NORSK DEL, GULLVEKTA  

Danske ordspråk og munnhell

 13 › 2 › 13

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE



O

Ofte er lykka betre enn forstanden.

Ofte er skarlakens hjerte under riven kåpe. (Laale)

Ofte kjem svart unge av kvitt egg.

Ofte seier tunga det som halsen skal betale.

Ofte veltar liten tue stort lass. (Norrønt)

Og spør så Sankt Peter, "Kva godt har du gjort?" Svarer eg sveitsaren, "Ikkje stort!". (Adam Oehlenschläger)

Også kloke høns skit i neslene.

Også mennesket krev avspenning. (Spansk)

Også musa gøymer til jul. (Finsk)

Også poteter har auge. (Norsk)

Også tunga og tennene kives somtid. (Afrikansk)

Også unge påfuglar har fjørtopp. (Indonesisk)

Oksen brøler ikkje over foret. (Syv)

Om du fôrar ein ulv om vinteren, et den deg om hausten. (Oldgresk)

Om du har med ein rev å gjøre, tenk på knepa den kan. (Engelsk)

Om du ikkje kan bite frå deg, så la vere å syne tenner. (Fransk)

Om du vil ha eit godt råd, spør ein gammal mann. (Engelsk)

Om ein denger i ein hundeflokk, hyler den som blir ramma.

Om hundre år er det meste glømt. *

Om ikkje brennevin, tjøre og badstue hjelper, er døden nær. (Finsk)

Om ikkje karet er reint, surnar det du heller i. (Latin)

Om inga straff fanst, åt det eine mennesket opp det andre.

Om kvelden skal ein rose dagen. (Norsk)

Om noen overgår deg, så la han overgå deg; han har sjølv ein som overgår seg. (Afrikansk)

Om skjegget kunne gjøre det, så kunne geitebukken preike. (Engelsk)

Om somme visste kva somme sa om somme, så sa somme ikkje så mye om somme.

Om vi har plikt til å tilgi ein fiende, er vi ikkje forplikta til å stole på han. (Engelsk)

Om vinteren er kvar mil som to. (Etter engelsk)

Omgang med kvinner er grunnlaget for gode seder.

Oppdra barnet ditt sjølv, det er ikkje sikkert det lar seg oppdra av andre. (Afrikansk)

Optimistar lagar fly, pessimistar lagar fallskjermar. *

Ord bitt mannen og hampereip oksen. (Gammal dansk samling)

Ord slår ingen mann i hel - om ikkje handa følgjer med.

Ordet frå munnen og steinen frå handa kan ein ikkje ta tilbake. (Arabisk)


BØLGJE

Litteratur
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 1999–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]