![]() |
Danske ordspråk og munnhell | ||||||||||||||||||||
|
HHa ikkje alt du eig på eitt skip. Hadde den stakkars katten venger, ville den nok utrydde sporvane. Hald sinne for ein fiende. (Japansk) Hald tunga di i taume, elles bringer den deg i fengsel. (Jf. Arabisk) Han bringer eit godt lass til garden, som får ei god kone. (Laale) Han er lur som ein rev. Han gjorde sitt beste, så også barnet i vogga. (Gammal dansk samling) Han kan ikkje sjå skogen for berre tre. (Latin) Han kjem også fram som køyrer med oksekjerre. (Laale) Han klatrar på andres ord som på ein stige. (Russisk) Han lever på ein stor fot. Han lyt ha neglar av jern, som klorar ein bjørn. Han låg i strid med kjelda, derfor døydde han til sist av tørst. (Malayisk) Han ramma spikaren på hovudet. Han sit i saksa. Han talar som han har forstand til. Har du gjort ei velgjerning, så løyn den. (Arabisk) Har du kjøpt det du ikkje treng, har du selt det du treng. (Arabisk) Har du pengar er du klok, har du ingen er du ein tok. (Tyrkisk) Har Gamle-Eirik ete hesten, skal han ete grimen også. Hegra skjeller på vatnet fordi den ikkje kan symje. (Laale) Heller berrføtt enn beinlaus. (Engelsk) Heller berrføtt enn boklaus. (Islandsk) Heller bli spotta enn spotte. (Talmud) Heller ei ku med ro enn sju med uro. Heller ein jente i famnen enn ti i vogna. (Svensk) Heller ein sunn bonde enn ein sjuk keisar. (Tysk) Heller eit menneske som tenkjer enn hundre hovudlause. (Russisk) Heller ingen lege enn tre av dei. Heller leive enn rivne. Heller sitje oppe heile natta enn å gå i seng med ein drake. (Engelsk) Heller sove for ingenting enn slite for ingenting. Heller sove seg fattig enn slite seg fattig. Heller ulærd og klok enn lærd og dum. (Etter russisk) Heller vere storsnuta enn naselaus. Heller vere sånn passe sjuk enn passe sjuke. (Etter Tyrkisk) :) Helse og pengar fører vidt. (Engelsk) Herre vil alle vere, og ingen vil sekken bere. Hogg veden sjølv, så varmar den deg to gonger. Horeelsk er som eld i hampetrevlar; skin mykje, men varmar berre litt. Hundar blir mette, menneske kan alltid ete. (Grønlandsk) Hykla kjærleik kverv fort. Hæren burde alltid vere parat, men aldri brukast. Høflegheit gler jamvel pus. Høve gjer tjuvar. Håpe og vente gjer mang ein til narr.
Håpet er eit egg: nokon får gulen, ein annan får kviten, og ein tredje
får skalet.
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVARSFRÅSKRIVING: [LENKJE] © 19992009, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||||