Norsk del, Gullvekta
Danske soger  ❀ 4
Seksjon › 14   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

I folketrua er bergfolk vesen som bur i haugar og berg. Haugfolk er eit anna namn på dei.

Trolltatt i Grynderup

Oppe i Grynderup skal det ha vore mange bergfolk, og til sine tider skal dei ha vore leie til å ta folk inn i haugane sine og behalde dei der ei tid. Jenter beheldt dei somtid i fleire år, men karar slapp for det meste ut snarare. Somme var der så lenge at dei var unge då dei blei tatt inn, og gamle når dei kom ut. Dei kunne vere raske og rørige, men det var alltid noko sært med dei. Ingen kunne få vite av dei kor dei hadde vore eller kven dei hadde vore imellom, eller korleis dei hadde hatt det. Dei sa kan hende så mykje som at dei hadde hatt det godt nok. Især mot helga kom det sære sinnelaget deira fram. Dei kunne då blir borte ei tid om kvelden, og så komme att om natta.

På den austre garden i Grynderup var det ei ungjente som var søster til kona på garden; og den jenta var vekke i sju år. Ho kom att ein julekveld, gjekk stilt inn og sette seg på kakkelomnsbenken, men sa ikkje eit ord. Dei spurde ho ut, men fekk ikkje svar. Ho fekk mat og drikke, men tok bakvendt på allting med hendene, som elles sat rett nok. Ho blei gåande på garden som vanleg og var stille og roleg, men somtid blei ho noko sær og forsvann så for ei tid. Då var alltid eit brød, ein ost eller eit sauelår blitt borte også.

Ein gong passa dei på og lista seg på strømpelesten etter ho. Då såg dei at ho forsvann inn i ein stor stabel med lyngtorv utanfor garden. Etter at ho hadde komme att, flytta dei stabelen, og då såg dei ho hadde laga seg eit slags lite kammer der inne, og som ho kunne lukke med lyngtorv. Då ho oppdaga at stabelen var vekk, viste ho så stor sorg at dei angra at dei hadde flytta han. Og då dei sidan såg ho gjekk inn i ein annan torvstabel, var dei ikkje gode for å flytte han. Stabelen blei ståande så lenge ho levde.

[Glenstrup]

Notar

Hunden på tønna

Ein dag grov eg etter oldsaker i ein stor haug litt nord for Fannerup i Nørre-herad. Så kom den gamle smeden bort til meg og fortalde at far hans også hadde grave der. Eit stykke nedi haugen støytte faren på ei stor tønne, og på tønna låg med eitt ein stor, svart hund. Faren drog no av seg trøya og la hunden på ho, og tok så mange pengar ifrå tønna som han trong til å bygge opp garden sin. Til sist la han hunden bort på tønna att.

Då sa hunden: "Hadde du ikkje flytta meg så mildt og lagt meg ned så snilt, så hadde du ikkje fått det du fekk."

[Fortalt av løytnant Jensen ved M. Balle]

Notar

Skaftet på omnsraka

På Måre mark, Herrested sokn, mellom Måre og Lindeskov, budde det trollfolk i ein haug som blir kalla Mahaug, og jordmora frå Herrested måtte ofte dit ut for å hjelpe til med fødslar. Ein gong gjekk ein mann og plogdrengen hans og pløgde ved haugen. Då dei køyrde der forbi, såg dei ei omnsrake som låg utanfor med laust skaft. Mannen tok øksa han hadde med, og sette fast skaftet på raka. Dei køyrde igjen, men då dei kom til neste fure, stod det eit brett med mat og to kanner øl der. Drengen ville ingenting ha, mens mannen åt og drakk sitt og kjente seg vel.

[Gitt att frå to forteljingar, av Henrik Jensen på Svindinge, og Sødinge skole]

Notar

Ropet frå Lindberg-bakken

Ein mann frå Tørring hadde vore i Randers. Seint om kvelden, mens han køyrde heim og kom forbi Lindberg-bakken, så kom det ein bitte liten gut eller kva det var for ein, og bad han helse Bet at Bjat var daud.

Mannen blei noko heit om øyra over å høyre den røysta, og køyrde vidare. Han kom heim, men sa ikkje noko om Bet og det andre før han og kona var i seng. Då sa han til kona: "Det var nokon som kom opp frå Lindberg-bakken. Han ropte skingrande til meg og bad meg helse Bet at Bjat var daud."

I det mannen fortalde dette, var det nokon under kakkelomnen som sa: "Å Gud betre! Har Bjat døydd ifrå alle småbarna no!"

Med det fekk mannen og kona den trua at dei hadde bergfolk under kakkelomnen.

[Anders Kristensen, Tørring]

Notar

Innhald


Danske soger, segner, sagn frå Danmark, litteratur  

Kjelder: [Bøkene]

Danske soger, segner, forteljingar, sagn frå Danmark, opp Seksjon Sett Neste

Danske soger, segner, sagn frå Danmark BRUKARGAID: [Lenke]
© 2013–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]