![]() |
Danske ordspråk og munnhell | ||||||||||||||||||||
|
FFagre ord gjer ikkje kålen feit. (Russisk) Fagre ord mettar ikkje magen. (Svensk) Fagre ord (falske løfter eller smiger) frydar ein gap. (Laale) Fanden visste ikkje han var i helvete før han fekk svigermor si ned dit. (Svensk) Fanden visste ikkje kva helvete var før han blei gift. Fanst ikkje narrar, ville ingen oppdage dei kloke. Fattigdom er alderdoms byrde. (Svensk) Fattigdom er ingen skam. Fattigdommen er tyngste krossen. Feil omsorg drep talentet og katten. * Feila veks når kjærleiken minskar. (Engelsk) Fell himmelen, då går mange leirgryter sund. (Laale) Fire auge ser meir enn to. Fleire er døde fordi dei laga testamente enn fordi dei var sjuke. (Spansk) Flink hund skit ikkje i hundehuset sitt. Flink tunge er betre enn kjemma hovud. (Laale) Fluger er ikkje hoffolk fordi dei et av fatet til kongen. * Folk sa til bikkjene: "Spring og gøy!" Dei svara: "To handverk i eitt - det går ikkje an." (Innlån) Folk som stinkar, kjenner ikkje sin eigen stank. (Japansk) For den blinde er dag og natt så godt som like. * For ei god natts skyld får ein så mang ein vond dag. (Syv) For mykje av alt blir eit vonde. (Latin) For mykje pudding kan forderve ein hund. (Engelsk) For somme verkar det betre å vere død enn å leve med stor sorg. * For å kunne lyge må ein ha godt minne. Foreldre har aldri urett. Forført dotter er betre enn hengt son. (Laale) Fortel barna at faren blei hengt, så krev dei ikkje arv. Fremmend mat smakar best. (Og slesvigsk) Frende er frende verst, sa reven om dei raude hundane. Fruentimmer treng ingen pengar, dei røyker ikkje, dei drikk ikkje, og kvinnfolk er dei sjølv. (Svensk) Frykt Gud og følg landevegen. (Ludvig Holberg) Frykt ikkje ein klok fiende, frykt ein dum venn. (Russisk) Frå ein oldings munn kjem forderva ande, men ikkje forderva ord. (Afrikansk) Frå rein kjelde flyt reint vatn.
Fullt mål, full betaling. (Estisk)
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVARSFRÅSKRIVING: [LENKJE] © 19992009, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||||