![]() |
Shankaracharya Brahmananda | |||||||||||||||||||||||||||||
|
InnleiandePå den første pressekonferansa si i USA, onsdag, 29 April 1959, fortalde Maharishi Mahesh Yogi om det åndelege føremålet sitt, å regenerere heile verda,, og la til:Livet mitt begynte i sanning ved føtene til meisteren min då eg fekk lære løyndommen med kjapp og djup meditasjon. Det er ein løyndom som eg no gjer verda kjent med.
Den første april 1941 blei den høgakta Brahmananda Shankaracharya overhovud for Jyotir Math, Badrikashram, Himalaya, og var sia kjent som Jagadguru Shrimad Swami Brahmananda Saraswati Maharaj Ji. I TM-krinsar blir han omtala som Gurudev eller Guru Dev. Ei historie frå opplæringstida
Blant dei som stimla saman for å få eit signande kikk på dei var ein mjølkemann av prestekasten. Han pla by mjølk til dei heilage som vitja staden. Brahmananda ordna det slik med mannen at leverte dei ein halv liter mjølk dagleg, og kokte og serverte den for guruen sin kvar kveld. Men ein dag sa kona til mjølkemannen: "Kua har gitt svært lite mjølk i dag. Det blir ikkje ein gong nok til barna." Mannen hennar tok ikkje omsyn til henne og leverte som vanleg ein halv liter til dei vørde gjestane. Men då Brahmananda varma opp mjølka og serverte den for meisteren sin, sa meisteren: "Det er ve i den mjølka i dag. Eg kjem ikkje til å drikke den. Ver snill og lever den attende til mjølkemannen og be han slutte å gi oss." Brahmananda gjorde det. Så, etter ein halv månads tide døydde sonen til mjølkemannen. Heile staden frykta at Krishnananda hadde blitt misnøgd med mjølkemannen, som derfor hadde mist sonen sin. Då han høyrde dette, sa Krishnananda til Brahmananda, "Når folka her tek liket til guten til kremeringsstaden, så be dei sende bod på meg før dei lagar bålet å brenne han på." Slik skjedde det også. Liket blei lagt på bakken og Krishnananda kom til staden. Han sparka blidt til det livlause hovudet med foten sin, og sa: "Korfor søv du så mykje?" Og så kom guten seg på føtene. Etterpå sa Krishnananda til Brahmananda då dei kom til hytta si på staden: "Det er betre å dra frå denne staden med det same, før alle dei døde her tek til å mase på oss for å få liv!" Og med det tok han i veg. [Attgitt frå The Whole Thing - The Real Thing [Lenkje] Han skulle skunde seg attendeMange gonger blei Maharishi sendt av stad i slike ærend. Men ein gong snåva og fall han i farten. Etter å ha børsta av seg støvet, bøygde han seg ned for å ta opp att den dyrebare beskjeden frå guruen sin. Men seglet hadde blitt brote i fallet, og han kunne ikkje halde seg. Han las: "Ver god å fortelje denne eleven under opplæring at han skal vende tilbake straks." Shankaracharyaen var oftast høgtidsstemt, men stundom smilte han strålande og synte livleg sans for moro og lystigheit - ein heller gåtefull kombinasjon -
Etter ønske av Brahmananda blei den nære disippelen hans, Sri Swami Shantanand Saraswati Ji Maharaj, innsett som etterfølgjaren hans på Shankaracharya-trona den 12. juni 1953. Og Mahesh gjekk inn for lange økter i djup stille ved Gyan Mandir i Rishikesh. I ei hole der "er det ro. Ingen lyd. Svalt om sommaren. Varmt om vinteren". Han kom seinere fram for å breie ut TM-teknikken og det som følgde. Han sa om Shankaracharyaen si kjernelære, "Den åndelege læra hans er enkelt og klår og går like heim til hjertet". Det som følgjer søkjer å formidle den svært hendige læra til Shankaracharya Brahmananda: Gud signe deg.
Utdrag av læra til Brahmananda
| |||||||||||||||||||||||||||||
![]() |
| Shankaracharya Brahmananda Saraswati |
Å konsentrere seg om det ikkje-framviste (umanifesterte) er ikkje mogeleg. [Brahmananda]
Ha bagasjen pakka og klar. [Brahmananda] (Tyding: La ikke døden finne deg ubudd.)
Vær omhyggeleg og varsam.*
Når hugen sannar Gud, blir den varig etablert der og ønskjer ikkje andre ting. [Brahmananda]
JAMVEL berre litt av [Guds] nåde kan gi sjela (jiva) alt som er godt og til fulle. [Brahmananda] ◊
Hug blir alltid med deg. Sjølv på hi sida. Så knyt hugen til Evig Eksistens som er i både levande og døde ting, og er den eineste varige eininga, og den høgste. Bitt hugen din til Han. [Brahmananda, lett modifisert]
Lær til å gjere full bruk av menneskekroppen. Ein burde ikkje sløse vekk denne sjansen. [Med Brahmananda]
Den [figurative] fyrsten vil leve i sæle. [Brahmananda]
Ein burde vere heldig nok til å gjere lønsame forretningar. [Brahmananda]
Det finst tre slags vern og teneste : Det høgaste er som ei landskjelpadde; den mellomste er som fiskar; og det lågaste er som fuglar.
Skjelpadda beheld ikkje egga sine nær seg. Fisken kjem ikkje nær egga sine. Fuglen vernar egga sine ved støtt å sitje på dei.
På landskjelpaddemåten hjelper den store åndelige guruen, vernar og fører den oppriktige disippelen sin ved konsentrasjon på og observasjon av korleis disippelen oppfører seg.
![]()
Litteratur
2. Svineplommer (art: Spondias mombin) blir dyrka for dei etande, plommeliknande fruktene. Den store steinen i kvar frukt har mange piggar og er vanskelig til å skilje frå fruktkjøtet.
Lotm: Mahesh, Maharishi Livskunst og transcendental meditasjon. Ny utg. Oslo: Miki, 1979.
Mm: Roth, Robert. Maharishi Mahesh Yogis TM: Transcendental Meditasjon. Rev. utg. Mesnali: MIKI, 1998. - Svært god bok om TM. Finst på Nettet på engelsk (lenkje nedafor).