NORSK DEL, GULLVEKTA  

Danske ordspråk og munnhell

 13 › 2 › 13

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE



E

Eg har ein god boge, men den ligg på slottet. (Engelsk)

Eg seier berre litt, men tenkjer desto meir. (Engelsk)

Eg skal halde tommelfingrar for deg. (frå gammal overtru)

Eg vil ikkje røre han med eldtang.

Egget vil lære høna å leggje egg.

Ei bie kan samle honning tilmed frå myr.

Ei god vise blir ikkje kveda for ofte. (Syv)

Ei kone kan vere god for kroppen men ikkje for sjela. (Jiddisk)

Ei kvinne luktar godt når ho ikkje luktar av noe. (Latin)

Ei kvinne vil finne på nittini løgner, men vil bli for trøtt av nummer hundre. (Afrikansk)

Ei kyrkje er aldri så full at ikkje fanden får rom. (Svensk)

Ei lita fjør kan bli til fem høns.

Ei lita gryte er god når ein ikkje har noen anna.

Ei lita gåve er betre enn eit stort løfte.

Ei loppe kan også gi dårlig humør. (Sjælland)

Ei løgn kan gå frå Bagdad til Konstantinopel mens sanninga leiter etter sandalane sine. (Arabisk)

Ei nål kan tene mange i årevis og likevel sjå splitter ny ut. (Spansk)

Ei pen kvinne er venast utan smykke.

Ei rose er det enkelt å pynte.

Ei som er lita og smal kan komme dit ho skal. (Fyn)

Ei svigermor skil seg frå ein tiger ved at tigeren har mye penare skinn.

Ei ulykke ein sjølv har innbydd, unngår ein ikkje. (Japansk)

Ei ulykke kjem sjeldan aleine.

Ein blir ikkje kvit sjølv, for di ein svertar ein annan.

Ein blir kei av å høre den same visa støtt. (Syv)

Ein blir også mett av honningkake. (Norsk)

Ein boge kan ikkje alltid vere spent.

Ein bonde er bonde, sjølv om han søv til middag.

Ein bør ikkje strekke beina lenger enn teppet rekk. (Svensk)

Ein doven bryggjer lagar godt øl.

Ein døv mann og ein blind kone er alltid eit lykkelig par. (Fransk)

Ein er aldri for gammal til å lære.

Ein er det ein et. (Tysk)

Ein fakkar fleire fluger med ei teskei honning enn med ei tønne eddik.

Ein fangar ikkje laks i leirgrav. (Gammal dansk samling)

Ein far kan forsørgje ti barn, men ti barn ingen far.

Ein far sin godleik er høg som fjell -

Ein feiging veit ikkje kva for pryl han rømmer frå.

Ein finn alltid ein stokk når ein vil pryle ein hund.

Ein får alltid råd nok når ein ingen treng. (Vestjysk)

Ein får ikkje anna av reven enn skinnet.

Ein får ikkje noe godt når ein seier noe vondt. (Gammalegyptisk)

Ein gammal ramn skrik ikkje utan grunn. (Russisk)

Ein gir vekk eple og pære, men ikkje gull og grøne skogar. (Syv)

Ein gjør mye for selskaps skuld.

Ein gneg litt av bein, men ingenting av ein berre stein. (Etter svensk)

Ein god smak lever ikkje evig på leppa. (Afrikansk)

Ein god vilje drar eit stort lass.

Ein gong imellom lyt du late att auga for å sjå betre. (Paul la Cour)

Ein går gjerne over gjerdet der det er lågast. (Laale)

Ein har hørt så galt før, at kjærasten til den eine blir kona til den andre. (Vestjysk)

Ein har ikkje fred lenger enn grannen vil.

Ein hører fortare om rikmanns hovudverk enn fattig manns død. (Gammal dansk samling)

Ein kan berre lære å symje i vatn.

Ein kan føre ein sugge til Rom og attende, og likevel er ho ei sugge. (Bornholm)

Ein kan ikkje ete ei feit gås om ein ikkje har noen.

Ein kan ikkje forlange meir av ein stut enn eit brøl.

Ein kan ikkje lage suppe på venleik. (Russisk)

Ein kan ikkje leve av kjærleik og kjeldevatn.

Ein kan ikkje trekke to huder av ein okse. (Russisk)

Ein kan ikkje vege alt i skåler. (Laale)

Ein kan ikkje vere kvar manns venn.

Ein kan ikkje vere varsam nok i valet av foreldra sine. (Henrik Pontoppidan)

Ein kan leie oksen til vatnet, men ikkje presse han til å drikke. (Laale)

Ein kan lettare forsnakke seg enn forteie seg.

Ein kan lyge så lenge at ein sjølv trur på det.

Ein kan også få for mye av det gode.

Ein kan også gjøre skarvelige folk urett.

Ein kan også gjøre skarvelige urett.

Ein kan presse hesten til vatnet, men ikkje til å drikke.

Ein kan saktens setje seg til elden med ein annans bukser på.

Ein kan så korn og stryke kjærasten så lenge at ein verken får barn eller brød. (Gammal dansk samling)

Ein kan venne seg til vondt så lenge at ein synest vondt er godt. (Laale)

Ein kastar skit på dei levende og blomster på dei døde. (Svensk)

Ein kjenner reven best på rumpa.

Ein kjenner treet på fruktene.

Ein lege må ha falkeblikk, jomfruhand og løvehjerte.

Ein leiter ofte etter det ein ikkje vil ha. (Laale)

Ein lyt stundom ha auge i nakken.

Ein løgnar trur vi ikkje, ikkje eingong når han taler sanning. (Latin)

Ein mann er ein mann, eit ord er eit ord.

Ein mann er ingen mann før han har drepe narrskapen sin. *

Ein mann kjennast på sin omgang. (Latin)

Ein manns kjøt er ein annan manns gift. (Engelsk)

Ein mjølkar ikkje godt med vantane på.

Ein må byggje med dei stein ein har. (Syv)

Ein må la folk tale, ettersom fisk ikkje kan. (Polsk). (Merknad: no syner forskinga at fisk syng tilmed; vi kan berre ikkje høre dei.)

Ein må lide for venleiken.

Ein må ta det sure med det søte.

Ein må ta loppene med hunden. (Syv)

Ein må ta verda som den er.

Ein narr kan spørje om meir enn ti vise kan svare.

Ein openberr fiende er betre enn ti falske venner. (Jysk)

Ein pen fasade kan dølje eit tomt indre. (Italiensk)

Ein pen jente venner seg fort til å liggje på ryggen. (Svensk)

Ein plass til alt, og alt på plass. (Engelsk)

Ein pung full av pengar er sterkare enn ein sekk full av sanning.

Ein redd gjør hundre redde med seg.

Ein rik fangst får garnet til å rivne.

Ein rir ikkje alltid same dagen ein salar.

Ein skade skjer lett, men er vanskelig å gjøre god att.

Ein skade skjer lett, men kan vere vanskelig å gjøre god att. (Tysk)

Ein skal bere fullt kar varsamt. (Laale)

Ein skal ete pølsa mens den er varm. (Laale)

Ein skal fare i mak, så går ikkje hjula av. (Bornholm)

Ein skal følgje eit godt råd om det så kjem frå eit reveskinn. (Norrønt)

Ein skal først sope framfor si eiga dør. (Norsk)

Ein skal halde opp mens leiken er god.

Ein skal halde tunga beint i munnen.

Ein skal håpe det beste, men vere budd på det verste.

Ein skal ikkje bite handa som gir ein mat.

Ein skal ikkje brenne lyset sitt i to ender.

Ein skal ikkje dølje for vennen det som uvennen veit.

Ein skal ikkje dømme ei bog etter tittelen. (Svensk)

Ein skal ikkje fly høgare enn ein har venger til. (Sjælland)

Ein skal ikkje fly høgre enn vingane kan bere.

Ein skal ikkje gape over meir enn ein kan svelgje.

Ein skal ikkje gjøre ein mygg til ein elefant.

Ein skal ikkje gråte over spilt mjølk.

Ein skal ikkje gå imellom bark og ved.

Ein skal ikkje halde opp å så fordi fuglane et av kornet. (Syv)

Ein skal ikkje kaste det skitne vatnet før ein har reint vatn i staden.

Ein skal ikkje kaste perler for svin.

Ein skal ikkje kjøpe katten i sekken. (usett)

Ein skal ikkje krangle om skjegget til paven. (Engelsk)

Ein skal ikkje ligge så lusa ete låra av ein. (Gammal dansk samling)

Ein skal ikkje ro lenger ut enn å ein kan ro i land igjen. (Svensk)

Ein skal ikkje rose dansen før den er dansa.

Ein skal ikkje seie alt ein veit, men vite alt ein seier.

Ein skal ikkje selje skinnet, før bjørnen er skoten.

Ein skal ikkje setje reven til å vakte gjæser.

Ein skal ikkje skjere alle over éin kam.

Ein skal ikkje skode hunden på håra.

Ein skal ikkje skreve vidare enn buksene kan halde.

Ein skal ikkje slå opp større brød enn ein kan bake.

Ein skal ikkje va lenger ut enn at ein når botnen.

Ein skal kjenne gammal sed, men gjøre etter den nye. (ganske naturlig). (Syv)

Ein skal kjerne til ein får smør. (Syv)

Ein skal krype før ein kan gå.

Ein skal likne det ein er kommen av.

Ein skal lyge akkurat så mye som går i folk. (Svensk)

Ein skal nyte sola mens den skin. (Laale)

Ein skal også forstå halvkveda vise. (Slesvigsk)

Ein skal plukke blad av kålen, ikkje rive den opp med rot.

Ein skal reise seg ved stammen av treet ein fall saman ved.

Ein skal setje tæring etter næring.

Ein skal sjå lenger enn nasen er lang. (Jysk)

Ein skal skikk følgje eller land fly.

Ein skal spare i tide, før botnen av bingen er nådd. *

Ein skal steike ål som ein leier fruer TIL by. (seint), men sild som ein jagar horer frå by. (fort). (Svensk)

Ein skal stort sett la folk sigle sin eigen sjø. (Etter dansk)

Ein skal stå på eit høgt fjell for å sjå sin skjebne til ende.

Ein skal ta imot råd frå gal mann, men skunde seg ifrå han. (Jysk)

Ein skal vite kor ein har lusa gåande.

Ein smigrar er ein hemmelig fiende. (Ungarn)

Ein son ensar ikkje at mor hans er vakker, ein hund ensar heller ikkje at herren er fattig.

Ein spår så lenge at det endelig slår til.

Ein stein er ikkje noe argument. (Svensk)

Ein straffar ikkje krepsen ved å drukne den.

Ein stut kan ikkje brøle to stader på ein gong. (Afrikansk)

Ein svoger held mål med tusen djevlar. (Japansk)

Ein svolten franskmann er glad for ei kråke. (Russisk, etter Napoleons felttog)

Ein svolten mage spør ikkje kva smøret koster. (Sjælland)

Ein tenar som røyker hasj, er kanskje betre enn ingen tenar.

Ein tiger et ikkje sine eigne ungar. (Indonesisk)

Ein times søvn før midnatt er betre enn to etterpå.

Ein ting kan lukte godt og likevel smake fælt.

Ein tjuv stal frå ein annan, og Gud undra seg i himmelen sin. (Armensk)

Ein treng ikkje leite etter loppa i andre sine skjorter. (Russisk)

Ein treng ikkje setje lus i skinnpelsen, dei kjem av seg sjølve.

Ein ung kan spørje så langt ein gammal kan minnest. (Gammal dansk samling)

Ein varmar omnen for at den skal varme igjen. (Svensk)

Ein vil ha ei, denne ei annan, dermed blir alle møyer manna. (Syv)

Ein vis mann vinn kunnskap frå den som ingen har. (Skotsk)

Einaste dottera blir snart modna. (Svensk)

Einkvar er seg sjølv nærast.

Eit egg kan ikkje kjempe mot ein stein. (Afrikansk)

Eit esel er eit esel, om så salteppet er av atlask. (Innlånord)

Eit halvt brød er betre enn ingenting. (Laale)

Eit hus med menn er betre enn eit hus fullt av rubel.

Eit klokt ord er betre enn ei lang preike.

Eit liv utan venn blir snart ein død utan vitne. (Spansk)

Eit lys tenner andre lys og et seg sjølv. (Engelsk)

Eit ord i tide er betre enn ti i utide.

Eit rote egg fordervar heile kaka.

Eit rôtegg kan ein ikkje forderve.

Eit sant ord er ikkje frekt. (Afrikansk)

Eit skip som har to kapteinar, går under. (Arabisk)

Eit svolte auge ser langt. (Engelsk)

Eit vennlig ord held ein mann varm i tre vintrar. (Tyrkisk)

Eitkvart paradis har sin orm.

Eitt er rett og eit anna er fastsett. (vedtatt). (Laale)

Eitt er rett og eit anna er vedtekt. (Laale)

Eitt er å vere lærd, eit anna vis og klok. (Ludvig Holberg)

Eitt ord er nok for den vise. (Latin)

Ekkel ramn legg ekkelt egg. (Gammal dansk samling)

Ekstreme vonde krev ekstreme forholdsregler. (Latin)

Ekteskap er ei hamn i stormen, men oftare ein storm i hamna.

Ekteskap er himmel eller helvete ut frå korleis ein skikkar seg. (Sjælland)

Ekteskap er ikkje noe kappløp, du når alltid fram i tide. (Russisk)

Ekteskap kurerer kjærleiken. (Tysk)

Elsk din granne, men riv ikkje ned gjerdet imellom dykk.

Elsk mens du elske kan. (Christian Molbech)

Embetsmannen har sine lover, folket sine private avtalar.

Enda om bukken er ute av huset, er likevel stanken der. (Syv)

Eplet fell ikkje langt frå stammen.

Er det ingen vind, så ro.

Er ei jente berre litt klokare enn ei gås, får ho sikkert ein mann.

Er ein mann for gammal, er det konas skyld.

Er reven først i hønsehuset, spør han ikkje om lov.

Er treet stort, blir skuggen det også.

Esel er vakre i auga til esel, grisar i auga til grisar. (Latin)

Et godt namn mister ein berre ein gong. (Svensk)

Et med måte og sov søtt. (Skåne)

Ete eller etast er jungellov.

Etter at krigen er slutt, finst det mange tapre. (Russisk)

Etter regn gror gras, etter vin veks vas. *

Etter sorg kjem trøst. (Srilankisk)

Europearen vernar og slår i hel. (Afrika)


BØLGJE

Litteratur
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 1999–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]