NORSK DEL TOM Transcendental Meditasjon, TM
 13 › 4 › 1 SETT SEKSJON SPØRSMÅL SØK HER FØRRE NESTE



CLAUDE MONET. WATER LILIES. UTSNITT. TM er forkorting for Transcendental Meditasjon. Ordet blir også brukt noko upresist om foreiningar med tilknyting til teknikken. Den har fleire gode verknader, syner David Orme-Johnson og andre. Han som brakte TM til Vesten, er kjent som Maharishi Mahesh Yogi (1918-2008). TM vann fram i Vesten på 1960-talet. Rørsla har greina seg, og femner over eigne universitet. Maharishi University of Management (MUM) i Fairfield, Iowa, tek studentar til doktorgrad (Ph.D.), og studentar som har gått der, er godt nøgde. Det er mykje godt å seie om MUM, syner det seg.

Til i dag har over seks millionar lært TM. Under TM, som er djup meditasjon, bruker ein eit likande mantra (ein lydklang) som ein gjentek uhøyrleg, altså mentalt, så ein kan roe seg og bli opplagt att (for ei tid, og så bortetter). Somme når også høgare medvett-tilstandar.

TM blir av mange rekna som best blant dei meditasjonsteknikkane det er forska atskilleg på.



OPP SETT ARKIVDEL NESTE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVARSFRÅSKRIVING: [LENKJE]
   © 2007–2009, Tormod Kinnes. [E-POST]