NORSK DEL, GULLVEKTA  

Danske ordspråk og munnhell

 13 › 2 › 13

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE



V

Vane gir tame. (ferdigheit, dugleik). (Islandsk)

Vanen er ein andre-natur. (Fransk)

Vantru er aldri sjølv fulltru.

Var ikkje tore, la troll verda aude. (Laale)

Var løgn latin, var det mange lærde.

Varm seng gjør lat dreng.

Varsam manns hus brenn ikkje.

Kva skal ei and med pengar?
Rimet er "strand - rige mand" i originalen.
Vatnet vil ned til stranda, og pengane til den rike anda. (Onkel Skrue) :) *

Ved bordet og i senga skal ein ikkje vere blyg. (Svensk)

Ved eld skal øl drikkes. (Håvamål)

Veggane har øyre.

Vekk ikkje den hunden som vil sove. (Gammal dansk samling)

Veks godset mitt, veks motet mitt. (Laale)

Vel den sikre vegen, sjølv om den er snodd. (Arabisk)

Velgjørenheit* er skuld i mangfaldige synder.

Venleiken ber medgifta i fjeset. (Engelsk)

Venn er den som ser feila. (Færøysk)

Venner er som felestrengar, dei må ikkje spennast for hardt. (Skotsk)

Venner er venner - men forretning er noe anna.

Vennskap varer ein dag, slettskap heile livet. (Sumerisk)

Ver budd på at son din vil behandle deg som du gjør mot din eigen far. (Etter Spansk)

Ver for søt og du blir eten; ver for bitter og du blir spytta ut. (Kurdisk)

Ver heller venn med månen enn med stjernene.

Ver høflig mod svigermor di, så gjester ho huset ditt tre gonger daglig. (Japansk)

Ver på vakt mot menneske som alltid teier. (Italiensk, stutta)

Ver tru og tru ingen menneske. (Frisisk)

Verda er full av synder, helvete fullt av djevlar. (Latvisk)

Verda er stor, himmelen er blå, det den eine forsmår, gler den andre. (Tysk-usansk)

Vi er alle jydar. (svensk: smålendingar) for Vårherre.

Vi har drive det vidt i rikdom når få har for mye og færre for lite. (Nicolai Grundtvig)

Vi må ikkje sjå høgare enn vi kan nå.

Vi skal ære det vi er kome av. (Vestjysk)

Vil du behalde vennene dine, så besøk dei sjeldan. (Spansk)

Vil du ha jenta, må du ta mora med. (Jysk)

Vil du ikkje med det gode, så skal du med det vonde.

Vil du kjenne ein jente, sjekk mora nøye; vil du kjenne jenta nøyare, gransk mormora. (Thailandsk)

Vil du leve lenge og sund, så et som ein katt og drikk som ein hund. (Svensk)

Vilje er ikkje landerett. (Laale)

Viljen er sjela i verket. (Tysk)

Villig jente er lett å lokke. (Jysk)

Vinden blæs ikkje alltid frå same kant.

Visdommen bur ikkje berre i eitt hus. (Sydafrikansk)

Vodka fører til både vondt og godt.

Vogga er heilagare enn altaret. (Jysk)

Vond rot gir ikkje gode eple. (Laale)

Vond vane har lange røter. (Fyn)

Vonde urter veks mest. (Laale)

Våre eigne sko gneg oss mest, så er frende frende verst. (Syv)

Våren er ei jomfru, hausten ei mor, hausten ei enke, vinteren ei stemor. (Russisk)

Vårherre skaper kåpe etter vêr. (Fyn)


BØLGJE

Litteratur
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 1999–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]