Norsk del, Gullvekta
Vaksdal - Nokre gardar og stubbar
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

Vaksdalfoto. Modifisert utsnitt
Vaksdal ligg om lag tre mil i luftlinje nordaust for Bergen.

Vaksdal kommune i Hordaland høyrer til distriktet Midhordland, og er med i Bergen og Omland regionråd. Det bur om lag 4150 i kommunen (2015). Kommunesenteret er tettstaden Dale. Målforma er nynorsk. Mottoet til Vaksdal kommune er: "Bynært bygdeliv".

Vaksdal består for det meste av fastland, men omfattar også den nordaustlege delen av øya Osterøy.

Vi med anar og slekt i Vaksdal, finn det vel lettare å like Vaksdal. På morssida har vi anar frå gardane Dale, Fossmark, Helle, Kvamme, Skreiæ, Straume og Vaksdal i kommunen. Anane er via Mons Johannesson Jamne (f. 1784) som kom frå Vaksdal, drog til Bergen og døydde i krig rundt 1814.

Slik er sambandet: Mons fekk sonen Johannes (f. 1811) med Maren Cathrine (f. 1790 i Bergen) før han blei soldat i 1814. Johannes fór til Sunnmøre og fekk seg ei kone, Elen Anna (f. 1839) frå ein stad i noverande Rauma kommune i Romsdal. Og familien deira budde i Ålesund. Sonen Joakim fann seg ei Marte frå Øye og rydda eit bruk i Borgund, Sunnmøre. Dottera Jensine fekk blant andre tvillingsøstrer med Johan frå langt i nord, og den eine av dei var mor vår.

Elles syner ein DNA-test at eg har slekt på morssida tilbake til Sørvest-Arabia og/eller Kaukasus. Det er ein lang veg - kanskje dryge 40 000 år bakover til "mormors mormors (osv)" Jasmine, som er ei tenkt kvinne: den første som kom på banen med haplotype J, heiter det. Det vil seie at Jasmine hadde eit mutert gen, og at eg nok er mutant – ein av fleire.

I langtidsperspektivet kan det kanskje ikkje verke stort å ha mange anar i Hordaland frå 1500-talet og før, men verdien av langtidsvyane utelét ikkje verdien av norsk arv.

Skipshelleren

Gravfunn viser at det har budd folk i Vaksdal-området sidan tidleg vikingtid. Det finst også ein 7 000 år gammal steinalderbuplass, Skipshellaren på Straume. Når ein ser Skipshelleren litt på avstand, ser ein ikkje noko anna enn ei bratt fjellside med overheng. Men når ein er inne på sjølve hellergolvet er det som ein er inne i eit rundt femten meter djupt rom, med eit tak tretti meter over seg, og er i ly for vind og regn. Og det er heilt tørt på sjølve hellergolvet, som eigentleg var og er ein tørr avfallsdunge. I vatnet nedanfor helleren var det mykje fisk å fange i si tid. Under utgravingar frå 1930-31 fann ein rundt 175 000 bein og beinsplintar av dyr. Av desse var ein liten prosent frå fugl, noko meir frå fisk, men mesteparten frå pattedyr. Ein fann ein del reiskapar av stein og flint, men det såg ut til at horn og bein var det viktigaste reiskapsmaterialet til steinalderfolket. Det er ein fangstbuplass frå forhistorisk tid. Det eldste sjiktet der skriv seg frå steinalderen og inneheld oldfunn og knoklar av blant anna hjort, sel og villsvin - mest hjort og sel. Det står meir i til dømes Svein Indrelid si bok Strilesoga, Band 1 (1996). [Jf. www.skipshelleren.no/]

Kommunar/herad som grensar til Vaksdal: Modalen (i nordvest), Lindås (i vest, berre sjøgrense), Osterøy (i vest), Bergen (i sørvest), Samnanger (i sør), Kvam (i søraust), Voss (i aust) og Vik (i nord i Sogn og Fjordane fylke).

Vaksdal er også tettstad i Vaksdal kommune.

Kommunen grensar til Voss og Bergen kommunar, og Bergensbanen (jernbane), og Europaveg 16 (stamveg), mellom Bergen og Voss går gjennom kommunen. langs denne ferdsleåra. Ordet Vaksdal kjem av "våg" og "dal", og i kommunen er både fjordar (vågar) og dalar – vestlandsnatur. Dalane vi har anar ifrå heiter Sædalen og Herfindalen. Det høgste punktet i kommunen er Skjerjavasshovden (1264 moh) i Stølsheimen.

Dei to største elvene er Daleelva og Ekso, begge gode fiskeelver for laks og sjøaure. Vaksdalselva, som renn ned gjennom Vaksdalen og ut i vågen, deler tettstaden Vaksdal i områda Vaksdal i sør og Jamne i nord.

Hovudnæringar i kommunen er tekstilbedrifter, ein bakevareprodusent (Møllerens) og ein dyrefôrprodusent.

Det er dessutan mange vasskraftverk i Vaksdal.

Vaksdal historielag [vaksdalhistorielag.org/] har gitt ut gards- og ættesoger, og oppretta eiga heimeside der ein finn dette tilfanget på nettet.

OPP

Gardar i Vaksdal

Jamne, gnr 12

Tunet, bruka, historiegløtt

Gardstunet til Jamne ligg sytti meter over fjorden på ein høg grusterrasse nord for utlaupet av Vaksdalselva - fem hundre meter frå tunet på Vaksdal.

Gardsnamnet har blitt skrive blant anna Jaffne, Jabne og Javne, og kjem av det gammalnorske jafna, slette eller jamn strekning. Daglegnamnet er Joansane.

Det meste av innmarka ligg på ei flate som hallar jamt frå foten av fjellet fram mot kanten av terrassen. Derfrå er det bratte bakkar ned mot elva og fjorden.

Jamne grensar mot gardane Vaksdal, Skreiæ og Fossmark. Elva er grensa mot grannegarden Vaksdal frå elveosen til det gamle bøgjerdet.

Rike fornfunn fortel om gammal busetnad. Der er steinalderfunn og gravfunn frå yngre jernalder..

Jamne blei neppe liggande øyde etter Svartedauden. Vilkåra for korndyrking var uvanleg gode. Den eldste skriftlege kjelda om garden er frå 1610. Ein har derfor lite å halda seg til når det gjeld busetnaden i mellomalderen.

Jamne blei tidleg delt i to jamstore bruk – mykje trulig kring 1620. Todelinga heldt seg heilt til 1862. Alle brukarane budde i same tun til 1900. Tunet låg øvst på innmarka under fjellfoten. Eigedomsgrensa mellom dei to gamle hovudbruka gjekk gjennom tunet.

Levevegar

Innmarka var åker og eng. Om setra blir det skrive: "Jamnesetra var så fin. Seterhuset var så fint mura (osv.)". (Etter Olina Magnussen, Vaksdal, f. 1881.)

Elva og kverna gav årleg leigeinntekt.

Jamnefolket leigde beite i Skreiabotnen. Etter ei tid gjekk Skreiabotnen over til Jamne.

Jamnefolket hadde nausta sine ved elveosen før dei blei flytta til Jamnefjøra.

Fram til tettstad, mølle, tomtesal og byggefelt

Eit stort omskifte tok til i 1866 då bygginga av det store møllebruket Vaksdal mølle starta, og i 1870-åra kom jernbaneanlegget Bergen-Voss . Eit stort område ved sjøen blei ekspropriert til jernbane og stasjon. Stasjonen ligg på gammal Jamnegrunn, men heiter Vaksdal jernbanestasjon. Tettstaden rundt mølla og stasjonen på begge sider av elva fekk namnet Vaksdal.

Før jernbana og mølla kom, var det tre huslydar på Jamne. Dei bygsla under bnr. 12.

Brukarane på hovudbruka fekk seg attåtinntekter ved leigemaling , postfrakting og sanddrift. Frå 1948 blei det selt tomteland.

Fødnad, avling og folk

I 1657 fødde Jamne 2 oksar, 13 kyr, 2 kviger, 15 geiter og 25 sauer. 1863 var det 1 hest, 21 storfe, 5 ungfe, 93 småfe., etter ei Heradsskildring. Folketeljinga 1865: 1 hest, 28 storfe, 37 sauer, 24 geiter, 3 grisar.

I 1665 blei det sådd 3 1/2 tønne korn, og hausta ti tonn korn.

Fire tønner havre gav seksten tønner havre att. I 1863, etter at poteta hadde vunne innpass i Norden, blei det sådd åtte tønner potetar og hausta førti tønner.

I 1875: fødde garden 1 hest, 25 kyr, 7 ungfe, 76 småfe, 3 grisar.

I 1801 budde det atten menneske på garden, i 1863 førti, og i 1875 femtitre.

Eigarar

Jamne høyrde til Munkeliv kloster - Mikaelsklosteret - i Bergen i mellomalderen. Klosteret blei skipa av Øystein Magnusson rundt 1110. Det var frå starten eit benediktinarkloster og vigd til erkeengelen Mikael. Etter ein pest i byen overtok birgittinarordenen klosteret i 1426. I 1455 svidde hanseatane av klosteret. Det blei bygt opp att av cisterciensarane. I 1536 blei klosteret nedbrent og murane brotne ned som del av Reformasjonen i landet. Etter Reformasjonen tok styremaktene over kyrkjegodset.

Jamnegarden blei til sals saman med mykje anna krongods i 1660-åra, då statsmakta var i pengeknipe. Den 13. november 1722 fekk dei to brukarane på garden skøyte. Brukarane på bnr. 12 har etter den tid for det aller meste vore sjølveigarar, og viser verdien av: "Ferdene til makta sine kan somtid gagne hine." Med tida. Kanskje.

Nokre brukarar

Den første kjende brukaren var Sjur Jakobsson Straume (1671-1715) frå Straume i Vaksdal. Han gifta seg i 1696 med Dortea Olsdotter Jamne (1666-1746). Dei fekk tre døtrer. Inga (1706-83) var den mellomste. Då Sjur døydde, gifta Dortea seg med Johannes Monsson Hesjedal. Dei to fekk ikkje barn.

Inga Sjursdotter gifta seg i 1733 med Mons Johannesson (1699-1774) frå Vaksdalsgarden Sedalen. Mons (norsk form av Mogens) blei brukar her. I 1738 fekk han skøyte på bruket hos stefaren til Inga, Johannes Monsson Hesjedal.

Mons og Inga fekk fem barn i lag. Den yngste, Johannes (1744-1811), blei neste brukar. Han fekk skøyte i 1762, og gifta seg i 1766 med Kari Bessesdotter Skreiæ (1745-1818). Johannes og Kari fekk ni barn.

Vidare, ut frå Vaksdal

Det nest yngste barnet, Mons (1784-), gifta seg med Maren Cathrine Nilsdotter. Dei budde i Bergen då dei fekk sonen Johannes Monsson (1811). Mons var soldat i stridane ved svenskegrensa i 1814, og kom ikkje att, står det. Han står oppført i folketeljinga i Bergen frå 1815, i Korskirken sokn der i byen.

Sonen Johannes flytta seinare til Ålesund og fekk Joakim Johannesson Jamne Breivik (1832-1901) med kona si, Elen. Ho var frå Veblungsnes i Romsdal.

Joakim blei gift med Marte Jakobsdotter Øye (1833-1905) og slo seg ned på Joakimsplassen i Borgund 1860-åra, etter å ha rydda han sjølv.

Dottera Jensine blei mor til sju og mormor mi.

Anerekke til Jamne og Herfindal

Mor •~ Jensine Joakimsdotter Karlsen •~ Joakim Johannesen Jamne, g.m. Marte Jakobsdotter Øye •~ Johannes Monsen Jamne, g.m. Elen Anna Hansdotter Weblungsnes •~ Mons Johannesson Jamne, g.m. Maren Cathrine Nilsdatter •~ Johannes Monsson Jamne, g.m. Kari Bessedotter Skreien •~ Mons Johannesson Jamne, g.m. Inga Sjursdotter •~ Johannes Monson Sædal, g.m. Åsa Monsdotter Sædal •~ Mons Nilsson Herfindal, g.m. Anna Larsdotter Sædal •~ Nils Jonsson Herfindal, g.m. ukjent •~ Jon Pedersson Herfindal (født ca. 1594), g.m. Brita

Fleire data, med årstal, er her: [◦Søk]

Div.

Herfindal, gnr 15

Garden Herfindal ligg i Herfindalen rett aust for Vaksdal. Det gamle gardstunet låg 350 moh. På alle kantar er det høge fjell. Vegen til Herfangen gjekk gjennom dalen og vidare etter fjellvegar både mot Bergen, Samnanger, Hardanger, Voss og landet lenger aust.

Det er fleire store vatn i fjelltraktene. Dei har avlaup til elva som renn gjennom Herfindalen og ut i fjorden ved Vaksdal.

To segnbitar

Ei segn fortel at dei første som slo seg ned her - under ein heller - var to jenter frå Voss.

Etter Samnangerboka møttest ein småkonge frå Samnanger og ein småkonge frå Voss i fjellet for å gjere opp ei usemje. Det blei eit stort slag. Samningane blei nedhogne på eit vatn. Dalen og vatnet heittesidan Herfindalen eller Herfangdalen fordi det blei tatt så mykje herfang der, står det i Samnangerboka, band 1, s. 461-62).

Utviklinga etter Svartedauden fram til sjølveigarar med for små bruk og fråflyttingar

Det eldste skriftlege dokumentet omkring garden er frå Munkeliv kloster i Bergen i 1340. Dokumentet fortel: "Garden har lege øyde 10 år og er mykje overvaksen av skog. No har klosteret gjort avtale med ein mann, Eirik Einarsson, om å rydde garden på nytt og sette opp nye hus." På visse vilkår skulle Eirik bli eigar av halve garden.

Ti år etter herja Svartedauden landet og la mange gardar øyde. Gamle Mikjels-Olav Herfindal (f. 1862) fortalde at då Svartedauden kom, løyste dei tamdyra og lét dei gå til fjells. Dei folka som var friske, strauk óg til fjells. Dei måtte rømme frå dei sjuke for å berge livet. I dei sparsame, skriftlege kjeldene finn vi ikkje noko sikkert prov for at Herfindalen blei liggande øyde på 1400- og 1500-talet.

Den første kjende brukaren etter Eirik Einarsson heitte Jon. Han er nemnd i fleire kjelder i 1610. I 1630 var det to brukarar på garden, kvar med sin halvpart.

Brukarane fekk kjøpe bruka sine etter 1721. Etter kvart blei dei delte i fleire mindre bruk. Sist på 1800-talet var det sju gardsbruk i Herfindalen. Fem av brukarane budde i det gamle tunet midt i innmarka. Nedst i tunet stod det to løer. Stovehusa hadde tak av never og torv. Dei fleste løetaka var av store steinheller.

Skogmengda har veksla med tida. Ein gong vaks det stor og grov fureskog i dalen. Ei segn fortel at den store furuskogen blei vekk fordi folk sette eld på skogen for å røyke ut fredlause som hadde gøymt seg der. I seinare år har folk planta noko gran. Villfuruer tar også til å spire. Elles er det mest lauvskog.

Bruka i Herfindalen blei små etter kvart, og det var tiltrengt med attåtnæring. Det blei mellom anna handel: skreppehandel, fehandel og hestehandel. Likevel var det vanskeleg å brødfø alle som budde på garden. Folketeljingar og andre oppgifter syner at det jamt over budde 50-60 menneske i Herfindalen i tida 1850- 1910. Mange yngre folk drog til Amerika, og mange flytta til Vaksdal, Boge eller andre bygder i nærleiken. Der var det gardar til sals og arbeid å få i industrien. Arbeid utanfor garden gjekk over frå attåtyrke til hovudyrke.

I 1960-åra var gardsdrifta nedlagd på dei fleste bruka. Vaksdal Mølle eig no fleire av gardsbruka, mykje for vassrettars del.

Eigarar

Mikaelsklosteret, Munkeliv Kloster, i Bergen eigde garden i 1340. Etter reformasjonen, der statsmakta tok klostereigedommane, blei Herfindalen seld. Det var i siste halvdel av 1600-talet.

Brukarar - eine halvparten

Den første kjende brukaren - av halve garden - var Eirik Einarsson. Det var litt før Svartedauden. Korleis det gjekk med Eirik og etterkommarane hans er ikkje kjent. Men i 1427 eigde Munkelivsklosteret heile garden.

Den neste brukaren som er med i skriftlege kjelder (1611) heitte Jon. Han fekk mulkt på fire dalar fordi han hadde hatt buande hos seg ein mann som var ettersøkt for ulovleg jakt. (Sakefallregisteret 1610- 1611).

Brukarar - andre halvparten

På den andre halvparten av garden var Jon Pedersson og kona Brita brukarfolk i 1645. Jon var født rundt 1594. I 1666 var han føderådsmann, 72 år gammal.

Sonen Nils Jonsson, født i 1634, blei brukar etter faren. Nils var gift, men vi veit ikkje kva kona hans heitte. I 1657 fødde dei 1 hest, 6 kyr, 1 kvige, 6 geiter og 14 sauer.

Det første barnet av elleve var Mons Nilsson (1654-1737). Han blei brukar i Sedalen rundt 1770. Han blei gift med Anna, dotter til brukaren Lars Olsson der. Med Mons tar vi farvel med Herfindalen. Aneoversynet ovanfor fortel om fleire anar etter Mons og Anna.

Div.

Skreien, gnr 18

Namnet heng mykje truleg saman med rev og skredmark

Skreiæ ligg ved Sørfjorden to km. nord for Vaksdal. Det gamle tunet ligg på ein haug øvst på innmarka, 40 moh.

Dei som har gardsnamnet som etternamn no, brukar helst forma Skreien. Fleire eldre kjelder nemner garden med andre namn. Munkeliv kloster eigde Skreiæ. I jordeboka til klosteret [jordebok: liste, bok over eigedomar som høyrer til eit jordegods]er gardsnamnet skrive slik: Refskridha i Straumhuarue, Rafskridha og Refkrida.. Andre gamle former: Reffskre, Reffskredt, Reffschre, Reffschree, Refschre og Refskre. Målføreforma er skrei'æ, stundom også skreien.

Den første delen av gardsnamnet frå gammalt har falle vekk. Siste leddet, skrea, gammalnorsk skrida, har blitt ombytta med skrei.

Magnus Olsen meiner at Refskrida tyder ein jord- eller grusbakke, laga av snøskred eller jordskred, kjend som tilhaldsstad for rev. Enno er det mange revehi i dette stroket.

Skred, skredjord og husdyrhaldet

På garden er det mange forteljingar om skred der. Stundom fekk dei varsel i førevegen. Det er fortalt at ein gong Johannes Jamne skyssa born til Bruvik, såg han eit skred som løsna i fjellet ovanfor Skreiæ. Men i Skreiæ visste dei ikkje av nokon ting før åtte dagar etter. Då kom skredet." (Oppskrive 1959 etter Nils J. Skreien bnr. 2 1881- 1961.)

Jordsmonnet: God og somme stadar grunn skredjord.

Heradsskildringa frå 1863 fortel dette om beitet: "Havnegangen liggende oven Gaarden og stiger brat tilfjelds. Fuldt tilstrækkelig. NB!"

1959 blei dette skrive ned etter folket på garden: "Smalen (sauar og geiter) gjekk på bøen haust og vår. Frå juni til september beita dei i fjellet. Me slepte dei oppom garden. Sidan tok dei seg til fjells sjølve. Dei gjekk ofte heilt innover mot Bergsdalen. Det hende at me laut heilt til Bergsdalselva for å finna dei.

Kyrne gjekk først i heimehagen nordom innmarka. Då tok me dei heim om kvelden. Dei på Skreianeset hadde vårflor til sine kyr. Om sumaren gjekk kyrne på fjellet. Då gjekk me opp og mjølka kveld og morgon."

Grenser og kommunikasjonar

Skreiæ grensar til gardane Jamne og Fossmark. Frå tunet i Fossmark og tunet i Skreiæ er det fire km. Til tunet på Jamne er det to km. Mellom Jamne og Skreiæ var det ein gammal gangsti. Den brukte dei heile året. Men varetransporten gjekk med båt på fjorden. Båtstøa ligg i ei vik nedanfor tunet. Både Skreianeset og dei to hovudbruka hadde eigne naust.

Skreiæ kom med på planen for bygdevegar i 1909. Brukarane hadde mykje pliktarbeid på vegen.

Langsmed fjorden går Bergensbana gjennom gardsområdet i ein strekning på 3 km.

Brukarar

Det er ikkje fastslått når Skreiæ blei busett. Garden er eldre enn frå 1303. Det verkar rimeleg at garden blei rydda i det første 1000-året etter e.Kr., og kanskje låg øyde ei tid etter Svartedauden.

Den første kjende brukaren etter 1350 er med i ei skatteliste frå 1590. Skreiæ hadde berre éin brukar til 1774. Då delte Besse Tørresson garden likt mellom dei to sønene sine. Besse er med i ane-oversikta her.

Besse tyder elles bjørn, frå det norrøne namnet "Bessi", "bjørn" eller "bamse". og Tørris og Tørres kjem frå det norrøne namnet Torgils.

Ymse

1723 var det kvern i Skreiæ.

1874 blei det tinglyst eit dokument som gav eigarane på Fossmark løyve til å leia Fossmarkfossen inn på Fossmark sin grunn

I 1876 måtte dei avstå grunn til jernbaneanlegget Bergen - Voss. Fossmarkfossen blei ført nordover då jernbana blei bygd. Staten sette opp ein mur for å stenge for det gamle elvefaret.

Eit gråsteinsbrot var i drift ei tid på 1900-talet.

Dei tok steinen på jernbanevogner og førde han til Bergen. I bygningane åt Bergens Sparebank, Vestlandske Kunstindustrimuseum (Permanenten) og Bergen jernbanestasjon er det brukt stein frå Skreiæ.

Fiskeretten ved Ladberget og Skreiatunnelen leigde dei bort ei tid. Men fangsten var ikkje særleg stor.

Attåtarbeid utanfor garden tok til å bli vanleg for 100 år sidan. Fleire av brukarane har drive med steinarbeid og lossearbeid.

Etter 1945 har gardsdrifta gått over frå hovudnæring til attåtnæring, for det var vanskeleg å bruke moderne jordbruksreiskapar i Skreiæ, og jernbana, bygdevegen og det nye riksveganlegget har tatt mykje av innmarka. Dei fleste åkrane og bøane er borte. Vegskjeringar og fyllingar har komme i staden.

Fødnad

I 1865 fødde dei 22 storfe, 42 sauer, 40 geiter og 1 gris på garden.

Eigarar

Munkeliv kloster i Bergen eigde garden i mellomalderen.

Etter reformasjonen blei jordegodset til klosteret dradd inn under krona (les: staten). I 1660-åra var staten i økonomiske vanskar og selde mykje krongods på auksjonar, mellom anna det gamle Munkelivs-godset. Skreiæ var ein av dei gardane. Sonen til den første kjøparen heitte Herman Garman. Han gav skøyte til brukaren i Skreiæ, Lars Tørresson. Etter då har brukarane vore sjølveigarar.

Brukarar

Den første kjende brukaren heitte Håvard. Han levde i 1303.

Så gjer vi eit hopp til Besse Tørresson Vaksdal. Han blei brukar her rundt 1680. Han kom frå Fossmark. Der hadde han drive bruk nummer 5.

Besse (1624-1693) gifta seg med Barbro Olsdotter Skreien (daud 1693). Det fjerde barnet deira, Tørres (1691-1749) blei ny brukar her i si tid, etter at bror til faren fekk skøyte på garden det året Besse døydde (1693). Men i 1728 fekk Tørres Besseson så skøyte på Skreien. I 1713 var han gift med Marta Nilsdotter Kvamme (1691-1775) eller (1710-90) etter bygdeboka.

Blant barna til Tørres og Marta blei Besse (1715-78) ny brukar. Han fekk skøyte i 1755. Før det var han omgangsskolelærar etter at skolelova frå 1744 tok til å gjelde. Han var lærar i Bruvik og Stamnes og budde på Stokke, bruksnummer 3, frå 1744. Rundt 1750 flytta han heim att til Skreiæ og overtok farsgarden. Besse var den einaste brukaren på garden i si brukartid.

Dottera Kari (1745-1818) gifta seg i 1766 med Johannes Monsson Jamne (1744-1811), som fekk skøyte på Jamnes bruk 12 i 1752. Vidare: Anerekka nedanfrå og oppetter.

Anerekke - Jamne og Skreien til Fossmark

Mor •~ Mormor •~ Mormors far •~ Mormors farfar •~ Mons Johannesson Jamne, g.m. Maren Cathrine Nilsdatter •~ Johannes Monsson Jamne, g.m. Kari Bessedotter Skreien •~ Besse Tørresson Skreien, g.m. Marta Nilsdotter Helle•~ Tørres Besseson Skreien, g.m. Marta Nilsdotter Kvamme•~ Besse Tørresson Vaksdal, g.m. Barbro Olsdotter Skreien •~ Tørres Bessesson Vaksdal (født ca. 1584), g.m. Anna Fossmark

Meir fullstendige oversyn er her: [◦Søk]

Div.

Sedalen, gnr 16

Anerekke – Jamne og Sædalen

Tippoldefar Johannes Monsen Jamne •~ Mons Johannesson Jamne (1784-), g.m. Maren Cathrine Nilsdatter •~ Johannes Monsson Jamne, g.m. Kari Bessedotter Skreien •~ Mons Johannesson Jamne g.m. Inga Sjursdotter Jamne •~ Johannes Monson Sædal (1564-), g.m. Åsa Monsdotter Sædal •~ Anna Larsdotter Sædal (1638-), g.m. Mons Nilsson Herfindal •~ Lars Olsson Sædal (ca 1590-) , g.m. Magdalena

Fleire data, med årstal: [◦Søk]

Sedalen ligg to og ein halv km frå sjøen. Gardsnamnet blei skrive Setterdall, Seterdal og Sædahlen før i. Tydinga: Seter-dalen. Her har vore seter før det blei gard. Dei som har dette namnet til etternamn, nyttar heist skrivemåten Sæterdal.

Innmarka ligg i ein dalbotn rundt 100 moh. Sedalen grensar til Herfindalen, Jamne og Vaksdal. Grensene går alle stader i fjell og utmark. Ein høg fjellrygg stenger mot Herfindalen, som ligg to km mot søraust i luftlinje. Veglengda mellom dei to gardane er om lag sju km. Den næraste grannegarden er Vaksdal, 2 km lenger sør i dalføret som går ned til sjøen.

Segna fortel at Sedalen var seterområdet til Vaksdal i gammal tid og at søner av brukarar på Vaksdal rydda seg gardar i Sedalen. Så Sedalen er nok yngre enn Vaksdal og Jamne. Garden kan ha blitt rydda i vikingtida (800 - 1050 e.Kr.).

Vegen ned til fjorden var tung og vanskeleg. Det blei tidleg sett i gang arbeid for å få til køyreveg til gards. Vegen gjekk nedetter vestsida av elva.

Sedalen blei tidleg oppdelt i fleire bruk. Innmarka ligg på båe sider av dalen, med fleire bruer over elva. Det hende at folk gjekk på stylter over elva der det ikkje var bru.

Kring heile innmarka var det bøgard - steingard for det meste. Dei hadde utløer i lia. Rundt 1900 sette dei opp løypestreng frå slåttene heim til tunet.

Garden har to setrar, Nyvegen og Steinsedalen. Setra i Steinsedalen skal vere den eldste.

Her var skog nok til ved og hustømmer på dei fleste bruka i 1860-åra.

Dei brukte ein god del ris (kvist, beit) og lyng til krøterfôr.

Kvernane låg ved elva inst i dalen, i Kvernhusfossen. I eldre tid var det kvern i Fodnestølbekken.

Fødnad

1665: 4 hestar, 14 storfe.

1863: 3 hestar, 40 kyr, 6 ungfe, 102 sauer, 36 geiter. Desse tala er frå Herredsbeskrivelsen.

Folketeljinga 1865: 3 hestar, 51 storfe, 44 sauer, 87 geiter, 7 griser.

Sånad: havre og poteter.

1863 var åkervidda 28 1/4 mål. Engvidda var 373 mål. Høyavlinga var 3791 våger: I tillegg kom 448 våger halm. I slåttene hausta dei 660 våger høy. Beit og lyng svara til 20 våger høy.

Eigarar

- var Munkeliv kloster før reformasjonen. Derifrå var det kongens eige til 1660-åra. Då blei mykje krongods selt, og Sedalen kom på private hender.

Brukarar

Den første kjende brukaren heitte Olav, nemnd på slutten av 1500- talet.

I 1620 var Lars Olsson og kona Magdalena brukarfolk her. Skattematrikkelen 1648 syner Lars var brukar av halve garden. To andre brukarar delte resten.

Familien hadde sju barn. Det sjette, Anna, gifta seg med Mons Nilsson Herfindal (ca. 1650-1737). Mons blei brukar i Sedalen om lag 1770. Han var gift første gongen med Anna, og andre gongen med Brita Nilsdotter. Ein veit ikkje når.

Første barnet av tretten heitte Johannes (Monsson Sædal). (1671-1736). Han gifta seg med Åsa Monsdotter (daud 1737).

Det femte barnet av seks, Mons Johannesson, (1699- 1774), bygsla eitt av bruka på garden i 1733. Mons var gift med Inga Sjursdotter Jamne. I 1738 fekk dei skøyte på farsgarden hennar (Jamne, bruk nummer 12) og flytta dit.

Div.

Straume, gnr. 49

Gammal gard med steinalderheller

Ein kik på kartet kan vere tilrådd. Straume er ein vidstrekt gard.

Straume - garden ved Straumen - i Vaksdal kommune ligg ved Bolstadstraumen som skil Vikafjorden frå Bolstadfjorden innanfor. Gardsnamnet har blitt skrive Straum, Straume , Straumini, Strøum, Strøme og Strømme opp gjennom tidene. Bygdemålsuttalen er /strau'me/. Garden har mykje areal.

Straume er kjend for steinalderplassen Skipshelleren. Han ligg rett under ein bergvegg som heller utetter. Dei første folka som ein veit heldt til på Straume, budde her. Dei var fangstfolk, og heldt til under helleren berre til visse tider på året, ser det ut til. Skipshelleren er altså ein fangstplass frå steinalderen. Han ligg rett opp ifrå ei vik av Vikafjorden. Det er gjort oldtidsfunn både her og andre stadar på garden (sjå oppe på sida).

Garden er gammal; ein tenker seg til at det budde jorddyrkande bønder på han i jernalderen. Etter dei skriftlege kjeldene er det nokså visst at garden har hatt minst to bruk alt i mellomalderen.

Jordsmonn, teigar, støl

Jordsmonnet på Straume er dels sand, dels grusjord, dels leirjord og myr. Der er nokså mykje blanding.

Den gamle innmarka på garden ligg på austsida av sjølve Straumen på store terrassar av aur og sand som Straumen har bygt opp gjennom tidene. Oppe på kanten av hovudterrassen ligg det gamle tunet på vestsida av eit lite dalsøkk. I hellinga nord for tunet ligg åkrar, og det gjer det også sør for tunet. Innmarka strekker seg ned til Straumen. Her er det naust for dei gamle hovudbruka.

Bak moreneterrassen der tunet ligg, reiser det seg bratte berghamrar. Innmarka strekker seg vidare nedover langs Straumen i ei smal stripe. Stripa kalla dei "Kufetæ". Bak Kufetæ er det bratte berghamrar oppover.

Bolstadstraumen gjer ein sving rundt eit stykke av innmarka på vestsida av Straumen - og innmarka strekker seg vestover til foten av Furehaug som reiser seg bratt opp. På på austsida av fjorden er det utmark bak Husafjellet, Langeraksla, Sotingarusta og Kleivane. Over Kleivane går der ein veg til ein del utmarkslåtter. Ein av slåtteteigane skal vere ein nedlagd gard. Der har Straume hatt både beite og slåttar. Herifrå strekker det seg ein lang dal til fjells mot aust-søraust og seinare nordaust. Denne stølsdalen kallar dei Straumsdalen. På nordsida av Straumsdalen ligg eit fjell der dei også har beite – og på vestsida av Bolstadfjorden, der ei elv renn ut i sjøen nord for Trettenes, ligg Botnastølen.

Grenser, vegar, ferdsel og møteplass

Straume grensar mot fleire gardar, og har heradsgrense mot Voss. Somme grenser er litt uavklara.

Sambandsvegane til andre gardar var før berre gangvegar. For å komme over til den delen av garden som låg vest for Bolstadsstraumen, brukte dei båt fram til 1963. Då kom bru over. Det er også komme veg frå Dale fram til brua. Straumen på staden kan vere strid og farleg.

Ferdsel til og frå Straume har elles i stor monn gått på sjøen.

Gardstunet var ein fast møteplass der dei samlast når dei hadde ei ledig stund til å prate. Dei sa dei skulle "gå ut i tunet". Der var ein spilagard kring ein hage med rips og andre bær, og her stod dei og stødde seg til garden. Der var ikkje steinar eller anna å sitje på.

Gløtt frå drifta

Tenestetauser og drengar fekk dyrke poteter til seg sjølve på sine eigne små åkrar.

Innmarka på Straume var nokså sterkt teigdelt. I utmarka var alt beite felles for dei.

På vårparten blei kyrne sleppte på beite i utmarka og tatt frå den eine staden til den andre fram til hausten kom, og dei blei tatt heim att.

Sauar og geiter beita heime på bøen vår og haust. I eldre tider mjølka dei sauane om våren.

Hestebeitet var oppe på eit fjell, og felles for alle bruka. Hestane blei elles nytta om våren til å pløye åkrane med. Om sommaren køyrde bøndene litt høy med dei, og om hausten køyrde dei korn. Om hausten køyrde dei også noko ved heim med dei. Om vinteren køyrde dei heim vedlass for heile året langs ein tung veg, dag etter dag.

Dei fire hovudbruka har fiska laks med nøter så dei har kunna dele fangsten mellom seg. Hovudbruk har også etter kvart samordna fisket sitt etter aure med garn slik at dei ikkje lenger får for lite att for arbeidet.

Ein del av slåtten gjekk for seg i utmarka. Det den delen av slåtten som kravde mest tid, men gav mindre høy enn slått frå innmarka, som rimeleg er.

Dei har hatt mange kverner, og dreiv eige sagbruk i ei tid. Dei har grave ut sand og seld. Sanddrift har vore ei viktig attåt-næring.

Eigarar

Det eldste dokument der garden Straume er nemnd, er datert 1374 i Bergen. På 1600-talet var halve garden krongods - venteleg ifrå overtakinga av Apostelkyrkja i Bergen sitt gods - og den andre halvdelen bondegods.

I 1648 var ingen av brukarane sjølveigarar, etter det ein kan sjå. Ein del av garden bondegods, men eigarane var bønder som budde andre stadar.

Mellom 1662-1690 blei mykje krongods selt for å få pengar i statskassa, og i 1689 var garden delt på fleire hender. Jakob Straume eigde og brukte ein åttandepart då - garden tok til å gå over til brukarane. Alt i år 1700 ser det ut til at dei var blitt eigarar av mest heile garden, og i 1718 var det brukarane eller den næraste ætta deira som eigde heile garden, Slik har det vore sidan.

Frå brukarsida

På 1500-talet og først på 1600-talet var det berre éin brukar. I 1590 og 1603 heitte brukaren Knut, og i 1611 og 1620 heitte brukaren Jon. I 1626 er det ei enke som hadde bruket.

I 1630 heitte brukaren Knut Jonsson.

I 1638 var det to brukarar, og begge heitte dei Knut Jonsson - gamle-Knut og unge-Knut eller vesle-Knut - den eine tre år eldre enn den andre. Knut som var brukar sist på 1500-talet og først på 1600-talet, kan ha vore farfar deira.

Kvar av Knut-ane i 1638 fødde 1 hest, 1 okse, 10 kyr, 4 kviger, 12 geiter og 10 (12) sauer.

Anerekke under skisserer slekta etter Gamle-Knut.

Anerekke – Straume

Tipp-tipp-tippoldefar Johannes Monsson Jamne •~ Inga Sjursdotter Jamne (1706-), g.m. Mons Johannesson Jamne (1699-) •~ Sjur Jakobsson Straume, g.m. Dortea Olsdotter Jamne •~ Jakob Knutsson Straume, g.m. Ågota Johannesdotter •~ Knut Jonson Straume (1602-), g.m. Marita ell. Marta •~

Fleire data, med årstal: [◦Søk]

Div.

Fossmark, gard nummer 19

Garden ligg i ei bratt vestvend li på austsida av Sørfjorden, om lag tre km frå Skreien, som er næraste grannegard i sør. Til næraste grannegard i nord, Stanghelle, er det litt lenger.

Gardsnamnet er sett saman av foss og mark. Den eldste tydinga av det siste ordet er skogsmark som lagar grenseskilje mellom to landskap. Det høver godt på denne strandstrekninga. Fossen som første namnelekken er knytt til, var ein stor foss i elva frå Fossdalsvatnet til Sørfjorden.

Fossmark grensar mot Stanghelle, Jamne og Skreien. Grensa går overalt i utmark.

Det eldste skriftlege vitnemålet for garden er frå 1535, i jordeboka til Vincents Lunge i Bergen. Då er gardsnamnet skrive Ffossmarwigh. Det er truleg ei av vikene langs stranda på innmarka det her er tenkt på.

Innmarka er brattlend og jordsmonnet svært skiftande. Mange stadar kjem grunnfjellet fram i dagen. Det gamle tunet låg om lag midt i innmarka, 20 moh. Det eldste huset som står på garden no er løa på bnr. 5. Det er ei stavbygning.

På slutten av 1860 var her 48 mål naturleg eng og 11 1/2 mål åker. 7 mål var god åker, 3 mål var middels god, 1 1/2 mål var ring åker. Av enga var 18 mål god, 16 mål middels god, 14 mål ring. Kvart bruk hadde like mykje av dei ulike slag åker og eng, og dei hadde 3 innmarksteigar kvar. Kvar teig tok til ved bøgjerdet i aust og gjekk ned til sjøen i vest.

Om beitet heitte det 1863: "Ved Gaarden af god Beskaffenhed og fuldt tilstrækkelig."

Skogen har vore ulikt verdsett til ulike tider.

Fossmarksetra ligg på fjellbruna ovanfor garden, om lag 620 moh. Like ved setra er det ei lita tjørn. Litt lenger aust ligg Kraksåvatnet. Setervegen er bratt og tung med seks faste kvilestadar. Vegen til slåttene var også tung, meinte matrikuleringskommisjonen av 1863. På den tid hausta dei 400 våger høy i i slåttene. Beit, skav og lyng brukte dei så mykje av at det svarte til å fø to kyr i året med det.

Landjordstrafikk fekk gardane verkeleg svi for

Ekspropriasjonen av grunn til Vossebanen 1876 delte gardsområdet på langs og øydela ein stor del av innmarka mellom tunet og fjorden. Før hadde all ferdsle gått på fjorden. No kom ein stoppestad for lokaltog nedanfor tunet.

Køyreveg til gards kom det først i 1965, då riksvegen Vaksdal-Stanghelle var ferdig hit. Veglinja over innmarka går mellom bøgarden og gardshusa. Også her er det store skjeringar og fyllingar. I tillegg til det arealet som gjekk med til veganlegget, har NSB også auka sitt areal i samband med ombygginga av Vossebana.

"Å bli fråtatt mest all jorda og få jernbane og biltrafikk innover seg der det var bøar og enger, det er ei heller hol lykke etter kvart, det", sa mannen innbitt.

Bjørnejakt og anna veiding

Veiding (jakt) blir det fortalt om både i den munnlege tradisjonen og i gamle dokument. 1752 møtte brukaren på Monsajorda, Olav Olsson, på tinget på Nedste Mjelde i Haus og synte fram skinnet av ein bjørn. Det var Johannes Monsson, tenestguten hans, som hadde skote bjørnen. Elles blei bjørnen ofte drepen ved sjølvskot.

Dei gjekk også manngard etter bjørnen. Om dette fortalde Mons O. Fossmark:

Ved manngard var det visse grender som arbeidde i lag. Eldre, røynde skyttarar blei sette på stadar der dei trudde bjørnen tok leia når han blei utråka. Yngre folk og mindre dugande skyttarar blei sette til "skrellarar", dei skaut med laust krutt og skreik og huja.

Ein gong gjorde dei bjørneråk. Dei tok til uti Fossdalen. Der er ein stor heller med smal og trong inngang, men vid som ei stove inni. Der såg dei alltid etter om bjørnen haldt til.

Han Johannes Nilsson Stanghelle stakk hovudet inn i bjørnebølet og ropa: "Eg tenkje' d'æ best du he' deg ut no".

Bjørnen kom byksande ut. Joans slengde seg til sides, og bjørnen for i tanande laup utan å sjå etter skrellaren, medan han Joans blei liggande att vettskremd ei stund.

Bjørnen tok innetter Fossdalen. Der inne sat skyttarane Joans O. Fossmark, Sjur Sædalen, Bakka-Hansen og fleire. Joans var den første som såg bjørnen, og bjørnen stevja beint på han. Men han Sjur Sædalen, Gofar-Sjur, klarte ikkje å vente. Endå han var eit par skotføre frå bjørnen, sette han i å skyte. Bjørnen bråstogga med same, og han Joans var så nær at han såg kor ragget lufsa på bjørnen. Men bjørnen av frå leida så brennsnøgt at Joans ikkje fekk tid skyte.

Bjørnen sette til fjells. Men på denne leia sat Bakka-Hansen. Han skaut, men han hadde rive fengdotten og fengkrutet av fengpanna, og skotet gjekk ikkje av. Han gav seg ikkje, men sette etter bjørnen og kappsprang med han opp ei bratt brekke, og alt mens han sprang, spente han hanen på børsa og ville skyte, for i farten hugsa han ikkje at fengkruttet var borte.

Så fekk bjørnen unnabakke og kom seg frå dei innover mot Dalesetra. Der også var folk med i bjørneråket. Bjørnen kom seg likevel unna.

Ein bjørn skoten

Ein annan gong hadde dei også råka ein bjørn frå bjørnehiet under Bjørnafjellet og Bjørnahellarane. Bjørnen tok ut, men dei fekk ikkje skot på han der. Han kom seg inn til Dale-fjella. Der kom han framom Sjur i Sædalen og Brygt i Skreiene. Han Go'far-Sjur Sædalen hadde ladd børsa si med tre kuler. Så snart bjørnen kom på høveleg skothald, sa han Brygt: "Du, Sjur, får, skyte først."

Sjur skaut, men då det small, blei han kasta attende bort i ei hole med noko av børsestaken att i nevane. Resten av børsa visste han ikkje kvar det blei av.

"Du skaut som ein skit", sa Brygt til han. Så skaut Brygt, og skotet råka bjørnen i ryggen så han gjekk av. Bjørnen rulla ut over fjellet. Dei fann han att der og køyrde han heim til Dale.

Huda gav dei til Brøk-kyrkja. Der blei ho liggande lenge. (Etter oppskrift av Johannes Leiro.)

Hjort, mår, fuglefangst, revehus og oterfangst

I eldre tid skaut dei jamt hjort om hausten. Hjorten kunne komme heilt ned i fjøra, og dei såg han rett som det var. I dei siste åra har hjorten tatt til å syne seg att. Hausten 1970 skaut brukaren på Monsajorda to hjortar.

Det blir også fortalt om mårkattfangst med feller og fuglefangst med snarer. Det var trast og rype som helst blei tatt i snarer. Orrfuglen skaut dei oftast på spelplassane om våren eller når han beita i tretoppane om vinteren. Mange karar utan fast arbeid hadde sin beste leveveg av veiding om vintrane. Fuglen avhenda dei i Bergen. Ein haust selde kona på bruk 1 så mykje trast at ho kom heim att med dalarsetlar nok til å løyse inn jorda, blir det fortalt. Denne segna lar seg langt på veg stadfeste av dei skriftlege kjeldene.

Revehus er mura feller som kan stengast med ei steinhelle i den eine enden. Hella verkar som ein fall-lem og er festa til ei stong som rekk heilt til inste enden i revehuset. Der feste dei agnet, som kunne vera innmat frå slakt. Revehus finst fleire stadar i utmarka. Fleire av dei var i bruk etter første verdskrigen, og somme av dei er enno i fullt brukande stand. Men dei gamle fangstreiskapane har i seinare tid vorte avløyste av revesakser og skytevåpen.

Sakser blei også brukte til å fanga oter. Ein god fangstplass for oter var Eiteråneset. Denne fangstplassen blei borte i 1917 då kraftstasjonen blei bygt.

Fiske

Her har vore drive ein god del fiske både i fjorden og i Fossdalsvatnet, men det har helst vore til husbruk. I Fossdalsvatnet var det fin aure før vatnet blei oppdemt. I seinare år har det vore sett ut yngel i vatnet.

Fisket i fjorden har helst vore garnfiske, men her har også vore drive brislingfiske med kastenot. Garnfiske etter laks blir no drive kvart år. Lakseplassar har også vore bortleigde.

I fjorden har dei og drive ein del ålefiske med teiner.

Kverner før veg

Fleire bekkar og elver renn gjennom gardsområdet. I Kvernhusbekken like nord for tunet var kvernstøet. Første gongen kvernene er nemnt, er i 1723. Riksvegen går no over det gamle kvernstøet.

Folketal og fødnad

Folketal: 1865: 28 menneske. 1967: 19 menneske.

I 1863 var der 16 mål middels god bø og ein slått som gav 24 vågar høy. Garden var middels lettbrukt, men med tung veg til slåttene.

Døme på fødnad: 1657 - 1 hest, 13 kyr, 4 kviger, 27 geiter, 40 sauar.

I 1665 1 hest, 16 storfe. I 1723 1 hest, 12 kyr, 4 ungfe, 32 småfe.

I 1863: 21 storfe, 10 ungfe, 65 småfe. 1865 35 storfe, 31 sauar, 14 geiter.

Nokre eigarar

Vincents Lunge kom til Noreg 1523, blei gift med Margreta, eldste dotter til fru Inger til Austråt, og fekk med det store jordeigedommar og ei sterk stode i den norske adelen. Han blei statthaldar på Bergenhus og rådde over store delar av Vest-Noreg nokre år. Men i 1536 blei han drepen i Nidaros etter ordre frå den katolske erkebispen Olav Engelbrektsson. Det var nok ikkje syndsforlating som først og fremst skulle gjere susen i tilfellet Vincents Lunge, kom altså erkebispen til.

Fossmark er nemnt i Vincents Lunges jordebok (oversyn over eigedommar) i 1535. Og i 1598 er garden nemnd i ei liste over innkommene til soknepresten i Haus [Det gamle Haus prestegjeld omfatta landskapet på begge sider av Sørfjorden og Veafjorden i Nordhordland.]. I 1626 blei både Lungegården og prestebolet oppgitte som eigarar, og seinare på 1600-talet blei det opplyst at dei eigde ein halvpart kvar.

1637 fekk Børge Juel skøyte på parten til Lungegården. Eigedommen gjekk seinare over til fru Margreta Juel. I 1689 skreiv Margreta Juel og Villiam Slot ut skøyte til brukaren Jens Nilsson, som no blei sjølveigar.

I 1821 vedtok Stortinget at gardar som hadde vore ein del av innkomma til geistlege embetsmenn, skulle seljast. Pengane ved sal av slike eigedommar skulle gå til Opplysningsvesenets Fond. Slik fekk leiglendingane høve til å kjøpa gardane sine om dei makta å reise kjøpesummen. I 1838 blei Fossmark bnr. 1 innløyst av brukaren Lars Johannesson. Kona hans, Madli Nilsdotter, ordna med dette: Dei hadde fanga uvanleg mykje trast i Fossmark ein haust, og Madli drog til Bergen med fuglefangsten. Ho kom heim att med ei tine nesten full av papirdalarar. Pengane brukte dei til å løyse inn landskylda på bruket.

Garden blei delt i 2 jamstore bruk ved midten av 1600-talet, men eigedomsretten hadde blitt todelt før dette.

Bruk 5, Fossmark

Det gamle bruksnamnet var Olane. Seinere er bruket kalla Monsane, og etter utskiftinga ofte kalla "dar heima".

I 1657 fødde bruket 6 kyr, 2 kviger, 9 geiter, 16 sauar. I den tida var Besse Tørresson Vaksdal brukar her. Han var lagrettemann i Ama skipreide i 1664 og fleire gongar seinare [Lagrettemenn: norske bønder som blei utpeikte til å vere meddommarar på tinga, stadfeste dokument, fordele skattar med meir. Det var gjerne meir framståande bønder i bygdene som hadde desse verva.]

Besse eigde ein part i garden Østhus i Hosanger. I odelsskattelista frå 1676 hadde denne parten ei landskyld på 1 pund smør og 16 kanner malt. Besse (1624-1693) og kona Barbro Olsdotter (-1693) flytta til Skreiæ kring 1680 og blei brukarfolk der.

Barn:

1. Marta, gift med neste brukar.

2. Ingebjørg, gift med Johannes N. Fossmark på bruk nummer 1.

3. Anna, gift med Tomas Nilsson Langeland frå Samnanger, brukar i Sedalen.

4. Tørres (1691-), brukar i Skreiæ.

Div.

Vaksdal, gnr. 14

Bygda

Bygda Vaksdal ligg ved Sørfjorden eit par mil i luftlinje aust-nordaust for Bergen, og omfattar i dag gardane Vaksdal og Jamne. Vaksdalselva renn gjennom tettstaden, og elva er grensa mellom gardane.

I 1870 bygde Gerdt Meyer Vaksdal Mølle, mange busette seg på Vaksdal, og ein tettstad voks fram. I 1883 kom Vossabanen gjennom bygda. E-16 går også gjennom. Vaksdal hadde rundt 1350 innbyggarar i 2007.

Garden, grannegardar, namnet, alderstilhøve

Garden Vaksdal ligg på Vaksdalsneset. På ein stor grusterrasse som ligg 50 moh. ligg det gamle gardstunet. Dei næraste grannegardane er Indre-Boge, Jamne og Sedalen. Indre-Boge ligg ein og ein halv km lenger sør ved fjorden. Sedalen ligg i eit dalføre to km nordanfor Vaksdal. Jamne er næraste grannegard. Gardane ligg på grusterrassar på kvar si side av elva.

Gardsnamnet har blitt skrive Vaxdall, Vaxdalir, Vaxdaler, Vangsdal, Wogsdall, Waxdall og Vaksdal. Kva namnet tyder er ikkje klinkande klart; det er "Våg og dal" eller "Veksa (elvenamn) + dal" - står det i bygdeboka. Elva og fossefallet har gitt vasskraft til Vaksdal MøIle frå ca. 1871.

Nyare granskingar syner at det var ein landnåmsperiode i jordbruksbygdene i Hordaland 2400-1800 f. Kr. Både Vaksdal og Jamne kan vere mellom dei gardane som blei busette i denne perioden.

Det eldste skriftlege vitnemålet om garden er frå 1372. Arne Vaksdal gjekk der god for at Halstein Bårdsson skulle vere skadelaus ved eit anna gardkjøp. Seinare er Vaksdal komme med i jordeboka til Munkeliv kloster.

Samband utom ferdsel på vågen

Frå Vaksdalstunet gjekk vegen nordover, gjennom Sedalen, over fjellet til Herfindalen og vidare til Herfangen og derifrå inn på fjellvegen mellom Bergen og Voss.

Dei måtte over elva for å komme til Jamne, og hadde ein snarveg over elva ved Bykset og Vadet. Jernbanebru blei bygd i slutten av 1870-åra, med gangbru ved sida av jarnbanebrua.

Gjennom Vaksdalsneset la dei jernbana i ei djup skjering som øydela Dalen og Sjovegen.

Oppstykkingar, organiseringar, reint vatn

Garden blei delt opp i fleire bruk med hundreåra, til 1700-talet.

Fleire av dei bruka som hadde høyrt ihop før 1850 hadde hus i lag. Løer hang i hop. Stovehus var bygde tett inntil kvarandre .

Fjøsa var mura og låg inn i bakken under løene. Her var fire smier femti-seksti meter frå tunet, på kvar sine kantar.

Vatn henta dei i fleire brønnar og i bekken som rann gjennom tunet. I Rosshagen søraust for tunet var det ei kjelde, og nede ved Vaksdalselva var det ein brønn. Dei bar vatn frå elva også.

Nausta ved Vågen hadde bordkledning og helletak. Somme bruk hadde naust aleine. Andre delte naust. Vaksdalsfolket måtte ha seksæringar [båt med tre par årer] og åttringar for å få plass til båtafylgjet frå dei to gardane innanfor - Sedalen og Herfindalen.

Åker og eng, innmark og utmark, skogplanting

Den gamle innmarka låg på terrasseflata og i dei vide bakkane ned mot Vågen sørvest for tunet. Bøgarden gjekk under fjellet tett ovanfor tunet. Frå tunet til bøgarden gjekk ein veg med steingjerde på begge sider. Utanfor bøgarden låg ein del av heimehagen. Bøgarden blei flytta innover i dalen mot Brualeitet ein gong på 1800-talet. Engomfanget i 1863 var om lag 190 dekar, og storåkrane låg sør for tunet, i bakkane ned mot fjorden.

Mykje av høyet henta dei i heimeutmarka. Det er mange forteljingar om kor hardt dei arbeidde i utslåttane. Somme bruk hadde utløer, andre ikkje. Utløene var som regel murte, med taksperrer lagt oppå murane.

I dei slåttene der det ikkje var utløer, kunne dei sette høyet i stakkar som dei henta om vinteren. Sist på 1800-talet sette dei opp løypestreng.

Skogen er lite omtala i dei gamle kjeldene. I Heradsskildringa frå 1863 står det at Vaksdal har skog nok til ved og hustømmer. Sist på 1800-talet tok dei til med skogplanting. Planteskogen gjorde det enda meir triveleg.

Frå gardshaldet

Dei hadde setrar og stølar fleire stadar, og andre beitestrekningar attåt. Seterhusa var små og enkle. 1906 var det ikkje senger i eit einaste seterhus.

I lia ovanfor garden var det ei rad med geitehus. Det blei slutt med geitehaldet i 1870-åra.

Til kalvane hadde dei særlege inngjerdingar. Kalvatredet, og somme bruk kunne ha dei felles.

Før dei slepte sauene i fjellet for å beite om våren, klipte dei vårulla. Dei hadde sauane på beite fleire stadar, og heldt sauehaldet for å vere svært viktig for kornåkrane, på indirekte vis. Ein får gjette kva det skal tyde, eller sjå etter i bygdeboka. Der står det.

Brukarane på Vaksdal gjorde mangt i fellesskap, som når husa skulle ha nye tak. Dei arbeidde i lag når gjerde skulle flyttast eller reparerast. Sauesankinga om hausten var eit felles arbeid. På 1800-talet var her mykje nydyrking i utmarka innover i dalen, med samarbeid om dyrking og teigdeling.

Dei eldste opplysningane om laksefiske frå rundt 1650 viser at garden hadde ein liten laksevåg. Dei fiska med sitjenot ved Laksaneset nede ved Vågen. Det hende dei fekk mykje fangst: sist på 1800-talet fekk dei ein dag seksti laksar, smålaksar (tartar) og aurar.

Etter hundreårskiftet minka det med laks, og talet på fiskedagar blei sett ned til fire i veka, og det enda med at ingen ville sitje og fiske med not ved Laksaneset.

Vassrettar, kvernhus fram til Vaksdal Mølle, som i dag er statleg

Dei hadde fire kvernhus og ei vadmålstampe, og dreiv noko leigemaling. Kverna på Vaksdal hadde vatn heile året. Folk som var i beit, kunne ro dit og få kornet sitt male.

Vassrettane blei særleg viktige i 1860-åra. Bergenskjøpmannen Gerdt Meyer sende ein kar innetter fjorden for å finne ein høveleg stad til eit møllebruk. Vaksdal hadde vasskraft nok, men knapt om byggegrunn. Meyer skaffa seg bruksretten til elva og eit samanhangande område frå Vaksdalsneset til Sandviksneset. Vassrettane lenger oppe i elva kjøpte Meyer 1866 hjå brukarane i Herfindalen.

Det første store møllebruket blei reist på ei smal berghylle som dei gjorde breiare ved å skyte masse ut av fjellet. Massen fylte dei ut i elveosen. Elva fekk nytt utlaup. Vaksdal Mølle var Skandinavias største møllebruk tidleg på 1900-talet. Frå 1916 blei mølla først leigd og i 1919 kjøpt av staten. Seinare har vidare samanslåingar for mølla komme attåt: Vaksdal Mølle og korn- og mjølhandlerfirmaet I. C. Piene & Søn i Trondheim blei i 1991 samanslutta til Stormøllen, seinare del av Noregsmøllene.

Ein gard med mange bruk blei forandra etter kvart til ein tettstad med litt jordbruksdrift, men der det meste av arealet blir brukt til hustomter, forretningar, skolar, jernbane, vegar, kyrkje, gravplass, idrettplass og andre verksemder. Den gamle grensa mellom Vaksdal og Jamne er utviska. Heile tettstaden blir kalla Vaksdal, både sør for elva, og nord for elva, som er Jamne-sida.

Fødnad, avling, folketal

Landskyld i 1463 står i Munkeliv Klosters jordebok Skylda var ei tønne laks og 4 laupar smør av Vaksdal og ein annan gard til saman.

Fødnad i 1657: 1 hest, 1 okse, 27 kyr, 4 kviger, 29 geiter, 34 sauer. Fødnad i 1875: 3 hestar, 1 okse, 50 kyr, 12 ungfe, 101 småfe, 6 grisar.

Sånad i 1718: Sånad 11 1/2 tønner havre, og avling 41 1/2 t. Sånad i 1863: 21 3/4 t. havre, 33 t. poteter, og avling 78 1/2 t. havre, 125 t. poteter, 3823 v. høy, 553 v. halm, 1312 v. høy i slåtteteigane.

Åkervidda var i 1863 vel 43 må, og engvidda var om lag 190 mål. Innkommet av laksefiske var 4 1/2 spesiedaler netto årleg.

Folketal 1801: 34. 1865: 73. 1875: 138.

Eigarar

Munkeliv Kloster i Bergen eigde garden i mellomalderen. Herman Garman (1612-1674) som budde på Nedste Mjelde i Haus kjøpte Vaksdal og mange andre gardar ved det store salet av krongods i 1660-åra. Yngste sonen hans, som også heitte Herman Garman (1648-1733), eigde Vaksdal, Jamne, og fleire andre gardar. Han og kona var barnlause. Grannen deira, lensmann Johannes Øvste Mjelde, fekk i 1717 skøyte på Vaksdal. Han let etter seg ei stor samling jordegods då han døydde 1732. Mange av dei gardane låg i noverande Vaksdal kommune. Ved skiftet etter han blei Vaksdal delt mellom son og dotter, og så skifta garden eigarar fleire gongar etter kvart.

Eigarskiftet etter Johannes Johannesson Øvste Mjelde som døydde i 1732, førde med seg at dei fleste brukarane var sjølveigarar rundt 1830. Men etter 1830 skjedde det fleire eigarskifte utan at den nye eigaren ser ut til å ha blitt brukar på garden.

Frå brukarsida

Tørres Bessesson (ca. 1584 - ca. 1670) er oppført som brukar på Vaksdal-garden i 1638 og 1645. I 1657 fødde han 1 okse, 6 kyr, 2 kviger, 12 geiter og 18 sauer. Tørres var fleire gonger lagrettemann i Arna skipreide. Han var også legdemann [den som i ein gardkrins hadde ansvar for utstyr og våpen til soldatteneste] og skulle kassere inn dei ytingane som soldatane skulle ha frå brukarane i legda.

Tørres og kona Anna fekk sonen Besse og to barn til. Besse (1624-93) blei brukar i Skreiæ og Fossmark - på Fossmark frå 1657. Han var lagrettemann i Ama skipreide 1664 og fleire gongar seinare. Besse eigde ein part i garden Øvsthus i Hosanger. I odelsskattelista 1676 hadde denne parten ei landskyld på 1 pund smør 16 kanner malt. Han og kona Barbro Olsdotter (- 1693) flytta til Skreiæ rundt 1680 og blei brukarfolk der.

Anerekke til Fossmark

Mormors far •~ Mormors farfar •~ Mons Johannesson Jamne, g.m. Maren Cathrine Nilsdatter •~ Johannes Monsson Jamne, g.m. Kari Bessedotter Skreien •~ Besse Tørresson Skreien, g.m. Marta Nilsdotter Helle•~ Tørres Besseson Skreien, g.m. Marta Nilsdotter Kvamme•~ Besse Tørresson Vaksdal, g.m. Barbro Olsdotter Skreien •~ Tørres Bessesson Vaksdal (født ca. 1584), g.m. Anna Fossmark

Meir fullstendige oversyn er her: [◦Søk]

Innhald


Vaksdal lokalhistorie med gardshistorier for Fossmark, Herfindal, Jamne,  Sedalen, Skreien og Straume, litteratur  

Ovanfor er mange utdrag og resyme frå:

Veka, Rolf Erik. Bygdebøker for Vaksdal. Dalekvam: Vaksdal Historielag. Nettutgåve frå 6 oktober 2011.
www.vaksdalhistorielag.org/wiki/index.php?title=Vaksdal_Historielag

Vaksdal lokalhistorie med gardshistorier for Fossmark, Herfindal, Jamne,  Sedalen, Skreien og Straume, opp Seksjon Sett Neste

Vaksdal lokalhistorie med gardshistorier for gardane Fossmark, Herfindal, Jamne,  Sedalen, Skreien og Straume BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]