![]() |
Danske eventyr | ||||||||||||||||||||||||
|
Innpå narra (frå dansk)
DET VAR ein gong ein mann som hadde tre søner, Nils, Mads og Osmund Oskeladd.
Dei to eldste var svært til karar, og om den yngste sa folk at han var ein stor
tulling.Etter kvart som brørne voks til, skulle dei ut og tene. Nils, den eldste, drog av stad først. Mor hans stelte i stand godt med niste til han, og han fekk ei skjorte og noen sokkar i reisesekken sitt, og så gjekk han ut i verda. Då han hadde gått noen mil, møtte han ein mann som kom kjørande i ei vogn med to hestar. Han stansa opp og spurde Nils kor han skulle. Jo, han skulle ut og søkje seg ein plass. Det var jammen heldig, sa mannen, for han var ute for å søkje seg ein kar. "Du kunne kanskje tenkje deg å kome i teneste hos meg?" spurde mannen. "Kanskje det," sa Nils. "Kor stor er lønna?" "Lønna er god nok," sa mannen, "den er ei heil skjeppe [A] sølvpengar for eit halvt års teneste." Det var ikkje ille, tenkte Nils. Han hadde aldri sett så mange pengar på éin gong. Høgt sa han: "Det hørest ikkje dårlig ut!" "Men eg plar ha den avtalen," sa mannen, "at når hanen gjel om morgonen, så skal drengen min straks stå opp og ta til med arbeidet. Og du skal gjøre det eg seier heile tida utan å mukke. Og når gauken kjem, er avtalen vår over. Og éin ting til: Sjølv er eg glad og fornøgd av meg, derfor bryr eg meg ikkje om å sjå sure miner rundt meg. Så eg gjør også den avtalen med folka mine at den av oss som først blir sint, skal det skjerast ei reim av ryggen av, med salt og pepar i såret. Er det meg som blir først sint, så får du lønna di med det same. Men er det deg som blir sint, ja, så kjenner du avtalen. Vil du arbeide for meg på desse vilkåra?" Det var ein sær avtale, så Nils visste ikkje riktig. Han såg på mannen. Munnen hans gjekk opp til begge øyra, og han hadde lang, stygg nase. Men samtidig lo han så mildt og fornøgd med dei små griseauga sine at Nils tenkte det var vel spøk, det med reima, salt og pepar. Lønna freista; den var større enn han hadde håpt å få noen stad. Dermed sa Nils ja og sette seg opp i vogna til mannen. Dei kjørte heim til garden hans i full fart. Det var langt vekke, så det blei seint før dei kom fram. Mannen viste Nils kor han skulle sove, og sa at neste morgon når hanen gol, så skulle han i løa og treske. Og så gjekk mannen sin veg og let att døra etter seg. Mat kom det ikkje, sjølv om dei hadde kjørt langt. Nils var veldig svolten, så han forsynte seg av nista han hadde fått av mor, og så gjekk han i seng. Neste morgon klokka seks gol hanen. Nils stod straks opp og gjekk ut i løa og gav seg til å treske som han hadde fått beskjed på. Han treska i ein time, og han treska i to, men det var ingen som kalla han inn til morgonmat. Då han hadde treska i ein time til, syntest han det kunne vere nok, og så sette han slegelen frå seg og gjekk inn i stua. Her sat mannen ved enden av bordet; men mat var det ikkje å sjå der. No fekk han også sjå matmor si. Ho var enda styggare enn bonden. Ho plira med begge auga, og så hadde ho to lange, fæle hoggtenner som stakk langt ut av munnen. Nasen var av den same lange sorten som mannen hadde. Og så var det ein stor skokk fæle og sotete ungar som krangla og slost og flådde i kvarandre. Dei såg iallfall ut til å ha fått noe å ete! Mannen snudde seg til Nils og gleppa med dei rare auga sine så dei blei heilt borte bak den lange nasen. "Er du svolten, Nils?" smiska han. "Ja visst er eg svolten," svara Nils. "Eg fekk ikkje noe i går kveld då vi kom heim, og no har eg treska i mange timar!" "Har du sett kva som står over bordet?" sa trollet og peika - for det var ein bergtroll og ikkje noe rettelig menneske som Nils hadde gått i teneste hos. Han såg opp på takbjelken. Der stod: "Ingen mat i dag, men i morgon." Nils syntest det var ein nokså dårlig beskjed, så han blei lang i maska. "Er du sint, Nils?" spurde trollet. "Nei, nei!" sa Nils. "Berre gå ut og tresk vidare, du!" sa trollet og lo så smått. Så måtte Nils ut i løa og halde fram med treskinga. Den var hard og tung, men heldigvis var det nok niste att til å døyve den verste svolten. "Eg blir vel sett på prøve med dette, " tenkte Nils, "- men i morgon" stod jo over bordet, så det går vel for ein gongs skuld." Og så treska han vidare heile dagen til det blei kveld. Men då var han også godt svolten då han gjekk i seng. Om morgonen gol hanen klokka fire. "Ja, ja då! Dess før får vi frukost!" sa Nils, og han opp og i kleda og bort til løa. Der fekk han sving på slegelen* og treska korn. Men rett som det var stogga han for å lytte etter om noen kom for å hente han. Og han var mange gongar borte ved døra for å sjå etter. Då no klokka var blitt seks, sette han slegelen frå seg og gjekk inn. I stua såg alt ut som dagen før. Husbonden sat ved enden av bordet og var mett og nøgd, og matmora gjekk og streva med alle skrikarungane, som heller ikkje såg ut til å ha svolte. "Er du svolten, Nils?" spurde bonden, og no flein* han så det såg ut som han flekka tenner til forbi øyra sine. "Ja visst er eg svolten," sa Nils. "1 går fekk eg ingen mat, enda eg sleit heile dagen og laut gå svolten til sengs. Og no har eg stått og treska i to timar. Så det er ikkje rart at eg er blitt svolten!" "Sjå det som står over bordet i dag!" sa trollet og peika. Der stod det same som dagen før: "Ingen mat i dag, men i morgon." "Men no er det den morgondagen frå i går!" sa Nils, "og no vil eg ikkje lenger finne meg i slike narrestrekar. Skal ein arbeide hardt, treng ein mat!" "Du er vel ikkje sint, Nils?" spurde trollet. Han var like mild. "Jo, så menn," sa Nils. Då såg trollet meir og meir tilfreds ut. Det var nettopp troll han var, så lei som han var mot tenestefolk. "Du kjenner jo avtalen!" sa trollet, og i same augeblikk var han på beina. Kniven hadde han i handa, og før Nils fekk tenkt seg om, var kleda trekt av han, ei reim skore av ryggen på han, pepar og salt dryssa i såret, og så hugsa han ikkje meir før han var ute på landevegen, elendig og ille skoren. Slik enda den tenesta. No måtte han finne heim att. Vegen var mye lenger enn han trudde, så det gjekk mange dagar før han nådde fram. Då la han seg og blei liggjande til sengs i lang tid. Trøst fekk han ikkje, for dei sa alle saman at han hadde nok tedd seg dumt og vore storsnuta mot husbonden, som sikkert berre hadde testa han. Ein stad der ein fekk ei heil skjeppe sølvpengar for eit halvt års teneste, var ikkje å forakte, meinte dei. Og den andre broren, Mads, skunda seg til og med av stad for å finne mannen og få plassen som broren miste. Men det gjekk like eins for han som for Nils. Han møtte mannen som altså var ei troll, og fekk same avtalen som broren. Og han sleit og slepte for trollet utan at få verken vått eller tørt, og heldt ut i tre dagar. Men den fjerde morgonen han fekk sjå den same matsetelen over bordet, miste han tolmodet og gav vondt frå seg, mye verre enn Nils. Då slikka trollet seg om munnen og fór opp frå bordet. Kniven blinka i lufta, og så gjekk det Mads som Nils. Det var reint vondt å sjå han då han langt om lenge nådde heim og måtte krype til sengs liksom bror sin. Det var ikkje godt for faren heller, at to av sønene hans kom heim og la seg til sengs. "No er det nok best eg kjem av stad," sa Oskeladden brått ein dag. Han hadde som vanlig gått omkring og tagd, så dei visste ikkje ein gong om han hadde oppfatta kva som hadde hendt "Kor skal du hen?" spurde mora. "Eg vil sjå, om eg kan kome i same teneste som Nils og Mads!" sa Oskeladden. "La heller vere," sa faren, "når det er gått slik for brørne dine, så går det nok heilt galt for deg." "Vi får sjå," sa Oskeladden, "eg har alltid syntest, det kunne vere moro å kome i teneste hos eit troll. Han er vel også eit slags menneske!" Og så pakka han knippet sitt og drog av stad. Ved kveldstid møtte han trollet som kom kjørande på landevegen. Trollet stansa vogna og spurde Oskeladden kor han skulle hen. Ja, han skulle ut og søkje teneste. "Eg er nettopp ute for å finne ein dreng," sa mannen, "vil du i teneste hos mig?" "Kor stor er lønna?" spurde Oskeladden. "Eg gir ei skjeppe blanke sølvpengar for eit halvt år," sa mannen, "og eg veit det er god lønn." Det syntest Oskeladden også. No visste han at han hadde møtt den rette. "Og så vil eg gjerne at mine folka mine skal vere glade og nøgde, som eg sjølv er," sa mannen. "Derfor gjør eg alltid den avtalen med dei eg hyrer at det skal bli skore ei reim av ryggen på den av oss som først blir sint, og så skal det bli strøydd pepar og salt i såret. Er det meg som blir sint, så får tenesteguten lønna si og kan gå sin veg som han vil. Men er det tenesteguten som blir sint, må han finne seg i at eg gjør som avtala." "Vi skal vel bli forlikte," sa Oskeladden. "Ja, kanskje det!" sa trollet, og no flein han så Oskeladden kunne sjå alle dei svarte, spisse tennene hans. "Så blir du hos meg til gauken kjem." sa han, "Då er tenestetida di over om vi ikkje blir samde om noe anna før den tid. Men eg krev av deg at kvar morgon når hanen gjel, skal du stå opp og ta til med arbeidet straks, og dessutan skal du gjøre alt akkurat som eg seier!" "Det er ein avtale," sa Oskeladden, og så fekk han setje seg opp i vogna og kjøre med trollet. Då dei kom til trollgarden, var det ikkje tale om kveldsmat. Trollet viste Oskeladden over i det same rommet som brørne hans hadde hatt å sove i, og så gjekk han. Oskeladden gjekk til sengs og sov godt til neste morgon. Då hanen gol klokka seks, skunda Oskeladden seg i kleda og seg ut i løa. Der tok han til å treske rug slik trollet hadde sagt han skulle. Då han hadde arbeidd ein times tid utan at noen kalla han inn til frukost, gjekk han over i stua. Der fann han heile trollfamilien. Trollet sjølv sat ved bordenden, kona var borte ved skorsteinen, og ungane sleit i kvarandre og kiva midt på golvet. Alle saman mette og tilfredse ut, men ingen mat var stelt fram for Oskeladden. "God morgon!" sa Oskeladden. "No er det nok frukosttid!" Trollet lo. "Frukost er der ikkje noe om i avtalen," sa han. "Les det som står over bordet!" No var ikkje Oskeladden særlig flink til å lese. Men han fekk stava og lagt saman, og forsto: "Ingen mat i dag, men i morgon." "Det er jo lenge til i morgon." sa han, "Den tid, den sorg!" "Ja," sa trollet, "du får halde deg til rugen der ute!" Oskeladden gjekk så ut att, og han treska, og han reinsa, og ved middagstid fylde han ei tønne rug i ein sekk og bar hen til ein gjestgivarstad i nærleiken. "Husbonden og eg har det slik med kvarandre," sa Oskeladden, "eg ikkje får mat på garden, men skal styre med rugen. Og no kan du vel gi meg mat for denne rugtønna?" Jo, det ville gjestgivaren meir enn gjerne. Oskeladden fekk eit solid måltid, ein fylt matpose, og noen flasker med gammal vin attpå, og så gjekk han heim og treska vidare. Slik gjekk det første dagen, og den andre dagen, og den tredje dagen også. Alltid stod der det same på bjelken over bordet. Men Oskeladden var like tilfreds og glad; det var ingen sure miner å sjå hos han. Kvar morgon spurde trollet: "Du er vel ikkje sint, Oskeladden?" Og Oskeladden svara: "Nei, kva skulle eg vel vere sint for? Eg har det jo svært godt." Det kunne ikkje trollet skjønne. Då så Oskeladden kom inn den fjerde morgonen og trollet nok ein gong viste han kva som stod på bjelken, og Oskeladden nok ein gong laga seg til å gå til arbeidet sitt som dei andre dagane, sa trollet: "Er du ikkje svolten, Oskeladden?" "Nei," svara Oskeladden, "det kan eg ikkje seie." "Jammen, no har du ikkje fått noe i tre dagar," sa trollet. "Har eg ikkje?" utbraut Oskeladden. "Eg har ikkje mangla noe. Du sa jo, eg skulle halde meg til rugen. Ein mann i bygda har gitt meg både mat og vin for ei tønne rug om dagen." "Kva?" skreik trollet og fór opp frå bordet, "eg er innpå narra!" "Du er vel ikkje sint for det?" sa Oskeladden. "Nei-ei, nei, visst ikkje! Slett ikkje!" sa trollet, "Ikkje tale om!" Så dumpa han ned att på benken. "Men no er det visst best du får anna arbeid." "Ja vel, husbond," sa Oskeladden. "Vi skulle jo pløye også," sa trollet. "Less plogen på vogna og kjør ut i marka. Du kan berre følgje hunden min. Han kjenner vegen. Og der han legg seg, kan du begynne å pløye. Det skal du halde fram med til hunden går heim att. Så følgjer du berre etter. Det er enkelt nok." "Det skal bli!" sa Oskeladden, og så spente han for vogna, fekk plogen oppi den, og hunden sprang føre. Der den la seg, tok Oskeladden til å pløye. Slik gjekk formiddagen, og det blei middag, og alle grannane gjekk heim, men hunden rørte seg ikkje av flekken. Den såg ut til å kunne bli liggjande like til kvelden om det skulle vere. Oskeladden gjekk og henta ein kjepp og gav hunden eit slag over ryggen så den skvatt opp med eit hyl og sprang heimetter det beste den hadde lært. No fekk Oskeladden det travelt. Med raske snitt skar han over seletøyet, hoppe opp på den eine hesten og tok den andre ved grima, og så reid han etter hunden det reimar og tøy kunne halde. Då dei nådde garden til trollet, tok hunden ein snarveg og sette over hagegjerdet. Oskeladden klaska hælane i sida på hesten og ville setje etter. Men begge dyra styrta. Den eine av dei knekte beinet, og den andre fekk ein gjerdestav i livet då den ville over. Der låg dei. Og der stod trollet. "Korleis er det du kjem og skadar hestane mine!" skreik han. "Eg gjorde presis som du sa," sa Oskeladden. "Brått fór hunden opp og hylte og sprang heimetter som om Gamle-Eirik var i hælane på den. Då laut eg skjere av seletøyet og følgje etter hunden. For elles var eg redd for at husbonden skulle bli sint når hunden kom springande og eg ikkje var med." "Eg kjenner meg innpå narra!" sa trollet. "Du er vel ikkje sint?" spurde Oskeladden. "Nei, slett ikkje," sa trollet. "Men no er det nok betre at du kjem inn og får deg mat!" Og denne gongen glømte trollet å fline, for han hadde byrja å bli redd for denne karen som gjorde alt han sa, og som alltid var like glad og rolig. Så den dagen fekk Oskeladden både middagsmat og kvelds. Og nesten morgon han kom inn i stua, stod det ikkje noe på bjelken over bordet, og han fekk dessutan frukosten sin. Og så fekk han fylt matposen også. For den dagen skulle han ikkje pløye, men ut og passe svina. Dei hadde trollet mange av, og dei skulle ete seg enno feitare og finare på bøk- og eikenøtter i skogen. "Lat dei gå dit dei vil," sa trollet, "om dei så rotar seg tvers gjennom jorda!" "Ja vel, husbond," sa Oskeladden, og så dreiv han svina av stad. Men då han kom forbi ei torvmyr med gyngande, blaut jord, skar han halen av alle svina så nær som på nær ei gammal sugge, og så stakk han halane den tjukke enden ned i mudderet. Den gamle sugga slo han i hel og sette på hovudet i torvmyra så berre halen stakk opp, og den skar han halvt over tett ved kroppen. Deretter dreiv han dei andre svina heim til far sin, og faren blei veldig glad for alt det gode flesket. Då dette var ordna, gjekk guten tilbake til trollgarden med nisteposen dinglande i handa. Trollet stod og venta då Oskeladden kom. "Kor er svina, Oskeladden?" spurde han. "Det er fæle greier," sa Oskeladden. "Dei har rota seg ned i myra så det ikkje er anna enn halane å sjå! Berre den gamle sugga fekk eg så vidt stogga. Ho står med rumpa over torva." "Kva er det du seier!" skreik trollet og fôr av stad ut i myra. Der greip han tak i halen på den gamle sugga så halen gjekk av, og han sjølv tumla på hovudet i skit og søle. Han skunda seg på beina igjen og sprang omkring og rykte i alle halane, og Oskeladden kom til og var ikkje sein om å hjelpe han. Men det var det same med dei alle saman. "Tenkte eg det ikkje!" brast det ut av trollet. "Dei var for feite, og no held ikkje halane når ein vil hive dei opp. Eg er nesten narra!" "Du er vel ikkje sint for dette uhellet?" spurde Oskeladden. "Slett ikkje, nei, slett ikkje, nei!" sa trollet. Så gjekk det ei tid, og Oskeladden skulle ikkje gjøre det grann. Men han fekk maten sin kvar dag. Ein dag sa trollet: "Hør, Oskeladden, kan du kjøre til mølla og få male noe korn?" Jo, det var det ikkje noe i vegen for! Trollet målte sjølv opp kornet og bar det ut på vogna. "Men dei plar vere litt dovne med malinga der oppe på mølla." sa han, "Sjå etter at dei gjør det ordentlig! Det skal vere fint male, ja, som finsand å sjå til!" "Som finsand? Ja vel, husbond!" sa Oskeladden, og så kjørte han. Men han drog ikkje til mølla; han kjørte heim til far sin med kornet. Faren og brørne, som hadde komme til krefter att og stått opp, gjorde store auge då Oskeladden kom med kornet. Etterpå kjørte han til ein sandbanke der det var rein og fin sand. Det fylde han i sekkane og kjørte attende til trollgarden. Då trollkona skulle til å bake, fann ho ut at det ikkje var mjøl som var i sekkane. Så kalla ho på trollet og viste han det. Trollet skreik opp og fekk Oskeladden henta inn. "Korleis kan det ha seg, Oskeladden?" spurde han. "Kva er galt?" sa Oskeladden. "Du sa sjølv: ""som finsand å sjå til!" Og det ser du jo!" "Eg er nesten narra!" sa trollet. "Du er vel ikkje sint?" spurde Oskeladden. Nei, nei, det var jo ikkje noe å vere sint for, meinte trollet. Og no fekk Oskeladden gå og ha gode dagar i lang tid. For trollet torde ikkje gi han noe å gjøre. Han skulle berre skufle unna under stort og smått kvar dag, og det kunne vel ikkje vere så vanskelig, sa trollet. "Stort og smått?" spurde Oskeladden. "Kva er det?" "Det er jo kyr og sauer," sa trollet. "Ikkje anna!" sa Oskeladden. Og han til å skufle, og der var ikkje noe å seie på han for det. Så ein dag var trolla bedd til bryllaup hos ein annan trollfamilie som budde eit stykke borte. Om morgonen sa trollet til Oskeladden: "No kan du trekkje fram finvogna og smøre den godt overalt." "Ja vel," sa Oskeladden, og gav seg til smørje, og det varte ikkje lenge før han gjekk inn sa ifrå til trollet at no var vogna smurt alle vegne. "Den er smurt både ovatil og nedatil, og mest der husbonden skal sitje!" "Er du frå vettet!" skreik trollet, og no var han nær ved å bli sint. "Eg er innpå narra!" sa han. "Du er vel ikkje sint?" spurde Oskeladden. "Nei, nei," sa trollet, "det var jo ikkje meininga. Vogna skulle smørjast berre i hjulnava. No må du gni av den godt overalt elles." "Ja vel," sa Oskeladden, "men det sa jo ikkje husbonden noe om før." Langt om lenge kom dei i vogna, både trollet og trollkona, og Oskeladden kjørte for dei. På vegen gav trollet Oskeladden beskjed om kva han skulle gjøre den dagen. "Du kan ta og fylle den gamle brønnen, elles går barna berre og fell ned i den," sa trollet. "Kva skal eg fylle den med?" spurde Oskeladden. "Ta det som er for handa, alt som du kan få tak i!" "Ja vel," sa Oskeladden. "Og så må du halde den minste tørr og gjøre han rein både utvendig og innvendig!" "Det skal bli gjort!" sa Oskeladden. "Og så denne vegen, Oskeladden!" sa trollet. Vegen dei kjørte på, var nemlig i dårlig stand. Vogna skumpa og rista av alle hola den kjørte nedi. "Den må du gjøre i stand før vi skal heim I kveld, så ikkje noe går galt i mørket. Du kan fylle den med stort og smått!" "Ja vel," sa Oskeladden. "Og så må du kome og hente oss ved kveldstid," sa trollet. "Du skal ikkje gjøre noe stort nummer av det, berre kome inn i gildestua med noen augekast til meg." "Ja vel, sjef!" sa Oskeladden. "Og endelig må du syte for at det er eld og lys på garden så vi kan sjå å kjøre inn når vi kjem heim, og at der er noe vi kan varme oss ved der heime." "Skal bli," sa Oskeladden. Og så var dei ved gildegarden. Trollet og trollkona kleiv av, og Oskeladden skunda seg heim. Der var jo mye han skulle rekke den dagen. Først skulle han fylle den gamle brønnen, og han sette i gang med å kaste noen skovlar jord i den. Men det monna nesten ingenting, så han gjekk inn i huset og såg kva som var der. Han tok det som var for handa, alt han kunne få med seg ut: bordet og benken og senger og dyner og skap og kister og reiskap i huset. Alt saman hamna i brønnen. Deretter hadde han stein og jord over. Så kunne ein ikkje sjå at det hadde vore ein brønn der. Så var der den vesle trollungen som skulle haldast tørr og rein både utvendig og innvendig. Han låg i vogga og hadde gjort seg ut. Oskeladden tok han med til bekken. Der trekte han alle kleda av trollungen, og vaska og skrubba både den og kleda hans. Deretter hengte han ungen og kleda i skorsteinen for at dei skulle tørke der. Det var det. Deretter skulle han fylle hola i vegen med stort og smått, og visste jo kva det var. For det var kyrne og sauene. Så tok han ei øks og ein kniv og gjekk over i stallen og gav seg til å slå kyrne for panna og skjere halsen over på sauene, og så lessa han dei på vogna og kjørte ut og fylde hòla i vegen med dei døde kroppane, så den blei jamn og blaut å kjøre på. Men så var der jo dette med dei gode augekasta som husbonden skulle få. Han visste ikkje om kuauge eller saueauge var best, og derfor fylde han lommene med ei handfull av kvart slag. Og så skulle han syte for eld og lys på garden. "Om eg no setter eld på løa, så får vi lys på garden, så vi kan sjå å kjøre inn når vi kjem heim," sa Oskeladden til seg sjølv, "og samtidig har vi noe at varme oss ved då." Som sagt så gjort. Deretter kjørte han for å hente trollfolka. I bryllaupsgarden var der stor ståhei og eit ordentlig mylder, så det varde litt før Oskeladden fekk auge på trollet. Men så skunda han seg også at kaste eit par gode auge til han. Trollet skjønna ikkje kor dei auga kom frå og kva som var meininga, så Oskeladden måtte tømme begge lommene før trollet såg han. Straks greip han fatt i trollkona, og dei fekk sagt farvel og takk for seg, og så kom dei på vogna og kjørte heimetter. "Men kva var det du kasta, Oskeladden?" spurde trollet. "Eg synst det såg ut som ku- og saueauge!" "Det var det det var!" sa Oskeladden. "For eg gjorde som du sa og kasta noen gode auge til dykk; dei beste eg kunne finne." "Kor fekk du dei frå?" ropte trollet. "Dei tok eg frå buskapen," sa Oskeladden, "kor skulle eg elles få dei frå?" "Eg er innpå narra!" sa trollet og rista av harme så heile vogna gynga. "Du er vel ikkje sint for det?" spurde Oskeladden. "Sludder!" skreik trollet, "kva skulle eg vere sint for?" No kjørte dei vidare utan å snakke, men så kom dei til vegen med hòla. No var den mjuk å kjøre på, men det var nesten verre enn då dei kjørte ut, for stadig vekk heldt dei på å velte. "Kva er det du har gjort med vegen, Oskeladden?" spurde trollet. "Eg har fylt alle hòla slik du sa eg skulle," svara Oskeladden. "Jammen, det er jo kjøtmat vi kjører i," sa trollet. "Det er heilt rett, det," sa Oskeladden. "Du sa jo at eg skulle ta både stort og smått. Og du har sagt det er kyr og sauer. Eg syntest jo at det var fælt for dyra, men eg måtte gjøre som du hadde sagt!" "Eg er innpå narra!" sa trollet. "Du er vel ikkje sint for det?" spurde Oskeladden. "Sint!" skreik trollet, "Eg trur, du er frå forstanden. Det er vel ikkje noe å vere sint for!" "Det meiner heller ikkje eg," sa Oskeladden, og så kjørte dei vidare. Då dei nærma seg garden, såg dei eit raudt skjær over himmelen. Det var nesten som når sola står opp. Men då dei kom nærare, kunne dei sjå dei flammar som stod til vers. "Men kva . . .!" ropte trollet. "Garden brenn jo!" "Det stemmer, det også," sa Oskeladden. "Du sa jo at eg skulle sjå til at det var eld og lys på garden når vi kom heim, så vi kunne sjå å kjøre inn og ha noe at varme oss ved. Så eg sette eld på løa før eg kjørte. Den lyser på garden, og no kan vi sjå å kjøre inn, og noe at varme oss ved har vi i tillegg." "Eg er noe nær narra!" sa trollet. "Du er vel ikkje sint?" spurde Oskeladden. "Sint! Nei langt ifrå!" skreik trollet. "Kjør på, så vi kan kome heim. Du forstår jammen alt vrangt i kveld!" Då dei kom til garden, var der både lys og varme frå løa. Den hadde brent heilt ned. Men det var ikkje gått eld i dei andre husa. Trollet skunda seg inn i stua. "Møblane er vekk!" skreik han, "Kor har dei blitt av?" "Dei har eg hatt i brønnen," sa Oskeladden. "Du sa jo at eg skulle ta det som var for handa, alt eg kunne få tak i, så det var greitt nok." "Eg er noe nær narra!" sa trollet. "Du er vel ikkje sint for det?" spurde Oskeladden. "Nei-nei, nei-nei! Slett ikkje," sa trollet, "men du burde då vite at du skulle fylle brønnen med sand, stein og grus." "Men det sa du jo ikkje noe om," sa Oskeladden. No kom trollungane farande og hylte og skreik. Dei hadde halde seg i dekning heile dagen, heilt sia dei såg korleis Oskeladden gjorde deira veslebroren rein. "Kor er den minste?" spurde trollkona. "Han hengte eg opp i skorsteinen så han skulle halde seg tørr," sa Oskeladden. "Men først skrubba og skura eg han både utvendig og innvendig slik som husbonden sa eg skulle." Trollkona fór straks bort til skorsteinen og trollet bak henne. Der hang den vesle trollungen med beina i veret og kleda sine ved sida av. Men han var død av behandlinga han hadde fått. Det blei hyl og jammer i trollgarden. "No er eg ikkje berre narra!" sa trollet, og hoggtanna hans fram i den eine munnvika. "Du er vel ikkje sint over at eg kan gjort ein feil?" spurde Oskeladden. "Sint? Nei," sa trollet, "men eg veit snart ikkje kva eg skal setje deg til. Du er så einfaldig at du alltid gjør det heile galt. Derfor trur eg det er betre at du får lønna di no, og så kan du reise med det same." "Nei, det vil eg ikkje," sa Oskeladden, "Ikkje tale om! Å skifte jobb i utide er det verste ein kan gjøre. Og det ordet vil eg ikkje ha på meg. Eg vil ikkje herfrå før gauken kjem, slik som du og eg var samde om frå først av. Og her går eg jo og har det godt!" "Har du fått mat i dag, Oskeladden?" spurde trollet. Jo, Oskeladden hadde fått i seg mat, og var mett og nøgd "Så synest eg at du skal gå og leggje deg," sa trollet. "Ja vel," sa Oskeladden, og så ønskte han dei god natt og gjekk til sengs. Men då trollet var blitt aleine med trollkona, braut det laus. Trollet visste verken ut eller inn, sa han. "Snart har den guten øydelagt alt vi eig og har. Og same kva eg seier når eg setter han til arbeid, så kastar han mine eigne ord i hovudet på meg når han forstår dei galt. Eg torer knapt nok opne munnen meir. Kva skal vi gjøre?" "Eg trur eg veit råd," sa trollkona. "Det er jo meininga han skal bli her til gauken kjem, og det er jo lenge til. Men no skal vi likevel narre han. Du smør meg med tjøre over det heile, og så veltar eg meg i fjør, og så hjelper du meg opp i det store epletreet vårt. Der sit eg så og hermar etter gauken så han trur den er komen." "For ei klok kone eg har," sa trollet og var letta, "Ja, det skal vi gjøre." Og så lag dei seg for å sove. Neste morgon, då Oskeladden sat ved frukostbordet saman med trollet - kona var ikkje der inne - hørte dei ko-ko i hagen. "Ko-ko, ko-ko-!" sa det. "Nei, hører du det?" sa trollet glad, "der er sannelig gauken!" "Den må eg sjå," sa Oskeladden, "eg er alltid ute og ser etter den første gauken kvar sommar!" Og han opp frå benken og ut av døra. Ute i hagen greip han ein skarp flintstein, og den kyla han etter lyden mens trollkona sat og gol som best ho kunne. Ho blei ramma i panna, så ho dratta ned av treet og brakk nakken. "Nei, husbond!" skreik Oskeladden. "Kom og sjå ein rar gauk!" Så kom trollet farande, og der låg kona hans død under epletreet. Trollet til å gale og gnistre så det stod eld ut av augene på han. "Du er då vel ikkje sint!" spurde Oskeladden; men han trekte seg litt attende frå det rasande trollet for å vere tryggare. "Din d-d . . . dreng!" skreik trollet, og no kunne han ikkje styre seg lenger. "Eg kan fly i flint. Du har gitt vekk kornet mitt og øydelagt hestane mine, du har spolert svina, kyrne og sauene for meg, og du har slått innboet mitt sund, brend garden og tatt livet av minstebarnet og kona. Eg er drabelig sint, skal eg seie deg!" "Vel, då må eg minne deg om avtalen vår!" sa Oskeladden. Og no var det han som fekk fram kniven, og før trollet fekk sett seg om, hadde Oskeladden skore ei brei rem av ryggen hans og strødd pepar og salt i såret Trollet brølte av smerte. Det var som om jorda rista. Oskeladden skunda seg inn i kammeret til trollet og henta den skjeppa med sølvpengar han var lova, og med den på nakken skunda han seg heim til far og mor. No var dei blitt velståande folk, og dei hadde fått erstatning for det som brørne hadde måtta li. Men trollet hadde fått nok av å ha gard mellom menneske, så han snappa ungane sine med seg og gjekk under jorda i den grøne bakkehellinga han hadde komme frå. Men den som held øyra opne og er heldig når gauken kjem kvart nytt år, kan høre at då brøler trollet der ute mellom bakkane. For minna og peparen og saltet som Oskeladden strødde over ryggen hans, svir vel enno.
Ord
Kongsdottera på glasberget
DET VAR ein gong ein mann som hadde tre søner. Dei to eldste heitte Nils og
Mads, og dei var flinke til alt arbeid på garden, så faren var kry av dei. Det
var dei sjølve også.Men den yngste sonen, Oskeladden, rekna visst ikkje noen av dei med, for same kva han blei sett til, blei det aldri gjort slik som faren og brørne meinte det skulle vere. Så etter kvart sat han det meste av dagen og kikka inn i elden. Derfor håna dei han og kalla Oskeladden Oskepustar. No hørte det ein frukthage til garden. Maken til den såg ein ikkje i mange mils omkrins. Og midt i hagen sto eit stort epletre. Det bar dei penaste og søtaste epla ein kunne smake. Men det var det leie ved det at kvar natt blei det stole av epla; og ingen kunne skjøne kor dei blei av. Då det blei verre og verre, bestemte faren at dei skulle prøve å passe på epla og fange tjuven. Den første natta skulle Nils stå vakt ved treet. Det måtte då vere noe for han, som var så flink og dyktig, meinte faren. Jo, sa Nils; han brysta seg og let som han var veldig modig. Han tok ein stor stav med seg og gjekk ned i hagen til treet. Så lenge det var lyst, gjekk det fint. Nils gjekk att og fram med sin stav og var parat til å slå. Men då mørket fall på, blei han redd og såg seg om etter ein stad å gjømme seg. Det einaste han kunne få auge på, var ein liten busk. Den kraup han inn under, og der sat han og kikka skremt ut til alle sider. Då det blei midnatt, og månen skein ned mellom trea i hagen, fekk han brått auge på ei raud topphue som kom til syne over gjerdet. Då glømte Nils epletre og mot og stav, alt utan dette: at beina hans var til å springe på. Heim til garden gjekk det, og her gjømte han seg i løa. Der bora han seg godt ned i høyet. Då faren vakna om morgonen, skunda han seg ut i hagen for å sjå korleis det sto til. Mange eple var borte no også, og det same var Nils. Berre staven låg under ein busk. "Nils, Nils! Nils!" ropte faren. "Kor er du?" Først langt ut på dagen fann dei Nils inne i løa. Der låg han og sveitta og pusta i høyet. Den andre broren, Mads, gjorde narr av Nils og sa at det ville vere leit om noen fann på å kome og kysse Nils! Sjølv skulle han nok vite å passe betre på når det blei hans tur. Men Oskeladden sat berre ved elden og pirka i oska og sa ingenting. Då kvelden kom, skulle Nils gå vakt ved epletreet. Han tok staven og gjekk ned i hagen og let som han var veldig modig. Men då mørket fall på, leita han også etter ein stad å gjømme seg, og snart sat han under den same vesle busken og rista som eit ospelauv. Då det blei midnatt, såg han to raude topphuer som stakk opp over gjerdet. No gjekk det som med Nils. Han let eple vere eple og stav vere stav og sprang heimetter så fort beina kunne bere han. Og han stansa ikkje før han var i løa. Der bora han seg langt ned i høyet. Om morgonen kom faren ned i hagen og fann at mange eple var vekk. Og Nils og staven var også vekk. "Nils, Nils! Kor er du?" ropte faren. Ingen svara. Så tenkte faren at han kunne finne han i løa, og det var rett. Der låg Mads langt nedi høyet og skalv. Då reiste Oskeladden seg frå plassen sin ved elden og sa at neste natt var det hans tur til å vakte epla. "Når det er gått så ille med dei to brørne dine," sa faren, "korleis skal det så gå med deg?" "Lat han berre!" sa dei to eldste brørne, for dei ville ikkje ha at Oskeladden skulle vere meir enn dei. "Ja vel, då," sa faren, og Oskeladden gjekk ned til epletreet. Men staven fekk han ikkje med. Oskeladden spurde heller ikkje etter den. Oskeladden gjekk rundt epletreet for å halde seg vaken, såg ut over markane og naut det gode veret. Han merka ikkje til noe før det var midnatt. Då såg han tre raude topphuer som stakk opp over hagegjerdet. Men det skremde ikkje Oskeladden. Han sprang berre bak treet og gjømte seg. For han ville sjå kven det var og korleis dei ville bere seg åt. Under dei raude topphuene kom det til syne tre runde hovud, og den eine ropte: "No er Kløne borte, no skal tre små menn ha eple!" Det var tre små bakketroll som også hadde fått smak på dei herlige epla, og som kvar nat henta så mange som dei kunne bere heim til jordbakken der dei budde. Dei trudde at Oskeladden også hadde sprunge sin veg slik som Nils og Mads kveldane før. Dei tre små bakketrolla kraup over gjerdet. Den eine av dei måtte leie dei to andre, for dei hadde berre eitt auge saman, og det måtte dei skifte på å bruke. Den av dei som hadde auget, kraup opp i epletreet og gav seg til å kaste ned dei finaste epla til dei to andre. Då han syntest det var nok, kasta han auget ned til dei og sa at no kunne dei samle opp epla. Men då auget blei kasta, fór Oskeladden fram, greip det og putta det i lomma. Og no byrja dei to små bakketrolla på jorda å klage over at dei ikkje kunne finne auget, og spurde han i treet kor han hadde kasta det. "Eg kasta det jo rett nedfor meg," svara han. Men dei kunne likevel ikkje finne auget. Så laut dei leite alle tre, men det hjelpte ikkje. Det var berre eple dei fann, og slike kunne dei ikkje sjå med. "Korleis kjem vi heim no?" sa det første vesle bakketrollet og sette seg ned mellom alle epla. "Og korleis får vi epla heim?" spurde det andre vesle bakketrollet og sette seg ved sida av den første og var lei seg. "Det verste er korleis vi finn bakken vår før sola står opp," sa det tredje vesle bakketrollet og det var nesten gråt i stemmen. No syntest Oskeladden at det var på tide å gi seg til kjenne. Så han ropte frå der han sto bak epletreet: "Det skal eg seie dykk. Dersom de vil gi meg det eg kan få aller mest bruk for her i verda, og dessutan lover at de for framtida vil halde dykk vekke frå hagen til far, så skal de få att auget dykkar." "Vi har berre det eine!" sa det første vesle bakketrollet. "Du kan jo følgje med oss heim," sa det andre vesle bakketrollet. "Ja, det skal du!" sa dei to andre. "Kor bur de då?" spurde Oskeladden. Jo, dei budde der borte på enga i den høge bakken som han godt kjente. "Ja vel då," sa Oskeladden, "la gå!" Og så blei han med dei tre små bakketrolla ut til bakken. Den låg og skein i måneskinet. Med det same dei kom bort til den, opna den seg. Inni den såg Oskeladden meir gull og prakt enn han hadde sett maken til noen stad. Overalt var det sølv og gull, og dei tre små bakketrolla kom slepande med meir. Oskeladden skulle få så mye han ville ha, om han berre ville gi dei auget attende. Men Oskeladden brydde seg ikkje om sølv og gull, sa han. "Har de ikkje anna å by på," sa Oskeladden, "så beheld eg auget!" Og så laut dei tre små bakketrolla vise han det beste dei hadde. Det var hestane sine. Dei hadde ein kvar. Den eine var svart, den andre var kvit, og den tredje var raud. Det hørte ei drakt til kvar av hestane: ei svart, ei kvit og ei raud. Men hestane ville dei nødig vere utan. I lang tid hadde dei ikkje fått seg til å bruke dei, for hestane var så fint og skarpt skodd at dei kunne løpe på klart glas om det skulle vere. "Det får ikkje hjelpe," sa Oskeladden. "Eg har alltid hatt slik lyst til å ri; men brørne mine har aldri gitt meg lov til det. Det er hestane eg vil ha!" No blei dei tre små bakketrolla ganske forknytte. Oskeladden fekk reint vondt av dei. Derfor sa han at hestane kunne godt få lov å bli der i bakken hos dei, om han fekk ri dei når han hadde lyst. Ja, på den måten kunne hestane godt vere hans, sa dei tre små bakketrolla. Dei blei så glade over at dei fekk lov at behalde dei at dei lova han eit sverd i tillegg. "Takk som byr!" sa Oskeladden, og dermed gav han dei tilbake auget. Bakketrolla skunda seg no og henta sverdet. Då dei kom slepande med det, viste det seg å vere den stav, som Nils og Mads hadde gått og gjort seg modige med ved epletreet, men som dei likevel hadde kasta frå seg då det kneip. "Det var då eit underlig sverd!" sa Oskeladden. "Ja, det er det," sa dei tre små bakketrolla. "Men eit sverd er det like fullt - når det blir svinga av den rette i den rette augeblinken," forklara dei. For det var så skarpt at det kunne kløyve eit hår, og der fanst ikkje den tingen i heile verda som kunne stå for det sverdet. "Det hørtest bra ut," sa Oskeladden. Og den rette augeblinken burde kanskje kome før eller sia. Så sa han takk for hestane og takk for sverdet og farvel i hiet, og gjekk attende til hagen som om ikkje noe hadde hendt. Morgonen etter kom faren for å sjå korleis det var gått Oskeladden. Han tenkte at det nok hadde gått likeins med han som med eldstebrørne. Men nei, Oskeladden sto og glante ved epletreet; og på jorda låg det mange eple. Då faren spurde korfor alle desse epla hadde blitt plukka, svara Oskeladden at tre små bakketroll hadde vore der, og at dei ville stele epla. Men han hadde fått dei i veg utan eit einaste eple med seg, og han hadde fått dei til at love at dei aldri skulle vise seg der att. No laut faren rose Oskeladden, anten han ville eller ikkje. Og dei to eldre brør såg enno skeivare til han enn før. PÅ DENNE tida var det stor sorg i landet. For den einaste dottera til kongen hadde hamna høgt oppe på eit glasberg. Slik hadde det gått til: Kongsdottera var vedunderlig vakker, mange ville gjerne ha henne til kone. Dermed blei det eit evig renn og kjør av friarar på kongsgarden. Men kongsdottera ville ikkje ha noen av dei, for ho syntest at den eine verka meir umogelig enn den andre. Til sist bestemte at ho ville setje seg oppå eit høgt glasberg nær kongsgarden, og at ho berre ville hage den som kunne ri opp til henne og hente eit gulleple ho sat med i handa. Det var det ingen som kunne, for glasberget var verkelig høgt, glatt som blankis og bratt som ein stuevegg. No var det også slik at for kvar dag som gjekk, blei glasberget høgare og høgare. Til sist ville det vekse heilt opp i skyene, der det budde eit fælt troll med tre hovud. Derfor hadde kongen fått kunngjort over heile landet og i mange andre kongerike at den som kunne ri opp glasberget og drepe trollet og få kongsdottera heilskinna ned frå der ho hadde vagla seg, han skulle både få henne til kone og halve kongeriket i tillegg. Og alle som ville våge å prøve, skulle møte ved glasberget på ein bestemt dag. Den kunngjøringa hadde Nils og Mads også hørt, og no fekk dei det travelt med å setje skarpe skor på hestane sine for å kome med på ferda og sjå om dei kunne vinne kongsdottera og halve riket. Då dagen kom, gjorde dei seg klar til å dra av stad, og faren ville følgje med for å sjå korleis sønene hans klarte seg. "Får eg også kome med?" spurde Oskeladden. "Nei," sa faren, "kva skal du der, du som er utan hest?" Og brørne sa: "Bli heller heime ved varmen og pust i oska. Du kan også koke mjølgraut til oss, så vi får mat når vi kjem att." Dermed rei dei frå garden, og Oskeladden sette grautpotta på elden. Men så snart faren og storebrørne var borte, let Oskeladden graut vere graut og skunda seg ut og bort i bakken der dei tre småtrolla hadde hi. "Eg treng den svarte hesten," sa Oskeladden. "Ja, og den svarte drakta," svara trolla og sala hesten for han og tok på han drakta òg. Så rei Oskeladden av stad i bra fart. På vegen rei han forbi faren og brørne; men dei kjente han ikkje. Etter kvart som alle kom fram til glasberget, blei dei stelt i ein rekke rundt om berget, og på teikn frå kongen rei dei til. Men ikkje ein einaste av dei kunne tvinge hesten sin opp etter glasberget. Dei glei attende så snart dei nådde det; og så låg dei og tumla rundt mellom kvarandre. Det blei kravling og klatring, og mange av dei unge mennene i landet - fornemme og mindre fornemme mellom kvarandre - låg ved foten av glasberget med knekte armar og bein. Berre Oskeladden i den svarte drakta på den svarte hesten rei eit langt stykke opp glasberget, så kongsdottera fekk auge på han. "Der kjem han visst!" tenkte kongsdottera. Men i det same glei bakhoven på hesten, så Oskeladden måtte vende om. Han rei vekk i galopp, og ingen rakk å sjå kven som rei så bra. Han skunda seg attende til bakketrolla med hesten og fekk på seg kvardagskleda sine, og så måtte han heim og sjå korleis det stod til med grauten i gryta. Det var ikkje så godt. Den var så svart og svidd at ein kunne lukte det langt vekk. Då det tok til å bli kveld, kom faren og brørne heim. "Er grauten ferdig? Vi er svoltne," sa faren. "Ja, jo," sa Oskeladden og kom med den som den var. Brørne blei sinte. Her hadde dei strevd og slite heile dagen - Og dei skjelte og smelte og ropte at Oskeladden dugde ikkje til noen ting, ikkje ein gong til å lage mjølgraut. Men no let kongen spørje vidt og breitt om noen kjente den riddaren som hadde ridd så langt oppover glasberget. Men ingen kunne fortelje kven det var. Så sa kongen at alle menn frå heile landet enn ein gong skulle møte ved glasberget og prøve på ny. Kan hende det ville lykkast betre enn første gongen. No fekk Nils og Mads det travelt med å setje skarpe hestehovar på hestane sine, og då dagen kom, drog dei av stad saman med faren. Oskeladden bad også denne gongen om å få kome med, men fekk same svar som sist. Han blei nøydd å vere heime og koke mjølgraut. Men den skulle vere skikkelig! Oskeladden sette gryta over glørne. Men så snart brørne var ute av døra, let han grauten stelle seg sjølv og skunda seg ut i bakken til dei tre små trolla. "Eg skal bruke den kvite hesten!" sa Oskeladden. "Ja, og den kvite drakta!" svara trolla; dei hadde alt saman klart til han. Og så gjekk det over stokk og stein i fullt firsprang. På vegen rei han forbi brør og far; men dei kjente han ikkje. Ved glasberget gjekk det som førre gongen. Alle saman låg og tumla ved foten av det blanke og glatte berget så snart kongen hadde gitt signalet. Berre ein ryttar nådde opp langs glasberget, og det var Oskeladden i den kvite drakta på den kvite hesten. Han fór oppetter berget så gneistane fauk omkring han. "Der er det noen!" tenkte kongsdottera, "og han kjem visst lenger enn den svarte riddaren." Men nett i det same glei hesten til Oskeladden på bakbeina, så han laut snu og ri ned att. I marsjfart rei han attende til dei små bakketrolla og fekk sine eigne klede. Og når faren og brørne kom heim den dagen, sat han ved grautgryta. Også denne gongen var grauten svidd og ussel, og Oskeladden fekk høre mange harde skuldingar over det. Kongen bestemte no at ein skulle kalle dei unge mennene saman til ei tredje og siste prøve. Kanskje var det noen som nådde opp på glasberget denne gongen og kunne fri kongsdottera. For no hasta det. Kongsdottera var nemlig så nær draken med dei tre hovuda at den giftige prustinga frå nasebora på den hylla henne inn kvar gong den pusta ut. Nils og Mads fekk det travelt med hestane sine enda ein gong. Då dagen kom, rei dei av stad med faren. At Oskeladden skulle med, ville dei sleit ikkje høre snakk om. Han hadde berre å bli heime og passe mjølgrauten, og dei truga han tilmed med ulykker om han ikkje fekk til grauten denne gongen. Straks dei var ute av garden, sette Oskeladden gryta over elden, og så let han graut vere graut og skunda seg ut i bakken. "Eg skal bruke den raude hesten!" sa Oskeladden. "Ja, og den raude drakta," svara trolla, "og her er staven!" Dei hadde alt ferdig til han. Av stad gjekk det. Oskeladden hadde aldri trudd at ein kunne ri så fort. Faren og brørne rei han fort forbi; dei tok det med ro for å spare hestane sine. Men riddaren i den raude drakta kjente dei ikkje. På eit blunk var han forbi dei. Ved glasberget blei alle stelt i ei rekkje, og då kongen gav signal, rei dei til. Men alle kom ramlande ned med det same. berre ein einaste riddar fór opp etter det skinande glasberget, og det var Oskeladden i den raude drakta på den raude hesten. "Å, om han kunne nå it opp!" tenkte kongsdottera då ho såg han. Og rett som det var, så var Oskeladden på toppen. I det same hørte dei susing og brusing i lufta. Det var draken som spydde eiter og galle frå alle dei tre hovuda. "Vent no litt," sa Oskeladden, og så svinga han staven. Straks blei den til det skarpaste sverdet ein kunne tenkje seg. Og så kappa han alle dei tre hovuda av draken med eit einaste hogg. "Har ein sett - så er du den rette," sa kongsdottera, "du skal ha gulleplet!" Og så sette Oskeladden kongsdottera opp framfor seg på hesten, og på ein blunk var dei nede hos kongen. Han blei så glad at han omfamna dottera og glømte mest alt anna. "Eg fann deg. Sjå no om du kan finne meg!" sa Oskeladden til kongsdottera, og så rei han vekk. Då gleda hadde roa seg litt og dei skulle til å sjå seg om etter den raude riddaren, var han som søkkt i jorda. Då brørne og faren kom heim, hadde Oskeladden gitt frå seg hesten og drakta til dei tre små bakketrolla, og no sat han i dei vanlige kleda sine ved elden. Denne gong var grauten brent til oske. "Er det rart at vi kallar deg Oskepustar!" sa brørne. Dei var så harme at om faren ikkje hadde lagt mellom, hadde dei gjort det nifst for Oskeladden den kvelden. SAMTIDIG med dette var det mye styr i kongsgarden. Kongen spurde og spurde, men ingen kunne fortelje han noe om kor den raude riddaren var blitt av. Då kunngjorde kongen at på den og den dagen skulle alle dei unge mennene som hadde prøvd å ri opp glasberget, møte fram for kongsdottera. Då ville ho prøve å finne bergingsmannen sin mellom dei. Nils og Mads budde seg til å dra av stad. For ingen hadde hørt eller sett noe til den raude riddaren, så kanskje kongsdottera like godt valde ein av dei som noen annan. "Får eg også kome med?" spurde Oskeladden. "Ja, det kunne vere kjekt," sa brørne og lo. Og så rei dei til kongsgarden. "Det får ikkje hjelpe," sa Oskeladden. Så gav han seg av stad til fots og nådde fram nett då kongsdottera kom ut i slottsgarden for å sjå på dei som stod oppstilt der ute. Alle saman heldt seg ranke i salen og tenkte: ho tek nok ein av oss. Men når kongsdottera spurde om dei hadde gulleplet, kunne ingen av dei svare. Oskeladden sto rett bakom rekka av ryttarar. Han tok gulleplet opp av lomma og trilla det mellom beina på hestane så det hamna framfor føtene til kongsdottera. Straks bøygde ho seg ned og tok det, og då ho retta seg opp, fekk ho auge på Oskeladden og kjente han med det same att. "Hallo," sa ho, tok ho han i handa og førte han fram for kongen og sa at her var redningsmannen hennar. Kongen blei så glad at han heldt bryllaup for dei på flekken. Men brørne var sure og ville ikkje med til bryllaupsgildet. "De skal kan hende heim og koke graut?" sa Oskeladden. Brørne svara ikkje. Heime sette dei seg og stirra inn i elden. Då dei blei svoltne, gav dei seg til å koke mjølgraut. Om ikkje dei har ete seg sjuke av berre ergring, held dei vel på enno. Litteratur BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] Omsetjing og design, © 2007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||||||||