NORSK DEL, GULLVEKTA

Tyske eventyr og segner

 13 › 1 › 42 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR Tyske eventyr og segner 
– SAMLINGA

Eventyr frå tysk

Illustrasjon til tyske eventyr og segner

TYSK er det offisielle språket i kjerneland i Europa - Tyskland, Austerrike, Liechtenstein - og dessutan eitt av dei tre offisielle språka i Sveits. I Luxembourg snakkar folk ei tysk dialekt. Tysk er også eit av dei offisielle språka i Tsjekkia.

Det finst mange fine eventyr på tysk. Märchen er det tyske ordet for eventyr, og Sagen for segner. Volksmärchen er folkeeventyr, og Zaubermärchen er "trylleeventyr" eller undereventyr.

Tyske eventyr og segner har ein heil del til felles med skandinaviske. Begge har røter i germansk tru frå lang tid tilbake. Nokre påverknader kjem frå restar av norrøn mytologi. Vi finn att så som kjemper, dvergar, alvar og andre underjordiske. Spilloppmakaren Till Uglespegel (Uglefjes) frå mellomalderen har eit norsk tilsvar i Peik. Bytingar finst også her, bymusikantane ifrå Bremen har norske motsvar, og så bortetter. Dessutan er ein heil del i språka felles frå gammalt - dei er germanske.

Det kan verke rimeleg at det har vore påverknad frå tyskarar i bergverksdrifta i Noreg, for då gruvedrift blei ein viktig næringsveg for Noreg på 1600-tallet, blei kapital og fagfolk henta frå Tyskland. Og tyske historier kan ha kome til landet gjennom danskar som var busette i Noreg, og blitt attfortalde av dei. Molkte Moe har vist at opphavet til det aller meste av norsk eventyrarv er ikkje heimleg, men at eventyra våre er felleseige med andre folk. Det finst altså rom for funderingar og spekulasjonar om opphav og påverknader all den tid svært mange eventyr har somt til felles, men spekulasjonar aleine er neppe fruktbart. Nett det siste syner Olav Bø og medarbeidarane i innleiinga til Norske eventyr. Det syner seg at det som før blei rekna som teoriar som danna skolar, ikkje var mykje meir enn spekulasjonar med fine ord til, og det er ei samanfatting. For å sjå kva for eventyr som er felles eller liknar kvarandre frå land til land i Europa spesielt, kan eg vise til trebandsverket The Types of International Folktales av Hans-Jörg Uther (2004). Det er ein omfattande, oppdatert, samanliknande eventyrkatalog.

Tyske eventyr og segner har blitt samla av kjente personar som Johann Musäus (1735-87) og brørne Jacob Grimm (1785-1863) og Wilhelm Grimm (1786-1859). Brørne inspirerte mange andre til å samle folkeeventyr, mellom dei Asbjørnsen og Moe. Så har vi Ludwig Bechstein (1801-60) og mange fleire. Det finst fine samlingar frå mange tysktalande regionar. Dessutan fanst det tyskarar som skreiv kunsteventyr. Det første eventyret i samlinga, "Kannitverstan", er eit slikt, av diktaren Johann Peter Hebel. H. C. Andersen frå Odense blei påverka av tyske kunsteventyr mellom anna.

Andre slags kulturelle bidrag har kome i stand ut frå og attåt den germanske folkloren, som har kjelder i norrøn dikting frå sagaøya Island. Richard Wagners operaer Lohengrin og Nibelungen er greie døme. Amerikanaren Washington Irving (1783-1859) brukte tyske segner som grunnlag for dei kjente forteljingane "Rip van Winkle" og "Legenda om Sleepy Hollow", som begge kan finnast som universitetspensum i engelsk, til dømes, og Grimm-eventyra fortrengde til dels tilsvarande engelske eventyr i Amerika og England etter å ha blitt omsette til engelsk. "Legenda om Sleepy Hollow" har nyss blitt til film, og det same har mange Grimm-eventyr. Disney-versjonar har kome i fleng.

  • Musäus si samling kom i 1782-87. [Lenkje står under]
  • Grimm-brørne tok til å samle eventyr frå munnlege kjelder i 1807. Svært mange av informantane deira var mellomklassemenneske og aristokratar som gjengav soger dei hadde høyrt av tenarane sine, som til dels var franske hugenottar. Eventyra blei gitt ut i 1814 (86 eventyr) og 1816 (70 eventyr til). Alle Grimm-eventyra finst også på engelsk her. I Deutche Sagen hadde dei med 585 tyske segner. Segnene blei gitt ut i 1816 og 1818. Segnene blei ikkje så omtykte som eventyrsamlingane deira. Eit utval av dei ligg føre her.
  • Ludwig Bechstein (1801-1860) var ifrå Weimar i midt-Tyskland. Han blei diktar, samlar av eventyr og segner, professor og meir. I 1823 gav han ut Thüringische Volksmärchen (folkeeventyr frå det tyske forbundslandet Thüringen, som ligg midt i Tyskland), i 1845 gav han ut eventyrsamlinga Deutsches Märchenbuch, og i 1856 kom Neues Deutsches Märchenbuch. I andre halvdel av 1800-talet var eventyra hans meir populære i Tyskland enn Grimm-brørne sine. I 1853 gav Bechstein dessutan ut den innhaldsrike segnboka Deutsche Sagen, med tusen segner i. Her er eit utval av dei mest omtykte eventyra etter han: [Bechstein-eventyr]

Gode forteljingar er langt meir enn eventyr og segner, men dei siste er ein viktig del av tyskspråkleg kultur, og har gitt opphav til "Europäische Märchengesellschaft" (Europeisk eventyrsamfunn) som blei skipa i 1956, og har noko rundt 2700 medlemmar i dag.

På dei komande sidene er det flest Bechstein-eventyr. Eg har omsett dei frå bokmål og tysk.

Tormod Kinnes

Tyske eventyr og segner – 
SAMLINGA
Tyske eventyr og segner - SLUTTBOLK

Tyske eventyr og segner - LITTERATUR  

Mange samlingar på tysk på nettet: [◦Lenkje].

Ashliman, D. L. A Guide to Folktales in the English Language. New York: Greenwood, 1987.

Bechstein, Ludwig. Deutsche Sagen. Buchverlag der Morgen. Berlin, 1987.

Bechstein, Ludwig. Deutsches Märchenbuch. Leipzig: Verlag von Georg Wigand, 1847. [◦Lenkje]

Bechstein, Ludwig. Die Volkssagen, Mährchen und Legenden des Kaiserstaates Oesterreich. Erster Band. Leipzig: Verlag von C. B. Polet. 1840.

Bechstein, Ludwig. Neues Deutsches Märchenbuch. Wien: A Hartleben, 1856. [◦Lenkje]

Bechstein, Ludwig. Eventyr. Kristiania (Oslo): Damm, 1913. [Same boka i modernisert språk: (Oslo: Damm, 1942)

Bechstein, Ludwig. Eventyr og sagn. Oslo: Damm, 1973.

Bechstein, Ludwig. Sämtliche Märchen. Düsseldorf: Patmos/Albatross Verlag, 1999.

Bote, Hermann, attr. Ein kurzweiliges Buch von Till Eulenspiegelaus dem Lande Braunschweig: Wie er sein Leben vollbracht hat. [Lenkje]

Bote, Hermann, attr. Till Eulenspiegel: His Adventures. Omsett av Paul Oppenheimer. London: Routledge, 2001.

Bürger, Gottfried August. Wunderbare Reisen zu Wasser und zu Lande Feldzüge und lustige Abenteuer des Freiherrn von Münchhausen, wie er dieselben bei der Flasche im Zirkel seiner Freunde selbst zu erzählen pflegt. Leipzig: Im Insel-Verlag, 1923. [◦Lenkje]

Bø, Olav m.fl. Norske eventyr. Oslo: Samlaget, 1982.

Grimm, Jacob L. K. Deutsche Sagen. Berlin: Neues Leben, 1986.

Grimm, Jacob L. K. The German Legends of the Brothers Grimm. Bd 1 og 2. Red. og oms. Donald Ward. Philadelphia: The Institute for the Study of Human Issues, 1981. - Same verket i engelsk omsetjing.

Musäus, Johann, K. A. Volksmärchen der Deutschen. On-line, 1994-2007. [◦Lenkje]

Müller, Karl A. Rübezahl, der Herr des Riesengebirges.. Leipzig: Ambr. Abel, 1880]

Raspe, Rudolf. The Surprising Adventures of Baron Munchausen. On-line at Gutenberg EBooks. Urbana, IL, 2006. [◦Lenkje]

Uther, Hans-Jörg. The Types of International Folktales: A Classification and Bibliography Based on the System of Antti Aarne and Stith Thompson. Vols 1-3. FF Communications No. 284-86, Helsinki: Academia Scientiarum Fennica, 2004.

Vernaleken, Theodor. Kinder- und Hausmärchen in den Alpenländern. Wien: T. Vernaleken, 1863. On-line.[◦Lenkje]

Wikipedia (bm), s.v. "Gruvedrift".

Zingerle, Ignaz and Joseph. Kinder- und Hausmärchen aus Süddeutschland Regensburg: Verlag von Friedrich Pustet, 1854. On-line. [◦Lenkje]

Tyske eventyr og segner - OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Tyske eventyr og segner BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]
© 1999–2011, Tormod Kinnes [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]