NORSK DEL, GULLVEKTA  

Danske ordspråk og munnhell

 13 › 2 › 13

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE



B

Bak mens omnen er varm.

Bak skyene er himmelen alltid blå.

Barn blir ikkje så glade for ein pen kjortel som ein full mage. (Gammal dansk samling)

Barn er barn, og barn gjør barnestrekar.

Barn finn ein ikkje ved ein haug. (Syv)

Barn seier gjerne sanning. (Laale)

Barnerumpa og haustnatta kan ein ikkje stole på. (Svensk)

Barnet skal krype til det kan gå. (Laale)

Beiske pillar sukrar ein.

Berg ser, veggar hører. (Portugisisk)

Berre dei levande kan sjå Gud. (Russisk)

Berre ein skøyar gir vekk meir enn han eig. (Sjælland)

Berre Gud forstår den stumme. (Armensk)

Betre er tagd enn unyttig mælt. (Laale)

Betre er teiing enn nyttelaus tale. (Islandsk)

Betre frendelaus enn vennelaus.

Betre lite enn ingenting.

Betre seint enn aldri.

Betre å ha ein fugl i hendene enn fire i skogen. (Laale)

Betre å kjøre vogna enn å dra den. (Laale)

Bia mister brodden når den stikk.

Blant dei som dyrkar Mammon, er det ingen sekterisme.

Blei hundebønner hørt, regna det med bein ovafrå.

Bli ikkje kjøpmann utan å ha eit smilande fjes.

Blind høne finn også eit korn.

Bonde er den som handlar bondsk.

Bondespade er betre enn herremannssverd.

Brett ikkje opp buksene før du kjem til elva.

Brokete kyr får brokete kalvar.

Bruk mange til strid og få til råd. (Problemata)

Bry dykk ikkje om at turbanen er kvit, såpa er kanskje kjøpt på kreditt. (Tyrkisk)

Bu over din stand, kle deg etter den, og et og drikk under den.

Børse, kone og hund låner ein ikkje ut. (Russisk)


BØLGJE

Litteratur
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 1999–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]