Norsk del, Gullvekta
Buddhismen, ein verdsreligion
Seksjon › 6   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ord

Reservasjonar    Innhald     

Pløret, utsmatted malerislag ut fra tradisjonell modell
Måleriet "Det sit nokon i midten"

Verdsreligionen buddhisme

Ein levemåte som blir kalla religion. Buddhismen har mange forgreiningar, og det finst kanskje 350–500 millionar buddhistar i verda. Granskarar seier "mellom 230 millionar og 1.691 milliardar" [Engelsk Wikipedia, s.v. "Buddhism" under "Buddhism today"].

Buddhisme er først og fremst (1) ein levemåte. Levemåten blir støtta av (2) ei forma lære, og (3) blir somtid kalla ein religion, kva ein no skal legge i det. Alle buddhismeformer i verda - og dei er mange - kviler på læra som skriv seg frå Siddharta Gautama, med tilnamnet Buddha. Han levde i India om lag 565–485 fKr.

Å finne Gud i buddhismen. Å finne Gud i skaparverket eller buddhismen er sameleis: Ikkje alle oppfattar slikt rett fram. Opptil ein tredel av buddhistane i India i eldre tid har trudd på "sjølve seg", atman. Og "Atman er Brahman" er gammal lære frå hinduismen.[EB, "Pudgalavadins"; IEP, s.v. "Pudgalavada Buddhist Philosophy"]

Mange buddhisme-variantar: To store greiner av buddhismen blir kalla Theravada, og Mahayana, Theravada er konservativ og gammal, og Mahayana er "storvegen", med flest tilhengarar i dag. Vajrayana, "diamantvegen", er utbreidd mellom anna i Tibet og delar av Kina. Somme reknar diamantvegen som ei eiga grein av Buddhismen, mens andre reknar han inn under Mahayana. Det finst enda andre måtar å innordne dei mangslungne buddhisme-variantane på.

Buddhismevariantane er mange; det gamle treet har mange greiner.

Buddhisme for einkvar: Buddhistskolar eller -retningar skil seg i mangt. "Tingen" i buddhismen er kunnig meditasjon, arbeid og innsikt hand i hand, støtta av tradisjon og lære. Ein kan godt tru (stole på Buddhas hovudtankar) som "forsvarleg arbeidshypotese", ganske kort sagt.

Det er jamt over semje om at Gautama Buddha fanst og at etterfølgarar av han tok vare på læra hans etter evne i lang tid før mykje blei skrive ned på palmeblad - venteleg etter tiår -, og tatt vare på til våre dagar.

Gautama sjølv fekk lære å meditere av andre langs vegen, etter fem år demra den gylne middelvegen for han – ein levemåte prega av balansert ferd utan sjølvpining og hard umoral.

No er det også slik at "dei tre juvelane" (ovanfor) og omgrep som Buddha, Dharma og Sangha fanst i den gamle ariske kulturen som Gautama Buddha var runnen av og voks opp i, og det gjorde også nøkkeloverleveringar som karma, gjenfødsel, reinkarnasjon og yogapraksis. Det finst mange former for yoga, mange vegar og praksisar, frå sex-yoga til einebuar-skikkar. Og alle går dei under det same namnet: yoga. [Døme]

Buddha sette saman i ei grei syntese for at livsvegen kan gjerast gild og fruktbar, og utan at ing; ein treng å forsake alt godt i verda.

Nett meditasjon er nøkkelen til framgang på mange måtar.

Enkle grunnriss av fire former for religiøs verksemd: I forhold til andre religionar har buddhismen ei klassifisering som det kan vere godt å ha med seg. Buddha seier det finst fire slags menneske i verda, og då kan ein sjå etter kven av dei ein typisk kan finne i ulike religionar. Omforma frå Apannaka Sutta:

  1. I éin slags religion piner dei seg sjølve. Ein finn kanskje etter kvart at sjølvpinarar vil straffe seg fordi dei kjenner seg djupt skuldige eller har blitt narra inn i slik ein blindveg som dyrisk og dum askese kan vere. I slike baner tenker lett ein erfaren psykoanalytikar, som sveitsiske Medard Boss.
  2. I ein annan slags religion piner dei andre, men ikkje seg sjølve. - Bøddel-religion, slaktarverksemd-religion høyrer med til den gruppa. Ein får vel rekne med at kriminelle gjerne maier seg ut med ein religion som lar dei pine andre. Kristendommen er tufta på ei tru om at ein heilt uskuldig blei pina og avretta til gagn for kriminelle - syndarar. Jødedommen i det Gamle Testamente har også blot av uskuldige og eigentlig uvedkommande dyr som kjerne - regulert side opp og side ned. Her skal elles to rituelt handsama geiter kunne "erstatte Jesus" år for år, står det, og ordninga skal vere varig. (3. Mosebok, kapittel 16)
  3. I ein tredje slags religion piner dei andre og blir truleg pint sjølv bak kulissene, til dømes av vondt samvett – Slik rå eller halvrå, slibrig, usømmeleg og utuktig kvakkreligion - prega av mange liksom, som at kongane er liksom gudeherskarar - kan vere i hendene på ei statsmakt der kongar med prestane sine tvingar gråtande slavar og arbeidsfolk til å gjere blot for seg med tårevåte fjes og med trussel om straff om ikkje. Slik handlar i hovuddrag dei som piner andre og er med på det.
  4. I ein fjerde slags religion - statelig religion - piner folk verken seg sjølve eller andre. Dei lever i "her og no", kjenslege for lykke og med oppløfta sinn, og arbeider opp å bli Vakna, Opplyste, altså vørde Buddhaer (opplyste), verdige. Her underviser prestar og kanskje andre i godt levevis, gode måtar og rett livsferd, som er verdt å beundre heile vegen til ende. Dei gjer kjent korleis bra levesett er, både i detaljar og i essens, reint og fint. Slik ferd skal ein etter kvart bli lykkeleg i, står det i den buddhistiske teksten Apannaka Sutta.

Vørde Opplyste går inn for bra levevis for mange.

Ulike tildriv: Folk har ulike tildriv når det gjeld religiøs utøving.

  1. Somme held seg til etikette, seremoniar og ritual. Det er mykje slikt i blant anna kristendommen. Færre veit kan hende at store delar av gjengs kristendom er låntatt frå andre religionar i Romarriket i oldtida. "Brekande sauar" og gjetarar har sine skikkar, med andre ord. Det er rom for ritual, men sjå dei i ein større samanheng for å få det betre. [Mykje meir]
  2. Somme meiner at svada og blind fanatisme kan "frelse", utfri, men dogmatisme fører heller til det motsette av stor fridom. Skal tru om det ikkje er større nåde i Donald Duck enn i svada-fanatismen som mange blir krumbøygde og forstokka under alt som små barn.
  3. Nokre når lenger inn, og vil gjerne gjere eitkvart for å bli betre sjølve, bli greiare og ha det godt. Buddhismen høver sjølvhjelp. Sant å seie, Buddha fortel at dei som ærar han mest, er dei som utøver den gode læra vidt og breitt. Men ein treng heller ikkje kalle seg buddhist for å dra nytte av alle dei gode råda og vinka og klassifiseringane hans.

Religion er ikkje berre for folk med djup angst og skuld, kompenseringar og hang til vas. Somme går inn for religion som veg til noko høgare, som eit skikkeleg levevis. I buddhismen er eit av hovudmåla å bli kvitt pine. Eit anna er å ha det godt, og gjerne dele vegen med dei som kan ha gagn av han.

Grunnleggande buddhisme passar for sjølvhjelp.

Buddha, legen: Buddha samanliknar seg ofte med ein lege som tilbyr behandling for hjartelidingar. Han kan ikkje direkte vise nykommarar helsetilstanden - Nirvana - men om dei følger læra og "går vegen", kan dei få sjå. Men han fortel også at det finst mange sjuke i verda, og nemner tre slags sjuke menneske:

  1. Eit slag blir ikkje betre, trass i fullgod mat, medisin og pleie.
  2. Eit anna slag kjem seg, enten ho får fullgod mat, medisin og pleie eller ikkje.
  3. Og så finst eit slag som kjem seg om ho får sunn mat, rett medisin og høveleg pleie, men ikkje utan.

Det er på grunn av denne tredje typen at dei andre to typane skal få pleie, dei også, i tilfelle omsorg og pleie gagnar dei, fortel Buddha vidare. Læra hans er medisinen som er tilgjengelig vidt og breitt for alle tre typane, i tilfelle det finst nokon som gagnast.

Mange som hyllar å bli som små barn, gløymer at glade barn ikkje har sjuk hang til dogmer og pining og verkeleg gagnast av gode foreldrer, og for livet også

Gud i buddhismen: Finst Gud i buddhismen? Ein får vakne opp og finne ut av det sjølv. Meir om den delen av læra: [Lenke]

Meditasjon som krona på verket: Mange tusen buddhistmunkar praktiserer TM (Transcendental Meditasjon) som åttande steg på den åttefaldige vegen. [Meir]

  Innhald  


Buddhisme, Gud i Buddhismen, Litteratur  

EB: Encyclopaedia Britannica, s.v. "Pudgalavadin (Buddhist School)".

IEP: Internet Encyclopedia of Philosophy. s.v. "Pudgalavada Buddhist Philosophy". Online. www.iep.utm.edu/pudgalav/

Priestley, Leonard C. D. C. Pudgalavada Buddhism: The Reality of the Indeterminate Self. Toronto: University of Toronto: Centre for South Asian Studies, 1999.

WP: Wikipedia.

Buddhisme, Gud i Buddhismen, opp    Seksjon     Sett    Neste

Buddhisme, Gud i Buddhismen. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2012–2018, Tormod Kinnes, cand.philol. [E‑post]