NORSK DEL, GULLVEKTA

Buddhistar som er kjendisar

 13 › 4 › 6 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR Buddhisme-overleveringar – SAMLINGA GLOSSAR: ORD I BUDDHISMEN

Kjendisbuddhistar i Vesten

I Noreg finst minst 25 000 buddhistar. Over 1300 i Buddhistforbundet er etnisk norske. I dei siste tiåra har buddhismen blitt meir populær i den vestlege verda. Lista under syner eit utval kjendis-buddhistar i Vesten. - TK

I eit nøtteskal

Plopp! Plopp!*
Slik går liva.

* Trengt saman frå ei gammal likning mellom livet og doggdropar som dett ned frå eit lotusblad. TK

"Slik som ein doggdrope på tippen av eit grasblad fort forsvinn når sola står opp, på same vis er menneskelivet som ein doggdrope. Ein skulle røre ved denne sanninga som ein vismann og gjere det som skal til." (Budda-ord frå Arakenanusasani Sutta, AN 7.70 PTS: A iv 136, forkorta)

Victoria Adams
Fabien Barthez
David Beckham
Orlando Bloom
Kate Bosworth
Jerry Brown
Jackie Chan
Leonard Cohen
Penelope Cruz
Patrick Duffy
Harrison Ford
Richard Gere
Goldie Hawn
Kate Hudson
Steve Jobs
Miranda Kerr
Courtney Love
George Lucas
Jennifer Lopez
Courtney Love
Joanna Lumley
Alanis Morissette
Keanu Reeves
Steven Seagal
Patti Smith
Oliver Stone
Sharon Stone
Uma Thurman
Tina Turner
Herbert von Karajan
Mark Wahlberg
Naomi Watts
Ruby Wax

Det finst enda fleire å nemne [Wikipedia, s.v. "List of Buddhists"]. Og sia buddhisme ikkje er noko som berre sjådisar og kjendisar står opp med, høver det å få fram at ein god kvardagsbuddhist neppe fer med jåleri, men stort sett lever i harmoni med hovudlæra etter Buddha, med og utan variasjonar innan den lovande sjølvhjelpsvegen han gav. Ein treng ikkje rekne seg som buddhist for å følgje det fine i han.

Litt meir i korte trekk

Som ein formaner andre, bør ein sjølv leve. (Buddhistisk ord)

Klart tenking og gode, kunnige langtidsperspektiv med visdom og forsvarleg måtehald står høgt i buddhismen, i lag med fruktbar, givande livsferd saman med dugleikar.

Ordet 'buddhisme' kjem frå verbet "budh", som tyder "å vakne", "bli opplyst", å fatte". Ordet 'Buddha' er avleidd av dette, og tyder "den vakna", "den opplyste". Det er rom for mange buddhaar, fortel Gautama Buddha. Han var ein prins som tok til å undre seg over livet og som sanna etter fem års askese at liding kan ein minske og kanskje gjere slutt på i dette livet ved å takle - på høveleg vis - slikt som ein kjem inn i, og såleis vinne Nirvana. Det er ein lykketilstand som er vel verdt å arbeide for, seier Buddha. "Nirvana er høgste lykka," heiter det i lærediktet Dhammapada, vers 204. Den som vinn Nirvana blir Buddha, altså Opplyst, Oppvakna.

Læra etter Buddha blei samla av etterfølgjarar etter at han var død, og er svært omfangsrik, voluminøs. Men fire læresetningar og den åttedelte vegen og fem retningslinjer for etisk livsførsel er sentrale. Hovudsaka er at det går an å bli fri frå lidingar (stress, ubehag og verre) ved høveleg og flott levevis slik den åttedelte vegen klargjer.

På Opplysingsvegen hjelper blant anna rett sinnelag - forstått som å gi avkall på slikt som hindrar oss i fare fram høveleg. Ikkje å stele eller misbruke seksualiteten eller fare fram låkt er også slikt som hjelper, og å velje eit godt yrke for seg. Det hjelper også å styrkje slikt som er godt i livet, og trene i merksemd. I meditasjon kan vi fatte og sanne slikt som gagnar.

BUDDHISME – SAMLINGA
Buddhisme-overleveringar - SLUTTBOLK

Buddhisme-overleveringar - LITTERATUR  

Hope, Jane, og Borin Van Loon. Buddha for begynnere. Norsk utgave. Oslo: Bracan forlag, 1995.

Lie, Kåre. Innsiktsmeditasjon: En buddhistisk metode. Oslo: Pax, 2002.

Trainor, Kevin, red. Buddhisme: Et illustrert oversiktsverk. 2. opplag. Oslo: Damm, 2004.

Buddhisme-overleveringar - OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Buddhisme-overleveringar BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]
© 2005–2011, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]