjekk heim.

Reven hadde fått med seg kva som hende utanfor hiet. Då mørket fall over skogen, sneik han seg ut, radmager og svolten. Men då han fekk sjå det daude eselet, gløymde han sutene og gledde seg.

"Hurra. No har eg så godt som fått hjartet utan å gjere noko særleg for det! Sjå berre, eit villesel rett utanfor hiet mitt!"

Dermed kasta han seg over skrotten og reiv opp buken og rota med snuten mellom innvolane til han fann hjartet. Han tok ein stor bit av det og slukte han heil. Men ikkje før hadde han gjort det, før pilspissen køyrde seg fast i halsen på han, og han kunne korkje få han opp eller ned. Han skjønte at han skulle døy, og sa: "Eg kunne vore tilfreds med mindre."

Til ettertanke

No og då er det klokt å sjekke kva ein får i seg. Mykje mat inneheld stoff ein kanskje ikkje har godt av.

Svolten er eit stort problem på jorda. Han driv dyr til drap og menneske til slakt.

Fiskane og krepsen

Det budde ein gong ein heil del fiskar i ein dam. Men så blei dammen mindre og mindre og tørka nesten ut. Då det nesten var slutt på vatnet, skjønte fiskane at det snart var ute med dei, og dei spurde kvarandre kva dei skulle gjere og kven dei kunne spørje om råd.

Den eldste og klokaste av dei sa: "Vi kan sette vår lit til Gud og bede om hjelp. Men vi bør også gå til krepsen og spørje han om råd også. Bli med, alle saman, så spør vi han; for han er den klokaste av alle vi kjenner."

Det var alle fiskane einige i, og så drog dei til krepsen og fann han inne i hòla si. Dei helste høfleg og spurde om han ikkje var uroa.

Krepsen visste ingenting om elendet deira og spurde: "Men kva er i vegen med dykk?"

Fiskane fortalde då kva som heldt på å skje, og sa at dersom dammen tørka heilt ut, var det ute med dei alle saman. "Derfor kjem vi til deg og bed om råd", sa dei.

Krepsen funderte ei stund, og så svarte han: "Det som vil skje, det vil skje. Korfor då bekymre seg? Men også: Den Allmektige kan likevel gå med på rette bønner no og då. Gjer samvitet reint før vinteren kjem med flaum, og bed vel. Skulle dauden komme til oss før det blir regn, eller det hender noko som driv oss på flukt, så drar vi saman herifrå."

"Det du seier, er bra!" ropte alle fiskane i kor, og drog heim til sitt. Nokre dagar etter blei det regnvêr, og dammen blei fylt av vatn igjen.

Sinnssvak tru og lov gler ikkje ånda.

Ein drope honning

Det var ein gong ein jeger som kom til ei hòle i fjellet, og i hòla fann han ei mengd honning. Han fylte vassekken sin med han og gjekk til byen, og hunden hans følgde etter. Han stansa utanfor bua til ein kjøpmann som handla med olje, og spurde om han ville kjøpe honningen. Det ville oljehandlaren, og jegeren tømde vassekken sin.

No slumpa det til å falle ein drope honning ned på jorda. Flugene kom og sette seg på dropen, og ein fugl slo ned på flugene. Katten til oljehandlaren kasta seg over fuglen, og hunden til jegeren rauk på katten og beit han i hel. Då flaug oljehandlaren på hunden og slo han i hel, og jegeren fór laus på han og drap han.

Men oljehandlaren var frå éin landsby og jegeren frå ein annan, og då folket i begge byane høyrde kva som hadde gått føre seg, greip dei til våpen og rykte ut mot kvarandre. Sverda slutta ikkje å hogge før om lag alle var falne, og berre fuglane veit kor mange som blei drepne, om dei då kan telje så langt.

Mykje i livet gir høve til å å sanse og roe seg.

Regnmannen

Det var ein gong ein mann som var vidkjend for å vere from og omtenksam. Gud høyrde alltid bønnene hans, og han pla skritte omkring i fjella og bede til Gud heile natta. Og Gud hadde gitt han ei sky som følgde med han kor han gjekk, og ho auste regn over han når han skulle reinse seg eller sløkke tørsten.

Men då det var gått ei tid, blei han mindre flittig i trua. Då tok Gud skya frå han til straff, og oppfylte ikkje lenger bønnene hans. Dette gav mannen mykje sorg og pine, og han sørgde djupt over at nådegåva var tatt ifrå han. Til slutt fekk han sjå ein skapnad mens hand drøymde, og skapnaden sa at dersom han ville ha skya si attende, skulle han gå til den og den byen og spørje etter kongen. I fall kongen ville gå i forbønn for han, ville vel Gud gi han skya tilbake.

Einebuaren vandra av stad og kom til den byen som var blitt nemnd i draumen, og der spurde han om vegen til kongsslottet. Folk viste han veg så han kom til slottet. Utanfor porten sat ein kvit lakei på ein stor stol og spurde kva han ville. Den fromme mannen svarte at han ville legge fram ei sak for kongen.

"Det nyttar ikkje i dag", svarte slaven. "Det er berre éin dag i veka at kongen tar imot folk som søker råd og hjelp. Du får gå din veg og komme att når den dagen kjem.”

Einebuaren likte ikkje at kongen heldt seg borte frå folket på denne måten, og undra seg på kva det var for ein konge som oppførde seg slik. Men då dagen kom, møtte han då opp utanfor slottet. Der stod det ein heil flokk og venta på å sleppe inn. Ein statsminister i gilde klede kom ut og sa at dei som hadde bønner å legge fram for kongen, kunne komme inn. Mannen blei med dei inn og fekk sjå kongen sitte på trona, omgitt av høvdingane og hoffolka sine. Statsministeren sette seg og lét folk komme fram etter tur for å legge bønnene sine fram for kongen. Så blei det einebuaren sin tur.

Kongen såg på han og sa: ”Velkommen, skyfar. Sett deg til sides og vent så eg kan retteleg få snakke med deg.”

Dei orda forvirra einebuaren, for no fatta han at kongen var from. Kongen gjorde seg ferdig med alle dei andre, og så tok han handa til einebuaren og leidde han med seg til sine eigne rom. Utanfor døra stod ei svart vakt i kostbare klede, med hjelm på hovudet og våpen i hendene. Han opna døra for kongen, og kongen og gjesten hans gjekk inn og kom til enda ei dør, men ho var lita og ussel. Kongen opna ho sjølv.

Innanfor fanst det eit lite rom der det ikkje fanst anna enn eit bønneteppe, eit vaskefat og nokre teppe av fletta siv. Her tok kongen av seg stasen og kledde seg i kvit ull og sette ein hatt av dyreskinn på hovudet. Dei sette seg, og kongen kalla på dronninga si og spurde om ho visste kven som var hos han.

"Ja", svarte ho innanfor. "Det er skymannen."

"Kom ut til oss!" sa kongen.

Ho kom ut til dei. Kledd i ull som ho var, verka ho ganske lys."

Kongen spurde einebuaren om dei skulle bede for han med det same, eller om han ville høyre historia deira først. Einebuaren ville gjerne høyre historia først, sa han.

"Mange av forfedrane mine har vore kongar", fortalde kongen. "Krona og trona gjekk i arv frå den eine til den andre, og så kom turen til meg. Men eg hadde djup motvilje mot å styre; eg ville helst farte omkring og la folk stelle seg sjølve. Men eg skjønte at det heile kunne føre til uro og forvirring og enda verre. Derfor gjekk eg til sist attende og overtok styre og stell av landet mitt. Eg innførte rimelege skattar, og stilte vakter ved byportane til skrekk og åtvaring for kjeltringane og til vern for dei ærlege. No då mykje var sett i godt gjenge, kunne eg trekke meg meir tilbake her i slottet, ta av meg dei kongekleda og ta på noko ledig, godt og varmt i både kjølige og kalde kveldar. Her inne held eg til i lag med ho som eg gifta meg med. Ho er dotter til farbror min, så vi kjente kvarandre godt. Vi har begge forsaka fleire gode sider ved livet, flettar desse mattene og tener til maten med det. Slik har vi levt i førti år, enkelt og greitt i eit slott."

Einebuaren blei hos dei til det blei kveld. Då kom det ein gut på fem år og henta teppa dei hadde fletta, og selde dei på torget. For det han fekk for dei, kjøpte han brød og bønner som han kom med til kongen. Einebuaren åt saman med dei, og sidan la dei seg til å sove. Då dagen grydde, bad kongen:

"Gud, gi skya tilbake til denne karen! Du kan klare det!"

"Ja, så menn!" sa dronninga.

Og skya kom fram på himmelen. Då kongen såg det, blei han glad på einebuaren sin vegner. Så tok einebuaren farvel med dei og gjekk av stad, og skya følgde han som ho hadde gjort før.

Ettertanken er god, men framtanken er betre (Norsk ordtak)

Ein skal ikkje skode hunden på håra, dømme gåva ut frå innpakninga eller boka berre ut frå omslaget, eller mannen og kvinna ut frå rollene sine aleine.

Mange er tilgjorte, og andre ber fasadar. Når ein fer omkring og gjer seg til, stel det unødvendig energi. Og på den andre sida, den heilhjarta er ingen tosk slik, men kan trenge å vakte seg.

Den som gjer seg til, kan fort bli hyklar lenger framme, og endar kanskje heilt patetisk.

Det er ikkje alle som ser ut som dei sluntrar i jobben, som er heilt uverksame av den grunn.

Den som ikkje trivst i jobben, kan prøve å finne avløysar - men det er det ikkje alle som vil og kan og tør. Det er eit ganske vanleg fenomen.

Skyer og regn er naturlege gode der sola brenn og det er ørken, men i kalde, regnvåte strok har det blitt for mykje av dei goda. Naturen har sine balansar.

Godt gøymd gard

Kong Olav rei ein dag med eit jaktfølge forbi ein stor og gild gard som låg for seg sjølv einkvan stad og var så godt gøymd av naturen at få visste at det låg ein gard der. Der såg han ein mann som var omgitt av tenarar og tenestejenter. Det var husbonden. Kongen bad om å få litt kaldt vatn, og mannen gav han det og spurde om kongen også ville gle han ved å gjeste han. Kongen takka ja og toga inn på tunet med følget sitt, og fann noko så uvanleg som ein veldriven hage med busker, frukttre og mange flotte sitteplassar. Der slo alle seg ned.

Mannen kom med femten teppe til dei og like mange puter til sessen, og så sette han framfor dei femten handdukar, femten bollar med frukt, jordnøtter og kvannstilkar, femten med andre godsaker og femten krukker med svalt, klart vatn. Det blei nok til heile følget. Kongen blei overraska og spurde mannen om han hadde venta dei.

"Nei", svarte mannen. "Saka er at eg har tretti koner her i alt, så då du æra meg med å komme til hagen min, gav eg beskjed til dei om å sende halvparten av frukosten sin ut til meg. Så fekk dei heller dele den andre halvparten mellom seg sjølve. Dei gir meg leivningar kvar dag likevel. Det kan vere kjøt, kalde drikkar, frukt, godsaker og meir til. Det er slik eg styrer meg i dette, og eg har altså ikkje gjort noko særleg no heller."

Då sa Kong Olav: "Ein undersått av meg er så rik at han gir kongen og jaktfølget hans mat utan at det trengst førebuingar til det. Det kallar eg rimeleg god velstand!"

Etter at han og følget hadde snakka med mannen, ete og kvilt seg, rei dei vidare. Kongen tagde ei stund, men så kom det: "Han treng kanskje meir husrom, den karen!" Så fekk han sendt mannen materiale til slikt som takk for gjestfriheita.

Historia er eit døme på omplanting. Kong Olav kan vere Olav Tryggvasson, til dømes. Han levde i det tidsrommet boka blei til, og under forhold der gjestfriheit stod høgt, slik blant anna Håvamål kunngjer.

Sporven og ørna

Ein sporv heldt til der ein stor saueflokk gjekk og beita. Der pla han rote etter mat mellom sauelortane. Men ein dag fekk han sjå ei diger ørn som slo ned på eit lam og flaug av stad med det i klørne.

"Det der kan vel eg også gjere", tenkte sporven. "Eg kan då flyge, så korfor ikkje fly av garde med den feitaste vêrbukken i flokken?"

Sporven kom seg på vengane og så slo han ned på den feitaste vêren i flokken og sette klørne godt inn i ulla på han. Men ulla var tjukk og tett, og sporven vikla seg heilt fast og klarte ikkje å komme laus att. Dette fekk gjetaren sjå. Han gjekk bort og tok laus sporven, og så batt han ei snor om føtene på han og gav han til barna sine med desse orda:

"Sjå godt, ungar! Han her var svak og hjelpelaus, og prøvde å gjere som dei sterke og mektige. Det lønner seg sjeldan."

[Fritt etter Waldemar Brøgger, bd 2, s 222-23]

Det kan vel vere bra å la vere å ape etter sterke før du er rimeleg sterk sjølv.

Om du manglar fysisk styrke, kan du likevel vere liketil; kjekk også, dessutan smidig, og flink til eitkvart.

Ei ørn har klør og lever på bakhald. Ho kan ta ganske store byttedyr med seg i klørne. No kan ein likne Tusen og éi natt med ørna, og små utdrag frå det arabiske verket med småfuglar. Storfuglar som ørner og mindre fuglar som ender kan lette og fly bra på fantasi-vengar. Men fuglar lyt lære å passe måten etter kvart, på fuglars vis. Det same gjeld mange gamle fantasiforteljingar frå andre tider og forhold med andre skikkar. Gode tillempingar kan bli heilt flygedyktige (vellykte), syner europeisk folklore som har absorbert mange av forteljingane frå Tusen og éi natt også. Og bakgrunnen til verket syner at mange av historiene nok kjem frå andre kantar av verda - særleg Egypt, Persia og India - At mange av dyrefablane i verket opphavleg kjem frå India, fortel blant andre Waldemar Brøgger.

Ein engel kom innom

Det var ein gong ein mektig kar som sat og trona heime i Jemtland då det kom inn ein mann som såg skremmande fælsleg ut. Mannen i godstolen blei forfjamsa og reiste seg fort og spurde kven han var og kven som hadde sleppt han inn.

"Gud har sendt meg", svarte mannen, "Ingen dørvaktar kan nekte meg å komme inn. Eg treng heller ikkje løyve for å gå inn til kongar, og eg er ikkje redd livvakter. Eg er den som ingen mann kan kjenne seg trygg for, og ingen kan unngå meg. Det er eg som bryt alle band og sløkker alle gleder."

Då mannen i stolen høyrde det, gyste han og dåna av skrekk. Men så kom han til seg sjølv att og spurde: "Er du daude-engelen?"

"Ja", svarte den framande.

"Då bed eg om tre vekers frist til å brygge til gravølet, netter til å bede om tilgiving for alt gale eg har stelt i stand, og dessutan dagar til å gi bøkene mine og anna eg eig til fattige og andre som vil ha slikt - dei som eg tok ifrå. Og så enda ei natt for å summe meg til slutt. For eg vil jo unngå å bli tynga ned av leitt og upassande på hi sida, og helst minske straffa for galne gjerningar, for det gjeld å risikere lite."

"Eg er lei over å skuffe deg. Men det kan eg ikkje gå med på", svarte engelen. "Dagane dine er talde opp, andedraga dine er talde opp, og timen er fastlagt."

"La meg berre få ein einaste time då!" bad mannen.

"Den timen fekk du i stad, men brukte den ikkje. Då var du svima av", svarte engelen. "Og no har andedraga dine nådd talet som var gitt deg. Du har berre éin gong att å trekke pusten."

"Men kva får eg med meg i grava?" spurde mannen.

"Du får med deg gjerningane dine på eit vis, både gode, galne og dei imellom", svarte engelen.

"Det verkar lettare å gripe og bere ål!" sa mannen.

"Får du ikkje med deg gode gjerningar, trur eg du kjem til å gli nedetter på hi sida. Går det leitt, får du skade av det", sa engelen. Så tok han sjela til mannen, og mannen ramla saman.

(Fritt etter Boken om tusen og en natt ved Waldemar Brøgger, bd. 3, s. 304)

Kommentarar

Bra tru kan få nokon kvar til å leve ganske sømmeleg og sikkert venteleg betre livskvaliteten sin elles også.

Til det at "timen er fastlagt": Sunn mosjon kan forlenge livet, røykekutt, bra kosthald og godt stell og mykje anna også, som å halde seg bra ifrå alkohol. Stress tar mange liv på sine måtar. Det syner mykje god forsking og statistikk. Om ein lærer å avstresse, sanse seg og puste rolig, djupt, behageleg, kan det gjere godt, det også. Å vere ganske forsiktig kan også lønne seg i langdrag, i tråd med "Safety first".

Det finst dermed ein heil del ein kan gjere for å leve lenger, om råd. Og om ikkje alt høver alle, kan fleire av råda like fullt hjelpe mange.

Innhald


Tusen og éi natt, 1001 natt, arabiske netter, Tusen og en natt, soger, litteratur  

Tusen og éi natt, 1001 natt, arabiske netter, Tusen og en natt, soger, opp Seksjon Sett Neste

Tusen og éi natt, 1001 natt, arabiske netter, Tusen og en natt, soger BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]