![]() |
Gud og gjengjeld står sentralt i buddhismen | |||||
| 13 4 6 | ||||||
|
Gud i buddhismen
Finst det nokon i buddhismen?
Nirvana, det store målet, blir skildra av Buddha som verdt å oppleve, og det er ikkje å drepe eller sløkkje seg. For å oppleve Nirvana lyt ein vere til. Den som ikkje finst, verken opplever eller fortel om det opplevde. Og Buddha vandra rundt rundt i førti år etter å ha Vakna, blitt Opplyst, erfart Nirvana, for å kunngjere litt av kvart. I gammal buddisme fanst det ein kallar pudgalavadinar. I ei tid var ein tredel av buddhistane i India pudgalavadinar. Denne retninga innan buddhismen er kjend frå ca. 300 f.Kr og inn i 1100-åra e.Kr. Retninga taler om nokon kalla pudgala, ein 'person' som er djupt i systemet til kvar enkelt Buddha sa at det finst einkvan som "ber børa", som er ymse indre aggregat etter gjengs forståing av det ordet. Denne "nokon" inni ein gjer teoriar om karma ("gjengjeld"), gjenfødsel og Nirvana meir forståelege. Korleis kan ein bli født i nye liv om ein ikkje er nokon, til dømes? Korfor nemne karma frå tidlegare liv og inn i framtidige liv, om det ikkje er nokon til å bere og klare karmaen? Korleis kan nokon som ikkje er, vandre og snakke om Nirvana i rundt førti år? Er du nokon sjølv? Om ikkje, har ikkje argumenta dine om kjernelæra verdi heller, i fall "det kjem ingenting av ingenting," som det heiter. Noko av det same gjeld for snurrepiperier med unødvendig fiksfakseri og resonnement-krumspring ut frå eit nedarva dogme om at ein sjølv ikkje finst. ❖ Buddha vandra omkring i førti år etter nirvana var nådd, så "utsløkking" høver ikkje for Nirvana: Han fanst etterpå. Pudgala-truaI det gamle India var det mykje strid mellom Atman-tilhengarar og dei som var imot tanken om at det finst eit indre Sjølv (Atman). I buddhismen fanst to meiningar og retningar. Ei av dei, Pudgalavadin-buddhistane som i ei tid femna over ein tredel av buddhistane i India, sa det finst Nokon, eit individ, ein person, ein som "ber bunten [dvs. "aggregata" som gir sinn og kropp] og så vidare. Slik buddhisme levde omkring Ganges i 1400 år, fram til 1100-talet. Nirvana med GudHan vakna ved daggry. Skapargud, Brahma, er med i paliskrifter. Sant å seie står det i den vørde Benarespreika at det var Skapargud som bad han spreie læra (!). Ein gammal tekst fortel: Mens han sat under eit tre, kom den komande Buddhaen inn i stadig djupare meditasjonstilstandar, før han Vakna. Ved daggry hadde han Vakna fullt ut, og frå no av blir han kalla Buddha, som tyder "Vakna" - også omsett til "Opplyst". Dei fleste buddhistar i dag meiner at det ikkje finst nokon Gud, men høgare buddhisme er likevel at ein ikkje treng å tro noko om det [Kalama Sutta]. Buddhismen meiner det gjeld mest å gå inn for visdom, meditasjon, og eit moralsk liv utafor tru og ikkje-tru. Ingen stader i pali-kanonen seier Buddha utvitydig at det ikkje finst nokon God. Slik summerer John Bullit det i "Frequently Asked Questions About Buddhism" i ◦Access to Insight. (30 March 2011) ❖ Det kan gagne å gå inn for ting Buddha sa, utan å miste kontroll. Sjølv og Sanningsland er medBuddha lanserte omgrep som liknar på Sjøvet (Atman). For eksempel fortel han at Nirvana er djup glede, det er noko, ikkje ingenting, det forfell ikkje, og verdt å gå inn for i djup meditasjon. Nirvana er "ingen plass" [Milinda, ii. 182] (232]; det er snarare ein storarta sinnstilstand. Nirvana er det same som oppleving av glad, vaken sanningsande. Buddha liknar Nirvana med ein grenseby, og syner ved det at det er fleire vegar enn éin til sanning og innsikt. Byen er denne kroppen; portane er sansane, portvakta er samvit; sendebod er sinnsro og innsikt; hugen er herren; sanningsbod; Herren er sinnet (osv). [Samyutla-Nikaya, iv. 195] Dette er den høgste noble innsikta, det er kunnskap om korleis ein øydelegg alle dukkhaer (lidingar osv). Fridom som er tufta på sanning, er fast og viss. Det som er ekte er sant, endatil Nirvana (høgast oppe, inst). [Majjhima-Nikaya, iii, 245] Sanningsanden, Sanninga, er det same som Nirvana i mange ord av Buddha, og Nirvana finst, fortel han også. Sanning og glede er med i gjengse førestellingar om ånda i fleire religionar. Nirvana tilsvarar såleis nokre av dei viktigaste kjenneteikna på Atman-Brahman og Sjølvet i gamle hinduskrifter (upanishadar), men debattering og resonnement er ikkje avgjerande, men å praktisere god buddhisme skikkeleg og forsvarleg, det er bra. Desse omgrepa Tathagata, Dharmakaya som transcenderer tid-rommet, Tathagatagarbha, Buddhavesenet (Buddha) Slikleik og Såleisleik fortel om høgaste tilstanden også. Målet med forsvarleg buddhistisk trening omfattar djup mentale frigjering og å sjå ting som dei verkeleg er. Det omfattar også frigjering av hjertet eller hugen ved kjærleik, både ved kjærleik og høgare stemningar. [224, 229] ❖ Buddhaer har nådd heilt inn i Sanningsandeland, og kallast såleis "Slik-komne", Tathagathaer. Gud i ZenZen-lærarar fortel at når ein oppfattar Gud som den endelege verkelegheita, den Eine, finst Gud i buddhismen også, for i buddhismen er målet å finne inn dit, vakne i Nirvana. Kvar og ein kan halde spørsmålet og Gud svevande. Tru er farlig i den grad det bind hugen og gjer ein fastlåst i forhold til forsvarleg gerning og blindar ein for fakta, eller fører til rare spaltingar i hugen, for eksempel om ein trur i kyrka at Gud skapte verda for nokre tusen år sia, men elles av dagen tenkjer menneska har utvikla seg på jorda opptil tusen gonger lenger. Ved ikkje å gi etter for tru som blir dosert av andre (som tener på den), blir ein ikkje så omfattande slave ved tru, og held seg friare i hugen, i det minste. Ein treng neppe å slutte å tru på ein fair Gud fordi Buddhismen fortel at berre å tru ikkje er godt nok. Men å praktisere metodane og prinsippa og etterleve moralen og hauste fordelar av buddhismen, det gjeld heilt fram, fortel Buddha, og det er kjernen i det meste av det som kjem. ❖ Lev vel ved hendig utøving framfor stutetru. Gud og Buddha fremma buddhismenKven seier det ikkje finst nokon Gud, og kor er beviset? Ein fer vel fram med seg sjølv om ein hugsar å gå etter bevis før ein trur noko som helst. "Kor er bevisa?" Av og til får ein ikkje mykje betre enn nokre logiske resonnement med eller utan analogiar. Dei kan vere misvisande. Til nokon som ein gong sa: "Det finst ingen Gud," svara eg om lag slik: "Enn om han sit i ei underjordisk grotta på ein av månane til Jupiter. Det er teoretisk mogeleg akkurat som det er mogeleg at det finst liv andre stader i dette store universet. Korleis kan du vrake at det er mogeleg berre fordi du ikkje har "vore der" og inspisert som seg hør og bør?" Kortforma: Korfor rar og dum (fanatisk forgjort)? Buddha var ikkje villig til å snakke om guddommen og liknande, men sa aldri uttrykkeleg at det ikkje finst noko Sjølv (Gud), fortel John Bullit som driv nettstaden Access to Insight. Eit anna godt poeng er at i ein gammal tekst står det at det var Skapar-Gud sjølv som bad Buddha gjere kjent læra si. Dessutan står det i Tevijja Sutta at Buddha seier: "Eg kjenner Gud (Brahma) og Guds Rike (Brahmaloka), og veien til Guds Rike, og praksisvegen som ein kan vinne [nå inn til] Guds Rike ved." [DN 13 ◦Tevijja Sutta (On Knowledge of The Vedas); Ebd 160; Ld 193]. Det går også fram av oldtidsteksten at når ein har fått "sameint seg med Brahma," kan ein enno utvikle så som glede og likevekt. [Ebd 151, 160-63; cf. Ib 177-78 (MN Subha Sutta 2 206-8)] Professor Richard Gombrich seier Buddha fortel med dette at foreining med Brahma (Gud) er det same som Nirvana. [Wikipedia, s.v. "Digha Nikaya", 2. merknad] ❖ Bein veg til Guds Rike med Buddhas hjelp finn ein gilde sider ved i Tevijja Sutta. Dagleg levevis som konkret avspeglar Guds ande står sterktDet gjeld å ikkje strekkje seg lenger enn skinnfellen rekk. Ein lyt forstå kor begrensa kvardagssjølvet er, både i djupn og erfaringar. Dei fleste har berre konforme erfaringar, dessutan. Ei anna interessant side ved dette er: Enn om du har treft Gud ute på vandring, utan å skjøne kven du møtte? "It takes one to know one". Kanskje du enno ikkje har det som skal til for å sanse god og breitt nok? Sanseregisteret er ganske smalt, i grunnen. Den beste tanken i dette kan vere om lag som Zen-meisteren Dogen viser: Det gjeld å finne kvardagsutfaldingar som harmonerer med det høgaste som har slik samklang. Har ein forstått kva som kjennermerker Gud ut frå høge skildringar som ikkje gir gale inntrykk (det er fare for det), kan ein avstemme seg godt til Guds vesen ved å prioritere desse: Halde seg til sanninga, verne gleda si, ikkje gå inn for alt rart og overflatisk berre motar og diller og anna rart og ved å leve i samklang med det høgste eller beste, blir ein vel også meir fornøgd med livet, tru eller ikkje tru. No kan ein gå vidare og spørje om Gud er i og bak buddhismen, og svaret er ja og tja, berre ein ikkje overfører Jahve-idear til omgrepet 'Gud', og det er det ingen grunn til. Her får ein også leggje til at kona til Jahve mellom israelittane i oldtida, den storbrysta kanaanittiske morgudinna og himmeldronninga Asjera, ikkje vedkjem buddhistar flest noko særleg heller. Eller gjer ho? ❖ Blind tru gjer ofte rar og fordumma; det skulle det ikkje vere mykje tvil om. Bli alliert med det gode utan noka tru
Du kan tru du ikkje treng å tru . . . Det er ikkje fremmendord med lange og vanskelege ord frå oldtidsspråka sanskrit og pali som gjer buddhismen. Over og framfor dogmatisme står krevjande undersøkingar på eiga hand. Og ein får dra nytte av både moralske normer og gode metodar utan å bry seg om tru. Buddhismen er open for det. Du får la vere å ta stilling til ting du ikkje kjenner til, til ting som er utafor det du har god kjennskap til. "Tru minst mogeleg," om du har det slik. For i buddhismen treng ein ikkje tru. Ein får handsame overleverte læresetningar som arbeidshypoteser å gå ut frå og jamføre med til dømes vellykka. Tru på læresetningar er ikkje tiltrengt for å studere og praktisere det gode i buddhismen. Jamfør gjerne Kalama Sutta om det. Ein treng heller ikkje kalle seg noko som helst for å ta i bruk dei gagnlege praksisane og anna vedunderleg nyttig og beint i buddhismen. Buddhismen frå Gautama Buddha er i botnen vel regulert levevis og livsferd og ymse metodar som kan fremme helse, bra forhold og utvikling, helst ved sjølvhjelp. Slik står det. Ingen skulle trenge å gå inn i ei sekt for å ha framgang ved buddhismen si lære og metodar, for Buddha si lære er framgang og vinst ved eige arbeid og eiga handtering av forholda og helpst også godt samkvem og hjelpande utsyn Mot noko meir innsnevra sekt-verdiar som fort kan gjerde oss inne, seier Buddha at han ikkje fer med hemmeleg lære; at du har rett til å tvile og prøve ut (gjer det klokt og forsvarleg for din eigen del), og arbeide deg opp på eiga hand. Så mykje står klart fram i palikanonen mange stader. ❖ Gagnleg praksis for utvikling krev inga tru. Det er hovudsaka. Verdifulle lidingar kan fremme innsikter som telSomme lidingar tener venteleg innsikt og endra hjertelag. Men mange stressande hendingar i livet er neppe tiltrengte, og kan til overmål få oss til å miste høve til vekst og framgang. så det høver jamt over å førebyggje lidingar, å lære av feila frå andre, og å vere på veg. Du kan vinne innsikter utan lidingar også. Det er ikkje berre eigen, dyrkjøpt motgang som gjer visare. Det er heller ikkje nødvendig å leve gledelaus. Tvert imot. Vern og bevar lykka di godt, seier Buddha. Det er ein hovudting. I kunsten å leve så ein blir lykkeleg og gammal, gagnar det i det heile å fjerne eller minske farar og skader, og auke fordelar og gode sider ved alt mogeleg, rundt sagt. Ved sånt som "safety first" maktar vi noko av dette. Det heile kan kallas livets filtrering. Ein skal ha i bakhovudet at å ha bolverk mot sørgjelege og fæle hendingar kan la seg gjere i mange tilfelle, og venteleg verkar langt betre enn førebyggjing i seinaste laget, og forsøk på kur etterpå, om det er råd. Dess meir føre var, dess meir privilegert kan ein ende opp. Det er ofte eit gode å vere ute i god tid med oppdemmingar og vekksjaltingar av uheldige drag, kanskje i så god tid at ingen andre merkar noko av det. Vismannen Lao-Tzu seier i den gata at den kloke ikkje løyser store problem, fordi han tok seg av dei mens dei var små. (Tao Te Ching) Same kor godt du gjer dette, kan stress, liding og ubehag dukkha kome i vegen din likevel. Dukkha er eit gammalt sanskritord. På pali heiter det dukka. Det dekkjer spenningar, smerter, vonde, ubehag og å bli ulykkeleg. For å leve best råd, gjeld det å maksimere gode ting og minimere ting som aukar mistrivsel og så bortetter. Det er iallfall prinsippet, og det framstår nok som rimeleg, sia det fremmer overleving statistisk sett, ved betring av oddsa. Men ein treng ikkje gå til ytterlegheiter her heller. [157] Buddha seier: Ved å unngå . . . ytterlegheiter har denne Tathagataen [åndsvekte] vunne innsikt i midtvegen som gir visjonar, kunnskap, ro, innsikt, opplysning, Nirvana. [Samyutta-Nikaya, v. 420 L {178] Spekulasjonar om kva som kjem etter døden kan ein unnvere og la vere å bry seg med, mens ein stødig fokuserer om sitt verkelege Eg i her-og-no i staden for. Blir det gjort høveleg, kan det kanskje gagne. Korfor har ikkje den Velsigna [Bhagavan, dvs. Buddha] gjort kjent om Tathagataen finst etter døden? Fordi det ikkje fremmer slikt som er tiltrengt for frelse eller som vedkjem det heilage livet eller sinnsro, innsikt, opplysning eller Nirvana. Det er godt å ha det i minnet, og setje eit slikt "spinn" på kjerneomgrep i buddhismen også. ❖ Heller førebyggje liding enn lide. Dukkha er ikkje målet. Elles hjelper det å meistre det ein har - forhold, plager, anna - så det kan vendast til gagn. Nokre ord om levevilkår og rake tilpassingarGrunnleggjande buddhisme blei modifisert og utpensla alt i antikken. Somme tilpassingar er tillate, fortel Buddha [jfr. Vilama Sutta]. Ikkje alle sider ved buddhismen ifrå oldtida høver i vår tid så godt som då, blant anna fordi levevilkåra i det store og heile er blitt annleis. Buddhistmunkar som i gamle skrifter blir instruert i å dra til villskogar under regntida og klare seg der på eiga hand utan materiell hjelp eller framifrå verktøy, finn ikkje alltid regntida, jungelen, eller grunn til å leve akkurat slik no til dags. Det er berre slik det er. Tidene endrar seg, og buddhismen er neppe på sitt beste om den fortel folk nær Sahara (Tibet, Mongolia, Svalbard, osv) å gå til og frå villskogen to gonger årleg. Alt i oldtida slutta munkar flest å leve slik, enda det står i gamle skrifter at slik skulle munkar gjere det. I staden slutta fleire seg saman i kloster og liknande. Tilpasningar frå farne tider er ikkje alltid heilt perfekte, det er nå så. Buddhismen har dessutan tilpassa seg kulturane i land der den har fått vekse i ro. Gode og behagelege lokale tilpasningar kan fungere, men hovudkjernene i buddhismen får normalt ikkje endrast ved slikt. ❖ Buddha gav ut verktøy for sjølvhjelp til eigenutvikling og sjølvhjelp på mange måtar. Ikkje berre for munkar og nonnen, men for vanleg folk også.
Karma og bibelsk gjengjeldBibellæra "Som du sår skal du hauste" tjaaa Omgrepet "karma" (pali: kamma) femner vidt. Det er eit ord som blir brukt i verdsreligionar. I blant anna buddhismen og hinduismen og jainismen reknar ein med karma og gjenfødsel som viktige sider ved tilværet. Buddha fortel om sider ved karma: [Lenkje] Ynkelege bibelord"Ynkelege" ord er ord som ikkje har noko å seie meir, enda dei gjer krav på å vere gyldige og varige. Det står så mangt i Bibelen, og noko av det er visst gjort ugyldig i dag, så som krav om den varige ordninga med misbruk av to geitebukkar for årleg syndsforlating for eit helt folk [3 Mosebok 16], krav om geiteskinnstelt til dei varige seremoniane omkring for paktarka [2 Mos 27:21] den blei elles borte løfte om kongar av Davids ætt over folket for framtida, og så bortetter. "Huset ditt og kongeriket ditt vil vare for alltid føre meg; trona di vil bli etablert for alltid." [2 Sam 7:16]. Klare og sterke ord å sjå til, men altså ikkje oppfylte. Fleire av versa taler imot andre vers, eller gir andre hovudbodskap. På ei engelsk side finn ein opplista over 120 nokså einfelte sjølvmotseiingar i Bibelen, til dømes. Det finst fleire også. I Bibelen taler ein hyppig om gjengjeld og Guds straffedom og nåde i eit konglomerat utan mange avvegingar. 1. Straff for hor? Heh! Det står at kong David dreiv hor med ein annan manns kone og sette mannen i fremste rekke i hæren sin, for å få mannen drepen i strid. David svor etterpå til ein profet som gjesta han, at ein som stal ein sau frå ein fattigmann skulle drepast. Då den gamle gjetaren David så fekk høyre at det var han sjølv som var skurken, berre figurativt omskrive med ei gjetarforteljing, så fekk han ikkje den kjeltringen avliva likevel, for det var han sjølv. I staden tigga han Gud om tilgiving og det der [2 Sam 12:1-13 ff]. 2. Fæle og harde krav blankt ignorert. Her skal ein vel ha i minne at Moselova krev avliving også av folk som sankar ved på laurdagar [4. Mos 15:32-36], ikkje berre horkarar og snik-drapsmenn (kongar som gir sjølviske, feige ordrar som blir kamuflerte mord på eigne soldatar). Bibelen snakkar nokså mykje om løn, straff, og gjengjeld, men ikkje synderleg konsekvent. Men kva er gjengjeld? Kva kan det vere?
Forholda mellom forsynding og straff varierer. Ikkje alle veit at å ete blodmat (blodpølse m.m.) verkar om lag like ille som å drive hor i Nytestamentet [Ap.gj. 15; 21:25], og folk skulle bøte med livet for det før det blant jødane. Gjengjeld er ulik i ulike bibelord. Det skil seg frå vers til vers der. Sådd, hausta - eller?Det bibelske "Som du sår, skal du hauste [Galatarbrevet 6:7]," jamfører med fenomen frå planteriket, så ein gjer truleg best i å oppfatte ordet biologisk helsesamt. Det er sjeldan at ein plante ber berre eitt frø. Jamfør:
Men kva tyder bibellæra om "Som du sår skal du hauste"?Det står så mangt i Bibelen, og kva det kan bety at ein haustar som ein sår, må vel kallast usikkert:
Men det er meir i såing og hausting enn dette: Klima, jordsmonn, frøkvalitet, og frøslag, stell og andre åtgjerder og forhold. Det er mykje som treng å balanserast godt og skikkeleg før det veks flott, og enda meir som skal til før avlinga er i hus. Men eitt til må til for gartnaren. Det er høveleg lagring, og somtid distribusjon også. Når ein har sådd eller ikkje sådd, og så hausta, trengst til dels mykje lagringsplass, høvelege lagringsklima, høveleg vern mot skadedyr og muggsopp og slike som stel, og anna. Det er mykje å kunne. Ein skulle ikkje bli einfaldig ved bibelvers iallfall. "Bli ikkje narra . . . Eit menneske haustar som det sår," står det i Galatarbrevet 6:7]. Somme blir kan hende innbilt at når ein sår eitkvart, får ein att i forholdet 1 : 1, men slik er det ikkje alltid. Ein skulle prøve å finne ut kva forholdet kan bli under dei og dei forholda, i den og den jorda, og så bortetter. Det er det hageelskaren klarer som "den gode gartnar". Ovafor har vi elles sett korleis tre-fire bibelord denger laus på kvarandre og skamfèr kvarandre, om dei ikkje slår i hel. Så solsikker, få det godtSår du solsikkefrø rett nok, haustar du solsikker mellom andre plantar som tek seg til enkelt og naturleg. Sår du dårleg karma ved synder, kjem gjengeld og straff etter kvart, står det. I lys av den eksponentiale veksten av fløyelstrefrø og solsikkefrø og andre frø, bør vi halde oss frå å lyge, stele, vitne falskt, myrde og hore - for alle tilfelles skuld og vel også om Gud har lova direkte og personleg at vi ikkje skal gå fortapt, men har omsorg for oss Somme seier dei er dynka i Jesu blod og held ved lag farleg fandenskap ved det. Slike er ikkje gode nok. Somme kan vere forskrudde - No over til frø som spirar og veks: I hagebruk forstår ein at utbyttet ein får av å så og plante frø og stiklingar, kjem an på både kvaliteten og storleiken av frøa som blir planta og sådd; på kor høveleg jordsmonnet er; dessutan kor mykje og høveleg lys og varme og væte det blir. Vindforholda og fuglane som lever av frø, kjem også inn, blant anna. Somme plantar ber frø same året dei blir sådde. Andre ber frø i toårige syklusar. Andre, tre og busker, kjem ikkje med frø før etter nokre år, men då kan dei produsere bra mange også. To døme: Solsikke ber 800-200 frø i året, og Miconia calvescens ("fløyelstre") er i stand til å produsere fleire million frø per år per plante dersom treet har blitt 3-4 meter høgt og er minst 4-5 år gammalt. La oss tenkje oss at einkvan har krenka deg sådd slik sæd. Det er ikkje bibelsk lære at gjengjelda er nøydt til å følgje "auge for auge, tann for tann" altså 1 til 1 (sjå opplistinga ovafor). Med omsyn til "Som du sår skal du hauste" det stemmer berre til dels med gartnarerfaringar, for mykje anna kjem inn, så som kor fruktbart jordsmonnet er, og kva for ugras som kjem til. Men den som ikkje sår neper, får neppe neper å hauste. Kor mange, kor store, og kor gode dei blir på smak, kjem jo an på mykje anna. Det er betre å passe seg enn å fare med løgn og bakvasking og bli offer for sånt, for dårleg rykte rammar hardt, anten det er sant eller usant og blank løgn ligg bak. Og følgjene av å lyge, stele, vitne falsk, drive hor og ruse seg og slikt dei kan bli astronomiske etter deler av Bibelen, knusande og fæle. Buddhisme og hinduisme snakkar ikkje om evig straff, motsett Jesus. Likevel, i både buddhismen og hinduismen finst skrekkdøme på korleis menneske som ikkje utnyttar høva sine til moralsk ferd og til å utvikle sinnet (hugen), men i staden bryt normer som høver menneske, får det elendig på hi sida og kan bli gjenfødte under menneskenivå for eksempel som hestar og sauer for å ha brote for mange kloke kodar til å passe heilt godt til menneskestoda. Her er eit høgt vink: Det skadar då ikkje direkte å passe seg mot å komme til kort i menneskeverda. Så vidt det er mogeleg å la vere å bryte dei fem moralnormene som Buddha setter fram, synest skikkeleg og klokt. Ein har også lov å utvikle seg godt. Det er å tilrå, det. ❖ Hestar, sauer og andre dyr plar ikkje utvikle seg mykje, så ein skulle jobbe metodisk for å dra nytte av fødsel som menneske og ikkje berre bli konsument av tru og mykje anna som gjer furten etter kvart. |
|
© 20092011, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-POST]. Ansvarsfråskriving: [LENKJE] |