![]() |
Vitsar og blødmer | |||||
| 13 1 60 | ||||||
Den langliva skjelpaddaEin sauebonde sa til Mankar Prest: "Det er ikkje sant at ei skjelpadde lever i fjorten hundre år. Eg skaffa meg denne her for nokre dagar sia, og i natt døydde den. Vi kan ikkje tru alt folk seier. Gjeld det slikt som du seier også, prest?" Presten tenkte makeleg over dette. Så kom det: "Men sett at det var i natt ho blei fjorten hundre år!" Ei and med armarEin mann som ikkje blei rekna som noko geni, drog til svigerfar sin - det Mankar Prest - for første gong og ville gjerne gjere eit godt inntrykk. Ein av vennene til mannen ville svært gjerne hjelpe han og sa: "Om du ikkje seier eit einaste ord blir du rekna som ein tosk, så sei eit eller anna, om det så er berre ei helsing." "Eg skjønar." Då han kom fram til heimen til Mankar Prest, var han tagal frå start til slutt, men akkurat som han skulle til å dra heimover, sa han til svigerfar sin, "Har du nokon gong sett ei and med armar?" "Nei, det har eg ikkje." "Ikkje eg heller." Glad i vinMankar Prest drøymde ei natt at han fekk noko særs god vin. Han heldt på å temperere* den då han vakna. Han sa: "Dessverre, eg skulle ha drukke den kald." * Gjere passe varm.
Enklare norskMankar Prest hadde ei tid ein tenar som var så ordgjerrig at han støtt korta ned orda han sa. Han sa til dømes alltid "bilen" i staden for "bibelen" og "trala" for "tralala". På dette viset gjorde han kvart ord ei staving kortare. Ein dag bad presten han om å gå og kjøpe smør. Tenaren nikka og drog av stad. "Kva vil han seie denne gongen, tru?" tenkte presten og følgde etter han til butikken. Der kasta tenaren smørpengane på disken og sa ingenting. Herlege nevarMankar Prest til Bergen nokre dagar og feira eitkvart, og då han kom tilbake roste han alt i Bergen opp i skyene. Ein dag han gjekk i måneskinet med far sin, møtte dei nokon som sa: "Det er fin måne i kveld!" Mankar svara: "Kva er bra med denne månen? Du bør sjå månen i Bergen. Han er langt, langt betre." Far hans blei sint og sa: "Månen er allstad den same. Det er ikkje noko særleg bra ved månen i Bergen!" Han knytte neven trugande framfor nasen til sonen sin og dunka han i brystet med den. Med sped stemme svara sonen: "Neven din er ikkje så overvettes. Du skulle smakt nevane i Bergen!" Ny tenar"Oskar, du skal dra til soknepresten i Sogndal i eit ærend for meg," sa Mankar Prest til den splitter nye tenaren sin i Borgund. "Ja vel," sa tenaren og drog straks. "Han drog av garde utan å vente på bodskapen han skulle ta med. Kva i all verda skal han seie, stakkars skapning!" Då tenaren kom attende, spurde presten: "Oskar, kva sa du til soknepresten?" "Han var heldigvis bortreist." Prestefrua skreiv også dikt, for alt det var verdtBrått kjem ein sommardusj:
BjørnejaktEin baron som likte Mankar Prest og også likte å dra på jakt, baud han å bli med på bjørnejakt. Mankar blei fylt skrekk, men måtte bli med. Då han kom heim att etterpå, spurde einkvan han: "Korleis gjekk jakta?" "Strålande," sa Mankar. "Kor mange bjørnar kom de over?" "Ingen." "Korleis kunne det gå strålande då?" "Når ein jaktar bjørnar og er meg, er det strålande å ikkje kome over nokon bjørnar som helst," sa presten.
|
|
|
|
© 2011, Tormod Kinnes [E-POST]. Ansvarsfråskriving: [LENKJE] |