Norsk del, Gullvekta
Vikna lokalhistorie
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

Vikna

Vikna er ein kommune med noko under 6000 øyer, holmar og skjer i Namdalen i Nord-Trøndelag. Kommunen ligg nord for den breie, opne fjorden Folda, og grensar til fastlandet, Nærøy kommune aust for Nærøysundet (skipsleia).

Drygt 4000 viknaværingar har kommunesenteret sitt i Rørvik på øya Indre-Vikna. Øyene Mellom-Vikna og Ytre-Vikna ligg utanfor. Vikna har Norges lengste kystlinje, målt til å vere om lag 2460 km. Vikna ute ved havet er også Nord-Trøndelags største fiskerikommune, enda om fisket no har gått noko attende. Folk i Vikna oppdrettar mykje fisk og har store fiskemottak, blant anna. Og sjøfiske og rorbuferie i fiskeværa er komme til og blitt populært også.

Vikna sokn og prestegjeld høyrer inn under Nærøy prosti i Nidaros bispedømme.

I juni 2004 blei senter for kystkultur og kystnæring, Norveg opna av Kong Harald og Dronning Sonja. Det er eit museum. Det fråflytta fiskeværet Sør-Gjæslingan er del av det. Og eit fiskevær er ein strandstad for mange fiskarar.

Det har budd folk på Vikna sidan steinalderen. På mange av øyene kan ein føre busetnaden attende til mellomalderen.

[Wikipedia, s.v. "Vikna" og Store norske leksikon]

OPP

Gardar i Vikna

Benna, gardsnummer 48 i Vikna kommune, Nord-Trøndelag

Benna ligg rett i vest av Bondøya, mellom denne og Nordøyan. Det er fleire øyer her, skilt frå kvarandre med grunne sund eller valar. Størst er Stor-Benna, så er det Heimværet, Benn-Kalven, Hallarsøya og Storholmen. Hamnetilhøva er ikkje dei beste i Benna. Likaste hamna er på sørvestsida, mellom Stor-Benna og Storholmen - Bennsluga (eller Bennsluket) som ho blei kalla. Busettinga var på Heimværet. Benna ligg utmerkt til for fiske. Her er det kort veg til fiskefelta, enten ein vil drifte ute på opne havet eller inne i råsene. Fisket har då også gjennom alle tider vore viktigaste eksistensgrunnlaget for folket her, men her var også ein del jord, og oppsitjarane hadde god stønad av det som jorda gav.

Ein må rekne med at Benna som buplass er av like gammalt opphav som dei andre øyene på vest- og sørvestsida av Vikna. Vi finn tre oppsitjarar her i 1666 . . . Men elles er opplysningane om Benna svært spreidde og tilfeldige. Folketeljinga i 1701 nemner ikkje Benna, heller ikkje matrikkelkommisjonen i 1723. Men i 1745 finn vi nemnt Nils Knudsen Benna som då har eit barn til dåpen. Barnet blir døypt Elsa. . . Den første faste oppsitjaren vi får nærare kjennskap til i Benna er Johan Andersen. Han var født i Sørå i Nærøy 1761 og gift med Marta Olsdotter født i 1765 på Moritsøya i Nærøy. De busetter seg i Benna i 1790 og fekk ni barn.

Johan Andersen Benna hadde ein bror, Gaut Andersen. Han var født i 1755 og gift med Karen Olsdotter, født i 1764 på Storvea i Nærøy. Gaut budde ei tid i Benna, men vi finn han som oppsitjar fleire stadar i Vikna. I 1801 var han gardbrukar på Vikestad, men her var han visstnok ikkje lenge. Han kom attende til øyene i Vikna, og er nemnt under Gjæslingan i 1805 (sjå Arnt Solem, "Sør-Gjæslingan"). I 1815 var han ført opp som innarst i Karstenøy. Han var då enkemann.

Gaut Andersen og Karen Olsdotter hadde desse barna:

1. Ellen Gautsdotter født i 1792, gift med Hans Jensen Bondøy (sjå Bondøya).

2, Ingeborg Gautsdotter født i 1795, daud 2 år gammal.

3. Oleanna Gautsdotter født i 1798, gift med Nils Hansen Fjukstad (sjå Hellesøy).

4. Anders Gautsen født i 1800, gift med Nelle Tørrisdotter Fjukstad (sjå Bondøya).

5. Johannes Gautsen, født i 1805. Ugift. Omkom på sjøen saman med Mikal Dinesen Sør-Gjæslingan i 1846.

Karen Gautsdotter, født 1809, er ikkje med i oversynet i Viknaboka.

I 1825 var Gaut Andersen innarst hos svigersonen Hans Jensen Bondøy. Gaut døydde 1830. Karen Olsdotter var daud i 1813.

- KJELDE: Bjarne Borgan. Viknaboka: Gards- og ættehistorie. Bind I. Gnr. 1 til 21: Kråkøya—Innersund. Vikna: Vikna Historielag, 1969, s 380-81.

Div.

Bondøy, gardsnummer 50 i Vikna kommune

Øya ligg rett sørvest for sørspissen av Mellom-Vikna, og har til vanleg vore rekna med til Ytre Vikna. Næraste grannar omfatta Benna og nokre øyer til. Bondøya ligg så langt inn frå havet at ho ikkje er utsett for tungsjø rett på. Likevel er vegen ut til fiskefelta etter måten kort.

Namnet på øya kjem av det gammalnorske ordet buandi eller bondi som heng saman med å 'bu, ha bustad'. Øya er fjellendt vestover, men lågnar av mot aust, og her finn vi busettinga. I forhold til andre Vikna-øyer det bur folk på, var det ikkje så lite jord på Bondøya, nok til små gardsbruk iallfall.

Øya hadde dårleg hamn. Sjøhusa nede ved stranda låg opne for vêr og uvêr frå nord og nordvest. Når det var som verst, blei det vanskeleg å berge båtane i fortøyingane. Så lenge båtane var små og kunne trekkast på land, gjekk det enda an, men båtane blei med tida bygt større, med dekk og motor . . . I 1933 blei var ein molo vest for øya bygd ferdig. Ulempa var at han låg ganske langt frå husa så det var ikkje noko lettvint hamn såleis.

Busettinga på Bondøya går langt tilbake i tida, men ein har ikkje namngitte personar der før omlag 1600. For heile Bondøya blei det i 1661 betalt leidang med 3 mark smør og 6 mark mjøl. Landskylda blei sett til 2 pund tørrfisk. Året etter var det berre éin brukar på Bondøya. Han bygsla heile øya.

I 1678 var ikkje Bondøya krongods meir, men blei kjøpt av oberst von Schultz, men han fekk seg ein annan bruker, som etter om lag tretten år overtar eigedomsretten til øya. Knapt tjue år etter det igjen går eigedomsretten til Bondøya i 1710 over til Jon Andersen Finvedgård i Karstenøya.

Ein kommisjon skreiv i 1723 at garden låg i solli, var lettvunnen, men middels kornviss. Utsæden var 1 1/2 tønne korn. Dei avla 8 lass høy som i lag med tang og tare fødde 4 kyr og 4 småfe. Og i 1845 var utsæd for heile Bondøya 2 tønner bygg og 3 tonn havre og dei sette 3 tønner poteter. Der var 9 kyr, 4 sauar, 11 geiter og 2 grisar.

Bondøya skifta eigarar fleire gongar. Somme brukte heile øya, andre brukte ein halvpart og leigde bort den andre, og så vidare. Ved folketeljinga 1815 budde i alt tolv personar på Bondøya.

Gaut Andersen Sørå (sjå under Benna ovanfor) døydde på Bondøya i 1830. Han var innarst hos dottera Ellen Gautsdotter (født i 1792) og mannen hennar, som var brukaren Hans Kristian Jensen (født i 1786). Mor til Ellen var Karen Olsdotter (sjå Benna). Far til Hans Kristian var Jens Jonassen Bondøy (1742, Binnerøy - 1817)

Øya skifta eigar i 1832, og tre år etter det igjen døydde Frants, bror til Hans Kristian. Enka sat att med sju barn. Dei var født frå 1815 til og med 1832; dei fleste var mindreårige og to av barna var under sju år. No overtok bror hennar, Anders Gautson, bruket etter svogeren. Han var født på Vikestad i 1802, står det i bygdeboka, mens ◦folketeljinga frå 1801 har han med som ettåring. Ut frå det var han født i 1799. Anders blei gift med enka Nelle Tørrisdotter Fjukstad. Ho var født i 1790, og hadde vore gift ein gong før, med Jon Pedersen.

Anders omkom på sjøen den 19. februar 1850 i lag med drengen Nils Larsen Fossvik, 21 år, og Hans Petter Kristiansen Fjukstad, 19 år. Sonen Benjamin Andersen overtok. Han var født i 1833, døydde i 1922 og gift med Pauline Hansdotter Fjukstad, født i 1827 og daud i 1906. Benjamin overtok altså bygsla, og noko seinare gjekk halvbroren Jeremias Jensen inn i bygsla saman med han.

Jordbruksoppgåva for 1866 viste at det i Bondøya var 17 1/2 mål dyrka mark. På utslåttane avla dei 6 lass høy. Utsæd var 1 tønne bygg, 3 tønner havre og 4 tønner poteter. Der var 4 kyr og 11 sauar. Tare og tang blei ikkje brukt til krøtterfôrr.

Ved folketeljinga i 1875 var det fire oppsitjarar på Bondøya, og Benjamin Andersen og Jeremias Jensen var mellom dei. Til saman var det 6 kyr, 40 sauar, og 6 grisar på øya då. Det blei sådd bygg, havre og potetar. Der budde i alt 25 personar der då.

Den 9. juni 1876 blei garden delt, og ved auksjon i buet til Sverdrup fekk så Benjamin Andersen auksjonsskøyte på gardparten sin. Det var den 4. juni 1881.

Ved den nye matrikkelen i 1886 får Benjamin Andersen bruk nummer 3 og Jeremias Jensen bruk nummer 4. Benjamin hadde bruk nummer 3 til ei tid etter hundreårsskiftet. Då overtok sonen, Paul Bondø. I hans tid blei det landhandel og fiskeforretning, anlaup for lokalbåtane og eige postopneri på øya. Og etter at Paul døydde i 1953, blei sonen Torvald Bondø eigar av denne gardparten.

Den 26. august 1889 selde Jeremias Jensen gardparten sin til sonen Ole Bondø. Etter at Ole Bondø døydde i 1936 gjekk bruket til sonen Johan Bondø. Han hadde då budd på Edøya i mange år. Johan døydde barnlaus i 1963, og broren Asbjørn Bondø ◦(17.3.1902 - 24.7.1966) i Trondheim overtok etter han.

Husa stod der framleis då han døydde, og var blitt haldne godt ved lag.

[Viknaboka, bd 1, s 391-403]

Div.

Sør-Gjæslingan, gardsnummer 46

Oversyn over Sør-Gjæsingan, Nord-Gjæslingan, Sørøya og Haraldsøya

Sør-Gjæsingan er mellom øyene lengst sør i Vikna. Som ein kile skjer dei seg ut i Folla, og er på eit vis bølgebrytarar mot storhavet. Desse øyene ligg så å seie midt i det beste fiskefeltet i Vikna, og noko av det beste på kysten når det gjeld innsig av skrei (torsk). Når skreien søkte inn her i gytetida slapp ein å dra langt til havs for å fange han. Torsken kom så å seie like til båtstøa mange gongar, men til vanleg stod han gjerne innover råsene her.

Namnet Gjæslingan kjem av det gamle namnet gæslingr, gåsunge.

Sør-Gjæslingan er fellesnamn for fleire øyer. Dei største er Kjerkøya, Karlholmen, Flatholmen og Heimværet. På dei to siste har nok det meste av busettinga vore samla. Sør-Gjæslingan har alltid vore rekna for det viktigaste av desse fiskeværa. Her var fleire buplassar enn på dei andre øyene, og her var det samla flest båtar og folk i fisketida. Det er god hamn i Sør-Gjæslingan, og dette var vel den vesentlegaste årsaka til at mange fiskarar søkte hit.

Så gunstig som desse øyene låg til for fangst og fiske er også den faste busettinga svært gammal. Det er gjort funn frå steinalderen her ute - to tjukknakka steinøkser i 1902.

Pålitelege tal over kor mange båtar eller fiskarar som tok del i skreifisket over Gjæslingan i gammal tid har vi ikkje. Men i 1625 skulle omlag 700 båtar delta i fiska, og den 23. februar det året omkom 210 mann i løpet av 2-3 timar i ein orkan som kom brått på. Men ikkje alle hadde rodd ut frå Gjæslingan. Somme kan ha komme frå fiskeværa i Nærøy og Fosnes prestegjel. Ei kvinne, Barbro Hasfjord, fekk skulda for ulukka og blei brent på bål.

Barbro hadde budd på den vidstrekte garden Hasfjord lengst i aust på Ytre Vika. Garden låg lunt til. Kongen åtte garden. Ho var kanskje den Barbro som hadde lege med mannen sin før dei var gifte og som blir nærare omtalt for det også. I alle fall, Barbro Hasfjord blei brent i hel som straff for dårleg vêr for fiskarane - vêr som kom av trolldom, etter det folk forstod. "Det er vel sannsynleg at den Barbro som her er nemnd [for samleie], er den same som ein gong mellom 1645 og 1648 blei brent for trolldom." Forutan folketradisjonen har vi eit såkalla "thingvidne" frå 1649. Der står at Barbro blei avretta for trolldom. Barbro blei brent på Anfinneset, på staden som heiter Barbroberget, fortel bygdeboka vidare. Eg utelèt detaljane ifrå Viknaboka, band 3, s 169-73.

Ei liknande ulykke skal ha hendt omlag 1660. Presten Petter Dass, som var hos soknepresten i Nærøy i oppvekståra, nemner i eit dikt at han hadde høyrd om ho. Og den andre mars i 1906 reknar ein med at om lag 1400 fiskarar rodde ut frå Gjæslingan. Tjueåtte av dei omkom, og seks som var der ute på sjøen ifrå andre stadar. 28 mann omkom.

I 1774 fortel Gerhard Schønning at det kunne vere opptil 400 båtar i Gjæslingan før i tida, men at det då berre var omlag 150. Hollendarane pla møte opp der i fisketida og kjøpe fisk.

Frå 1. januar 1889 blei øyene lagde til Vikna ifrå Fosnes.

[Viknaboka, s 332]

Sør-Gjæslingan, gardsnummer 46

Vi kan rekne med at det har vore fast busetting i Sør-Gjæslingan frå langt tilbake i mellomalderen. Alle øyene låg i kongens almenning til 1728. Det året blei mykje av jordgodset til Krona selt og gjekk over på private hender. Sør-Gjæslingan, Nord-Gjæslingan, Sørøya og Haraldsøya gjekk på auksjon i Trondheim i det året. Så gjekk øyene frå den eine eigaren til den andre, med løyve til å drive både landhandel og vertshus..

I "Det Norske Folks Liv og Historie" band 7, side 267, fortel professor Sverre Steen ei historie frå denne tida i Gjæslingan. Utdrag frå det som skal vere ei sann historie:

I 1803 vende husmann Gaut [Anderson] Vigestad i Namdalen seg til Arent Solem, den landskjende haugianaren, kjøpmannen og godseigaren som var den formelle eigaren av Gjæslingan, og bad om å bli tatt opp i "dei såkalla heilagmenns samfunn", det vil seie haugianarane. Solem spurde om "fattigdom og håp om framtidas føde" leidde han til dette steget. Gaut svarte at sidan han i desse tidene ikkje såg seg utkome til å berge seg med matvarer, ønskte han å tre inn i samfunnet [av hauginanar]. Arnt Solem tagde og gjekk vekk.

Gaut, som ikkje var haugianar, fortalde denne historia under eit avhøyr i 1807 under rettssaka mot Hans Nielsen Hauge. I 1802 hadde Hauge kjøpt fiskeværet Sør-Gjæslingan. Tanken var at Arent Solem skulle eige og drive staden, og i 1803 drog Arent og kona Randi dit og overtok drifta av fiskeværet i Gjæslingan. Kolveri-prosten Michael Nissen Luytkis prøvde å hindre at Solem fekk handelsprivilegium. Han var klar over at Solem var haugianar og foreslo derfor at det skulle leggast band på kor mange Randi og Arent skulle få ha i kost og losji, og kor mange tenarar dei kunne ha. Prosten klarde til ein viss grad å forkludre sakene for Solem, som blei nekta gjestgivarbevilling i fiskeværet.

Frå 1804 og framover blei det ei stor rettssak mot Hans Nielsen Hauge. I samband med dette blei haugianarar i Namdal og på Helgelandskysten avhøyrde. Referat frå avhøyra gir eit godt inntrykk av livet i Gjæslingan mens Randi og Arent Solem dreiv det. I 1809 forlét Randi og Arent Solem Gjæslingan, og slo seg ned på Værnes gard i Stjørdal. Frå 1819 til 1824 eigde dei garden Moholt vestre, bygde nye hus og installerte ei linmaskin som var driven av hestar, sidan Hauge ivra for linavl og lerretsveving. Det var mykje aktivitet.

Arnet Solem eigde Gjæslingan fram til 1812. Han og nokre seinare eigarar var vel i grunnen eigedomsspekulantar som kjøpte og selde jordeigedomar etter som dei fann det lønsamt for seg. I 1869 blei Gjæslingan så kjøpt av Anton Brandtzæg, Abelvær. Under Brandtzægfirmaet stabiliserte tilhøva i Gjæslingan seg.

Under alle dei skiftande eigedomstilhøva som var før det, gjekk livet sin gong blant oppsitjarane ute på øyene. Det ser ut som eigarane ikkje har tatt det så nøye med tinglysing av festesetlar og bygselkontraktar. Men skifteprotokollane kan gi innblikk i livet der i denne tida. Og då føraren av eit væpna, privat skip, Hans Lien, bringa det engelske handelsfartøyet «Albion» på 151 1/2 tonn som prise ("fangst) inn til Sør-Gjæslingan i 1808, kom auksjonar og nedteikningar. Ordensreglar som kom i stand for Gjæslingan i 1853 og før det, fortel også noko, på sitt vis, blant anna om kva som var verdt å meldast og gi mulkt.

Ærfuglen, skulle vere freda året rundt. Ingen fekk fange, skyte eller på annan måte drepe han, eller skyte skremmeskott mellom femtande april og femtande august. Ærfuglen blei verdsett for egg og dun i "edderdunsdynene" før.

Så vidt mogeleg skulle eigaren av fiskeværet og oppsitjaren stille opp høvelege reir og andre gagnlege åtgjerder for å lokke ærfuglen og få han til å trivast.

Ein skulle heller ikkje ta egg før fuglen formerte seg så mykje at det ikkje var til skade å ta egg.

Væreigaren skulle ha halvparten av ærduna som blei samla, og resten delast mellom oppsitjarane. Slikt blei nøye kontrollert, for ærduna var verdifull.

Heimværet på Sør-Gjæslingan

Rett i vest av Bondøya, mellom ho og Nordøyan, ligg det fleire øyer. Dei er skilde frå kvarandre med grunne sund eller valar. Størst er Stor-Benna, så er det Heimværet, Benn-Kalven, Hallarsøya og Storholmen. Busettinga var på Heimværet.

Heimværet er den største av øyene i Sør-Gjæslingan. Øya er også den høgaste med sine 38,3 meter.

Heimværet var delt opp i sektorar der familiane som det gjaldt, hadde tilgjenge til beite og slått. Her var det både skole, postkontor, butikkar, trandamperi og salterikaia, der dampbåtar la til. Hans Kristian Hansen kom som ny brukar på Heimværet. Hans fekk festekontrakt på Heimværet den 21. april, 1858. Han var født på Bondøya i 1829, son av Hans Jensen og Ellen Gautsdotter. Ho var søster til tipp-tipp-oldemor Karen. Så no fortel eg frå ei sidegrein i anerekka, så vidt det er.

Hans Kristian var gift med Berntine Larsdotter, født i Orkdal 1830. Dei hadde fire barn som voks opp og blei gifte. Men den 22. mai 1892 skulle det fjerde barnet deira, Severin Hansen og kona hans til gudsteneste med eit udøypt gutebarn. Sju til var med på ferda. Dei kollsegldei, og alle utom to omkom.

Hans Kristian Hansen sjølv hadde omkome på sjøen før dette, i 1870. Enka Berntine heldt fram i bygsla på Heimværet, men sonen Edvin Hansen var den som dreiv bruket. Ny bygselkontrakt kom ikkje før 1924.

Edvin Hansen og Henriette Sørensdotter hadde tre barn. Den mellomste var jenta Dagny. Då Edvin døydde i 1940 og Henriette i 1953, tok mannen til Dagny over. Dei fekk ti barn. Etter Dagny og mannen kom sonen Bjarne Hansen (1920). Han og kona Haldis (født 1931) fekk to barn.

Yngste sonen til Edvin og Henrietta, Hans B. Hansen (født 1900) bygsla i 1932 ei tomt på Heimværet, på bruket faren hadde den tida. Han blei gift med Herborg Thorsen (født i Gjæslingan i 1905), og dei fekk tre barn.

[◦Meir]

[Viknaboka, s 332-37, 352-70, 380]

Sør-Gjæslingan i dag

Under overskrifta "Sør-Gjæslingan - kysten sitt svar på Røros - blir freda som kulturmiljø" står det at Kongen har vedtatt i statsråd å frede Sør-Gjæslingan som kulturmiljø - eit særeige fiskevær med stor kulturhistorisk verdi.

"Sør-Gjæslingan er veldig spesielt, og det er viktig at vi tar godt vare på dette fiskeværet som ei kjelde til kunnskap og oppleving. Vi må sikre oss at det unike forholdet mellom naturen, lokalsamfunnet og fiskeværet blir tatt vare på for framtida", sa den dåverande miljø- og utviklingsministeren. Å frede eit heilt kulturmiljø er eit relativt nytt verkemiddel. Ved å frede eit kulturmiljø, fredar ein heilskapen i området, ikkje berre enkeltobjekt.

På Sør-Gjæslingan ser ein døme på mange hundre års værhistorie. I si tid var dette eit av dei største og viktigaste fiskeværa sør for Lofoten. I høgsesongen for skreifisket var opp mot 5000 fiskarar samla her. Sør-Gjæslingan var eit levande fiskevær fram til 1978. Då gjekk væreigaren konkurs, skolen blei lagt ned og fråflyttinga skaut far. I dag er det ingen som bur fast på desse øyene.

"Vi tar no vare på det særprega bygningsmiljøet, med rorbuer, fiskemottak, salteri, trandamperi, forsamlingshus, skole, brygge, moloar, rekker av fiskehjell og væreigarbustaden. Historiske spor i kulturlandskapet fortel oss korleis folk opp gjennom tidene har utnytta ressursane i havet og på landjorda under helt marginale vilkår", sa kulturministeren mellom anna.

[Miljødepartementet. Pressemelding den 1.10.2010. Mi omsetting.]

Heimværet
Heimværet, hausten 2005. Her var plass for 5000 fiskarar i harde tider før.

Innhald


Vikna lokalhistorie, med Benna, Bondøy, Sør-Gjæslingan  

Borgan, Bjarne. Viknaboka: Gards- og ættehistorie. Bind I. Gnr. 1 til 21: Kråkøya – Innersund. Vikna: Vikna Historielag, 1969.

Borgan, Bjarne. Viknaboka: Gards- og ættehistorie. Bind II. G.nr. 22 til 54, Pålsaunet – Dale. Vikna: Vikna Historielag, 1969.

Borgan, Bjarne. Viknaboka: Gards- og ættehistorie. Bind III. G.nr. 55 til 78. Austafjord – Binnerøy. Vikna: Vikna Historielag, 1969.

REFERANSAR ELLES: ◦Vikna historielags nettstad. ⍽▢⍽ Dessutan Wikipedia og Store norske leksikon for "Vikna".

Vikna lokalhistorie, med Benna, Bondøy, Sør-Gjæslingan, opp Seksjon Sett Neste

Vikna lokalhistorie, med Benna, Bondøy, Sør-Gjæslingan BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]