Gullvekta
Tyske eventyr og segner  ❀ 13
Seksjon › 40   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Spelemannen

Det var ein gong ein munter spelemann som bles dugleg på fløyte. Han drog omkring med fløyta si og spela i bygder og byar for å livnære seg. Så kom han ein kveld til ein forpaktargard, og der banka han på.

Forpaktaren tok vennleg imot han og bad han til bords og då dei hadde ete, måtte gjesten spele eit stykke på fløyta. Då han var ferdig, gjekk han bort til vindauget. I måneskinet såg han ei gammal borg ikkje langt frå huset. Den såg ut som den mest låg i grus.

"Kva er det for ein gammal plass?" spurde han, "og kven har ått den?"

Forpaktaren fortalde at ein greve hadde budd der for mange, mange år sidan. Han var svært rik, men gjerrig også. Han plaga folka, gav aldri eit øre til ein fattig stakkar og døydde utan arvingar, for han var for gjerrig til å gifte seg. Den næraste slekta hans skulle ha allting etter han, men dei fann ikkje ein skilling. Han måtte ha grave skatten sin ned, tenkte mange.

"Kanskje den enno ligg gøymd i det gamle slottet", sa forpaktaren. "Mange menneske har gått inn i borga for å finne den, men somme har aldri komme levande ut att. No har styremaktene forbode folk å gå inn i slottet, og det er kunngjort over heile landet."

Spelemannen høyrde vakent på forteljinga, og då den var ferdig, sa han at han hadde god lyst til å gå inn i borga, for han var ikkje noko særleg redd av seg, meinte han. Forpaktaren bad han om å la vere, men guten vørde han ikkje. Verken bønner eller gråt hjelpte.

To gutar måtte følge spelemannen med tente lykter. Framme ved slottet sende han gutane tilbake med den eine lykta. Den andre tok han med seg oppover ei høg trapp. Då han var oppe, kom han inn i ein stor sal med dører på alle kantar. Han opna den første og beste og kom inn i ei stue. Der sette han seg på eit eldgammalt bord, sette lykta ved sida av seg og tok til å spele songen "Noko skal ein då gjere" på fløyta.

Forpaktaren uroa seg så han ikkje fekk sove den natta. Han gjekk ofte til vindauget og såg ut, og så lenge han høyrde fløytelåt, var han letta. Men då vegguret slo elleve, stansa låten, og då trudde han at det vesenet som heldt til i slottet, hadde drepe guten.

Imens stelte spelemannen med fløyta og var ikkje det minste redd. Han blei snart svolten, for han hadde ikkje ete stort hos forpaktaren. Han såg seg om alle stadar, og så fekk han sjå eit fat linser. Ved sida av det stod eit kar med vatn og eit med salt og ein flaske vin. Så helte han vatnet på linsene og salta dei, fyrte opp på peisen og laga linsesuppe. Mens linsene kokte, drakk han vin og spela på fløyta. Så slo han suppa på ei skål som stod på bordet, og åt.

Han såg på uret. Klokka var elleve. Då sprang døra opp, og to høge, svarte menn kom inn med ei båre. På båra stod ei kiste. Utan eit ord sette dei den frå seg framfor spelemannen, som ganske roleg åt vidare. Så gjekk dei ut av døra att, likså stilt som dei var komne. Då dei var gåtte, reiste spelemannen seg og opna kista. Ein gammal mann, liten og vissen, med grått hår og skjegg, låg der. Men guten var ikkje redd, han lyfte han opp og sette han ved omnen. Straks mannen var tødd opp litt, lea han på seg. Då tok guten linseskåla og mata han og stelte med han som han var eit lite barn. Mannen kvikna fort til, og snart var han ganske levande og sa: "Følg meg!"

Guten tok lykta og følgde. Dei gjekk nedover ei lang, skrøpeleg trapp og kom til slutt til ein djup kvelving. Der låg ein svær gullhaug.

"Del denne haugen i to like store delar. La ikkje noko bli til overs, for då drep eg deg", sa mannen.

Guten gav seg straks til å telje og dele. Og snart låg to like store haugar der. Men ein liten gullpenge var til overs. Guten var ikkje lenge uviss. Han tok lommekniven sin, sette eggen på mynten og slo på kniven med ein hammar som låg der. Pengen blei kløyvd, og guten kasta ein i kvar haug.

"No har du frelst meg, og takk skal du ha!" sa mannen. "I snart hundre år har eg vakta gullet eg skrapa saman som gniar. Helt til ein kom og fekk delt haugen i to like store delar, var eg dømt til å vakte den. Aldri har nokon greidd det før, og eg måtte drepe alle dei som prøvde. Den eine haugen er din, den andre lyt du gi dei fattige. Du har frelst meg. Takk og lov!"

Så blei mannen borte, og guten gjekk opp trappa og spela morosame stubbar på fløyta.

Forpaktaren blei hjarteleg glad då han høyrde fløytelåten att, og tidleg neste morgon gjekk han til slottet, for ingen var redd for å gå bort i lyset. Der trefte han guten, som var glad og lykkeleg og fortalde om alt han hadde opplevd. Så gjekk spelemannen ned etter skatten og gjorde som gamlingen hadde sagt. Han delte den eine gullhaugen mellom dei fattige, og den andre tok han sjølv.

Så reiv han ned det gamle slottet og bygde eit nytt. I det budde han som ein rik mann og hadde det godt alle sine dagar.

  Innhald  


Bøker      

Tyske eventyr og segner.    Seksjon     Sett    Neste

Tyske eventyr og segner. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2010–2020, Tormod Kinnes. [E‑post]