Norsk del, Gullvekta
Nyingma-tradisjonen
Seksjon › 6   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ord

Reservasjonar    Innhald     

Nyingma-skolens Namkhai Nyingpo, elev av Padmasambhava. Modifisert.
Nyingmas Namkhai i stor fart, "på ein lysstråle". Albert Einstein følgde elles ein lysstråle i tankane fram til den spesielle relativitetsteorien. Han kom også til at ei rett linje er ein liten del av ei krumming - fordi verdsrommet-og-tida er krumma. (Sjå boklista)

Nyingma

Buddhismen er ein variert tradisjon. Buddhisme og vitskap har somt til felles. Buddhas lære i Kalama Sutta om ikkje å ta noko for gitt utan vidare, er "god latin" for forskarar, til dømes. Dessutan femner buddhismen over filosofiske utsyn og psykologisk kunnskap som har dukka fram i notidig vitskap og filosofi. Somt er likt, og somt er ulikt. (WP, "Buddhism and science")

Nyingma, "gammal", er den eldste retninga innan tibetansk buddhisme, og kjend som "den gamle tradisjonen".

På 800-talet blei Samyeling, det første klosteret i Tibet, bygd og innvigd av den tibetanske kongen Trisong Detsen, den indiske munken Shantarakshita og tantra-meisteren Padmasambhava. Dei første sju tibetanske munkane blei innvigde i Samyeling. Klosteret var sentrum for eit rikt omsettingsarbeid av buddhistiske tekstar frå India. Omsettingarbeidet og bevaringa av tekstane førte til det som blir kalla tibetansk buddhisme.

Det utvikla seg ei rekke Nyingma-skolar. Dei er sjølvstendige Nyingma-retningar i dag. Mellom dei er Kathog og Dzogchen. (WP, "Dzogchen")

I seinare hundreår kom det fleire andre buddhistiske retningar i tillegg til Nyingma. Dei har eigne omsettingar av visse tantriske tekstar. Mellom desse tibetanske retningane (skolane, tradisjonane) finn ein Kagyu (neste side).

Løynde skattar

Padmasambhava føresåg at den kommande tibetanske kongen, Langdarma (regjeringstid 836-842), ville prøve å utrydde buddhismen i Tibet heilt og fullt. Padmasambhava og dei næraste elevane hans løynde dermed fleire tusen tekstar, ritualting og relikviar rundt om i Tibet og landa omkring, så buddhismen kunne bli bevart ved at folk pø om pø fann skattane i framtida ein gong. Ein etter ein skal ha blitt funnen.

Tekstane som folk fann, blanda seg med munnlege overleveringar frå guru til elev. På det viset oppstod blant anna to ulike slags tantriske overføringar i Nyingma-tradisjonen.

(WP, "Nyingma")

Lærde i Nyingma

I Nyingma-tradisjonen finst mange lærde. Den viktigaste etter Padmasambhava og kvinna hans var Longchen Rabjam (1308–1363). Han organiserte alle oppdaga kjeldetekstar (terma) i samlinga kalla "Dei hundre tusen Nyingma-tantraane" og systematiserte det som blir kalla Dzogchen-overføringa. Dzogchen er i seg sjølv ikkje nokon religions lære, men overskrid (transcenderer) religiøse omgrep, og seier korleis ein når inn til det som kallast ikkje-toheit ( Sanskrit: advaita, engelsk: non-duality).

Organiseringa av Nyingma

Før hadde ikkje Nyingma-tradisjonen noko slags adminiserande overhovud. Det var mykje fordi retninga var ueinsarta. Men andre store tibetanske tradisjonar fekk sine overhovud etter at Kina okkuperte Tibet, og Dalai Lama bad Dudjom Rinpoche om å ta på seg eit slikt embete, han også. Det blei dermed skipa eit embete. Den siste som blei vald til embetet - det var i 2012 - var Taklung Tsetrul Rinpoche (1926-2015).

Rimé-rørsla

Rimé-rørsla blei skipa på 1800-talet. Målet var å samle sjeldne overføringar frå Tibet og hindre sektereriske splittingar.

Ein utøvar av rimé kan hente styrke frå mange linjer og guruar i tradisjonen, men det er ikkje noko krav om slikt.

Den fjortande Dalai Lama er mellom dei som stør og oppmuntrar til ikkje-sekterisk tibetansk buddhisme. Å ta lære og overføringar frå ulike retningar har snarare blitt regelen og ikkje unntaket blant mange elevar, lamaar, yogiar og lekfolk.

("WP, "Rimé movement")

Kan munkar og nonner ete kjøt og gifte seg?

Tjaaa. Tibetansk buddhisme er ein del av Mahayana, og munkane et kjøt om det høver, men held seg til vegetarisk kosthald når det ikkje er for leitt.

Ein bhikshu (Sanskrit) er ein mann som har blitt buddhistisk munk. Ei bhikshuni er ei tilsvarande nonne. Livet deira blir regulert av eit sett reglar for klosterdisiplin og levevis som siktar mot å leve enkelt og nå Lykkeriket Nirvana.

Lamaar er religiøse lærarar i buddhismen. Dei er for guruar å rekne. Lamaar har vore vørde åndeleg meistrar eller klosterleiarar. I vår tid kan tittelen vere ein ærestittel for munkar, nonner eller utvikla tantra-utøvarar for å gi til kjenne oppnåingar og autoritet. Ordet kan også vere del av ein tittel, som i Dalai Lama.

Kan så lamaar gifte seg? I Nyingma kan lamaar kanskje det. Det spørs kva lamaar det er tale om. Nyingma tillet ngagpaar som ikkje lever i sølibat (avhald), å gifte seg og få barn. Ngagpaar kan vere tantra-prestar som er hushaldarar, eller tantra-ekspertar som er hushaldarar.

somme tibetanske prestar kan gifte seg. Det er kanskje ei eksklusiv gruppe høgvørde. (WP, "Ngagpa"; "Lama"; "Bhikkhu"; "Buddhist monasticism")

Utbreiing

Nyingma-tradisjoner spreidde seg i Tibet, Bhutan, Nepal og Sikkim i India. I desse landa har det opp gjennom historia blitt funne løynde skattar (tekstar og ting, godt pakka inn). I dag er Nyingma utbreidd rundt om på kloden.

Meir på engelsk

  Innhald  


Nyingma, Nyingma-tradisjonen, tibetansk buddhisme, tantrisk buddhisme, Litteratur  

De Falco, Cristiane, tr., ed. A Biography of the Great Master Padmasambhava Taranatha. Arcidossi, IT: Shang Shung Publications, 2011.

Duckworth, Douglas S. Mipam on Buddha-Nature: The Ground of the Nyingma Tradition. Albany, NY: State University of New York Press, 2008.

Dudjom Rinpoche, Jikdrel Yeshe Dorje. The Nyingma School of Tibetan Buddhism: Its Fundamentals and History. Omsett av Gyurme Dorje og Matthew Kapstein. Boston, MA: Wisdom Publications, 1991.

Dzongsar Khyentse Rinpoche. Longchen Nyingtik Practice Manual: Advice on How to Practice. Red. Chanel Grubner. San Francisco, CA: Khyentse Foundation, 2004.

Einstein, Albert, and Leopold Infeld. The Evolution of Physics. New York: Touchstone, 1966. ⍽▢⍽ Då Einstein først sleppte ut den generelle relativitetsteorien, var det berre få fysikarar som forstod han. Boka her skreiv han for ineresserte ikkje-fysikarar. Han tar også med grunntankar om vekselverknadar mellom elektriske og magnetiske felt, mellom anna.

Jig-Me Ling-Pa. The Dzogchen Innermost Essence Preliminary Practice. 4. utg. Omsett av Tulku Thondup. Red. Brian Beresford. Dharamsala, India: The Library of Tibetan Works and Archives, 2002.

Kunjed Gyalpo. The Supreme Source: The Fundamental Tantra of Dzogchen Semde. Omsett frå italiensk til engelsk av Andrew Lukianowicz. Ithaca NY: Snow Lion Publications, 1999.

Nyingma, Nyingma-tradisjonen, tibetansk buddhisme, tantrisk buddhisme, opp    Seksjon     Sett    Neste

Nyingma, Nyingma-tradisjonen, tibetansk buddhisme, tantrisk buddhisme. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2017–2018, Tormod Kinnes, cand.philol. [E‑post]