Norsk del, Gullvekta
Danske soger  ❀ 2
Seksjon › 14   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Ein bitte liten mann og kua hans

Ein mann gjekk frå Tim til Nørre-Omme over den store, aude moen. Med eitt såg han ein bitte liten mann komme trekkande med ei lita, raud ku. Mannen på vegen blei nyfiken og stogga for å sjå mannen med kua, men i det same forsvann den vesle mannen, og kua var heller ikkje å sjå.

Notar

Brød og anna

Der var bergfolk i Glenthaug i Lellinge. Dei gjekk ned i ein gard like ved sida av bakken og lånte brød og anna. Der var ein retteleg stig dei gjekk langs mellom garden og heimen i bakken, og eg har sett stigen. Det dei lånte, betalte dei godt nok for etterpå.

Notar

Med raude nissehuer

På garden Kudal i Ørslevkloster sokn budde det underjordiske frå uminnelige tider, og dei levde støtt i vennskap med folka på garden. Somtid lånte dei brød, øl eller husreiskapar hos gardkona, og dei bringa alltid lånet tilbake. Dei heldt til nede under eldhuset [1] på garden, og somtid kom dei underjordiske fram frå ei opning i golvet der og let folka på garden få sjå romma der nede. Ein gong innbaud dei også bonden til å vitje dei. Dei hadde møblar og utstyr som vanlege bønder i dei tidene, og tok imot han så gjestfritt og velvillig som det var vanleg elles.

Ein gong bonden var på heimvegen etter å ha vore på mølla, høyrde han nokon rope bakom seg. Han såg seg attover og fekk sjå ein underjordisk med korte bein og raud nissehue. Den vesle framandkaren sprang så fort han kunne for å nå att bonden. Då han hadde gjort det, bad han bonden gjere seg ei teneste og rope noko så snart han kom heim i garden sin. Bonden skulle rope: "Attivatti er daud!"

Det lovde mannen. Så snart han kom heim, ropte han: "Attivatti er daud". Då gjekk døra til eldhuset opp, og ei underjordisk kone kom fram og tok opp att bodskapet:" Akk og ve! Er Attivatti daud?" Det var ei triveleg lita kone med eit par svære bryst som verka brysame for ho. Ho la eitt over kvar skulder og forsvann.

Notar

Ord

  1. eldhus, dansk bryggers. I eldre tid var bryggers (brygghus, bryggerhus) ei bygning som frå først av blei nytta til å brygge øl og mjød med meir drikke, og dessutan slakting, baking, vasking, koking og grovare kjøkkenarbeid. Dei fleste større danske gardar hadde ei slik bygning.

    På flatbygdene på Austlandet, omkring Oslofjorden og i Agder kallar dei hustypen bryggerhus, mens han andre stadar i Noreg blir kalla eldhus. I eldhuset gjorde dei grovere arbeid som kravde eld – slakting, brygging, baking, klesvask, farging og lysstøyping.

    Bryggers blei frå 1700-talet ofte eit rom i bustadhuset, og etter kvart brukt svært mykje som vaskerom, meir og meir. I dag er eit dansk bryggers eit bustadrom der fyr, vaskemaskin osv. er plassert, og mykje brukt som vaskerom. [Wikipedia, s.v. "Bryggers"; "eldhus", "Bryggerhus".]

Gullsaksa

På den vestlegaste garden i Svennstrup i Brede sokn var kona ein søndags formiddag aleine heime. Mens ho stod framfor skorsteinen med maten, kom med eitt ei bitte lita kone bort til ho. Kona hadde på seg ei hue med gulltråd i, svart skjøt, svart kjole, blått forkle og raudt liv. "Eg vil bede dykk låne meg ei saks for å klippe brurekledninga til dottera mi med", sa kona.

Noko etter toga mange småfolk gjennom stua. Då vogna til mor til bruda kom forbi kona, rekte mora ei saks bort til ho, og kona tok stilt imot saksa. Då saksa blei undersøkt nærare, fann dei at ho var av finaste gull. Ho skal lenge ha vore gøymd i familien.

[A. L.]

Notar

Dvergane

Jens Nibe seier at Gud har skapt dvergane også, både vonde og gode. Dei vonde dvergane er det best å unngå å ha noko med å gjere. Men dei har ikkje så stor makt over folk.

[Nik. Christensen, Åby, i attforteljing]

Notar

Kua blei truga

Ein gong sat ei jente i fjøset og mjølka. Då såg ho med eitt ei bergkone komme opp av jorda. Ho bad jenta om å få låne eit skjørt og den stripa trøya hennar, for bergkona skulle til barselgilde neste søndag. Då jenta nølte, truga kona med at om jenta ikkje gjorde det, skulle både ho og kua søkke ned gjennom jorda til dei. I ein hast sprang då jenta inn etter tøyet, og fekk det att i uskadd stand.

[Vestjylland. Holger Børdam]

Notar

Bergmann på gilde

Det er bergfolk oppe i Tiisbjerg. Folka her i distriktet hadde ein gong pinsegilde der oppe, og det forstyrra bergmannen. Då dei ville heim, kom han i lag med møllaren, ein ungkar, og var med på samkommet. Kva dei blei samde om og korleis alt gjekk sidan, veit eg ikkje, men møllaren måtte love bergmannen at det aldri meir skulle bli pinsegilde på Tiisberg.

[N. Mads Krist. Kristensen, Påbøl]

Notar

  Innhald  


Boktilfang

Danske soger, segner, sagn frå Danmark.    Seksjon     Sett    Neste

Danske soger, segner, sagn frå Danmark. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2009–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]