Norsk del, Gullvekta
Danske soger  ❀ 5
Seksjon › 14   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Kanna og steinen

Ein kar hadde forvilla seg og kom ridande forbi haugen som blir kalla Dagbærg Dojs. Då tykte han at han kunne sjå mange lys ut av vindauga i haugen. Men dess nærare han kom, dess mindre blei dei. Til sist blei det nokre ørsmå, runde hol han kunne skimte lys gjennom. Då han kom bort til lysa, ropte han om dei innanfor kunne gi han nattely eller vise han veg. Jo, dei kunne.

Det hasta med han, han skulle til Holstebro, og han ønskte helst å komme av stad då. Så kom det eit kvinnemenneske ut til han og skulle vise han veg. Ho spurde han om han ikkje var tørst. Han takka og sa jo. Så kom ho ut med ei stor sølvkanne full av drikke og rekte han. Då han fekk kanna i handa, kom han i hug at det var visst ikkje rådeleg å drikke av ho. Han slynga då det som var i kanna, over hovudet sitt og baketter. Det fall nokre dropar på hestebaken, og dei tok både hud og hår så langt dei kom. Han gav hesten av sporane og beheldt kanna, og så rei han alt det hesten klarte. No visste han kor han skulle, og var slett ikkje forvilla. Ho bakom han kom så nær at ho fekk fatt i eine bakskoen i det han rei over vadestaden ved Hagebru, og ho beheldt halve skoen. Men mannen kom heim med sølvkanna.

Då no kvinnemennsket gjekk tilbake på vegen, så rivna ho, og det kom to gutebarn ut av ho. Der låg ho. Bergmannen kom snart til og fekk sjå ho var daud. Han gjekk så fort han vann tilbake til haugen med barna. Men først tok han ei stor steinhelle og la over ho som låg der.

På julemorgonen kom folket frå Sjørup og ville til Dagbærg til kyrkje. Dei samla seg omkring steinen i vegen og ho som låg under steinen. Så la dei fleire steinar rundt og oppå den første for å ha det til merke, men no er nok all steinen flytta.

Notar

Innhald


Danske soger, segner, sagn frå Danmark, litteratur  

Kjelder: [Bøkene]

Danske soger, segner, forteljingar, sagn frå Danmark, opp Seksjon Sett Neste

Danske soger, segner, sagn frå Danmark BRUKARGAID: [Lenke]
© 2013–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]