Norsk del, Gullvekta
Veblungsnes lokalhistorie
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

Veblungsnes, måla av Johan Caspar Herman Wedel Anker. 1875. Modifisert.
Veblungsnes, ut frå eit måleri frå 1875 av Johan Anker.

Romsdalsfjordbygd. Veblungsnes var frå gammalt ei bygd med fem grender. Bygda ligg tre km frå Åndalsnes, inst i Romsdalsfjorden i Rauma kommune, Møre og Romsdal. Raumaelva renn ut der. Staden har frå gammalt vore knutepunkt i Indre Romsdal. Det er spor etter svært gammal busetnad.

Over halvparten av Rauma kommune er fjellområde, med kjende attraksjonar som Trolltindane, Trollveggen, Romsdalshorn og Venjetindene. Høgste punktet er Pyttegga som når 1999 meter opp over havet. Ein kjent vegstykke med hårnålsvingar på fylkesvei 63 knyter saman Rauma kommune og jordbærbygda Valldal på Sunnmøre, og er omkransa av høge fjell. Bispen er eitt av dei.

Rauma og Grytten. Grytten var eigen kommune frå 1837. No er det Rauma kommune, etter utskillingar og samanslåingar. Den 1. januar 1964 blei Grytten slått saman med Eid, Hen og Voll kommunar og det meste av Veøy kommune til den nye Rauma kommune. Grytten hadde 3 683 innbyggarar då.

Kort skildring. Garden Veblung har namnet etter ein moreneåsrygg som går frå eit fjell i sør til dit Romsdalsfjorden og Veblungsnesbukta møtest. Gardbrukarene der omkring hadde på 1700-talet sjøboder i strandkanten og dreiv fiske som tilleggsnæring. Sjøbodene blei bygt om til bustadar på 1800-talet. I tillegg blei det reist bustadhus på bakkekanten i vest mot fjorden. Post blei ført opp gjennom Romsdalen langs ein eldgammel rideveg. Telegrafstasjon blei sett opp, og to store pakkhus med eiga brygge, og hamneanlegg med brygger. To rekker bustadhus på kvar side av den gamle kongevegen kom også til.

Namnet 'Veblungsnes'. Veblungsnes høyrde til Grytten kommune før, og no heiter kommunen Rauma, som nemnt. Amtmannen i Romsdal i perioden 1755-1773, underteikna eit dokument med "Weblungsnesset 18. juni 1763 Niels Collin". Det kan vere første gongen ein finn namn på bygda i dokument. I 1838 var stadnamnet etablert i kommunen (Grytten). I boka Raumafolket er namnet som "adressenamn" - altså gardsnamn-etternamn - spora attende til første del av 1800-talet. Det er gard nr 2, Veblung, før skriven Weblung - som figurerer slik.

Spekulasjonar. Spekulasjonar treng ikkje vere rette alle saman, og heller ikkje galne alle som ein. Det som trengst er underbyggingar, ikkje med-tru og mot-tru. Om ikkje rimelege underbyggingar finst, kan ein halde spekulasjonane "svevande", in suspensio, altså uavklara, som det heiter på latin. Eller legge dei i ei skuffe. Det verkar ikkje urimeleg at Veblungsnes har fått namn etter nokon - eit fornamn pluss endinga nes. Det er ei ordlaging som har vore gjengs i distriktet, og Per G. Berg syner korleis eit oldnordisk ord kan ha blitt omdanna til Weblungsnes, som i dag er Veblungsnes. "Mogeleg, men laust i fisken."

Per Berg og andre før han og med han har fundert på om stadnamnet kjem frå "jarlen Wiwila" [også kalla Vifil] som kan ha budd her i førkristen tid - ut frå runer som stod meisla i gneis i berget på staden. Ein trur dei var frå 400-700 evt. Runeinnskrifta som var rissa inn i ein berghammar (på gnr 1), var samansett av tretten runetegn, og innhaldet blei tyda til EIRILAR WIWILA. Etter professor Sophus Bugge si oppfatning tydde det "jarlen Wiwila". Ein veit ikkje noko om kven denne jarlen var eller korfor namnet eventuelt stod i fjellveggen. I 1935 styrta hammaren med runene i sjøen. [1]

Røtene til stadnamnet er såleis nokså dunkle; det blir spekulert på om dei er frå ei tid langt tilbake der skiljet mellom ættesoger og lygesoger i nokre tilfelle berre var hårfint. I slike tilfelle er det nesten urimeleg vanskeleg å vite kva som kan vere historisk rett nok, berre så det er sagt. [Wikipedia, s.v. "Fornaldersagaer"] [2]

Frå historia. I 1694 starta Lesja Jernverk i Lesjaskog, og produkta blei frakta landevegen ned til Veblungsnes og skipa ut derifrå.

Frå starten av 1700 talet var det gjestgiveri på Veblungsnes med løyve til å selje øl og brennevin. det ble sett opp sagbruk i 1722. Romsdalsmarknaden blei etter kongeleg vedtak (resolusjon) flytta til Veblungsnes i 1752, men etter to år blei det slutt med å ha Veblungsnes til slik marknadsplass. I 1821 blei det etter kongeleg lovbod postkontor på Veblungsnes. Det er no nedlagt.

Veblungsnes fekk status som "kjøpstad" i 1839. Formannskapet i den nye kommunen heldt møta sine i "Wagtstuen" på "Tingstedet Weblungsnes". Engelske turistar kom til og fann ut at Romsdalsdistriktet med den dyrebare naturen var svært fin for friluftsliv og laksefiske, og då fekk turisttrafikken vind i segla. Store turistbåtar kom inn til Veblungsnes. Det kom både fiskerioppsyn og dampbåtsamband mellom Veblungsnes og Molde. Midt i omgangsskoletida blei det fast skolestad på Veblungsnes i 1857. I 1869 blei det opna riksveg (nr 185) mellom Veblungsnes og Dombås. Romsdalsmarknaden blei flytta til Veblungsnes att og blei halden der mellom 1820 og 1875. Grytten og Voll sparebank kom til i 1877. To reisehandbøker for Noreg var fornøgde med Veblungsnes, og utan reservasjonar. Det blei starta samband mellom Veblungsnes og Lillehammer i 1881 ved hjelp av store vogner med hestar føre (diligensar). Romsdal minralvannfabrikk starta verksemda si i Veblungsnes i 1904.

Raumabanen blei vedtatt etter nokre tiårs dragkampar. I 1910 blei det dessutan vedtatt at jernbanestasjonen blei lagt til Næs - i dag Åndalsnes. Åndalsnes blei no skilt ut frå Grytten herrad som eigen byggekommune. På Veblungsnes kom bokhandel og kinoteater. Grytten sykepleiarforeining blei skipa på Veblungsnes. Verksemder blei starta opp her også: Grepa og Mjelva elektriske artiklar, konfeksjonsfabrikkar, skomakerverkstadar. Fotballklubb blei skipa i 1920 og musikkforeining i 1923. Setnes ungdomsherberge starta i 1934, og skifta namn til Setnes vandreheim sidan, og dernest Åndalsnes vandreheim.

Gryttengarden blei utsett for sandflukt etter at sandmælene ved Devold blei reinska for skog. Sand fra det området førte også til at hamna på Veblungsnes blei grunnare og skadde fleire fartøy på hamna i 1838. Havneområdet er også gjort om til bustadområde i vår tid.

Den 20. april i 1940 kom eit toget med gull til Åndalsnes, og det førte til at jernbanen og stasjonsområdet blei bomba av tyske bombefly og at all bygnaden der på neset var nedbrent ei veke etter. Den 30. april blei engelske troppar evakuert og om kvelden kom eitt einsleg tysk fly og sleppte brannbomber i utkanten av Veblungsnes. Busetnaden tok fyr. Husa stod tett saman. I alt 104 bygningar strauk med. Av dei var det 90 bustadhus med opptil mange familiar i huset. Mange blei heimlause. Busetnaden blei ikkje bygt skikkeleg opp att som det var vanleg andre stadar, men det kom då opp noko. Likevel gjekk det sterkt tilbake med Veblungsnes. Åndalsnes tre kilometer ifrå blei gjenreist. Mange flytta frå Veblungsnes til Åndalsnes.

Så Veblungsnes utvikla seg til ein liten småby med rundt 600 innbyggarar fram til 1940, ein liten landsby der skysshestar fekk kvile ut. Men ein stor del av husa blei øydelagt av bomber mot slutten av april. Etter krigen blei staden bygt opp att eit stykke på veg, men blei ikkje så viktig som han hadde vore før. Eit større bustadfelt kom i 70-, 80- og 90-åra, men trass i det er skole, butikk og postkontor lagt ned. I dag bur det rundt 250 på det som blir rekna med til Veblungsnes, som er frå Setnes til Djupdalen. E 136 går gjennom. I bygda er Rauma Ullvarefabrikk, Veblungsnes Sandtak med ferdigbetong. Den gamle ekserserplassen og innkvarteringsstaden Setnesmoen er i dag base for Heimevernet, som blant anna har golfbane og fotballbane her. Åndalsnes Vandreheim ligg også på Setnes. [2]

Slekta frå Veblungsnes

Kva veit vi så om slekta frå Veblungsnes? Nokså lite. Offentlege dokument er ikkje heilt ut pålitande heller.

Tippoldemor vår, Elen Anna Jamne (født Hansdotter Weblungsnes) blei født der, den 1. februar 1839, og ho var dotter av "Hans Erik Sandgrov av Weblungsnes".

Hans står også oppført i kyrkjeboka i Molde som "Hans Eriksen Sandgrov" frå Weblungsnes, far til ein Ole som blei født 9. desember i Molde i 1826. Den som skreiv kyrkjeboka tok i miss, for seinare blei Ole heitande Ole Fladmark, etter Ole Amundsen Fladmark, som var handelsmann på Veblungsnes. Så det kom vel for ein dag kven som var rette far til guten.

Hans blei sidan far til Peder Hansen Weblungsnes i 1837,som blei født to år før Elen. Då Peder gifta seg med si Pauline i 1869, var Hans oppført som "innerst" hos dei, det vil helst seie han budde til leige hos dei, og venteleg med eige hushald.

Innhald


Veblungsnes  

Heen, Magne. Weblungsnes i Rauma, Møre og Romsdal. 2012.
http://home.weblung.org/index.html

Røvig, Henrik O. Raumadalsfolket - Genealogisk database:
home.weblung.org/raumadalsfolket.html

Store norske leksikon, s.v. "Veblungsnes".

Wikipedia, s.v. "Veblungsnes", "Rauma kommune", "Trollstigen".

Notar

  1. Berg, Per G. "Gåten "Veblungsnes" - et forsøk på oppklaring". Wiwilungnes2009
    home.weblung.org/etymologi.html
  2. Rauma kommune m.fl. "Runehammeren på Innholmen"
    romsdal.com/place.xsp?id=FH7LNU6S
  3. Veblungsnes i Rauma, Møre og Romsdal. "Strandstedet Veblungsnes".
    home.weblung.org/veblungsneshistorie.html


Veblungsnes, gardssoger, lokalhistorier, gardshistorier, opp Seksjon Sett Neste

Veblungsnes BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]