NORSK DEL, GULLVEKTA  

Maharishi Mahesh Yogi

 13 › 4 › 1

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE
YOGAORD

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE



Maharishi Mahesh sine likande idear

Frå einebuar til kjendis og lærar for the Beatles

MAHARISH MAHESH YOGI
Maharishi (1917?-2008).
HAN VI kallar Maharishi, 'store sjåar' eller 'store vismann', var ein av dei fremste meditasjonsformidlarane i verda til no. Han blei kanskje fødd den 12. januar 1917, eller nokre år før. Den 11. januar 2008 kunngjorde han frå Nederland: "Arbeidet mitt er gjort." Derifrå snakka han ikkje meir til han døydde den 5. februar.
     Under namnet Mahesh Prasad Varma blei han elev av Shankaracharya Brahmananda Saraswati, som blir kalla Guru Dev (guddommelige lærar) i TM-samanhengar. Maharishi slutta seg til han etter å ha gjort ferdig master-studiet sitt i fysikk ved universitetet i Allahabad i 1940. Like før Guru Dev døydde i 1953, skal han ha kalla Mahesh til seg og sagt:
Det eg har lært deg inneheld også kunnskapen om teknikken for familieforsørgaren. Den har blitt mistolka og gløymt over hundreåra.
     Bekymre deg ikkje, og ver ikkje redd for å vere aleine eller for noko som helst. Ta til å arbeide og alt vil gå av seg sjølv.
Seinare kalla Mahesh Varma seg "Maharishi Mahesh Yogi", reiste til Vesten i 1959 og lærte ut ein svært enkel og behagelig måte å meditere på. The Beatles, Beach Boys, Donovan, Mick Jagger og mange andre kjente artistar let seg innvige. Det var på 1960-talet. Då kom også dei første bøkene av Maharishi om metoden [Lotm].
     Maharishi har fått æra for minst fjorten bøker. Mellom dei er The Science of Being and the Art of Living og Maharishi Mahesh Yogi on the Bhagavad-Gita.

"Skyldig" i ei kjæleg omfamning?

MAHARISH MAHESH YOGI
Maharishi
The Beatles og nokre utvalde venner, mellom andre Donovan Leich, vitje Maharish Mahesh Yogi i India i 1967. Der studerte dei TM (Transcendental Meditasjon). Då blei det sett ut eit dårleg rykte om at Maharishi skulle ha prøvd å voldta den unge skodespelarinna Mia Farrow. Ryktet førte til at Beatles drog heim att til England. Det finst andre versjonar om kva som hende, i tillegg.
     Maharishi hadde berre gitt Mia ein klem, kan vi vel enkelt seie. Kva ho og andre og han la i det, viste seg å vere forskjellig. Det heiter også at ein mann som heitte Alex Mardis, som Lennon før hadde villa ha som guru for the Beatles, skal ha sett i gang ryktet om usømeleg åtferd for å sverte Maharishi. Desse tinga kjem fram i Paul McCartneys biografi Many years from now (Mange år frå no) frå 1998.
     • Ein treng ikkje tru blindt alt galt ein høyrer . . .

TM-metoden

Vi kan lauselig kalle begynnarmetoden trening i å "gli innover" i avsette periodar kvart døger, kanskje to gonger daglig. Metoden hjelper helsa på mange vis, syner forsking. Somme sider ved dette er godt dokumenterte.
     Praktisering av metoden hjelper utdanning og læring når ein veit å avpasse. Ein gjer normalt klokt i ikkje å streve heller når ein mediterer. Mye godt kjem av seg sjølv.
     Metoden tillet andre flotte tiltak i samgang med seg. Den tillet anna sjølvhjelp innan rekreasjon, til dømes ved enkle og trygge yoga-stillingar. Slikt supplement fanst alt på slutten av sekstitalet.
     Seinare har Maharishi fokusert på at verda treng harmoni, og har lagt fram prinsipp for somt innan byggekunst, politikk og helsestell. Han står også for at når mange mediterer godt, spreier harmoni seg frå det til gagn for andre, ja, heile samfunnet.
     Det er lov å tvile litt, i og med at Maharishi ivrar for mye forsking på TM-metoden. Det ligg no føre over 600 studiar og forskingsrapportar over TM. Dei er frå over to hundre uavhengige institusjonar i trettifem land, og spenner over førti år.Og funn har blitt publisert i eit hundretal journalar, mellom anna Scientific American, Business and Health, Science, og Journal of the American Medical Association (JAMA). Forsking syner metoden verkar - for eksempel at den kan førebyggje sjukdom og fremme helse.
     Til temaet "Det er lov å tvile litt": Forsking er jo basert på det ein kan kalle kunnig tviling og skepsis som blir kontant, metodisk og sikkert gjennomført (også kalla hypotesetestingar) i tråd med vitskapelige skikkar. Her er nokre oversyn:
BØLGJE

Litteratur  
      Lotm: Mahesh, Maharishi Livskunst og transcendental meditasjon. Ny utg. Oslo: Miki, 1979.
      Mm: Roth, Robert. Maharishi Mahesh Yogis TM: Transcendental Meditasjon. Rev. utg. Mesnali: MIKI, 1998. - Svært god bok om TM. Finst på Nettet på engelsk (lenkje nedafor). - Kjekt TM-oversyn [På engelsk, on-line.].

NOEN VEV-ADRESSER

[A] [B] [C] [D]

Takk

Takk til Robert Roth og Maharishi Press Center for vennleg løyve til å bruke dei to bileta av Maharishi.

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 2007, Tormod Kinnes. [E-POST]