Norsk del, Gullvekta
Dansk folkevidd  ❀ 6
Seksjon › 15   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Munnhell

Eit munnhell er ein talemåte, ordtak, frase som går att hos ein person eller i eit miljø. Somme munnhell treng samanheng for å gi ei slags meining, og ein slik samanheng blir vist ved "sa-vedhenget", som "sa guten då han skulle kjemmast."

Folkeminnesamlaren Evald Tang Kristensen (1843–1929) bevarte munnhell som folk i Jylland fortalde seg imellom. I Skattegraveren: en Evald Tang Kristensen antologi (1886) står fleire.

⚶ ⚶ ⚶

"No skal de få høyre skråling", sa guten då han skulle kjemmast.

"Den som vil ligge godt og sitte godt, får bli heime."

Notar

Ordspråk

Ein kan lukte mykje før nasen går av. (Kristensen 1890, 194)

Allting skal ha ein ende, men pølsa ho har to. (Kristensen 1890, 47)

Fem fingrar er vissare enn ein gaffel. (Kristensen 1890, 53)

Ein skal leve i dag så ein kan leve i morgon med. (Kristensen 1890, 140)

Treet som er forma som kjøl, blir aldri mast. (Kristensen 1890, 160)

Der er aldrig det gant, der er jo alvor iblandt. [Dansk: Gant: narrestreger; fjas; ganteri, spøg; løjer; morskab. Nynorsk: gant = fjas, skjemt, moro.] (Kristensen 1890, 82)

Det skal ein klok ein til å gjere seg tåpeleg. (Kristensen 1890, 162)

Notar

  Innhald  


Litteratur

Dansk folkevidd med gas frå Danmark.    Seksjon     Sett    Neste

Dansk folkevidd med gas frå Danmark. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2013–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]