![]() |
Buddhisme-overleveringar
| |||||||||||||||||||||||||
|
Buddhismen lever
Buddhismen av i dag har rike utfaldingar med mange variantar, og somme esoteriske sider. Men i den overleverte, lange teksten om dei siste dagane til Buddha, seier han: "Eg har forklart sanninga utan å skilje den i ein open og ein lykka del. Den som har nådd inn til sanningslandet (ein Tathagata), opererer ikkje med noka hemmeleg lære . . . og har ikkje noko ønske om å leie fellesskapet (sanghaen)" [sjå Bsa 92]. Læra hans, Dharmaen, er såleis eit gode som nær sagt alle kan få glede av, sia den er open. Det er dessutan anstendig å måle forskjellige variantar av Buddhismen opp mot kva Gautama Buddha sa i dei eldre skriftene, for å stelle seg best råd med omsyn til ymse praksisar og andre element som har komme sia, for det er ikkje alt som er like lønnsamt langs vegen. I eit nøtteskal
Den kulturelle samanhengenUlike lærde har ulike synt på når Gautama Buddha blei født og når han døydde. Dei fleste lærde i den vestlege kulturkrinsen held seg til at Buddha levde frå ca. 563 f.Kr. til ca. 483 f.Kr. I Buddhas levetid blei lærebøkene som blir kalla upanishadane til i Nordvest-India. Men i Nordaust-India fann ein mange lærer og praksisar som skilde seg frå dei vediske i upanishadane. Blant dei ikkje-ortodokse sektene i Buddhas tid, finn ein jainane, og ajivikaene. Dei trudde og trur at sjela finst. I den vediske kulturen delte ulike religiøse samfunn same språk, der sjela blir kalla atman (sjølvet). Buddha sjølv blei yogi og starta ein livsveg for dei som følgde han. Frå desse enkle ideane kom trua på læraren, læra hans og samfunnet han starta. Desse tre kallast dei tre juvelane i buddhismen, men i eigentleg buddhisme kjem mest ikkje samfunnet, sanghaen, inn. Der er det metodisk utvikling ut frå yogalæra og -metodane hans som veg tyngst.
Trua og religionen etter Buddha delte seg etter kvart. Theravada (veslevogna) heldt
seg kanskje mest trufast til læra hans. Men at læra har blitt modifisert, er det
liten tvil om. Mahayana (storvogna) kom til etter kvart, karmatankane blei endra
(modifisert), og i India blei det utvikla ei rørsle som blir kalla Vajrayana, diamantvegen. Det er esoterisk buddhisme med nøkkeltankar om korleis hugen (sinnet) og verda er laga. I
seinare utforma Buddha-lærer, som
Trass i lengre tildiktingar finst grunnleggjande prinsipp att i buddhismen, jamvel
om dei blei omtolka, tenkt om att, og omformulert. I samlinga Tre korger (Tripitaka på sanskrit og Tipitaka på pali)
står dei eldste orda som har blitt tillagt Buddha samla med kommentarar. Tre
korger inneheld mykje som blir sanna som Buddha-ord i Mahayana og tantriske
buddhisttradisjonar. Tre korger inneheld altså ei rekkje kjernetankar i
buddhismen, som elles greina seg overvettes og er rik og mangslungen. Store deler av Tre
korger finst på nettet. [LENKJE]
Vegen er utafrå og nedafrå og innetter
Kva Buddha sa veit vi ikkje heilt nøyaktig av di læra hans blei overført munnleg av læresveinane hans i fleire år. Derfor er det vanskeleg å seie i kva grad talene som blir tillagt han, er heilt som han sa dei. Desse forholda tilseier noko atterhald med omsyn til læra etter Buddha, til dels avhengig av kor streng ein vil vere. Buddha sa verda ikkje er nokon varig stad for eit menneske, og at han såg ein veg som kan drive vekk mangel på innsyn. Han sa at ytre ting og tilhøve endrar seg, og vi med dei. Han ville helst sleppe å seie om Gud er til eller ikkje, og det står ingen stad i det som blir tillagt han, at Gud ikkje er til, eller at det ikkje finst noko varig vesen inst inne i alle ting og alt som er. Buddha sa også at det finst eit sjølv som er til og blir til, i praktisk og moralsk meining og tyding av ordet 'sjølv'. Dette blei utlagt til at det finst ein Gud i læra etter han, eller at det er rom for tvil - helst det siste. Då Buddha si lære var mest utbreidd i heimlandet, India, oppfatta rundt ein tredel av alle buddhistane det slik at det finst ei sjel. Den retninga makta altså å femne over pudgalalæra (personlæra). Den fanst i buddhismen i godt over fem hundre år, skriv Encyclopaedia Britannica. [Ebu] Buddha skal også ha sagt at det finst "ein som ber børa", og det blir utlagt til at det finst noko inni alle som finst. Børa, det er fem "aggregat" inni oss, heiter det. Mennesket er til i samband med fem aggregat, seier han. Dei er, rekna utafrå og nedafrå: (1) fysiske former; (2) kjensler og fornemmingar; (3) førestellingar; (4) hugdanningar og hugdisposisjonar; og (5) medvett. Trua på atterfødsel og karma går hand i handTrua på at ein blir født att, i opptil liv etter liv, blir halden oppe i Buddha si lære. Sterke tankar, ord og gjerningar setter spor både innvendig og utvendleg, og mange gjentak kan feste spora. Det finst både ytre (karmisk gjengjeld) og indre spor (vasanaer). Spora blir kalla frø med eit biletleg uttrykk. Somme karmafrø ber frukt i same liv som dei blei sådd - det vil seie, ein haustar det ein sådde, så ein hugsar det. Andre karmafrø kan spire i neste liv, og andre i fjernare, framtidige liv. Slik er læra. For at frø skal spire og bere frukter, lyt jordsmonnet (omstenda) høve til dei. Elles går det nok ikkje. Slik lære finn ein i yogaen. Den er både buddhistisk og hinduistisk. Buddha seier i lærediktet Dhammapada at ein skal verne godt om lykka si. Det finst både indre og ytre lykke. Sjølv om hjerteglede kjennest innvendig, kjem den i stand gjennom gode gjerningar også. Den kan pleiast. Nirvana kallast lykkeverda. Den kan ein avstemme seg etter på ulike måtar. LivsgangenDet finst ulike tolkingar av verda og mennesket i den, også i buddhismen. Mykje ulykke og elende kan ein unngå ved å leve klokt og godt i eit litt større perspektiv. Det er lurt. Det er mykje ein ikkje veit og bryr seg om når ein er ung, mykje som kjem betre og betre med etter kvart som livet går og alderdom, kanskje sjukdom, og til sist døden kjem. Ved å hegne om helse, trivsel og gode forhold, og sjalte ut det som skadar og krenker grenser for trivnad, kan ein både forlenge livet og auke lykka i verda. Det kjem vel med, for enden er viss, og ikkje alltid lett og god å bere. VegenI likskap med gammal hinduisme setter buddhismen opp normer og grenser for normal, danna livsutfalding. For ikkje alle lyster og tildriv fører til lykke og framgang. Somme gjer det, men så gjeld det å bli orientert om kva for noko det er, og sette i sving dei dynamikkane som fører hell og framgang med seg, og droppe dei mest skadelege. Sånn omtrent kan ein betre kåra, og vinne tid til å utvikle seg, ikkje bere utfalde seg. Buddha setter livsløpet i ei ramme for framgang. ein kan her og der ane likskapar med hinduistiske livsstadium i det; noko er nokså likt i orientering, og noko er særmerkt for Buddha, ser det ut til. Buddha utforma ein åttefaldig veg for den som er ute etter å ha lykka med. Men det er ikkje nok å ha lykka med seg; ein lyt også bruke den til noko. Då hjelper det storleg å sjå livet og verda i kvitauget, og forme ut: (1) Rette utsyn; (2 rette aspirasjonar; (3) rett tale, (4) rett åtferd; (5) rett levevis, (6) rett strev; (7) rett merksemd, og (8) rett kontemplering. Dette er Gautama Buddhas åttedelte veg. Den dannar grunnlag for metodisk utvikling i ein buddhist sin kvardag, og blir utpensla av Buddha i tillegg. Noko om den vegen:
NirvanaNirvana er eit lykkerike, eit lykkevelde, eit lykkeland, himmelsk opplysning, den andre stranda, hi sida.
Det er rettast å skildre nirvana som noko å søkje og nære
innom seg aller først. Buddha unngjekk å snakke om kva som hender dei som
når nirvana, korleis dei har det etter døden, og slikt. Men han har stadfesta
at det finst noko ufødt, noko som ikkje er samansett. Og at ein ikkje kan yte det
rettferd i ord - og at den andre stranda er verdt å gå inn for. Buddhismen er
tufta på det. Nirvana kan ein oppleve og sannkjenne, seier Gautama Buddha.
Bsa: Lie, Kåre A, oms. Buddhas samtaler: De lange tekstene. Digha Nikaya. Bind 2. Det store bindet: Mahavagga. Oslo: Solum Forlag, 2005.
Ebu: Encyclopaedia Britannica. Encyclopaedia Britannica 2007 Ultimate Reference Suite DVD. London: Encyclopaedia Britannica, 2007.
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 20052009, Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | |||||||||||||||||||||||||