NORSK DEL, GULLVEKTA

Vega lokalhistorie - utdrag

 15 › 3 › 12 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR GARDHISTORIE-SAMLINGA  OR NORR&Oslahs;RRØNT

Vega

Vega er ein øykommune på Helgeland, som er den sørlegaste delen av Nordland fylke. Dei 6 500 øyene, holmane og skjera i Vega står på Unesco si verdsarvliste med sine kvite strender og klare vatn frå sommaren 2004. Då avgjorde verdsarvkomitéen at øysamfunnet skal med på verdsarvlista, dels på grunn av den rike kulturen på øyene, dels på grunn av naturen. No er øyene i selskap med pyramidane i Egypt og Den kinesiske mur, Urnes stavkyrkje, Bryggen i Bergen og meir. [1]

Dei eldste busettingane på Vega er datert til steinalderen, 10 000 år attende - den aller tidlegaste påviste busettinga i Nord-Noreg.

Anar frå Vega

I slekta finn ein Amund Torgilsson (Tørrisson) frå 500 år tilbake. "Vi veit nesten ikkje anna om han enn namnet: ikkje kor han budde, ikkje kva han gjorde, ikkje kven han var gift med. Men etterslekta hans er godt kjent," fortel Bjørn Jonson Dale. Av kong Hans (regjeringstid 1483-1513) fekk Amund skjold og hjelm, dvs adelsfridom, "for sin manddoms skyld". Våpenskjoldet er kjent: Det er vertikaldelt, med ei halv lilje i eine feltet og ei halv ørn i det andre. Vi veit ikkje nøyaktig kva som gjorde at han blei adla, men han kriga vel under kongen.

IMAGE
Våpenskjoldet

Amund Thorisen som fich frihed aff Kong Hans for sin mandoms skyld, aatte Ringenæs [Ringnes, Stange] paa Hedmarchen, Wanneskalen paa Felden og meget meere gods. Vingen symboliserte som regel en berømthet eller vern. Hjelmen (rustningen) står for ridderlighet. Den flakte [på-langs-delte], halve ørna symboliserer en person med anseelse, en som er aktiv i viktige affærer, opphøyet, kløktig og med rask fatteevne. Klok og skjønnsom i saker der tvilen råder. (Den franske lilja er egentlig ei stilisert sverdlilje, en iris, som symboliserer reinleik og uskyld).

[Frå våpenteksten i Iver Nielssøn Hirtzholms våpenbok som no ligg i Nasjonalbiblioteket, avd. Oslo, Handskriftsamlinga, Ms 4o nr. 597.]

Det er noko å leve opp til, i slekt med ordet "Adelskap forpliktar (til eitt eller anna)". Det får så vere. Ingen seier visst at halv ørn er daud ørn eller halv vørdnad eller halvkløkt. Heller ikkje at halv lilje berre er halv-rein og halvt uskyldig. Det er no så, det . . .

Amund Tørrison hadde to søner, Peder Amundson på Andenes og Torgils (Tørris) Amundson frå Igerøya i Vega. Torgils var gift med Angerd Torsteinsdatter på Torge, også kalla Torget og Torgar. Torgils og Angerd var av lågadel, som ein godt kan forstå som norsk adel i den tida.

Magdalena og barna hennar med Jon frå Orknøyene

Torgils og Angerd i Vega fekk Magdalena som ei av døtrene sine. Magdalena - med fullt namn: Magdalena Tørresdotter Kamp - gifta seg med orknøy-nordmannen Jon Randall, borgarmeister i Bergen, og truleg orknøyadeleg. Dei fekk mellom anna to søner med han.

Magdalena var født kring 1515. Ho var først gift med Litle-Jon (Tomasson) fra Orknøyene (av ei ætt Randall), kjøpmann i Bergen og den eine av byen sine to første borgarmeistrar. Då Litle-Jon døydde, dreiv Magdalena handelen vidare; ho heldt fram som kjøpmann og gifta seg opp att med ein fut på Sunnmøre.

Med Litle-Jon hadde Magdalena fått sønene Tomas og Carsten. Dei slo seg begge slo ned på Sunnmøre, Tomas i Spjelkavik og Carsten på Fyrde i Volda. Carsten Jonson Randall til Fyrde fekk stor etterslekt med den lågadelege kona si, Maren Jørgensdatter. [2]

Bjørn Jonsen Dale om Torgils (Tørris) Amundsen

I året 1521 svarte "Torgils Amvndsen" 68.5 lodd sølv i tiand­pengeskatt (medrekna barnepengar), og var då ein av dei rikaste på heile norskekysten (Erik på Austnes i Haram var rikare: han svarte 76 lodd sølv samt 30 lodd for jordegods og 36 lodd for barnepengar, i alt 142 lodd) [Den gamle vekteininga lodd er om lag lik 15 gram].

Samme året leverte "Tørils Amvntsen" av Brønnøy sokn 17.5 våger fisk på Bergenhus - trulig tiende av soknet - og dette tyder på at han var "skipper" (jekteeigar).

I tavla er Tørris og Angerd oppførte med 1 barn, Elisabet, gift med Trond Ivarson. Dette tyder eg slik at bare Elisabet av barna var gift då tavla blei sett opp. Elisabet­namnet var ikkje fra morsætta, men kan ha vore namnet på mor til Tørris Amundson; dette høver godt med at broren Peder på Andenes, også hadde ei datter Elisabet (Elsebe Nonne).

Tørris og Angerd hadde to barn til: Magdalena Tørrisdatter og hustru Anne Tørrisdatter som 1597 var "ved" 90 år gammal. Anne var nok eldst av dei tre søstrene, Magdalena trulig yngst. Anne var fødd seinast 1510, Magdalena kanskje 1515. Magdalena sine ungdomsår fall dermed sammen med den borgarkrigsliknande tida før reformasjonen blei innført 1537.

[Tilpassa frå Dale (jf. nedanfor)]

Noko meir bakgrunnsstoff

Fru Angerd på Igerøya var adeleg av Aspa-ætta som hadde sete på Nordmøre og eigedommar vidt omkring, også på Fosen. Mor hennar var gift med adelsmannen Torstein Kuse på storgarden Torge på Helgeland, på øya der Torghatten er eit vidkjent landemerke.

Ei sjeldan ættetavle frå reformasjonstida reknar opp Aslak Jonson (frå 1400-talet) sine etterkommarer. Det er erkebispar og lagmenn, prestar, setesveinar og adelsfolk av høgare og lågare adel med namn som Teiste, Solle og Kuse - dei fekk alle tilknyting til Nordmøre, Trøndelag og Nord Norge.

Aslak hadde mellom andre dottera Jorunn. Ho blei gift med Trond Toraldeson, som var far til Arne på Huseby. Arne var bror til erkebispen Olaf Trondson, og far til Angerd Arnesdotter som var gift med adelsmannen Torstein Kuse på storgarden Torge på Helgeland.

Mellom døtrene til Angerd og Torstein var Angerd Torsteinsdatter. Ho blei gift med "Torgis Amundson" på Igerøya ved Brønnøysund, i det som no er Vega kommune. Torge og Vega er nabokommunar.

Lokalhistorie, gardshistorier – SAMLINGA
Lokalhistorie, gardshistorier – SLUTTBOLK

Lokalhistorie, gardshistorie – LITTERATUR  

Store norske leksikon, s.v. "Vega".

Wika, Haakon Olsen. Vega bygdebok. Bind I. 2. oppl. Gladstad: Vega bygdeboknemnd - Vega kommune, 1975.

Wika, Haakon Olsen. Vega bygdebok. Bind III. Gladstad: Vega bygdeboknemnd - Vega kommune, 1977.

Wikipedia, s.v. "Vega".

Notar

  1. Urdal, Rannveig. Vega blir verdensarv. NRK Nordland, 1.juli 2004
    www.nrk.no/nyheter/distrikt/nordland/1.94274
  2. Dale, Bjørn Jonson. Halvt lilje, halvt ørn . . . Hustru Magdalena - sunnmøringane si adelige stammor? Udatert.
    www.soga.no/bjodale/kronologien/hustmagd.htm



Lokalhistorie, gardshistorier – OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Lokalhistorie, gardshistorier BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkeråd, tilvisingar og meir. [LENKE]
© 2012, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKE]