Norsk del, Gullvekta
Soger frå fleire stadar
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

Her er tjue soger frå gardar og stadar. Under kvar soge er tilvising til staden eller garden i noko større samanhengar, og til gardssoger og annan litteratur sogene kjem frå.

Skatten på Kopperstad

Kopperstad er vestlegaste garden på sørsida av Nerlandsøy i Herøy kommune. På Litleberget, ein hammar omlag hundre meter frå sjøen, finst ein gravhaug som er ti meter i tverrmål og ein meter høg. Haugen skal ha blitt utgraven før 1817. Der skal det ha blitt funne ein koparkjel, eit sverd og somt anna som no er bortkomme.

1

Mannen som fann skatten, såg først eit lys over staden der skatten låg nedgraven. Han var då på sjøferd, og rodde utmed land i morgonskyminga saman med nokre andre. Han sa no han var sjuk, så dei måtte sette han i land. Og då dei hine var farne sin veg, gjekk han og grov fram skatten.

2

Mannen som gjorde funnet, stod og braut jord saman med drengen. Då kom han ned på noko som klang så merkeleg. Han slutta med arbeidet for den dagen og gav drengen fri. Om natta gjekk han ut og grov aleine, og då grov han fram fleire koparkjelar, den eine oppi den andre, og ein stor kjel var kvelvd over. Minste kjelen var full av sølvsaker. Der var mellom anna eit brurepynt med eit støylebelte, mynt, ei sølvskei med årstalet 1778, ei knappeform, tinntallerknar og så vidare. Knappeforma kom til Nerøy, og Isak I. Nærø hadde knappar som han sa var støypte i den forma. Brudepyntet skal finnast på Koparstad enno, blir det sagt (i 1961).

3

Knut Jonson var rikaste bonden i Herøy i si tid, og svært rik til bonde å vere. Han åtte fleire gardpartar både i Herøy og andre stadar. Ved ymse høve synte han at han ikkje mangla kontantar. Då prestegarden blei reparert i 1793, la han ut heile kostnaden som alllmugen skulle betale, ein sum på 400 riksdalar.

Mads Kopperstad (bruk nr. 7) fortalde til Elias Bratshaug kring 1920 at det var ei grav som blei tatt opp av Knut Jonson Kopperstad (bnr. 5). Ho låg ovanfor Pilhamaren. Der var det sett ned steinar i ein rund ring så stor som "den breiaste køyreveg" (om lag 4 meter) i tverrmål. Av og til, helst rundt juletider når del var månemørkt, hadde folket på garden sett ein lysstråle over grava. Knut fekk med seg nokre gutar og gav seg til å kaste opp grava. Då dei hadde grave ei stund, merka Knut at det skalv og rista i grunnen. Då verka det brått som han blei sjuk, og han sa til gutane at det var best å la gravinga vere. Men om natta gjekk han ut att og grov, og då fann han ein koparkjel full av mange slags mynt.

Mads fortalde også om ein stein i samband med dette funnet: Så lenge den steinen fekk ligge i ro, skulle det ikkje bli fattigdom på Koparstad.

Her finn du meir

Harald Hardråde gjestar Aslak på Torgar

Aslak heitte ein høvding på øya Torgar. Kong Harald sende bod til Aslak og sa at han var på gjesting i nærleiken og ville snakke med han. Aslak gjorde seg straks klar og reiste til han. Kongen tok godt imot han og sa: "Du skal gjere i stand til eit gjestebod for meg og eit følge på eitt hundre mann, og eg skal bli i tre netter."

Aslak svarte at han ikkje var i stand til å halde slikt gjestebod sjølv, og tilbaud seg i staden å legge ut for det eit slikt gjestebod kosta.

"Korfor nektar du å halde gjestebod for meg?" spurde kongen.

"Eg synest ikkje eg har hus og gard som passar", sa Aslak, "og så har eg ingen kunnskap om å vere vertskap for kongar." Aslak meinte dessutan at han hadde lite utstyr til matlaging for eit kongebesøk, og bad kongen om å få sleppe.

"Eg kjem i alle fall", sa kongen, og gav melding om at han kom seinast dagen etter. Aslak drog heim att, og neste morgon kom kongen. Aslak gjekk for å møte han, helste velkommen og tok imot han på beste måte. Alle gjekk inn i salen og blei bedne om å sette seg. Heile rommet var staseleg pynta.

Då undra kongen seg, men Aslak sa: "Eg har pynta her med mine eigne spyd og skjold, og eg har ikkje trunge å låne noko."

Aslak sørga for at stemninga blei svært god, og alle sa at dei aldri hadde vore i eit betre gjestebod. Så gjekk natta. Neste morgon sat alle og drakk i lag. Då snakka kongen og Aslak saman. "Veit du kva Heilag-Olav sette som straff dersom ein mann lar ein son bli fostra opp i løyndom?" spurde kongen.

"Kva har du høyrt? spurde Aslak.

Kongen sa at ein som gjorde seg skuldig i noko slikt, skulle miste alt han åtte, og livet.

"Korfor skulle han få ein så hard dom?" undra Aslak.

Kongen svarte: "Kongen kan jo ikkje vite om han skal vakte seg for ein mann dersom han ikkje veit om mannen finst."

"Dette har eg ikkje noko med", sa Aslak.

"Det har blitt fortalt meg at du lar ein son bli fostra i løyndom", sa kongen. "Nikolas Torbergsson har fortalt meg det."

"Har du sagt det, Nikolas?" spurde Aslak han.

Nikolas sa: "Eg kan ikkje nekte for det. Eg hugsar at eg var her på Torgar då eg var ti år gammal og var svært rask for alderen. Då hadde du ein son som heitte Heming. Han og eg leika barneleikar saman. Eg har aldri sett maken til unge, for han var på alle område mykje sterkare enn meg, enda han berre var seks år, og eg var ti. Han var att her då vi drog, og sidan har eg aldri høyrt om han. Det er det eg har sagt til kongen, og ikkje noko anna.

"Kor er det blitt av den karen?" spurde kongen.

"Det er rett som Nikolas seier", innrømte Aslak. "Eg hadde ein son som heitte Heming. Han miste forstanden, og eg sende han langt vekk frå Torgar slik at ingen skulle få høyre om han. Sidan har eg verken spurt etter han eller høyrt noko om han, og veit ikkje om han lever eller er daud."

"Du skal ikkje ha fleire utgifter for vår skuld denne gongen. Vi reiser no, og du skal ikkje trenge å ta imot oss før neste år på same tid. Men då skal sonen din vere her, enten han har meir eller mindre vett. Og er han daud, vil eg sjå beinrestane etter han", sa kongen.

"Dette har eg ikkje mykje lyst til", svarte Aslak.

Dermed skildest dei. Kongen reiste heim og alt var roleg i landet, heiter det.

Her finn du meir

Meir om Heming Unge

Heming unge han kunne på skio renne. (Omkvede i folkevise)

Heming Unge er kjend gjennom folkeviser og segner. I islandske handskrifter står eit avsnitt om Heming (Hemingsthåttr). Kong Harald Hardråde sette seg føre å kappast i idrettar med ungguten Heming då kongen var på gjesting i Nordland. Kongen likte dårlig at Heming var betre enn han. Heming var ein glimrande bogeskyttar og skiløpar.

Forteljinga står i dei islandske handskriftene Hauksbók og Flateyjarbók, begge frå 1300-talet eller litt før. I totten som Tormod gjorde kjend, får vi høyre at Heming, son til Aslak på Torgar, blei fostra opp hos eit par gamle samar. Kongen pressa Aslak til å hente Heming, og ville prøve guten i idrett. Først skulle Heming skyte ei nøtt ned av hovudet til bror sin. Andre gamle idrettar dei kappast i, var svømming og skirenn.

Segner av same slaget er kjende frå både Island og Noreg. Ei bogeskyttar-forteljinga finn vi hos danske Saxo Grammaticus, som rundt år 1200 skreiv ei nokså lik soge om Kong Harald Blåtann og Palnatoke (Toke Palnasson). Toke var ein dansk høvding på midten av 900-talet. Han blei pressa av kongen til å treffe eit eple slik som Heming med ei nøtt, og tok hemn mot kongen seinare ein gong.

Bogeskyttarsegner er kjende frå England alt omkring år 800, frå før Kong Harald, og dei var kjende i Noreg i vikingtida, og spreidde seg vidare austover til Finland og og sør gjennom Tyskland til Sveits. Her er segna om Wilhelm Tell som blei tvinga til å skyte eit eple av hovudet til sone og hemna det sidan.

Forteljinga om den gode svømmaren er med i soger om Olav Tryggvason. Skiløparsoga kan vere av norsk opphav.

Ei vise om Heming og Harald kongen blei gjort kjend av Tormod Torfæus på 1700-talet. Visa om Heming Unge heng saman med to islandske sagaforteljingar frå mellomalderen. Viser om Heming er også kjende frå Færøyane og frå ulike stadar i her i landet.

[Ei kjelde: Wikipedia, s.v. "Heming Unge"]

Heming og Harald kongen
Kjempevise fra Setesdal
(Frå boka Norske folkeviser gjennom tusen år).

1. Harald site på breiom benke,
Talar han til sine menn. "Eg veit ikkje
Liken min eg, ufødde so er han enn."
(Hemingen unge, han kunne på skiomen renna)

2. Harald site på breiom benke,
ser yver alle si' sveinar.
"Eg veit ikkje liken min eg,
i desse fødesheimar."

3. Til svara liten smådrengen,
han var so snøgg i målet:
"Eg veit meg ei avrings kjempe
som vrid'e vatn or ståli."

4. So er hesten åt Hemingen,
kvar du han i vegen møter:
"Han er som ormen i augo sjå,
og elden or nasom frøser."

5. Og det var Harald kongen,
han uti nasane frøyner:
"Liver eg dag etter denne natti,
kjempa den skal eg røyne."

6. Det var årle um morgonen,
soli ho ryr på tinde,
fus var han unge Hemingen
Harald kongen å finne.

7. Dei prøvdest utpå leikarvollen,
soli ho ryr på toppom,
dei kunne ikkje kvarandre høva,
pilene møttest med oddom.

8. "Det ser eg unge Hemingen
at du er guten snjalle,
du skal skjota valnoti
av din brorens skalle."

9. "Skal eg skjota valnoti
av min brorens skalle,
so skal kongen neste stande
og sjå koss lutene falle.

10. Du tarv ikkje min sæle broder,
standa blå og bleik,
men stå du under valnoti,
og stå både rak og keik."

11. Det var Hemingen unge,
han hadde vel skote fyrr:
ein luten attyver herdi datt,
den andre lå atter kyrr.

12. Harald tala til Hemingen:
"Med bogen er du røynd'e
men kva vilde du med den pil
som du or doggeri løynde?"

13. "Hadde eg skote min broren
ha' det so ille hendt,
so hadde denne blanke pili
gjenom deg, Harald, skult rent."

14. "Det ser eg på deg, Hemingen;
du vil ikkje lata det falla;
du skal renna fjellet det
som drengene Snara kalla."

15. "Skal eg løypa fjellet det
som drengene kalla Snara,
so skal du kongen under standa
og sjå korleis eg mun fara."

16. Hemingen rende Snarafjellet
skii dei skreid i kringle, ­
det totte alle som såg derpå
som stjernone rapa av himle.

17. Hemingen rende Snarafjellet
skii skrall på snjor,
treiv'n i kongens akselbein
so nasane gruvla i jord.

18. Det var Heming unge,
vender seg atter på leid:
"Tykkjest du ha for lite fenge,
eg hev fulla råd til meir!"

19. Heming stig'e på eikeskiom,
renner han nord yver heie:
alle spyrja, og ingen veit:
kvar mun den drengen er heime?

20. Heming stig' e på eikeskiom,
renner seg nord yver hauge,
alle spyrja og ingen veit,
kvar drengen er lagen daude.

- Hemingen unge,
han kunne på skiom renna. -

Ordforklaringar

Avringskjempa = veldig kjempe.

Snjall = modig, flink.

Soli ryr = solen rødmer.

Lut = bit.

Fødesheimen = denne verden, jorden.

Dogger = kogger (pilehus).

Mod og mødde = trett og sliten.

På sunde = med svømming.

Tamd = øvd.

Grund = jord, slette.

Hoste seint = litt for seint.

Lata det falla = la kappestriden falle.

I kringle = i ring (slalom).

Lagen daude = hvor det er fastsatt av skjebnen at kjempen skal finne døden.

Skatten i Kjelshaugen på Bjørke

Ovanfor Knute-husa på Bjørke er ein haug som heiter Kjelshaugen. Ei "finske" sa til ein mann frå Knute-garden:

"Du skal ikkje fare her og reise oppi Nordland, men reis heim att og grav oppe i haugen ovanfor husa dine; der ligg ein kjel full av mynt – nok til å skatte for Noreg [til Danmark eller Sverige] i sju år. Men omkring kjelen ligg ein orm, og den mannen som finn denne skatten, skal bli helselaus alle sine dagar."

Skatten ligg der endå. Om det er redsla for å bli helselaus som har gjort at dei ikkje har grave nok, skal vere usagt." (Elling Urkegjerde.)

Med gild planlegging kunne dei enkelt komme til ved å la ein innbitt olding med grufulle plager og dauden i auga gjere dei aller siste spadetaka og sette krona på verket før dauden fridde han – No, segna finst i ulike variantar mange stadar.

Her finn du meir

Trollhatten-segn

Ei segn seier trollet Hestmannen laga hòlet i Trollhatten. Han hadde blitt forgapt i den fagre Lekamøya ein gong han såg ho og sju søstrer bade i lag. Han rei sørover for å røve ho med seg, men jentene fekk auge på han og flykta. Dei sju søstrene trøytna etter ei stund og slengde seg ned nær Alstahaug. Der blei dei til stein. Men Lekamøya sprang vidare.

Då Hestmannen blei klar over at han ikkje kom til å få tak i ho, la han ei pil i bogen og skaut etter ho. Kongen av Sømna hadde følgt med på kva som gjekk føre seg. No kasta han hatten sin framfor pila og berga jomfrua. Hatten med pilhòlet blei til fjellet.

Her finn du meir

Bjørnejakt og anna veiding

Veiding (jakt) blir det fortalt om både i den munnlege tradisjonen og i gamle dokument. I 1752 møtte brukaren på Monsajorda, Olav Olsson, på tinget på Nedste Mjelde i Haus og synte fram skinnet av ein bjørn. Det var Johannes Monsson, tenestguten hans, som hadde skote bjørnen. Elles blei bjørnen ofte drepen ved sjølvskot.

Dei gjekk også manngard etter bjørnen. Om dette fortalde Mons O. Fossmark:

Ved manngard var det visse grender som arbeidde i lag. Eldre, røynde skyttarar blei sette på stadar der dei trudde bjørnen tok leia når han blei utråka. Yngre folk og mindre dugande skyttarar blei sette til "skrellarar", dei skaut med laust krutt og skreik og huja.

Ein gong gjorde dei bjørneråk. Dei tok til uti Fossdalen. Der er ein stor heller med smal og trong inngang, men vid som ei stove inni. Der såg dei alltid etter om bjørnen haldt til.

Han Johannes Nilsson Stanghelle stakk hovudet inn i bjørnebølet og ropa: "Eg tenkje' d'æ best du he' deg ut no".

Bjørnen kom byksande ut. Joans slengde seg til sides, og bjørnen for i tanande laup utan å sjå etter skrellaren, medan han Joans blei liggande att vettskremd ei stund.

Bjørnen tok innetter Fossdalen. Der inne sat skyttarane Joans O. Fossmark, Sjur Sædalen, Bakka-Hansen og fleire. Joans var den første som såg bjørnen, og bjørnen stevja beint på han. Men han Sjur Sædalen, Gofar-Sjur, klarte ikkje å vente. Endå han var eit par skotføre frå bjørnen, sette han i å skyte. Bjørnen bråstogga med same, og han Joans var så nær at han såg kor ragget lufsa på bjørnen. Men bjørnen av frå leida så brennsnøgt at Joans ikkje fekk tid skyte.

Bjørnen sette til fjells. Men på denne leia sat Bakka-Hansen. Han skaut, men han hadde rive fengdotten og fengkrutet av fengpanna, og skotet gjekk ikkje av. Han gav seg ikkje, men sette etter bjørnen og kappsprang med han opp ei bratt brekke, og alt mens han sprang, spente han hanen på børsa og ville skyte, for i farten hugsa han ikkje at fengkruttet var borte.

Så fekk bjørnen unnabakke og kom seg frå dei innover mot Dalesetra. Der også var folk med i bjørneråket. Bjørnen kom seg likevel unna.

Her finn du meir

Klar av tenesta

Stabburet i Knutegarden er merkt av brann etter ein gut tente og tente på der midt i 1830-åra. Han var så plaga av heimlengt at han visste ikkje si arme råd. Halvt i ørska hadde han stole pengar, men ordna opp i det. Til slutt ei natt sette han eld på løa, og meinte han då skulle komme klar tenesta. Domarane synest ikkje å forstå . . . men dømte han til å ha "sitt liv forbrudt" for freistnad på mordbrann. Han skulle betale mykje som det måtte vere uråd for han å greie. Etter søknad fekk han straffa omgjord til livsvarig "slaveri" i bolt og jern, om no det var så mykje betre. I 1838 blei han innsett, men slapp fri i 1846.

Her finn du meir

Bjørn skoten

Karar frå Vaksdal råka ein bjørn frå bjørnehiet under Bjørnafjellet og Bjørnahellarane. Bjørnen tok ut, men dei fekk ikkje skot på han der. Han kom seg inn til Dale-fjella. Der kom han framom Sjur i Sædalen og Brygt i Skreiene. Han Go'far-Sjur Sædalen hadde ladd børsa si med tre kuler. Så snart bjørnen kom på høveleg skothald, sa han Brygt: "Du, Sjur, får, skyte først."

Sjur skaut, men då det small, blei han kasta attende bort i ei hole med noko av børsestaken att i nevane. Resten av børsa visste han ikkje kvar det blei av.

"Du skaut som ein skit", sa Brygt til han. Så skaut Brygt, og skotet råka bjørnen i ryggen så han gjekk av. Bjørnen rulla ut over fjellet. Dei fann han att der og køyrde han heim til Dale.

Huda gav dei til Brøk-kyrkja. Der blei ho liggande lenge. (Etter oppskrift av Johannes Leiro.)

Her finn du meir

Bjørn og oksar

Etter Einar Saure dreiv Elias Saure og Oggdals-Syver med oksar i Tyssedalen i yngre år. Største vansken skapte bjørnen, som hadde fritt spelerom der. Ein gong jaga han sju oksar uti det som seinare har fått namnet Oksehølen. Ein annan gong jaga han oksane på Tyssevatnet. Eine oksen blei biten så grovt at dei såg innpå lungene.

Her finn du meir

Heilag-Olav gøymde ein koparkjel full av gullmyntar

Det merkeleg fjellformasjonane i Molaupsstranda og Molaupsfjella har gitt næring til fantasien. På sørsida av den 900 meter høge toppen Molaupssåta er det eit hòl gjennom fjellet. Dette er synleg litt utpå fjorden mellom Strandabøen og Molaupen. Oppi hòlet skal det stå ein koparkjel full av gullmyntar. Det var Heilag-Olav som i eit knipetak, då han var på røming inn fjorden, gøymde kjelen der. Han skulle vidare gjennom Norangsdalen.

Her finn du meir

Barbro og 210 forliste menn

Om lag 700 båtar deltok i torskefisket omkring Gjeslingan i 1625. Den 23. februar det året omkom 210 mann i løpet av 2-3 timar i ein orkan som kom brått på. Ei kvinne, Barbro Hasfjord, fekk skulda for ulykka og blei brent på bål.

Barbro hadde budd på den vidstrekte garden Hasfjord lengst i aust på Ytre Vika. Garden låg lunt til. Kongen åtte garden. Ho var kanskje den Barbro som hadde lege med mannen sin før dei var gifte og som blir nærare omtalt for det også. I alle fall, Barbro Hasfjord blei brent i hel som straff for dårleg vêr for fiskarane - vêr som kom av trolldom, etter det folk forstod. "Det er vel sannsynleg at den Barbro som her er nemnd [for samleie], er den same som ein gong mellom 1645 og 1648 blei brent for trolldom." Forutan folketradisjonen har vi eit såkalla "thingvidne" frå 1649. Der står at Barbro blei avretta for trolldom. Barbro blei brent på Anfinneset, på staden som heiter Barbroberget, fortel bygdeboka. [Viknaboka, band 3, s 169-73.]

Her finn du meir

Nattverdsbrødsmular

Ein gong budde ei trollkjerring på Helle i Naustdal, og ho mjølka tomme kyrne til folk i området. Ein bonde fekk då fekk eit godt råd mot dette frå ein vis mann: Neste gong han gjekk til alters skulle han ikkje svelge nattverdsbrødet, men ta det med heim og blande smulane i fôret til kyrne. Då trollkjerringa frå Helle neste gong freista å mjølke kyrne til bonden, visna den eine handa hennar bort slik at ho blei vanfør.

Her finn du meir

Silda

Trollkjerringa på Helle i Naustdal skaffa seg ein tenestegut. Mora til drengen såg at guten blei tynnare og tynnare og ville vite om han ikkje fekk mat på Helle. Jo, han fekk då mat, svarte han, men han fekk ikkje lov å bryte sildebeina når han åt. Då skjønte mora at når guten ikkje braut i stykke sildebeina, kunne trollkjerringa mane ny sild på dei same beina. Slik sat guten og åt på den same silda gong etter gong, og slikt blei han ikkje mett og velfødd av.

Her finn du meir

Regle og landsforvising

Magnhild Åse i Åsedalen vakna med skrik og skrål ei natt. Ho meinte eitkvart hadde bite henne i kneet mens ho sov. Nokre dagar seinare kom Kambe-Knut-Kari til gards, smurde tjøre på det vonde kneet til Magnhild og las ei magisk regle.

Men trolldomskunstar kunne føre til skafottet eller på heksebålet i dei dagar. Då saka kom opp for vårtinget, blei Kambe-Knut-Kari landsforvist, og Magnhild som hadde tatt imot lækjeråda frå henne, måtte betale ei dryg bot. [NRK. Utdrag.]

Her finn du meir

Ulv, bjørn og bjørnejegerar

På garden Viddal var det stundom mykje udyr på ferde. På bestemte stadar sette dei gjerne opp snarer for både ulv og bjørn, og stundom fanga dei nokre. I 1778 fekk såleis viddalskarane åtte riksdalar for å ha skote seks ulvar. Bjørnen var likevel vissare; han slo inn fjøsdørene på både Viddal, Hole og Leira. Stundom jaga dei bjørnen i lag. Ein gong omkring 1850 heldt det på å gå retteleg gale. Somme karar jaga bjørnen i eit bestemt retning, dit Hau-Ola og Jørn-Bern sat og venta og skulle skremme bjørnen utfor ein berghammar når han kom. Men dei to rauk opp i ein politisk diskusjon, og før dei visste ordet av det, kom bjørnen farande. Ola bykste til og sette foten i sida på bjørnen for å drive han utfor hammaren, men bjørnen hogg klørne i vadmålsbuksa til Ola, så Bern hadde si fulle hyre med å slite Ola laus før også Ola fall utfor hammaren; ikkje berre bjørnen.

Her finn du meir

Rovdyr og bjørneoverfall

På Isane som andre stadar hende det at rovdyr tok dyr. Dette skjedde helst mens dyra var på beite, men frå Ytre Isane er det fortalt at bjørnen også tok dyr i fjøsen. Truleg var det i siste halvdel av 1800-talet at bjørnen to gongar rauk på sauefjøsen. Første gongen slo han inn døra og drap alt i {s 313] hop. Andre gongen heldt døra, men sauane blei så skremde at dei klyngja seg saman i andre enden av fjøsen. Her fekk bamsen fatt i dei gjennom ein glugge. Bamsen skifta mellom å skremme dei inn i hjørnet og å dra dei gjennom gluggen, og slik skal han ha fått drepe sju sauar.

Her finn du meir

Snøskred i 1896

I 1896 var det snøskred på eine bruket i Midtre Isane. Både våningshus og løa gjekk med i skredet, og folket blei tatt med. Kona på garden sat med rokken då det skjedde, og ho tviheldt på denne eigneluten medan stova raste ned mot sjøen. Drengen og bonden Anders måtte gravast laus. Husa låg knuste i ei røys, men alle hadde komme i frå det med helsa i behald: Anders slo seg på knea og lo, truleg fordi han var letta. {316]

[Gard-teksten er korta ned og omlaga med sidetilvisingar frå Bremanger bygdebok, 4. band.

Her finn du meir

Iherdige Anna

Anna på Alvheim tok på seg leigearbeid titt og ofte. Ein lys kveld midt på sommaren ho var ferdig med kveldsstellet, ville ho til å sy. Natta var lys, men då ho ville ta til med å sy enda ein stakk, reiste seg og tok etter vadmålsstoffet som hang over ei stong under bjelkelaget, høyrde ho "Adna, Adna." Ho let stoffet henge og gjekk til sengs. Ho skulle ikkje skiple roa til tunfolket, tenkte ho.

Her finn du meir

Snakk og spel

På Avsøla i Sogndal heldt trua på huldra eller "dei underjordiske" seg fram til 1850-åra. På den tida levde truverdige menneske som visste om folk som hadde blitt haugtatte. Dei visste om folk som hadde høyrt at huldra snakka og spela på ymse måtar. "Det var den gongen eg tente på Rygg", seier ein. "Eg kom ruslande nedover stølsvegen over Ospeseter. Best det var, tok det til å synge og spele borti Huldehamar, lokkande fint, så det dåra meg. Eg stogga og var med ein gong inne i eventyret. Då eg sansa meg, sette eg på sprang, men spelinga følgde meg like til heimegrinda. Eg var så redd, men eg bad Gud vare meg og las fadervår. Då heldt det opp." [Skrive ned av Ivar L. Navarsete, med noko endra stil og uttrykk her. jf. s. 439]

Her finn du meir

Vennlege underjordiske

I Øygarden utanfor Bergen var dei underjordiske vennleg stemte mot dei som dreiv jorda.

Ein av bøndene på Hjelme var ein dag ute og arbeidde på jorda i utmarka. Mannen sette seg ned for å ete nisten. Det var graut og mjølk han hadde med. Men han hadde gløymt skei. Han visste råd. Like bortom der han no sat, låg Kjyrehauen. Der inni heldt Kjyrebonden til. Mannen sa fram ei regle der han bad om å få låne ei skei fordi han hadde gløymt ei. Så la han seg nedpå for å ta middagskvilen. Då han vakna låg slik ei vakker sølvskei framfor han. [Asphaug 1992, 74-75]

Her finn du meir

Sporvetiend

På Fram-Saure i Hjørundfjord betalte dei sporveskatt eller sporvetiend - det var ein liten pengesum dei betalte einkvan prest for å bede dei fri for sporveplaga i kornåkrane. Dei kunne også kjøpe seg vern mot steinras og liknande på same vis. Det skulle vere presten i Vanylven som tok på seg dette. Ordninga stod ved lag til rundt 1930. Då blei avgifta innløyst med ein pengesum. Laus landskyld var nemninga.

Her finn du meir

Innhald


Gardssoger, lokalhistorier, gardshistorier  

Kjelder: [Boktilvisingar]

Gardssoger, lokalhistorier, gardshistorier, opp Seksjon Sett Neste

Gardssoger, lokalhistorier, gardshistorier BRUKARGAID: [Lenke]
© 2014–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]