Norsk del, Gullvekta
Danske soger  ❀ 3
Seksjon › 14   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Deig og brød

I Gudhjem var det ein stad at kona laga til deig om kvelden og stod opp om morgonen neste dag for å slå opp. Men då stod brødet ferdig bakt i omnen. Folka på garden trudde dei underjordiske hadde gjort det mens gardfolka sov.

[G. J.]

Notar

Gryn og mjøl

I Ubberup ligg ein bakke som blir kalla Banen. Derifrå kom det ofte småfolk til garden som ligg like ved, og lånte mjøl og gryn. Men dei kom støtt attende med like mykje som dei hadde lånt. Når dei kom i kveldinga, sa dei: "God kveld", og når dei gjekk, sa dei: "God natt!" Talte ein om å tenne lys, skunda dei seg å komme vekk.

[F. L. Grundtvig]

Notar

Gjødselhaugen

Søren Nielsen i Årup hadde bygt eit større gjødselanlegg i ein haug på marka si. Etter det merkte han det var noko som var etter han heime i husa hans, noko som nappa han i beina. Ein kveld det var månelyst men noko skya, såg han dessutan ei mengde små skikkelsar som rende opp- og nedetter haugen, men ikkje lenger ned enn til den pløgde marka. Han gjekk no til presten og spurde han om råd, for det han hadde sett, gjorde han forpint.

Presten sa: "Eg trur ikkje på det, men rår Dykk til å dekke til att haugen likevel."

[Pastor Christensen, Hurup]

Notar

Klodskovkona og søstera hennar

I Klodskov var det ein gong ei kone. Ho hadde ei søster som var gift i ei anna bygd. Ein gong ho gjesta søstera og dei sat og snakka om sitt og det som elles fall dei inn, sa kona frå Klodskov: "Men kva er det du gjer med ølet ditt så det smaker så mykje betre enn anna øl? Det må du seie meg, for eg vil gjerne lære å brygge slik."

"Korleis eg får det ølet skulle eg vel ikkje snakke om", sa søstera, "men til deg kan eg vel seie det. Der kom ein dag ein nisse og lånte ei kanne øl hos meg, og sidan då har eg hatt tønna full, så tønnetappen min blir aldri tørr."

"Å, vil du ikkje tappe enda litt øl til meg? Eg har blitt så tørst av å høyre om det."

Søstera skunda seg med ølkanna, men då ho kom att, var potta tom. No var tappen tørr, og ho kunne ikkje få ein drope ut av tønna. Det var fordi ho hadde snakka om det.

[C. Grove]

Notar

Fullt av dvergar på Snedsted

På Snedsted var det så mange dvergar - det var så vakkert å sjå på dei når dei rende med dei små, raude huene på hovuda, for når dei kom til ein lyngfylt jordstrimmel mellom to marker, så fall og rulla dei rett over. Det var ikkje så sjeldan at ein såg dei, for dei sprang og lånte omnskuffer og raker og andre ting frå folk. Når ein så ville bruke det dei hadde tatt med seg, så var det vekk. Men det kom alltid att, og somtid låg det ei kake ved sida av som takk for lånet. Mor fortalde oss ofte om dei, men sidan vi kom hit ned, har vi nesten ikkje høyrt snakk om slike saker.

[Hans Kristiansen, Vokslev]

Notar

Innhald


Danske soger, segner, sagn frå Danmark, litteratur  

Kjelder: [Bøkene]

Danske soger, segner, forteljingar, sagn frå Danmark, opp Seksjon Sett Neste

Danske soger, segner, sagn frå Danmark BRUKARGAID: [Lenke]
© 2009–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]