NORSK DEL, GULLVEKTA  

Danske ordspråk og munnhell

 13 › 2 › 13

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE



R

Ramnen kan vaske seg, men kvit blir den ikkje. (Baskisk)

Regn og besøk er gode når dei ikkje kjem i utide og ikkje varer for lenge. (Svensk)

Regnar det ikkje her, så regnar det vel annanstads. (Syv)

Regnet fell i dropar og dannar likevel pyttar. (Serbokroatisk)

Reinsemd er den beste pynten. (Jysk)

Renta søv ikkje.

Rett skal vere rett.

Ridande sveinar vil ha køyrande jenter. (Svensk)

Rikdom gjer friaren fager. (Svensk)

Rikdom og fattigdom har kvar sin djevel. (Svensk)

Rikdom renn dit gullet alt held til. (Islandsk)

Roma blei ikkje bygt på ein dag.

Roser og tornar veks på same tre. (Tysk)

Roser skal plukkast før dei visnar.

Rotlaust tre ber sjeldan frukt. (Vedel)

Rotta kjem ikkje ut i dagslyset.

Rotter held ikkje jul der det er kattar. (Frå Bahamaøyene)

Rovfuglar syng ganske ugjerne. *

Rovfuglen har krumme klør.

Rullande stein stoggar ikkje før botnen er nådd. (Malaga)

Rullestein samlar ingen mose.

Ryktet gjer røyken diger. (Svensk)

Ryktet gjer sugga feitare enn ho er. (Tysk)

Ryktet har venger.

Ryktet veks mens det går. (Latin)

Røvaren trur alle er som han sjølv. (Mellomalderlatin)

Røynd mann er god å gjeste.

SAMLINGA  

TILGIFT

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


  BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVARSFRÅSKRIVING: [LENKJE]
   © 1999–2009, Tormod Kinnes. [E-POST]