|
Askvoll er ein kystkommune i Sunnfjord i Sogn og Fjordane fylke. Målforma er nynorsk. Det bur 3018 i kommunen (1.1. 2013). Askvoll kommune ligg på ei halvøy mellom Stavfjorden og Førdefjorden i nord og Dalsfjorden i sør. Til kommunen høyrer også fleire større og mindre øyer i vest. Kommunen grensar til Flora og Naustdal i nord, Førde og Gaular i aust og Fjaler i sør. Førde er den einaste kommunen Askvoll har ferjefritt vegsamband til. Administrasjonssenteret Askvoll er einaste tettstad. I fastlandsdelen av kommunen er jordbruket ein viktig næringsveg med mjølkeproduksjon og sauehald. På øyene er kystfisket viktig. Ein finn også ein del industri, og det har vore vekst i turistnæringa. Norrøn kolonisering av Island. Den første norsk-islandske landnåmsmannen var Ingolv Arnarsson (Arnesson) frå Rivedal på nordsida av Dalsfjorden i dagens Askvoll kommune. Etter Are Frodes tidsrekning slo han seg til i Reykjavik i år 874. Ingolv og fosterbror hans, Leif Rodmarsson, skal ha drepe to søner av Atle jarl på Gaular og måtte bøte med all eigedommen sin. Dei søkte seg land på Island, som var funne av norrøne vikingar få år i foørervegen. Om Ingolv fortel den islandske presten og historikaren Are Frode, og Landnåmabok (Landnåmabók) frå slutten av 1100-talet. Landnåmabok gir oversyn over landnåmsfolka (koloniseringsfolka) - 13 kvinner og 412 menn - og slektene deira: omkring 3 000 personnamn og 1 400 stadnamn. Landnåmaboka byrjar med Ingolf Arnarsson som buset seg i Reykjavik og krava hans om land i nord, vest, aust og sør. Ei rekke ættelister i boka fører spor tilbake til Noreg. Boka ei gild kjelde til både historie og genealogi for islendingar. Genforsking syner elles at dei fleste kvinnene på Island stammar frå kvinner som kom frå kystområde i Skottland og Irland, det vil seie frå område der vikingar herja og røva folk og fe og gods før år 1000. [1] Det blei reist ein stor statue av Ingolv i Reykjavik i 1907. Ein kopi blei reist i 1961 i heimbygda til Ingolv i Sunnfjord. Kyrkja og prestegarden og to sokneprestar derI mellomalderen låg ei av hovudkyrkjene i Sogn og Fjordane i Askvoll. Den første kyrkja i Askvoll blei venteleg bygd på 12- eller 1300-talet. Det blei bygd ny kyrkje der i 1604, og ho stod til 1859 då ho blei riven. I 1859 blei det bygt ei ny. Ho brann ned etter at lynet slo ned i 1862. Då - i 1863 - bygde folk den kyrkja som ligg i Askvoll-tettstaden. Gjennom tida har prestegarden i Askvoll vore tilhald for fleire prestar som har gitt bidrag til norsk kulturhistorie med meir: Soknepresten Christen Jenssøn gav i 1664 ut den første norske ordboka: Den Norske Dictionarium eller Glosebog. Christen var sokneprest i Askvoll 1636–53, og følgde etter far sin, Jens Mauritsen, som er ein av anane i vår familie. Det er meir om dei to nedanfor. [Sogn og Fjordane fylkesleksikon, s.v. "Askvoll"; "Prestegarden i Askvoll: kultursete og maktsentrum"] Vik, gnr 204Den austre delen av Askvoll på nordsida av Dalsfjorden omfatta Holmedal sokn, som blei overført frå Fjaler kommune til Askvoll i 1990. Og i 2006 blei Holmedal sokn og Vilnes sokn slått saman med gamle Askvoll sokn til eitt felles sokn. Garden Vik i det som var Holmedal sokn. låg altså i Fjaler før og ligg i Askvoll i dag. Etter kommunereguleringa i 1990 har gnr. 4 blitt til gnr. 204. Gnr. 204 bnr. 1 til 6 har alle bruksnamn Vik. Bnr 1 ligg ytst i fjorden. Garden Vik ligg noko sørvest i Holmedal, aust for Vikavika. Garden har hatt mange gamle namneformer opp gjennom åra, blant andre Wiigh og Wiig. Namnet viser til ei bukt, ein liten fjordarm. Vik er nemnd i midten av 1500-talet som odelsgods. Bønder blei etter kvart sittande som leiglendingar på den gamle odelsjorda for det meste. Garden ligg omkring ei noko langbøygd vik. Over Midt-Vik går eit mindre dalføre som ender i ein botn mot Hellesetheia i nord og Loftheimsåsen i sør. Tunet på Ytre Vik ligg 29 moh. (meter over havet). Vik har hatt støl - no nedlagt - 300 moh. i Dokka i lendet mot Nyksvatnet. Den første bonden i Vik som er namngitt i skattelistene er Olluff i Vigh året 1520. Dette året blei bonden i Vik pålagd å reie ut 41 1/2 lodd sølv, 3 1/2 mark, 3 skilling. Tillegg 18 skilling for jordegods og 1 lodd sølv for barnepengar. Han var største skattytaren på lange leier på Vestlandet, og skatten var utrekna etter 10 % av all eiga. Ola i Vik har vore ein grunnrik mann i samtida si. I åra 1624-26 er nemnde fire "jordeigne" bønder, og ein av dei heitte Lasse. I matrikkellista til futen Busch er dei fire nemnde 1626, med den merknaden at Vik "hadde temmelig god jord". I koppskattmanntalet* i 1645 er Lasse også bokført. Ved fetellinga i 1657 er Gregorius kommen med som eigar av 14 storfe, 9 geiter og 5 sauar. *koppskatt: skatt på kvar person. Ordet kjem frå tysk kopf, hovud. Ved manntalet i 1666 var Vik blitt mykje oppdelt. Der var då 6 menn som budde på garden, og Gregoris Jacobsen [også kalla Gregorius Jakobson i Radøy gjennom tidene], 40 år, var ein av dei. Åra 1672 og 1683 er Gregoris også nemnd. I 1684 døydde han. Ved manntalet i 1701 var det 4 bruk i Vik, og frå det året fører ein særskilt utgreiing om kvart bruk i Vik. Ytre VikYtre Vik, gnr. 204, bnr. 1 i Askvoll (før: gnr 4, lnr. 13. bnr.1 i Fjaler) - På det opphavlege bruket budde i 1666 bonden Gregoris Jacobsen, som døydde i 1684. Enka etter han heitte Agotte Herjesdotter Sætenes. Truleg var Gregoris frå Steien, Dale. Han blei først gift til Vik med enka etter Lasse, nemnd 1626 (ovanfor), og i ekteskapet med Gregoris fekk ho sonen Arne. Då denne kona døydde, gifta Gregoris seg om att, med Agotte. Dei fekk sønene Jacob og Anders. Slektslinja vår til Gregoris går via Anders Vik. Linja frå bestefar Iver ser slik ut:
Anar knytte til AskvollJens, Anne og Peder er Askvoll-anar i ei av slektsgreinene våre. Jens Mauritsen blei født rundt 1573 i Viborg, på Jylland i Danmark, og døydde seinast i 1636 i Askvoll, Sunnfjord. Med førstekona, enka Kristine Hansdotter, hadde han sonen Christen (Askvoll bygdebok, bd 1, s 312-13), også kalla ordbokspresten. Med andrekona si, Anne Christensdotter, fekk Jens fire barn, og Peder (1612-1684) heitte ein. Han slo seg ned på Amla i Kaupanger, Sogn. Jens var kapellprest (kapellan) i Askvoll frå 1598, sokneprest frå 1627 og om lag samstundes prost i Sunnfjord prosti. Som kapellan var Jens iallfall delvis busett på Sør-Eimind i Askvoll, som sokneprest vel på Askvoll prestegard. Jens dreiv to sagbruk på Amla i Sogn i lag med Morten Lauritsson Amble. Sonen Peder Jensson overtok det faren eigde i Amla i Sogn. Omtala som hr. Jens Mauritsen, "Johannes Mauritij Wiburgensis", på Askvoll er Jens nemnd i Riksarkivet under skapsaker der. [Lenke] [Jf. Store norske leksikon, s.v. "Christen Jenssøn (Utdjupingsartikkel)"] Frå Askvoll bygdebok, band 2 AHr. Jens (Moritzen), (prosten), budde på garden Eimind Sør (gnr 20) i Askvol 1608/09 - "truleg til sin død og enkja Anne Christensdotter brukte garden solenge ho livde ikr. 1660. {s. 198] . . ." Jens er også knytt til prestegarden Askevold Nedre (gnr 23), med Prestøy. Garden heitte opphaveleg Kvame. I 1300 åri var garden rekna for å kunne yta presten "fim månada mate" [mat til huslyden for fem månadar]. Garden vart ikkje skyldsett før ved eit matrikuleringsarbeid i 1723, for han var presten sin "frigard" og kom då ikkje inn i noko skatteliste. I 1723 vart det gjort framlegg om å verdsetje han til 1 1/2 laup smør. Forfattaren av bygdeboka nemner berre éin av sønene til Jens. Christen Jensson. Han var født rundt 1606 og blei sokneprest her etter faren. Christen Jenssøn, "ordbokspresten"NRK Sogn og Fjordane skriv i fylkesleksikonet sitt: Christen Jenssøn Askevold (1606-1653). Prest i Askvoll. Ordbokforfattar. Gav ut den første norske ordboka i 1646, "Den Norske Dictionarium eller Glosebog". Mesteparten av orda er samla frå daglegtale i Askvoll. I 1653 drukna presten og dei to rorskarane hans ved Skiveneset i Hyllestad på heimveg frå ei av kyrkjene i soknet. Christen blei gift (truleg i 1631) med Dortea Caspersdotter. Som enkje budde ho på Olset [gnr 30] i allfall fram til 1668, skriv Loftheim. I Bjørgynjar Kalfskinn i 1600 er nemnt at "presten skulle ha seks månadsmatbol i Olset. Skyld 1 1/2 laup smør, brigda til 5 pd i 1648, som er 1 lp 2 pd i 1692." Hit flytta altså enka etter Christen, "Presteenken Dorette Casparsdotter 1654-1668. Ho overlét bruket til sonen deira, Jens Cristenson (Klingenberg, med bustad Olset 25). Han - også skrive Jens Christensen - var 34 år i 1666, flytta til Kinn, og blei klokkar der. (Loftheim 1971:263-64, passim) [Abraham Loftheim. Askvoll Bygdebok: Folket. II A. Ættarbok frå det 16.århundrad til 1969. Askvoll: Askvoll sogenemnd, 1971:393.] Christen Jenssøn i Store norske leksikonChristen Jenssøn, sokneprest i Askvoll 1636-1653, var prest i heimbygda Askvoll i nærare 20 år. Ettermælet hans er knytt til den første trykte ordboka over norsk folkespråk. Jenssøns danskfødte far var sokneprest i Askvoll. Sonen blei immatrikulert ved universitetet i København. Han etterfølgde faren som sokneprest i 1635/36 og blei i Askvoll til han døydde. Christen er knytt til prestegarden Askevold Nedre (gnr 23), med Prestøy. Han blei gift (truleg i 1631) med Dortea Caspersdtr. Som enkje budde ho på Olset [i Askvoll frå 1654 og] i allfall fram til 1668, skriv Loftheim (1971:263-64, passim) Loftheim skriv også: I 1300 åri var garden rekna for å kunne yta presten "fim månada mate". Garden vart ikkje skyldsett før ved eit matrikuleringsarbeid i 1723, for han var presten sin "frigard" og kom då ikkje inn i noko skatteliste. I 1723 vart det gjort framlegg om å verdsetje han til 1 1/2 laup smør. I 1643 ble Jenssøn stilt for retten, klaga av en leiglending for drukkenskap, slagsmål og tenesteforsømming. Han blei frikjend. [Detaljar i saka] Biskop Ludvig Munthe oppmoda Christen til å omsette ei kortfatta truslære av den tyske teologen Nicolaus Hunnius frå tysk til dansk, og det gjorde Christen: I 1646 blei hovedverket hans, Den Norske Dictionarium eller Glosebog, gitt ut i København. Christen Jenssøn - med danskfødt far frå Viborg i Jylland - skriv i fortalen til ordboka at han tileignar boka til "alle gode Norbagger, som ere mine kiere Landmænd", og han ønsker at "voris gode oc gamle Norske Sprog ... diss klarligere kunde komme for Dagen, oc fra de andre adskillis". Dictionarium har også med bilde av ein norsk primstav, med forklaringar på merkedagane. Dictionarium har vore og er ein viktig bok: Mykje av ordforrådet i Erik Pontoppidan den yngres Glossarium Norvagicum (1749) er henta herifrå. Seinare er språkmaterialet brukt av W. F. K. Christie, Ivar Aasen og andre, og stoffet om primstaven har blitt brukt av Peter Andreas Munch. Men boka blei også brukt som kjelde allereie i 1668, av Erik Pontoppidan den eldre i hans Grammatica Danica. Christen Jenssøn drukna jonsoksdagen i 1653 på veg heim frå ei av annekskyrkjene etter gudstenesta. Av barna hans blei ein son, Caspar (Kasper) Christenssøn Kling (el. Klingenberg), sokneprest i Kinn; ein annan son, Jens, blei klokkar hos broren. |
Jenssøn, Christen. Den Norske Dictionarium eller Glosebog. København 1646 (ny utg. ved T. Hannaas, Ældre norske sprogminder 3, Kristiania 1915, diplomatarisk utg. Bergen 1946) Loftheim, Abraham. Askvoll bygdebok I. Kristendomens innføring år 996. Kyrkjehusi, gravplassane, prestekallet, prestane og anna personell m.m. 1306 – 1963. Askvoll: Askvoll sogenemnd, 1963. Loftheim, Abraham. Askvoll bygdebok: Folket II A: Ættarbok frå det 16. århundrad. Askvoll: Askvoll sogenemnd, 1971. Losnegård, Gaute. Havfolk og fjordfolk. Allmennsoge for Askvoll. Bind I. Askvoll: Askvoll kommune, 2009. NRK fylkesleksikon, Sogn og Fjordane, s.v. "Askvoll" NRK fylkesleksikon, Sogn og Fjordane, s.v. "Prestegarden i Askvoll: Kultursete og maktsentrum" Store norske leksikon, s.v. "Askvoll". Wikipedia, s.v. "Askvoll" Note
|
Seksjon | Sett |
BRUKARGAID: [Lenke] © 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post] ᴥ Ansvarsfråskriving: [Lenke] |