Norsk del, Gullvekta
Buddha og Skaparen
Seksjon › 6   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ord

Reservasjonar    Innhald     

Buddha og Skaparen

Eg kjenner Gud (Brahma) og Guds Rike (Brahmaloka), og vegen til Guds Rike, og praksisvegen som ein kan vinne [nå inn til] Guds Rike ved. - Buddha, i DN 13, Tevijja Sutta (On Knowledge of The Vedas); Holder 2006, 160; Walshe 1995, 193].

Buddha blir ofte framstilt som lærar for gudar på høgare tilværenivå, men i buddhismen trur ein også at det finst opplyste gudar og devaar, "skinande vesen, englar". [WP "God in Buddhism"]

Buddha freister ikkje å motbevise at Gud finst: Det er vurderinga til Richard P. Hayes ut frå Devadaha Sutta (1991).

Hinduistisk Vedanta og Buddhisme står kvarandre nær, fortel Dr. Helmuth von Glasenapp (1958 og 2006)

Skaparens verk

Det står i den gamle Benarespreika at det var Skapargud som bad Buddha spreie læra. Gudar og Gud Skapar blir ikkje utelatne frå fleire av samtalane til Buddha heller. Ein gammal tekst fortel:

Mens han sat under eit tre, glei den kommande Buddhaen inn i stadig djupare meditasjonstilstandar, før han Vakna. Ved daggry hadde han Vakna fullt ut, og frå no av blir han kalla Buddha, som tyder "vakna", også omsett til "opplyst".

Buddha forstod at sannkjenninga hans var for djup til å fattast av dei fleste andre vesen. Men Brahma (Skapar-Gud) kom til han og bad han om å lære ut det han hadde innsett, for å gagne dei få som kunne fatte og få nytte av visdommen hans. Av medkjensle gjekk Buddha med på det. Kort etter heldt han den første talen sin. Det var i Hjorteparken ved Varanasi (Banaras). Kjerna i læra hans er å gå ein velbalansert middelveg bort ifrå og opp ifrå lidingar.

[Soga er korta ned frå kapittelet om pálikánonen i boka Anthology of Scriptures of World Religions av John Powers and James Fieser (McGraw-Hill Publications, 1997) Ho finst ukorta i Bhikkhu Bodhis omsetting, The Connected Discourses (2000, s. 231-33), også.

Gud Skapar fekk fart på Buddha

Skapargud er årsaka til buddhismen står det i ein av dei aller eldste buddhistiske tekstane. Teksten heiter Brahmasamyutta.

Det var ein gong: Kort etter Opplysninga si heldt Buddha til ved breidda av ei elv ved sida av eit fikentre og kom til å tenke: "Den underliggande Røyndommen eg har sanna, er djup, vanskelig å fatte, fredeleg og opphøgd. Han er ikkje innanfor resonneringsriket, men meir subtil, og kan opplevast av dei vise. Men denne generasjonen gler seg over fastklistring og frydar seg over fastklistring. For ein slik generasjon er Sanningsande-tilstanden vanskelig å sjå, det vil seie det er hardt for vilkårsbundne og avhengige å stille tankeflaumen, å roe ned kvar ting som blir forma i hugen, øydelegge eigedom, bli ganske likeglade, avslutte, og vinne nirvana. Skulle eg lære andre om den underliggande Røyndommen og andre ikkje forstod meg, ville det vere slitsamt for meg, og gi meg plager."

Så kvad han:

No er det nok av å prøve å lære andre.
Det eg fann etter så mange harde tak,
denne Røyndommen er ikkje lett å få tak på
av dei som er undertrykt av sanselege, slibrige lyster og hat.

Dei som er oppelda av sanselege, slibrige begjær og mørke i hugen,
dei får ikkje sjå den dunkle Røynda
som er djup, vanskeleg å forstå -
og vinn ikkje til gå imot straumen.

Slik tenkte Buddha. Han fekk hang til å leve eit behageleg liv og ikkje lære til andre om Røyndommen og korleis Han fungerer.

Då merka den aller eldste Gud Skapar kva Buddha tenkte og sa, "Å nei, verda er fortapt! Akk og ve! Verda kjem til å gå under fordi Buddha har meir behag i å leve godt og behageleg enn i å undervise om Røyndommen."

Gud Skaper forsvann med det frå riket sitt og kom til syne framfor Buddha. Det gjekk så fort som når ein faldar eller rettar ut handa. Brahma ordna til overdelen av drakta si, helste på Buddha med handflatene saman, og sa: "Undervis gjerne i Rett Ferd (Dharma) og Røyndommen. For det finst vesen med lite støv i auga sine og som fell ifrå fordi dei ikkje får sjansen til å høyre Røyndomslæra. Det vil dessutan finnast dei som fattar læra og Røyndommen."

Det sa Skapar-Anden og la til: "Sleng opp døra til Den Udøyande. La dei høyre kva du har funne inn til! For slik som ein som står på ein fjelltopp kan sjå folka under seg, vidt omkring, slik kan Det Vise Auget gå opp igjennom Røyndoms-nivåa. Sidan du sjølv er fri for sorg, sjå korleis folk er dukka ned i sorg og trykt ned av fødsel og forfall.

Reis deg, lær ut om Røyndommen,
Det vil finnast dei som fattar betre etter kvart.

Buddha forstod kva Gud Skapar ville ha han til, og dermed såg han miskunnsamt inn og ut i verda med Buddhas Auge. Han såg nokre med berre litt støv i auga sine, og nokre med mykje støv i auge, så mykje oppvakte og sløve, såg somme som var enkle å undervise og andre som var vanskelege å undervise. Han såg også nokre få som levde i skuld og frykt på hi sida.

Det var som i ein dam med blå eller raude eller kvite lotusblomster. Somme blomar kom over vasskorpa på stilkane sine, andre låg om lag i vasskorpa, og andre kom ikkje heilt opp over vatnet. Men lotusblomstane heldt seg reine, alle saman, for vatn prella av på dei. Buddha såg inn i, over og gjennom verda med Buddha-Auget og såg folk med lite støv i auga og med mykje støv i auga, oppvakte og sløve, somme med gode eigenskapar og andre med dårlege eigenskapar, somme som var enkle å undervise og andre som ikkje var det, og nokre få som leve-såg skuld og frykt på hi sida.

Då han hadde fatta dette, svarte han Skapar-Gud:

Døra til Den Udøyande er open.
La dei som har øyre sleppe tru laus.
Det var fordi eg føresåg trøbbel
at eg ikkje fortalte blant menneska om
den forfina, opphøgde Røyndommen.

Gud Skapar tenkte så: "Buddha har gått med på det eg bad han om, om å lære ut om Røyndommen og korleis Han fungerer." Så helste Gud høvisk på Buddha og forsvann på eit blunk.

[Attfortalt frå Bhikkhu Bodhis omsetting, The Connected Discourses (2000, s. 231-33)]

Kommentar: Gud Skapar heiter Brahma i Veda-skriftene. Kulturen som Buddha voks opp i og var tilpassa var vedisk. Buddhismen har også Brahma, men har fått fleire Brahmaar i tekstane sine og læra si. I denne teksten er det det den aller eldste Brahma som taler, står det. (Jf. Wikipedia, "Brahma [Buddhism]")

Ei Gud-soge til

Skapar-Gud finn ein i ein annan eldgammal tekst i Buddhismen, Digh Nikaya 13 Tevijja Sutta (Kunnskap om Vedaane)

Tevijja Sutta - Den tredelte Kunnskapen - Vegen til Brahma i attfortelling

Det var ein gong for lenge, lenge sidan at Buddha kom til landsbyen Manasakata, og slo seg til til nord for landsbyen i ein mangolund ved ein elvebredd.

Mens han heldt til der, hende det at fleire kjente og rike braminar tok ein spasertur i lag. Då kom to av dei opp i krangel, fordi ein ung bramin i følget sa at læra til Pokkarasati var den einaste rette vegen. Men ein annan bramin heldt på at den rette vegen låg i læra til Tarukkha."

Mens dei gjekk og diskuterte dette, foreslo den første at dei skulle oppsøke Gautama Buddha som heldt til nord for landsbyen då. "La oss gå og spørje han."

Så gjekk dei dit og sa: "Det er så mange slags lærarar som fortel om ulike vegar til Gud. Fører alle vegane til Gud? Leier alle vegane til at ein blir eitt med Gud i himmerike?"

Buddha spurde den yngste braminen: "Kva trur du: verkar det ikkje dårleg fundert, det som forskjellige lærarar fortel?"

"Tja, joo."

Buddha heldt fram: "Braminar som er lærde i dei tre Vedaskriftene, men som stadig vekk forsømmer det ein bramin bør gjere, og som er trælar av lystene og ikkje veit nokon utveg, kan slike ritualslavar komme høgt og langt innetter på hi sida når dei døyr? Nei, desse braminane blir fanga inn, stengt inne på ei vis, hindra, vikla inn og hengande fast, ufrie. For dei forsømde stadig vekk det ein bramin bør gjere her.

Er Brahma brydd og plaga med koner og rikdom, eller fri og utan plager?

Nei, braminar som er lærde i dei tre Vedaskriftene og brydd og plaga med både koner og rikdom, dei søkk med tida nedetter i fortviling for dei har levd utan tiltrengt disiplin som tel."

No sa den yngste braminen som gjesta Buddha, "Eg har høyrt folk fortelje at du veit vegen til å bli eitt med Gud."

Gautama sa: "Den Opplyste blir ikkje forvirra og tvilrådig om han blir spurt om Guds Rike og vegen dit. For eg kjenner Gud og Guds Rike, og kan vegen."

Den unge braminen sa til dette: "Det har eg allereie høyrt. Folk fortel at du lærer ut vegen til å bli eitt med Gud. Ver god og lær oss vegen til å bli sameina med Herren."

"Lytt merksamt, så skal eg seie det."

"Kjempefint", sa braminen.

Buddha sa: "Ein som har funne Sanningsriket (ein Opplyst), framtonar i verda med visdom og ferder. Han fortel om en Veg som er herleg i starten, herleg i midtpartiet og herleg der vegen endar. Han syner både ånd og bokstavar, og syner i tillegg eit reinsa liv. Etterfølgarane til slik ein Opplyst ein følger viktige moralske levereglar og tar til å meditere (dhyana).

Langs den vegen finn ein tilstandar utan bry og plager, og er ikkje lenger ufri."

Dei to unge braminane samstemte: "Framifrå, framifrå! Beinvegen inn i Andeland er blitt fortalt for oss."

Funn av Richard Gombrich

Bra buddhisme er ein veg som passar for sjølvhjelp fram til individuell Oppvakning, som også blir kalla Opplysning.

Dr Richard Gombrich (1937-), ein av dei fremste fagfolka på buddhisme, skriv i boka What Buddha Thought (2009) at det kjem an på kva Buddha eigentleg sa for 2600 år sidan. Gombrich finn at den vidareførte læra om ikkje-Sjølvet, Anatman (anatta) i buddhismen, kom til ved ei mistyding etter at Buddha var avliden:

Framtoningars verd er ikkje Atman (Sjølvet, Ande), heiter det i buddhismen. Lang tid etter Buddha tok buddhistar til å tolke "er ikkje atman" til "er utan sjølv (utan eit slikt inste)". Men den opphavlege meininga er "er ikkje atman", fortel Gombrich, og stør seg på at både pali-grammatikk og samanlikning med indisk Vedanta-filosofi syner at ordet som blir brukt i gamle tekstar tyder "er ikkje Atman" heller enn "har ikkje Atman", og at vidare jamføring med Vedanta syner at omsetting til "sjølv" er høveleg. (s. 69-70).

Utgreiinga er: Gombrich fann altså Sjølvet i gammal Buddhisme etter lange tiders skriftgranskingar, og jamfører med Veda-lære frå den tida og Vedanta-overlevering. Yogiar finn Sjølvet i djup meditasjon.

Ei anna sak er korleis den gamle buddhismelæra om at "Den skiftande framtoningsverda er ikkje det djupe sjølvet" blir å forstå. Den viktigaste skilnaden på eldre hinduisme og buddhisme er gøymd i det. Tekstane i "den vesle vogna", hinayana-buddhisme, seier at Atman ikkje finst, Hinduisme verda over kokast her ned til at Atman finst, og i Mahayana-buddhismen har ein utsyn som er nært i slekt med den gamle Atman-læra. Buddhismeformer innan Mahayana, som Nyingma i tibetansk buddhisme, tar det vidare til å seie at verda (samsara) og nirvana (stor lykke) er mykje det same. Det som hjelper, er eigna metodar til å innsjå det sjølv. Buddha fortel i Bhumija Sutta at framgang kjem an på veleigna metodar: "Om nokon mediterer med sunn haldning, rett merksemd og årvaken, så vinn han innsikt enten han har forventingar eller ikkje."

Forventing har synonym som førehandstru og von.

No vel, det har vore rom for Atman (og Gud) i buddhismen. Ei hovudretning i gammal, indisk buddhisme har hatt rom for Atman, og mange former for Mahayana og tibetansk buddhisme, har sentrale omgrep som gir same meininga. (Jf. Wikipedia, "Nyingma"; "Padmasambhava"; "Pudgalavadins")

Finst ein sjølv eller finst ein ikkje? Det skulle vel ikkje vere noko å grunde på.

Det finst også såkalla "koan-tviling" i buddhismen. Tviling kan også brukast i meditasjon: "Det er ikkje kva ein tviler på, men korleis." Metodar finst, men det finst venteleg mykje betre løysingar for å komme bortanfor tankar, transcendere.

Sjølv og Sanningsland er med

Buddha lanserte omgrep som liknar på Sjølvet (Atman). Til dømes fortel han at Nirvana er djup glede, det er noko, ikkje ingenting, det forfell ikkje, og verdt å gå inn for i djup meditasjon. Nirvana er "ingen plass" [Milinda, ii. 182] (232]; det er snarare ein storarta sinnstilstand. Nirvana er det same som oppleving av glad, vaken sanningsande. Buddha liknar Nirvana med ein grenseby, og syner ved det at det er fleire vegar enn éin til sanning og innsikt.

Byen er denne kroppen; portane er sansane, portvakta er samvit; sendebod er sinnsro og innsikt; hugen er herren; sanningsbod; Herren er hugen (osv). [Samyutta-Nikaya, iv. 195]

Dette er den høgaste noble innsikta, det er kunnskap om korleis ein øydelegg alle dukkhaer (lidingar osv). Fridom som er tufta på sanning, er fast og viss. Det som er ekte er sant, endatil nirvana (høgast oppe, inst). [Majjhima-Nikaya, iii, 245]

Sanningsanden, Sanninga, er det same som nirvana i mange ord av Buddha, og nirvana finst, fortel han også. Sanning og glede er med i gjengse førestillingar om ånda i fleire religionar. Nirvana tilsvarer såleis dei viktige kjenneteikna på Atman-Brahman og Sjølvet i gamle hinduskrifter (upanishadar).

Omgrep som Tathagata, Dharmakaya som transcenderer tid-rommet, Tathagatagarbha, Buddhavesenet (Buddha) Slikleik og Såleisleik – fortel om høgaste tilstanden også.

Buddhaar kallast for "Slik-komne", Tathagathaar.

Gud og Buddha, kort fortalt

I den første eldgamle teksten ovanfor, Brahmasamyutta, står det at det var Skapar-Gud Senior som bad Buddha gjere kjent læra si. Dessutan står det i Tevijja Sutta (attfortalt ovanfor) at Buddha seier: "Eg kjenner Gud (Brahma) og Guds Rike (Brahmaloka), og vegen til Guds Rike, og praksisvegen som ein kan vinne [nå inn til] Guds Rike ved." (DN 13 ◦Tevijja Sutta [On Knowledge of The Vedas]; Holder 2006, 160; Walshe 1995, 193). Det går også fram av oldtidsteksten at når ein har fått "sameint seg med Brahma", kan ein enno utvikle så som glede og likevekt. (Holder 2006, 151, 160-63; cf. Bodhi 1995, 177-78 [MN Subha Sutta 2 206-8])

Professor Richard Gombrich seier Buddha fortel med dette at foreining med Brahma (Gud) er det same som Nirvana. [Wikipedia, s.v. "Digha Nikaya", 2. merknad]

Bein veg til Guds Rike med Buddhas hjelp finn ein gilde sider ved i Tevijja Sutta.

Dagleg levevis som konkret avspeglar Guds ande står sterkt

No kan ein gå vidare og spørje om Gud er i og bak buddhismen, og svaret er ja og tja. Jahve-kona mellom israelittane i oldtida, den storbrysta kanaanittiske morgudinna og himmeldronninga ◦Asjera, kona til Jehova, vedkjem neppe buddhistar flest det spøtt heller. Eller . . .?

Saka er . . .

Du kan tru du ikkje treng å tru . . .

Det er ikkje framandord med lange og vanskelege ord frå oldtidsspråka sanskrit og pali som gjer buddhismen, og heller ikkje særlege kostymer, ritual og fanfarar. Buddha si lære gir framgang og vinst ved eige arbeid og eiga handtering av forholda – og helst også godt samkvem og hjelpande utsyn – Buddha fortel også at han ikkje fer med hemmeleg lære; han har gitt ut mangt som hjelper med opa hand, og tillèt ein å arbeide seg opp på eiga hand. Så mykje står klart fram. Ein kan også få hjelp av andre.

Hald fast ved hovudtinga og hovudsaka.

Verdifulle lidingar kan fremme innsikter som tel

Vern og bevar lykka di godt, blant anna ved å vere rimeleg. Buddha seier:

Ved å unngå . . . ytterlegheiter har denne Tathagataen [åndsvekte] vunne innsikt i midtvegen som gir visjonar, kunnskap, ro, innsikt, opplysning, Nirvana. [Samyutta-Nikaya, v. 420 L {178]

Mange spekulasjonar i staden for det eigentleg høvelege og mest tiltrengte er neppe heilt godt.

Korfor har ikkje den Velsigna [Bhagavan, dvs. Buddha] gjort kjent om Tathagataen finst etter dauden? Fordi det ikkje fremmer slikt som er tiltrengt for frelse [utfriing] eller som vedkjem det heilage livet eller sinnsro, innsikt, opplysning eller nirvana.

Kva har så den opphøga gjort kjent?

Vegen som leier til at det blir slutt på dukkha [smerte, liding, stress osv]! [Samyutta-Nikaya, ii. 223, og mange liknande avsnitt] {179]

Buddha gav ut middel til sjølvhjelp til eigenutvikling og sjølvhjelp på mange måtar. Ikkje berre for munkar og nonner, men for vanleg folk også.

〰ೞ⬯ೞ〰

Moral må med

Det er betre å passe seg enn å fare med sånt som slår hardare tilbake på ein sjølv enn gode gjerningar. Følgene av å lyge, stele, vitne falsk, drive hor og ruse seg og fare fram både grufullt og låkt kan bli fæle.

Buddha setter opp fem moralske føresegner for alle, Pancha Shila. Dei er:

  • La vere å drepe, eller å skade noko levande vesen. (Men kva med å skade ein kommande drapsmann føre var, så han ikkje bringer seg sjølv i galgen? - korleis skal det reknast? Som ei tilskitna handling i alle fall. Å vere moralsk kreativ kan det stundom vere gagn i, men jamt over kan det vere klokt berre å styre seg.)
  • Unngå å stele, la vere å ta det som ikkje er ditt. (Og jorda sjølv, er det du som eig ho, eller eig ho kroppen din?)
  • La vere å handle lite omtenksamt i den seksuelle gata.
  • Lyg ikkje, og ty ikkje til skadande tale (Prøv med finslege ord først, akkurat som gammal legeetikk seier "først milde middel, og så hardare" etter kvart, for eksempel. Av og til sårar sanninga enda så godt ho blir formulert. Det krevst med andre ord ein god balanseringskunst i livet.)
  • La bli å nytte alkohol og sløvande kjemikalier innvortes.

Buddhistmunkar og -nonner får over to hundre fleire reglar og reguleringar å rette seg etter. Nokre av dei var det usemje om alt i oldtids-buddhismen. Det kan bli altfor mykje ytrestyring også etter kvart.

Krona på verket: Utvikling

Det finst ulike nivå i eit menneske si utvikling, fortel kjente folk som Abraham Maslow, og legg fram eit syn på det ved ei flott behovspyramide. Ei harmonisk utfalding her i livet går helst frå det mykje konkrete til det abstruse, som heng saman med sjølverkjenning hos han.

I god tid før Maslow fann gresk-armenske Georgij Ivanovitsj Gurdjieff (ca. 1872–1949) fram til noko liknande. Han klassifiserte menneske nedanfrå som:

  1. I KJELLAREN: Ritualbunden idioti - ganske i såkalla primitive instinkts vald med imitasjon og godt minne med i "pakken". Liker barnaktige sportsleikar. Noterer sportsresultat.
  2. I FØRSTE ETASJE: Seremoni-folk, også med moralske kjensler - emosjonelle, sjalu eller sentimentale folk som kan få for seg å tala om helveteseld og fordømming, syndas redlar, evig pine, og som kan forfølge andre grufullt. Liker pomp og prakt. I grunnen halvvaksne - uavhengig av leveåra.
  3. I TOPPETASJEN: Tenkande. Intellektuelle. Logiske krabatar med konkrete tankebanar og bokstavelege tydingar eller påfunn. Religionar med prov og argument. Tyr til intellektet som ei svir - og dermed til lite gagnlege drøftingar, kritikk, polemikk - Kavar i ordas vald, og gler seg tilmed over slikt renn.

Ei slik tredeling finn ein hos Piaget og Rudolf Steiner før han.

Ein spire ifrå ei eikenøtt er mjuk og lett å knase, men det er noko anna med eika som har vakse i tre hundre år. Menneskeutvikling også kan gå frå spinkel og mjuk fram til stø og robust.

Nokon kvar skulle jobbe metodisk for å dra nytte av fødsel som menneske og ikkje berre bli konsument av tru og mykje anna som gjer furten, tverr og desperat etter kvart.

George Gurdjieff (daud 1949) setter fram fire høgder til (Speeth 1989, 36, 40, 49. 62 o.a.). Det gjeld andeleg utvikling.

  1. I vidare utviklingsgang får ein kunnskapar innanfrå og blir godt balansert inni seg. Ein samlar seg om seg sjølv.
  2. Ein kjenner seg som ei eining, og sannkjenner somt med heile seg.
  3. Sannkjenner ting betre. Eit ikkje-instinktivt indre "Eg" blir sanna og bygt opp som det passar.
  4. Individualitet, "Eg'et" blir varig.

(Speeth 1989, 36, 40, 49, 62 o.a.) Slik har altså Gurdief sett det fram.

  Innhald  


Karma og Gud i buddhismen, Litteratur  

Ames, Roger, Wimal Dissanayake og Thomas P. Kasulis, redr. Self as Person in Asian Theory and Practice. Albany: State University of New York Press, 1994:284-85.

Bodhi, Bhikku, tr. The Connected Discourses of the Buddha: A Translation of the Samyutta Nikaya. Boston: Wisdom Publications, 2000.

⸻. In the Buddha's Words: An Anthology of Discourses from the Pali Canon. Boston: Wisdom Publications, 2005.

Ehrman, Bart D. Jesus: Apocalyptic Prophet of the New Millennium. Paperback ed. Oxford: Oxford University Press, 2001.

Evans-Wentz, Walter Yeeling, ed. Tibetan Yoga and Secret Doctrines. 2nd ed. London: Oxford University Press, 1967.

Glasenapp, Helmuth von, red. Vedanta and Buddhism: A Comparative Study. Selected essays. Kandy: The Wheel Publication No. 2, Buddhist Publication Society, 1958. Online Edition 2006.

Gombrich, Richard. What the Buddha Thought. London: Equinox, 2009.

Hayes, Richard P., "Principled Atheism in the Buddhist Scholastic Tradition", Journal of Indian Philosophy, 16:1 (1988:Mar) pgs 9-10.

Holder, John J, tr. and ed. Early Buddhist Discourses. Indianapolis: Hackett, 2006.

Speeth, Kathleen Riordan. The Gurdjieff Work. New York. Jeremy P. Tarcher / Putnam, 1989.

Vermes, Geza. From Jewish to Gentile: How the Jesus Movement Became Christianity. Biblical Archaeology Review (BAR) 38:06, Nov/Dec 2012.

Walshe, Maurice, tr. The Long Discourses of the Buddha: A Translation of the Digha Nikaya. Boston: Wisdom Publications, 1995.

Uspesifiserte sidetilvisingar ovanfor er til Mrs. Rhys Davids Buddhism: A Study of the Buddhist Norm. Home University Library of Modern Knowledge. London: Williams and Norgate, nd.

Karma og Gud i buddhismen, opp    Seksjon     Sett    Neste

Karma og Gud i buddhismen. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2009–2018, Tormod Kinnes, cand.philol. [E‑post]