Norsk del, Gullvekta
Danske ordspråk
Seksjon › 6 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

S

Sabelen høgg ikkje i sin eigen skjede. (Kurdisk)

Saman ligg oppeten mat. (Laale)

Samd gir styrke.

Same kor du går vil skjebnen din følge deg. (Tyrkisk)

Same kor langt vekk skjora flyg, så følger halefjøra etter.

Same kor mykje ein stryk hunderumpa, får ein ho aldri bein.

Same kva finger ein bit seg i, så svir det. (Gammal dansk samling)

Samleie med ei gammal kone gir lus og langt hår. (Arabisk)

Samvitet lyg ikkje.

Sanne ord er ikkje fagre, fagre ord er ikkje sanne. (Tao Te Ching)

Sanning består, løgn forgår.

Sanning føder fiendskap. (Engelsk)

Sanning og dårskap sit i vinfatet.

Sanninga er ei, men løgna har mange hovud. (Oldgresk)

Sanninga kan vere ille høyrt. *

Sanninga er undersøkinga si dotter.

Satan treng ikkje hente folk, dei spring sjølv i famnen på han.

Sei aldri noko bak ein annan manns rygg utan at du også vil seie det framfor han.

Sei lite, og sei det godt.

Seine barn, tidleg foreldrelause. (Engelsk)

Seint lærer ein kvinnesinn å kjenne. (Norrønt)

Sel egget, ikkje høna.

Senga er kvinnenes preikestol.

Sett deg på det nedste trinnet, så fell du ikkje ned. (Vestjysk)

Sett det som er vanskeleg å skjøne framfor deg; sett det som er lett å skjønne bak deg.

Sett ikkje reven til å vakte gjæser.

Sist men ikkje minst.

Sit nær vennen din, men sit ikkje låret av han.

Sjeldan får liggande ulv lam i munnen. (Laale)

Sjeldan får spåkona ein god skjebne. (Laale)

Sjeldan kjem lån leande heim. (Islandsk)

Sjukdom er kvar manns herre. (Norsk)

Sjukdom er kvar manns herre.

Sjølv det minste peparkorn har ein skarp smak. (Thailandsk)

Sjølv eit firbeint dyr kan snuble, og ein lærd mann likeins. (Thailandsk)

Sjølv eit hår har sin skugge. (Latin)

Sjølv eit utgått tre gjer berget venare. (Japansk)

Sjølv samvitet er til sals for den som er villig til å drive handel med alt. (Italiensk)

Sjølvgjort er velgjort, om det er aldri så ringt. (Jysk)

Sjølvgjort er velgjort.

Sjølvgjort sjølvros stinkar altså velgjort. * :)

Sjølvklok blir aldri klokare.

Sjølvros stinkar. (Jiddisk)

Sjå deg for før du hoppar. (etter engelsk)

Sjå ikkje etter eple under ein poppel.

Skabbete sau fordervar ein heil flokk.

Skaff deg rikdom som ein træl og bruk han som ein herre. (Afghanistansk)

Skaffar du huset ditt ei boksamling, skaffar du det ei sjel. (Latin)

Skam og skade går ofte i følge.

Skikk deg vel, så spørjast det minst. (Jysk)

Skinnet er nærare enn skjorta. (Svensk)

Skinnet narrar.

Skinnsykja kviler aldri. (Norsk)

Skipet er meir avhengig av roret enn roret av skipet.

Skjebnen er ikkje vår dommar, vi er herrar over skjebnen. (Russisk)

Skjelpadda legg tusenvis av egg utan at nokon høyrer det, men når høna legg eit enkelt, skal heile byen ha beskjed om det. (Malaysia)

Skjem ut deg sjølv før andre skjemmer deg ut. (Jysk)

Skodde kan ikkje spreiast med ei vifte. (Japansk)

Skog har øyre og mark auge. (Laale)

Skomakar, bli ved din lest.

Skrekken har store auge. (Russisk)

Skryt er til for å dekke manglane. (Jysk)

Skulle alle ekteskapsbrytarar gå i grå kapper, ville slikt tøy bli mykje dyrare enn det er. (Svensk)

Sladder er halvt løgn. (Svensk)

Slakt ikkje den som har trudd halsen sin til deg.

Slakt ikkje gåsa som legg gullegg. (Gresk)

Slangen tar farge etter landet han lever i. (Tuareg)

Slektskapen røper standen, framferda røper personen.

Smak og behag er forskjellige.

Smal er middelvegen. (Islandsk)

Smigraren blandar ofte gift og honning. (Svensk)

Smil gjer munnen breiare ei tid. *

Smør vogna, så knirkar ho ikkje. (Svensk)

Små båtar flyt der store skip går på grunn.

Små mus har også øyre. (Frisisk)

Små ting fengslar små sjeler. (Latin)

Småtjuvane heng ein, dei store lar ein gå.

Snarveg blir ofte gleppeveg. (Laale)

Sola er uret til bonden. .

Som dei gamle syng, så kvitrar og dei unge.

Som ein er skodd blir ein trudd. (Svensk)

Som ein reier, så ligg ein.

Som ein roper i skogen, får ein svar.

Som mora er, så er dottera. (Som mor, så dotter)

Som åra går, sakkar forstanden baketter. (Sovjetisk)

Somme elskar ein fager kvinne, andre elskar kjøtsuppe.

Somme et eitt og somme noko anna, slik blir all mat eten. (Laale)

Somme glor og somme gaper; dei er alle gode som Vårherre skaper. (Lolland)

Somme kan sjå på vogga når barnet vil pisse.

Somme toskar trur dei veit alt. (Fritt etter spansk)

Somtid kan det komme eit vist ord frå ein tåpe. (Fyn)

Sop først fordi eiga dør før du soper for andre sine.

Sorg gjer gammal før tida.

Sorg gjer søvnlaus.

Sovande reke blir rykt bort av straumen. (Chilensk)

Spel ikkje kort med dauden. (Svensk, korta ned)

Spinke og spare kan lenge vare, men sus og dus gjer tomt hus. (Jysk)

Spør deg for om nabolaget før du kjøper huset, og om reisefellen før du slår følge med han.

Spør folk om råd, men avgjer sjølv. (Sovjetisk)

Stadig solskin skaper ørken. (Arabisk)

Stikk ikkje skeia di i andre sine gryter.

Stor herre utan tenarar er lite verdt. (Laale)

Store fiskar et dei små.

Store ord frydar ein tosk. (Laale)

Stortjuvane heng småtjuvane.

Streng herre rår ikkje lenge. (Gammal dansk samling)

Strittar ho litt imot, går ho vel med. (Gammal dansk samling)

Ståande vatn stinkar. (Kretisk)

Sugga er eit svin, også i stastøyet. (Sjælland)

Suggeflesk og svigerforeldre er best kalde. (= daude). (Vestgøtland)

Sunn mann er rik mann. (Svensk)

Surt gjer glad. (Tysk)

Svar ikkje i vest når du blir spurt i aust.

Svart ku gir kvit mjølk. (Laale)

Svigermora gløymer at ho ein gong var svigerdotter. (Spansk)

Svinet kjenner ikkje til etetider.

Svolt er det beste krydder. (Latin)

Svolte svin drøymer om eikenøtter. (Ungarn)

Svolten mage lar seg ikkje avfeie* med ord.

Sært folk har sære sedar.

Søtt smaker syndig kjærleik. (Islandsk)

Så kry som ein pave. *

Så mange hovud, så mange sinn.

Så stolt som ein pave.

Innhald


Høyet i hus

På ymse sider er det små teikn i teksten: parentesar, symbol, tilvisingar og anna til nytte for mykje "høyberging": (1) Teiknforklaringar; (2) Handtering av tørka fôr.

∼ Kjeldene: [Litteratur]

Danske ordspråk, ordsprog ordtak Danmark, opp Seksjon Sett Neste

Danske ordspråk, ordsprog ordtak Danmark. BRUKARGAID: [Lenke]
© 1999–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]