Norsk del, Gullvekta
Danske ordspråk
Seksjon › 6 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

M

Magen blir mett før auga.

Makken synest ikkje at raudstrupen syng vakkert.

Makt går føre rett.

Makt går ofte føre kunsten. (Laale)

Makt går somtid for (å vere) rett. *

Mang ein blir opphøgja til store fall, så ottast Gud og vakt ditt kall. (Gammal dansk samling)

Mang ein lagar ris til eigen bak. (Engelsk)

Mang ein ting er god fordi kvar tykker sitt er godt. (Laale)

Mange bekkar små gjer ei stor elv. (Laale)

Mange er vennar og få er fulltru. (fullt trugne). (Laale)

Mange pengar, mange vennar.

Mange småbekkar lagar ei stor elv. (Laale)

Manglar ein oksar, må ein pløye med esel. (Italiensk)

Mangt blir nytta i nøda. (Færøysk)

Mangt er ille på sjøen. (Norrønt)

Mangt er nyttig i nøda. (Færøysk)

Mangt nytt kjem til den som reiser. *

Manns vilje, manns himmerike.

Mannvaksen møy er vond å vakte.

Mauren har sitt sinne. (Fransk)

Med det gode kjem ein langt.

Med ei klype salt.

Med éin bak kan ein ikkje sitte på to hestar. (Ungarsk)

Med god kunnskap [viten*] og ein god kniv kan ein komme langt. (Frisisk)

Med godt samhald kan dei svakaste vinne. (Norsk)

Med kjærleik kjem gleder, med rikdom kjem sorger.

Med krigen kjem rykta.

Med list kan ein vinne land. (Laale)

Med rev skal ein rev fange. (Gammal dansk samling)

Med spørsmål kjem ein ut til havet, med årer kjem ein over. (Latvisk)

Med stor tvil kjem stor forståing; med liten tvil kjem liten forståing.

Med vondt skal vondt jagast.

Meir vil ha meir, og meir vil ha heile verda. (Svensk)

Meir vil ha meir.

Mellom seie og gjere er vegen lang.

Mellom to stolar fell rumpa på jorda. (Laale)

Menneske møtast, fjell nesten aldri. (Etter engelsk)

Menneskeblod har same farge. (Usansk)

Mennesket er det det et. (Tysk)

Mennesket er det einaste dyret som kan bli flådd meir enn ein gong.

Mennesket er som mauren: både svakt og mektig.

Mennesket trur gjerne det som det vil tru. (Latin)

Mennesket vil sette livet til for pengar, og fuglen for maten sin.

Midsommarnatta er ikkje lang, men set mange vogger i gang. (Svensk)

Mild er morshand. (Islandsk)

Minna er alderdommens draumar.

Misbruk er makta sin tvilling.

Mistanke bryt vennskap.

Mistanke er ikkje bevis.

Mistanken bankar også på ærleg manns dør. (Svensk)

Mister ein skorne, har ein stadig føtene. (Svensk)

Misunning bur ikkje i eit aude hus.

Misunning er lykkas følgesvein. (Svensk)

Modent korn er ikkje redde for sola. (Afrika.

Modig kar bergar seg sjølv.

Mord og hor kan ikkje løynast.

Morgonstund har gull i munn.

Mot går aldri av mote. (Engelsk)

Mot makta gjeld retten ikkje. (Latin)

Motet må ha auge så vel som armar. (Skotsk)

Munn og hand skal halde følge. (Jysk)

Munn utan tenner er kvern utan steinar.

Mykje skrik og lite ull, sa bonden, han klipte sugga.

Møkkahaugen er bondens gullgruve.

Møydom er ikkje ei frukt som står seg lenge.

Måla blomster luktar ikkje.

Månen er likeglad med om hundane gjer etter den. (Svensk)

Månen er sola til stakkarar.

Innhald


Høyet i hus

På ymse sider er det små teikn i teksten: parentesar, symbol, tilvisingar og anna til nytte for mykje "høyberging": (1) Teiknforklaringar; (2) Handtering av tørka fôr.

∼ Kjeldene: [Litteratur]

Danske ordspråk, ordsprog ordtak Danmark, opp Seksjon Sett Neste

Danske ordspråk, ordsprog ordtak Danmark. BRUKARGAID: [Lenke]
© 1999–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]