Norsk del, Gullvekta
Dansk folkevidd  ❀ Innleiing
Seksjon › 15 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Innleiing

Dansk humør har mange utslag: skjemt, ordtak, småvers med rim i, humoristiske, likeframme glis, også kalla danske grin (med gapskrattar og verre), og enda meir. Det er eit vell av uttrykk for dansk lune. Her er eitt:

For mange år sidan møttes to bønder på gata i Odense.

"God dag, Lavs, er du kommen til byen i dag?" spurde den første.

"Ja, det er eg," svarte den andre.

"Kom du gåandes?"

"Nei, det kan eg ikkje seie."

"Kom du køyrandes?"

"Nei."

"Så du sykla hit?"

"Nei, eg har ingen sykkel."

"Jammen, korleis kom du deg hit då, menneske?"

"Eg kom trekkandes med ein stut."

[Uhrskov 1942, s. 30-31]

Trass alt

Lavs meinte at å komme dragande med ein stut ikkje akkurat var å gå.

Anekdoten har eit så eigenarta språk i originalen at jamvel danskar omset og forklarer deler av han. Som Anders Uhrskov skriv, kan fynsk til tider verke rart for utanforståande [Ibid. s 31]. På øya Fyn og andre øyer sør i Danmark - i Region Syd som det kallast - har dei syngande, melodiske dialektar, i sær langt sør i sør, der nynorsk er mangelvare.

Danskane har godt med folklore, enda om heimeavla dansk folklore kan vere lite kjent utanfor Danmark. Forteljingar samla av den jyske skolemannen Evald Tang Kristensen ligg til dømes føre i tusental. Kristensen skreiv ned så ordrett han vann, slikt som han fekk tak i av folkelege utlaup, i sær frå eit område om lag midt i Jylland. Det var songar, rim, gåter, segner og eventyr med meir. Han gjekk omkring til fots når det var skolefri, talte med folk og skreiv ned, og laut jamt betale litt for det han fekk høyre.

Kristensen si folkloresamling er omfattande, men rommar tidvis eit titals variantar av same historia, om ikkje fleire, og frå ulike forteljarar. Som oftast er det færre enn tjue variantar. Det blei likevel mange slags historier å få samla og gitt ut av Kristensen, og nok til at eit breitt utval av Jyllands-eventyra han samla inn, har komme ut i tre band på nyare dansk, redigert av Vibeke Arndal (Kristensen 1995, 1998, 2000). Trebandsverket er litt av alt det som Kristensen samla av folklore. Jysk var stort sett målet han skreiv ned det fortalde på, og nettopp den dialektbruken gjorde bøkene hans lite interessante i resten av Danmark. Det omfattande samlar- og utgivarverket hans har vore ganske underkjent.

Dansk folklore kan dessutan vere underkjent jamt over, for samlingsstrev blei ikkje kront med store verk då tida var lagleg for slikt. Kristensen gir ei krokveg-utlevering av forholda som rådde. Vibeke Arndal viser enda meir i trebandsverket med Kristensen-samla eventyr som ho har redigert. [Meir om Kristensen].

〰ೞ⬯ೞ〰

Folklore og fakelore

Folklore (lore = kunnskap) er eit ord som briten William J. Thoms (1803-85) sette saman. Det er fellesnamn for folketru, ritual, skikkar og feiringar gjennom året, dikt, eventyr, urbane myter, legender og annan forteljartradisjon, folkeviser, visetradisjon, songleikar, rim og remser, gåter, ordtak, folkemusikk og folkedans - fellesnamn for ting folk har mora seg i lag med og til dels utdanna seg på.

Omgrepet 'folkeminne' tilsvarer tysk Volkskunde og engelsk folklore. Folkeminne syslar med kulturtradisjonar som er overlevert i munnleg form. Folkeminne i meininga 'folklore' handlar først og fremst munnleg hugsa og formidla tradisjon, altså folketradisjonar. Men heilt sidan boktrykkarkunsten kom til på 1500-talet, har det vore vekselverknad mellom trykt og munnleg tradisjon. Det poengterer for eksempel Hans-Jörg Uther (2004).

Sidan 1960-åra omfattar omgrepet 'folketradisjon' også fornyingar med nye tradisjonar som kanskje enno ikkje har blitt folkeminne, men som hjelper forståing av "kulturdynamikken i nutidskulturen", som Laurits Bødker har formulert det.

Om ikkje før, så blei folklore funne tenleg for reiselivsnæringa frå 1950-talet. Misbruk-næringa teiknar gjerne eit nostalgisk og idyllisert bilde av livet i gamle dagar. Denne forflata folkloren har også blitt eige studieområde for folkloristar. Richard Dorson kalla i 1950 fenomenet fakelore ("liksom-lore").

Vegen frå folklore til fakelore og pengepung-klirring er klarlagt i store drag

Pave Frans åtvarar imot merkantilisering som forflatar godt liv. "Den frie marknaden er blitt eit tyranni der menneske blir verdsette berre for evna si til å forbruke", seier han i ein tale i Vatikanet, torsdag 16. mai 2013. Den gamle dansen om gullkalven er opp i dagen, og hjartelaus, held han fram.

"Høyrer dei ikkje på paven, høyrer dei jo ikkje på deg heller", kan ein legge til, for det er andre makter som rår. Kva for makter? Stikkord: Merkantile krefter, statsmakta og lureria - for å nemne nokon.

Kva har pavetalen med folkeminne å gjere? Det er mykje merkantilisering og byråkratisk rundgang knytt til mange utslag av folkeminne og fakelorefestivalar allereie. Det kan bli starten på enda meir blømande falsk og dukkande, statleg finansieringskontroll etter kvart, eller kva?

Ei side ved fakelore har med gradar av uheldig pengepung-klirring å gjere: Det handlar i så fall om å viser fram eit og anna lokalt med lokke-verdi, og gjerne med historisk tilsnitt når det kjem pengar i kassa frå overnattande eller tilreisande. At ein gjer det for pengar, det er hovudsaka, og at det kjem forflatingar til etter kvart, heng saman med at pengar er ikkje alt, slik blant anna Maslows behovspyramide avdekker. Og dessverre har kultur for pengeklirring ei side mange ikkje snakkar om: å tømme vekk arven sin. "Om pengane i kassa kling, gler dei seg i kommuner land og strand ikring".

Å ville grave til seg pengar ved lokkeframvisingar og låke framføringar utan ein kraftfull, levande tradisjon for framføringane, eller natur som tel i bakgrunnen, det kan kallast "pengepung-klirring." Høgt over kommerialiseringa finst folklore som sjeldan er like taktlaus og dum.

Når dette er sagt i forbifarten: Det er neppe gale å ha litt eigenliv og dele ein del med folk som kjem til. Men når det gjeld kulturutslag som det offentlege må pumpe pengar i dag for dag, er det kan hende noko meir eller mindre ibuande daudfødt eller naivt svakeleg det er tale om. Noko særleg vital er den slags "finare hyppkultur" neppe. Det kan vel så vere.

I forhold til subsidiert og merkantilisert "kultur" har vi private initiativ av ulike slag. Somme kan vere kloke; blandast med økonomiske interesser så ein luktar hestehoven på lang lei; og meir eller mindre til gagn for unge som veks fram, for eksempel. Det er ikkje alt privat som er godt heller. Ein skulle justere seg etter: "Beste kulturutslag er ikkje i statleg regi, og heller ikkje for pengar." Slik har det jamt vore for mange av dei rikaste kulturformene; dei for er deltakarar, ikkje betalande tilskodarar og virak for dei få. God kultur blir forma og halde ved lag lokalt, gjerne utan pengar med i bildet. Leik, sport i nærmiljøet, moro i lag på ulike måtar, Mykje kultur blir overlevert i heimen: eventyr, ordtak, spel, nær-sport.

"Dess meir pengar kjem med i bildet, dess meir veks halvsølet (at ein sel for pengar og håper å selje dyrt), og dess flatare kan idylliserande og merkantile opplevingar bli etter kvart." Det kan vel vere ei lite utdjuping og utviding av kva pave Frans sa (ovanfor)

〰ೞ⬯ೞ〰

Folklore og folkloristikk

Folklore (alias folkeminne) er for eksempel hyggeleg dikting, og folkloristikk handlar om slikt i form av teoretiske overbygg og innfall for det meste. Det er som for oppseding: klok verksemd går føre seg heime og kan hende i kollektiviserte skolerammer og nabolaget i tillegg.

Pedagogikk som fag, derimot, handlar mest av alt om "tingen", og er ikkje tingen i seg sjølv - og nett den skilnaden er eit pedagogisk poeng som kan bli løyst der velmeint praksis og teori går "hand i hand", som ein seier.

Det kan vel gagne å vite forskjell på god folklore og anna folklore. Det finst makabert svineri som blir kalla folklore, og er svineri like fullt.

Folklore versus folkloristikk ved ymse universitet

Folkloristikk blei før kalla folkeminnevitskap, og høyrer inn under kulturhistorie eller kulturvitskap. Folkloristar har tradisjonelt arbeidd med så som folkedikting, folkeviser, segner, eventyr og balladar. Folketru, skikkar og trusførestillingar er også med. Teoriar om tradisjon, munnlege formidlingar og forteljingsteoriar og kampen for nasjonsbygging står sentralt.

Den folkloristiske forskinga har i hovudsak vore retta på eldre folkeeventyr, myter, segner og balladar, men i den seinare tida har faget komme til å femne breiare og til sider ved notidig kultur i større grad, til dømes vitsar, gåter, UFO-historier, massemedia, kulturmangfald og tradisjonar.

Folkloristikk høyrer inn under kulturhistorie ved Universitetet i Oslo og kulturvitskap ved Universitetet i Bergen.

〰ೞ⬯ೞ〰

Dansk folklore

"Gode ord er betre enn gull." - Dansk ordtak

Deler av kulturen er "gode ord" på ulike plattformer. Samlarar har tatt vare på mange. Fleire kan ha blitt gløymde. Det er store sjansar for det, iallfall.

Anders Uhrskov

Det er nokre småstubbar frå Anders Kristensen Uhrskov (1881–1971) her i samlinga. Uhrskov var utdanna lærar. Han underviste ved Frederiksborg Højskole i Ullerød, skreiv ymse skolebøker, og blei også redaktør og bibliotekar. Nordsjællands Folkemuseum blei oppretta i Hillerød i 1924 etter initiativ frå han.

Mest av alt skildra Uhrskov nord-sjællandsk folkeliv; han samla folkeminne frå Nord-Sjælland. Folkelivsarbeidet hans er merkt av mykje førstehandsmateriale. Han skreiv minst seksti bøker, så som Nordsjællandsk Folkeliv, I–V (1921–24). Folkesegner, folketru, høgtid og kvardagsliv er dekt i dei fem banda. Dansk Folkevid i tre band blei gitt ut i perioden 1935, 1936 og 1942.

Hans Ellekilde

Den danske folkeminnegranskaren Hans Lavrits Ellekilde (1891-1966) gjorde sine framstøytar for å finne ut av dansk folklore. I tidsrommet 1917-61 var han arkivar ved Dansk Folkemindesamling, og var "stærkt præget af den nationalt bevidste holdning han havde til folkemindestudiet", og var medlem af Kungliga Gustav Adolfs Akademien frå 1933, skriv Store danske leksikon.

Ellekilde-tankar om eventyroverlevering

I innleiinga til Vore Danske Folkeeventyr (1928) skriv Hans Ellekilde at dansk eventyroverlevering "står gennem Norge i Forbindelse med den keltiske Verden, igennem Holland med den vesteuropæiske, gennem Tyskland med den syd- og østeuropæiske Verden, og den har suget til sig af fremmed Æventyrfortælling, som en Svamp drikker Vand." (1960:10)

Desse tre "i nabolaget" til Danmark er utdjupa litt:

1. "'Kloge Nordmænd' i hundredvis er kommet til Jylland for at bjerge Udkommet ved Tiggeri og Smaatrolderi; vi kan følge deres Vej i Sagnoverleveringerne om dem (se Evald Tang Kristensens Danske Sagn VI, s. 328 f.). Naturligvis har de 'kloge Nordmænd' bragt deres norske Æventyr med til Jylland og fortalt dem for Nattely og Forplejning." (1960:10)

Det står eitkvart om kloke nordmenn på dei sidene Ellekilde viser til i 1936-utgåva av Kristensens Danske Sagn VI (s. 155 ff).

Om ein segnforteljar kallar segna fullt ut påliteleg, er ho det kanskje og kanskje ikkje. Berre segnstøtte blir sjeldan rekna som historisk lødig eller fullgodt i alle samanhengar.

2. Ellekilde fortel også at Amsterdam spelar ei stor rolle i jyske eventyr, fordi ein og annan jysk helt kunne vinne lykka i den store, rike handels- og sjøfartsbyen, og rimelegvis fekk høyre eventyr med ganske vesteuropeisk preg der.

3. Danskane har også hatt mykje hopehav med slaviske folk frå Rügen-området, så folk frå Rügen fortalde og song rimelegvis for danskane, fortel Ellekilde. Dansk historie i tida før og etter kong Valdemar Siger stadfester slikt hopehav godt.

Ellekilde med ei klype salt kan gå an: Ellekilde seier ikkje eitt ord om svenskar, berre "kloke nordmenn." Ein tilsett ved Dansk Folkemindesamling skreiv at ho visste korleis og korfor Ellekilde knyt spesielt nordmennene til den keltiske verda, og ho ville heller ikkje gå "så højt op i det" som Ellekilde (Privat kommunikasjon).

At Ellekilde si framstilling av at danskane saug ein heil del ifrå nabofolk, det er vi med på. Hans-Jörg Uthers samanliknande verk (2004) mellom eventyrtypane i Europa, gir prov i fleng på fenomenet "naboland-osmosar."

Laurits Bødker og folkeminneovervintring

Laurits Bødker (1915–82) var tilsett i Dansk Folkemindesamling 1948-66, blei den første forstandaren for Nordisk Institut for Folkedigtning 1959-66, og fekk folkeminneforsking innført att ved Københavns Universitet som ekstraordinær professor frå 1971 til 76. Han formidla impulsar til ei nyare form for folkloristikk, og fekk mykje å seie i eit fag fullt av dilemma og kamp for å halde hovudet over vatnet som eigen disiplin.

Bødker "var den, der i 1950erne og 1960erne lagde hele grundlaget for den eksisterende folkloristik i Danmark. Og det er det grundlag, der nu er ved at smuldre i forbindelse med fagets nedlæggelse på Københavns Universitet", skriv Flemming Hemmersam (2001), og taler for at folkloristikk skal tene folk flest, og ikkje berre mindre grupper. Forholda for folkeminne i Danmark hang saman med at faget Nordiske Folkeminder etter 1917 hadde mista fotfestet sitt på Københavns Universitet, og måtte overvintre på Dansk Folkemindesamling i fleire tiår, kjem han med. "Overvintre på samlinga" er figurativt.

Saka er vel at universitetsgodkjenning av folklore ikkje var nødvendig for å halde mykje og god folklore i live i hundreår etter hundreår. Først i etterkant kom samlarar og granskarar til, og somme blei tilsett på universitet til sist.

Ein slags parallell: Psykoanalysen, til dømes, såg i lange tider med så stor mistru på universitetsundervisning at ein før i tida ikkje kunne bli utlært psykoanalytikar på universitet - så psykoanalysen sitt eigenliv fekk florere lenge utan slik forankring. Så: "Utan forankring i universitetssamanheng? Kan vere bra for det."

Dansk folkloristikk etter Bødker

Institut for Folkemindevidenskab. Dansk folkloristikk femner eit godt døme på bresten på "hand i hand":

Bengt Holbek, elev av Laurits Bødker, blei utdanna med tanke på tilsetting på Dansk Folkemindesamling. Saman med to medstudentar, Iørn Piø og Gustav Henningsen, forvalta og formidla han den folkeminnearven som Dansk Folkemindesamling har, ved at dei skrev avhandlingar om hekser, folkeviser og eventyr – I 1967 blei så Institut for Folkemindevidenskab skipa ved Københavns Universitet i 1976. Frå 1987 blei det kalla Institut for Folkloristik og etter 1999 Center for Folkloristik til det blei lagt ned sommaren 2001 på grunn av maktkamp og samarbeidsvanskar etter Holbæk, som hadde halde saman på faget til han døydde i 1992, skriv Hemmingsen (2001).

Kraftige stridar, ulike perspektiv. Hemmingsen skriv om kraftig, innbyrdes strid i folkloristikken internasjonalt, og bruker endatil ordet paradigmeskifte - det er skifte av grunnleggande, lite utforska gjettingar (formodninger), haldningar og utsyn i faget og feltet, lausleg forklart. Maktkamp, kamp over forskjellige utsyn - det høyrer inn under folkloristikken. "Hald meg utanfor", held folkloren seg til, og vandrar vidare med noe songar, nye småhistorier, nye "segner" som UFO-historier, nye former og truleg meir standardiserte, globaliserte impulsar; dei blir kanalisert gjennom forskjellige media fram til at grådige interesser skor seg på mindre barn si rekning, med reklame for så som Barbie-aktige dokker - dominering heiter "spelet" som god barndom er med å betale. Alt nytt er ikkje godt -

Fagleg usemje. Skal ein folklorist berre dokumentere, skildre og skissere fortidsspor (oppteikna folklore), eller drøfte fortids- og notidsspor (levande uttrykk, påverknader og formidlingar) og påverke for ting ein føretrekker, eller kanskje det meste av alt dette? Noko av usemja kjem an på ulike perspektiv og ulike syn på kva som er viktig, tiltrengt eller kva det no kan vere.

〰ೞ⬯ೞ〰

Fleire problem opp i fanget

Ein kan skrive innfløkt og lærerikt om mangt og mykje, også folklore. Ein kan godt avdekke problem, formulere dei spissfindig, og tilmed lage problem ut av mindre vesentlege deler av heilskapen gjennom å postulere ditt og datt. Ein kan dessutan prøve å ta vare på kulturskattar ein kjem over.

Flemming Hemmersam (2001) leverte eit akademisk oversyn over stoda til folkloristikken i Danmark for godt og vel ti år sidan, og ein får vel kalle grunnstemninga luguber, om ein forstår forfall i god meining - i tråd med "Always look to the bright side of life", til dømes.

Enkle, bra åtgjerder

I eit felt der teoretikarane har stridd og lidd mot kvarandre og i forhold til andre fagfelt, kan ein steppe til side og samle seg om gode forteljingar og munter underhaldning. Det plar hjelpe. Hans Ellekilde (1891-1966), dansk folkeminnegranskar og arkivar ved Dansk Folkemindesamling, gjekk inn for å få folk til å samle inn folkeminne på heimtrakta si. Han hadde fokus i sær på segner og festskikkar.

Også her i landet er det rom for denne tilnærminga. Rundt omkring har borgarar tatt seg på tak og funne og publisert historier frå heimstaden og andre stadar der lokalt initiativ blømer. I somme bygdebøker finn ein også gode historier. Høgskolar kan ha utsyn over til dømes barneleik, og kan ha skaffa seg lokalsamlingar av ulike slag.

Her i samlinga finn ein historier som går for danske folkeminne. Kjelder det blir vist til på ulike sider, står oppført under, og meir spesifikt på bakgrunnssida, som ein kjem til vita "Notar."

Innhald


Dansk samling, antologi, forteljingar, leven, danske ablegøyer, litteratur  

Bødker, Laurits. Danske Folkeeventyr. København: Rosenkilde og Bagger, 1960.

Ellekilde, Hans. Vore danske folkeæventyr. Første udvalg: mytiske æventyr med mandlig helt. I serien Danmarks folkeminder nr. 35, København: Det Schønbergske Forlag, 1928.

Hemmersam, Flemming. "Folkloristik mellem folklorisme og folklore." i Fortid og Nutid, juni 2001, s. 134-145. På nett.
tidsskriftetkulturstudier.dk/kulturstudier/wp-content/uploads/Low_Fortid-og-nutid-2-2001.pdf

Kristensen, Evald Tang, samlar. Danske folkegaader. Struer, Eige forlag, 1913.

Kristensen, Evald Tang, samlar. Danske ordsprog og mundheld, skjæmtsprog, stedlige talemider, ordspil og samtaleord. København, Gyldendalske boghandel (i kommisjon), 1890.

Kristensen, Evald Tang, red. Danske sagn som de har lydt i Folkemunde. Ny Række. 6. Afdeling: Djævelkunster; Kloge Mænd og Koner; Hekseri; Sygdomme. København: Reitzel, 1936 (og Århus 1892-1901 før det).

Kristensen, Evald Tang. Eventyr fra Jylland, ved Vibeke Arndal. Odense: Odense Universitetsforlag, 1995.

Kristensen, Evald Tang. Eventyr fra Jylland II, ved Vibeke Arndal. Odense: Odense Universitetsforlag, 1998.

Kristensen, Evald Tang. Eventyr fra Jylland III, ved Vibeke Arndal. Odense: Odense Universitetsforlag, 2000.

Kristensen, Evald Tang, samlar. Molbo- og Aggerbohistorier samt andre dermed beslægtede fortællinger. Samlede af folkemunde. Viborg: F.V. Backhausen, 1982.

Kristensen, Evald Tang, samlar. Molbo- og Aggerbohistorier samt andre dermed beslægtede fortællinger. Samlede af folkemunde. Anden samling. Forfatterens forlag. Jacob Zeuuers bogtrykkeri. Århus. 1903.

Kristensen, Evald Tang, Peter Lykke-Olesen og Ole Pedersen. Skattegraveren: En Evald Tang Kristensen antologi. Varde: Dansklærerforeningen/Skov, 1983. ⍽▢⍽ Årgang 1886 av tidsskriftet Skattegraveren, som kom ut i tolv omfattande band og eitt Efterslæt til Skattegraveren.

NTB. "Pave Frans langer ut mot "økonomiens diktatur". I E24, 16. mai 2013.
e24.no/makro-og-politikk/pave-frans-langer-ut-mot-oekonomiens-diktatur/20370331

Uhrskov, Anders, red. Dansk folkevid, tredie samling. København: Gyldendalske Boghandel – Nordisk Forlag, 1942.

Uther, Hans-Jürg. The Types of International Folktales: A Classification and Bibliography Based on the System of Antti Aarne and Stith Thompson. Vols 1-3. FF Communications No. 284-86, Helsinki: Academia Scientiarum Fennica, 2004.

Dansk folkevidd med gas frå Danmark.    Seksjon     Sett    Neste

Dansk folkevidd med gas frå Danmark. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2013–2019, Tormod Kinnes, cand.philol. [E‑post]