![]() |
Den buddhistiske ånda | |||||
| 13 4 6 | ||||||
|
Den buddhistiske ånda
Buddhist: person som held seg til buddhismen. Buddhisme: levevis som er framifrå til sjølvhjelp, og/eller religion som skriv seg frå Siddharta Gautama med tilnamnet Buddha (den opplyste). Han levde om lag 565-485 f.Kr. Det finst mange slags buddhisme og mange nivå i den, men målet er Opplysing (også kalla Oppvakning). Det finst over 300 millionar buddhistar - kanskje nær 400 - og buddhismen er den fjerde største religionen i dag. I Noreg finst ca. 20 000 buddhistar, og knapt halvparten er knytte til Buddhistforbundet, som er ein paraplyorganisasjon. Rundt 1000 etniske nordmenn er med der. Ein treng ikkje tru, men det hjelper somme.
Den buddhistiske ånda, ChenrezigDen buddhistiske ånda står sterkt i symbolbruk. Ånda blir representert på mange måtar, og med lokale variantar og variasjonar. Figurane ovafor og nedafor ovafor representerer Chenrezig, som mellom anna blir kalla Tibets vernarande. Den buddhistiske anden er mykje eldre enn buddhismen i Tibet. Frå sanskrit blir buddhismeånda kalla Avalokiteshvara ("Herren som ser og høyrer i verda", litt fritt attgitt). På tibetansk er Avalokiteshvara kjent som Chenrezig (Den som alltid ser alle vesen - med medkjensle). På kinesisk er Avalokiteshvara oftast ei vakker kvinne kledd i kvitt, og blir kalla Kuan-yin (Guan-yin). Det står meir om desse gilde formene på Wikipedia.
Kuan-yin legemliggjer kunngjeringa "Om Mani Padme Hum" ("juvelen er i lotusen" - bokstaveleg: "Om! The Jewel in the Lotus! Hum!", uttala om lag slik: Om Maani Pay-me Hang på engelsk). Symbol for rettvise, nåde, medkjensle med meir. [Til xxxiv; Tm 37n] Når buddhismeånda blir måla i lekamliggjort form, er huda på figuren (figurane) oftast kvit, unnateke i Nepal, der den er raud. Det den har på hovudet, står for evig Opplyst (Evig Vaken). Dei to hendene (funksjonane) framfor brystet held ein diamant: opplysning, også oppfylling av ønske. Ei anna hand held ein lotusblom: stilken veks i vêret i gjørmete vatn og blomen er rein. Den fjerde handa (funksjonen) held ein bønekrans av krystall. Den representerer frigjerings-leiing. Slik er den buddhistiske ånda. Den blir også omtala som "Herren som ein ser [innvendig] (synonymt med Christos)", "verkelegheitas lyd", og "den himmelske Om-krafta" [Tiy 233n; Tm 37n; Lik 173n]. |
|
© 20102011, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-POST]. Ansvarsfråskriving: [LENKJE] |