![]() |
Vitsar og blødmer | |||||
| 13 1 60 | ||||||
|
EtterordSomme vil seie det aldri har vore nokon vedunderleg diktarprest med ablegøyer på Bergenskanten, og at han er ikkje meir enn gjennomgangsfigur for soger frå mange land. Dei kan vel ha rett i det. Den morosame tenkjaren som skal ha sagt noko slikt som: "Eg har prøvd å stå fram som ein filosof. Men så bryt godt humør fram," er ikkje meir. Ikkje ein gong gravskrifta på gravsteinen er funnen: Det eg kan gjere er å underhalde hjartet.
Om samlingaSia eg ikkje har soge stubbane frå eige bryst, skal eg nemne nokre verk som ligg attom mange av gjengivingane, men først kjem det som skal vere ei sann historie: Kjell Magne Bondevik frå Molde var statsminister då han framførte Rosenborg-songen for full stadion i Trondheim den 29. august 1999, og fekk applaus for det. Som VIP-gjest sat han på første benk, mens Thorbjørn Jagland frå Arbeiderpartiet, som hadde vore statsminister før han, sat ei benkerad lenger bak. Boka Oriental Humour av R. H. Blyth ligg bak mange av småversa og enkelte historier eg har skapt om på. Hovudtilsiget i boka hans er det fjerne Austen. Eg har mang ein gong gledd meg over Blyth. Hodja Nasreddin er ein velkjent kulturfigur og narrefant i Tyrkia og elles i Islam. 'Hodja' er ein tittel som tyder lærar eller boklærd. Hodjaen blir ofte samanlikna med den nordeuropeiske filuren Till Uglespegel. Hundre Nasreddin-soger står i boka The Turkish Jester: or, The Pleasantries of Cogia Nasr Eddin Effendi. [Tj] Under namn som Mulla Nasrudin er Nasreddin også ein velkjent gjennomgangsfigur i ymse bøker innan sufitradisjonen og vidare derifrå. Forfattaren og storsjeiken Idries Shah (signe han), født i Simla, Himalaya, sette opp The Octagon Press i London, og levde tilbaketrekt i England det meste av livet (1924-96). Og Shah skreiv og gav ut fleire bøker der historier om Mulla Nasrudin er med, også i det mest kjente verket sitt, The Sufis (s. 63-110). Han gav ut fire eigne bøker om mullaen også. Ein mulla er elles ein muslim som er utdanna og opplært i tradisjonell, religiøs lov og lære, og vonleg offentleg tilsett. "Teologi-utdanna" og prest kjem venteleg nært nok når ein vil tilpasse det til heimlege forhold som har vore. "Vi har dobbel grunn til å sjå på dei store sufiane som våre eigne tullingar," skriv Shah, og meiner "tullingar å sjå til" i auga til einsretta folk som ikkje tenkjer særlig bra. [Wid 5] Shah framhevar den pedagogiske rolla til mulla Nasrudin, det er, om ein oppdikta gjennomgangsfigur i soger av sufiar (mystikarar i Islam) som vil ha fram djupe poeng ved hjelp av ein spesiell krabat. Men iallfall på overflata er Nasrudin-sogene asiatiske vitsar. Det kan vere noko under dei og noko ekstra ved dei som kan gå djupt med. [Iste 63, 64] Vitsar er ofte felleseige i det at historier som liknar kvarandre, dukkar opp på ulike stader og til ulike tider i Europa og Asia, skriv William Clouston. Vitsar med Nasrudin i hovudrollene har såleis parallellar i Hindu-soger. [Bns 20 etc.] Det gjeld også denne:
Grammatikk og symjingNasrudin ferja ein pedant i grov sjø, og sa eitkvart ugrammatisk til han. "Har du aldri lært grammatikk?" spurde mannen. "Nei." "Då er eg redd halve livet ditt er vekkasta," sa mannen. Eit par minutt etter vende Nasrudin seg til passasjeren: "Har du lært å symje?" "Nei. Korleis det?" "Då er nok heile livet ditt vekkkasta, for vi er i ferd med å gå under." [Iste 65-66] Heilagmannen Ramakrishna fortel soga slik: [Lenkje] [Jf Rap kap. 19.] |
|
© 2011, Tormod Kinnes [E-POST]. Ansvarsfråskriving: [LENKJE] |