Norsk del, Gullvekta
Bremanger lokalhistorie i utval
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

Bremanger

Bremanger kommune er ein kystkommune på sørsida av ytste del av Nordfjorden, med tettstadar som Bremanger, Igland, Davik, Kalvåg og Svelgen. Svelgen ved Gulenfjorden er administrasjonssenteret. Målforma er nynorsk. Busetnaden er ganske jamt fordelt. Øyene er knytte saman med bruer, tunnel og ferjer. I indre del er det ferjesamband somme stadar - så som over fjorden ved Isane. Kommunen har snøggbåtsamband nordetter, søretter til Florø og Bergen, og dessutan ferjefritt samband. Næraste flyplass er i Florø.

Bremanger svarer til sokna Bremanger, Frøya og Berle i Bremanger prestegjeld, Sunnfjord prosti; og sokna Midtgulen, Davik, Rugsund og Ålfoten i Davik prestegjeld, Nordfjord prosti. Begge sokna er i Bjørgvin bispedømme. Ei grein i slektstreet vårt kjem frå Isane i Davik prestegjeld.

På ein gard ved Frøysjøen rett overfor den høge sjøklippen Hornelen, ligg eit av Nord-Europas største helleristingsfelt med over 2000 figurar. Ved Skatestraumen er det dessutan registrert om lag 150 buplassar frå sein steinalder (som var 2400–1800 fvt., før vår tidsrekning) og tidleg bronsealder (i Noreg: ca. 1.500–500 fvt). Funna syner at det blei drive jordbruk, fangst og februk.

Klimaet er mildt og fuktig. Næringsgrunnlaget i ytre delen av kommunen har vore knytt til fiske- og fiskeforedling og -omsetting, og slik verksemd er enno viktig. I Svelgen er eit smelteverk med om lag 290 årsverk. Elles er der jordbruk, skogbruk og sørvisverksemder. Langs Nordfjord er det jordbruk som har mest å seie.

Kommunen har ein svært variert natur. Vegetasjonen i lågare strok er frodig. Fjellet Hornelen er den høgaste sjøklippa i Nord-Europa. Det finst nokre segner om hekseklippen Hornelen. [Sauerittet], [Heilag-Olav ved Hornelen].

Indre Isane

Isane

Indre Isane (gardsnummer 110) ligg lengst aust av Isane-gardane, og grensar mot Isehaugen. Alle bruka på Isane ligg temmeleg brattlendt, men har samstundes god jord og eit fjellbeite som har gitt rom for eit etter måten stort husdyrhald. Gardane har også i fellesskap hatt fjellområda på sørsida av fjorden, frå ovanom Fleberget i vest til Yksnelvene i aust. {s. 307]

Gardsnamnet

Lokalt blir dei tre matrikkelgardane stort sett berre omtalte under eitt som ísanne. Dativsforma íså blir også framleis brukt. Namna er skrivne på ulikt vis opp gjennom historia. Den eldste skrivemåten er frå Bjørgvin kalvskinn* (kring 1350) og eit diplom frå 1348 som nemner Ystum Isum og Midijsum. Frå 1500-talet har ein berre Midisse, medan ein på 1600-talet mellom anna finn Ytter Issen, Mit Issen og I Iße (truleg indre Isane). I 1723 blei dei omtalte som Ytter Iisen, Mid-Iissen og Indre Iissen. Frå 1800-talet av blei formene Isane ytre, midtre og indre vanlege. Seinare har det også vore vanleg å sette ytre, midtre og indre først. Både Isane og Isene er brukt som familienamn.

Namnet er mest truleg avleidd av is. Det er såleis truleg at garden har fått namn etter Isefjorden, som igjen har fått namnet sitt fordi Yksnelvene jamt over var tilfrosne om vinteren.

Bjørgvin kalvskinn: Bjorgynar Kàlskinn. Dette er ei jordebok med oversyn over dei geistlege jordeigedommane i Bergen bispedømme på midten av 1300-talet.

Dei eldste spora etter folk på Isane

Det er vanskeleg å vite kor tidleg her var fast busetnad. Det synest likevel ikkje urimeleg at det alt i vikingtida eller i tidleg mellomalder fanst ein gard kalla Isar, som seinare blei delt i to eller tre gardar då folketalet auka. At det midt på 1300-talet fanst to Ise-gardar, kan tyde på det. Indre Isane-garden er større enn Midtre Isane; det er grunn til å tru at Indre Isane blei tatt i bruk før Midtre. Det ser ut til at Isane blei lagt øyde etter svartedauden [frå år 1349] - Bispejordeboka frå kring 1600 syner at alle dei tre gardane då var i bruk.

Landskylda*

Indre Isane: 1600: 1,5 laup smør [dvs. 23,1 kg smør i alt], 1 sau. 1626: Uendra. 1667: Uendra. 1838: 6 skylddalar og 18 skilling. {309]

* Landskyld: Årleg leige som ein leiglending* betalte til jordeigaren. Landskylda fungerte også som verdimål på ein jordeigedom ved sal, kjøp eller arveskifte. Landskylda kan vere oppgjeven i naturalia så som fisk, eller i pengar som blei vanleg seinare.

* Leiglending: Også kalla bygselmann. Ein som leigde (bygsla) jord av ein jordeigar.

Eigarar av Isane

Prestebolet* i Eid åtte partar i Isane kring 1600. Seinare høyrde delar av Indre Isane også vidare høyrde til prestebolet, Prestebolspartane i Indre Isane blei løyste av brukarane i 1836 og 1846.

* Prestebol tyder opphavleg prestegard. Prestebolsgods er ofte brukt om jordegods som låg til eit presteembete og som presten enten brukte sjølv eller hadde leigeinntekter av. Er også kalla prestebordsgods.

Folketalsutviklinga på Isane

Kjeldene til folketalsutviklinga fram til 1801 er ganske usikre, men gjev likevel nokre peikepinnar på korleis folketalet har utvikla seg. Den eldste kjelda til folketalet for Nordfjord er koppskatten* frå 1645. Ifølge den budde det då 38 menneske på Isane. Av desse budde 16 på Isane indre. Kyrkjebøkene syner at det var noko fleire menneske midt på 1700-talet, og at det auka vidare fram mot 1800. Sidan 1630-åra hadde det vore fire bruk på Indre Isane.

Koppskatt: Skatt på kvar person. Ordet kjem frå tysk Kopf, hovud.

Mykje plassfolk*

Folketalet auka mykje ut etter 1800-talet. Den viktigaste årsaka var at fleire born voks opp og at det var fleire plassfolk. Dette var hushald som hadde mellom ei og fire kyr kvar, nokre sauar og litt korn og poteter. Kva dei levde av utanom dette, er vanskeleg å vite sikkert. Sidan fire av husmennene* var fødde på Isane, kan det tenkast at dei arbeidde ein del på heimegardane. Dette var ei tid då det var råd å finne mykje arbeid ikring, og fisket var godt. Men få år etter hundreårsskiftet var det ikkje plassfolk att på Isane.

Avviklinga av husmannsplassane førde til at folketalet fall mellom 1875 og 1900. Også vidare ut etter 1900-talet gjekk folketalet noko ned. {311]

* Husmann: I boka er nemninga plassing og plassfolk mest brukt. Ein husmann er ein som leigar umatrikulert jord, som regel i utmarka. Ein taler om to hovudtypar husmenn: dei med jord og dei utan. Dei som ikkje leigde jord, men berre hadde festesetel på ei tomt blir også ofte kalla for strandsitjarar. I eldre kjelder kan omgrepet husmann også vere nytta om ein med dårleg skatteemne eller ein som var rydningsmann.

Næringane på garden

For dei tre gardane på Isane har naturgrunnlaget vore nokolunde likt. I tillegg til gardsdrifta har fisket vore viktig som næringsveg og som matkjelde for hushaldet. Levebrødet var gardsdrift og fiske. Ifølge ei lokalt segn var det også mykje skog her i tidlegare tider, men det må i så fall vere langt tilbake, vel før 1500- og 1600-talet.

Kvegskatten* frå 1657 og matrikkelen frå 1667 syner at folket på alle Isane avla 62 tønner havre og hadde eit husdyrhald som tilsvarte 105 kyrlag*. Det blei avla om lag halvanna tønne havre per person. Dette var i minste laget til at {312] dei var sjølvberga, og ein må rekne med at i alle fall nokre av familiane måtte kjøpe ein del korn. Husdyrhaldet på denne tida var mellomstort, sett i høve til elles i Bremanger.

Det ser ikkje ut til at det skjedde store endringar i åkerbruk eller husdyrhald i løpet av 1700-talet. Dette var eit hundreår då det var store svingingar i fisket, men det ser ut til at livsgrunnlaget var rimeleg stabilt på Isane. Det var såleis ingen som måtte gå ifrå garden på denne tida.

Kvegskatt: Skatt for bøndene, utrekna etter dyrehaldet.

Kyrlag: Eit kyrlag er lik normalverdien for ei god ku. I eldre tid nytta som uttrykk for kor stor buskapen var, og brukt i oversikter over husdyrhald på gardane. Eit kyrlag = 1 ku = 6 sauar/geiter = 2 grisar = 1/2 hest.

Poteta kom i jorda

Innføringa av poteta kom nokolunde samstundes i heile Bremanger. Frå Isane har ein ei segn om korleis den første poteta kom til gards. Det er fortalt at ho blei funnen på fjellet av ein av isarane. Sidan han ikkje hadde sett slikt før, plukka han opp poteta og putta henne i votten. Vel heime blei både votten og innhaldet gløymt, og først utpå våren oppdaga ein at det voks ut groar. Ein annan kar som hadde høyrt om poteter før, rådde dei til å sette poteta i jorda så dei kunne få fleire om hausten. Det blei gjort. Og slik kom poteta til isarane, seier segna.

Jordbruksproduksjonen på Isane på 1800-talet

Folketeljinga frå 1835 syner at det då var poteter på kvar gard på Isane. Samstundes som ein fekk meir poteter, auka ein også på med havre, bygg og blandakorn*. Går ein fram til 1865, vil ein sjå at dei dette året truleg hausta meir enn 200 tønner* havre og 151 tønner poteter. Reknar ein dette om i næringsverdi, vil ein sjå at dette var nok til å gjere alle på Isane sjølvberga. Ein kan rekne med at medan nokre familiar måtte kjøpe ein del korn, var det andre som hadde eit så pass stort overskott at dei kunne selje til andre.

Førearbeidet til ny matrikulering* i 1866 syner at Isane indre og Isane midtre fekk fråtrekk på grunn av flaumskade frå elva. Elva var likevel mest til fordel for isarane, sidan dei her hadde god vassføring til kvernene. Elles blei det kommentert at Isane Indre verken var særleg lettdriven eller tungdriven. Husdyrhaldet blei for alle gardane rekna som normalt og høveleg stort i forhold til hamnegangen.

* Blandakorn: Havre med noko bygg i, sådd i lag, blei kalla blandakorn.

* Tønne: 1 tønne korn blei før år 1600 rekna lik 162 liter, etter år 1600 lik 194,4 liter. Og frå 1683 var 1 tønne korn = 139 liter.

* Matrikkel: Offentleg register over grunneigedom.

Rovdyr og bjørneoverfall

På Isane som andre stadar hende det at rovdyr tok dyr. Dette skjedde helst mens dyra var på beite, men frå Ytre Isane er det fortalt at bjørnen også tok dyr i fjøsen. Truleg var det i siste halvdel av 1800-talet at bjørnen to gongar rauk på sauefjøsen. Første gongen slo han inn døra og drap alt i {s 313] hop. Andre gongen heldt døra, men sauane blei så skremde at dei klyngja seg saman i andre enden av fjøsen. Her fekk bamsen fatt i dei gjennom ein glugge. Bamsen skifta mellom å skremme dei inn i hjørnet og å dra dei gjennom gluggen, og slik skal han ha fått drepe sju sauar.

Betre fôrstell

Sist på 1800-talet og ut etter 1900-talet blei husdyrhaldet forbetra gjennom betre fôring, medan det i åkerbruket etter kvart blei mest heilt slutt på kornavlen. Jordbruksteljinga frå 1939 syner at det dei siste ti åra hadde blitt dyrka opp 31 mål, og at det var eit dyrkingspotensial på 255 mål (128 på gnr. 108, 41 på gnr. 109 og 86 på gnr. 110). Dette står i kontrast til matrikkelkommisjonen frå 1866, som noterte at ingen av bruka hadde meir dyrkande mark.

Reveal

I siste del av mellomkrigstida blei det investert ein del i reveal på Indre-Isane. Det var 6 vaksne og 13 ungar med sølvrev på Isane indre. Fôret var for det meste truleg laga av fiskeavfall, og kanskje noko slakteavfall.

Reveal er engelsk for openberre, avdekke. (Alvor og fleip samanblanda)

Etterkrigstida

Få år etter okkupasjonen var det berre poteter dei dyrka. Andre endringar kom også til. I 1939 var det 18 hestar på Isane, men i løpet av dei første to tiåra etter krigen blei dei fleste av dei erstatta av traktorar og tohjuls slåmaskinar. Garden hadde vore etter måten godt mekanisert også før krigen, med arbeidskjerrer, høyvogner, river og slåmaskinar, men arbeidet blei no monaleg letta. Særleg må det ha vore eit framsteg å få motorslåmaskin i dei brattaste bakkane, der hesten ikkje hadde klart å dra slåmaskinen.

Geitehaldet var mest slutt på 1900-talet. På bnr. 1 og 2 på Indre Isane dreiv dei ei tid med ysting av geitost, men dette var så tidkrevjande at dei slutta etter eit år.

Jordbruksteljinga frå 1969 syner at andre næringar hadde overtatt som hovudnæring. Av dei 13 brukarar på Isane var det berre to som rekna gardsbruket som sin viktigaste leveveg. Resten henta storparten av inntektsgrunnlaget frå arbeid andre stadar.

Paradoks i tida: Ein får betre og betre jordbruk ved å la maskiner overta store delar av jobben, og til sist blir mest alt jordbruket lagt ned . . .

Slutt på seterdrifta

Fleire av brukarane på Isane ytre hadde tidlegare seter på Longemyra (bnr. 1, 2, 5 og 7) ovanfor garden. Tidlegare hadde også Snarkelhola og Kattenklubben blitt brukte. På Indre Isane brukte dei Gunnarssætra (før kalla Gunnasetra, bnr. 2 og 3, og dessutan brukte deiog Gamlesetra, bnr. 1 og 4).

Det er fortalt at det før 1900 verken var sel eller fjøs på nokon av setrene. Ein gjekk då opp og ned to gongar for dagen for å mjølke. Dette var temmeleg tidkrevjande og slitsamt. Det var derfor ei stor forbetring då det blei bygt sel og fjøs. Det skal ha vore Isane indre som i 1903 bygde dei første sela og fjøsane. {s. 314] I løpet av 20-og 30-talet blei det bygt seterhus på alle sommarsetrene. Nokre av brukarane hadde framleis mjølkestaden nærmare tunet, som dei brukte om våren og hausten, men her blei ikkje bygt hus.

I løpet av 50-talet og først på 60-talet tok setergåinga slutt. Her som elles blei det vanskeleg å finne folk til dette arbeidet, samstundes som meierileveringa førte til at det blei meir praktisk å levere direkte frå garden.

Fiske

Laksefiske har ein truleg drive like lenge som her har vore gardsdrift. Skiftematerialet syner at det på 1700-talet var seksæringar* og færingar* på kvar gard, og i nokre tilfelle slagkeipingar* og firroingsbåtar*. I tillegg til laksegarna hadde dei ein god del sildegarn, både småsildgarn og vårsildgarn. Torskegarn hadde dei også, men berre eitt og anna. Elles fiska ein med snøre eller "dybsogn", juksa.

Sildefisket må ha vore viktig også på 1800-talet, og ein må rekne med at isarene hadde notlag, men det var ingen gode kastevågar på sjølve Isane.

Sunnmørsfæring
Færing, (av fire + åre), robåt for fire årer [Sjå større bilde]
Båtar ein kan ro og somtid segle med, får namn etter kor mange årepar dei har. Kva ulike båttypar blir kalla, varierer også mellom ulike landsdelar.

* Færing: (frå norrønt feræringr, "firar") er ein open robåt med to par årer. Det finst færinger av alle robåttypane frå Rogaland til Finnmark. Dei fleste er spisse i begge endar (spissgatta). Overgangen til seksæring blir nokså flytende.

* Seksæring: Seksring, seksæring eller treroing er ein open spissgatta robåt med tre par årer [spiss i begge endar]. Overgangen mellom færing og seksæring, og mellom seksæring og firroing, er flytande. Fram til ca. 1920 var seksæringar minst like vanlege som færingar, men no er dei nokså sjeldne. Tre roarar i ein seksæring blei ofte nytta til så som jordmorskyss. I Nord-Noreg finst munnhellet: "Vårherre er sterk, men tre mann i en seksæring er óg nokka!" [Wikipedia, s.v. "seksring"]

* Firroingsbåt: robåt med fire par årar. På Midt-Vestlandet også kalla firkeiping eller slagkeiping somme stadar.

* Slagkeiping: keiping: båt med seks par årer. Slagkeipingen var nytta til fiske ute på havet sommarsdagen, på sildefiske, til kyrkjebåt, losbåt og føringsbåt.

Endra forhold

Dei første åra etter krigen hadde framleis mange av brukarane på Isane inntekter både frå fiske og gardsdrift. Notfisket etter sild var viktig på 50-talet, slik det hadde vore i periodar før krigen. Ein del dreiv også framleis med torskefiske, men fiskarhyttene som ein tidlegare hadde på Frøyalandet og på Vågsøy blei ikkje brukte lenger. Nye jobbar kom til, og fisket spelte etter kvart mindre rolle enn tidlegare. Etter 1960 blei også nokre gardsbruk lagde ned, eller pakta bort, medan veksten og moderniseringa heldt fram på andre bruk.

Snøskred i 1896

I 1896 var det snøskred på eine bruket i Midtre Isane. Både våningshus og løa gjekk med i skredet, og folket blei tatt med. Kona på garden sat med rokken då det skjedde, og ho tviheldt på denne eigneluten medan stova raste ned mot sjøen. Drengen og bonden Anders måtte gravast laus. Husa låg knuste i ei røys, men alle hadde komme i frå det med helsa i behald: Anders slo seg på knea og lo, truleg fordi han var letta. {316]

[Gard-teksten er korta ned og omlaga med sidetilvisingar frå Bremanger bygdebok, 4. band. Tilleggsforklaringar frå ulike kjelder er sett inn av meg. - TK]

Innhald


Frå Bremanger gardshistorie, litteratur  

Svihus, Årstein. Bremanger bygdebok. Band IV: Gards- og ættesoge for gnr. 96-117. Svelgen: Bremanger kommune, 2006.

Elles:

  • NRKs Fylkesleksikon, s.v. Bremanger".
    www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Gaular

  • Store norske leksikon, s.v. "Bremanger".

  • Wikipedia, s.v. "Bremanger kommune".


Bremanger gardshistorie, Isane gardssoger, opp Seksjon Sett Neste

Bremanger gardshistorie, Isane gardssoger BRUKARGAID: [Lenke]
© 2013–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]