Norsk del, Gullvekta
Sogndal lokalhistorie med slektsgardar
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

nn
Sogndal kommune i Sogn, med kommunesenteret Sogndalsfjøra ringa inn

Sogndal kommune ligg ved Sognefjorden i Sogn og Fjordane fylke. Kommunen grensar til Luster i nord og aust, Lærdal i sør over fjorden, Leikanger i sør og vest og Balestrand i nordvest. Administrasjonssenteret er Sogndalsfjøra; målforma er nynorsk. Sogndal er også regionsenter for Sogn. Folk frå Sogndalsfjøra kallar seg sogndøler, folk i Norane nører og folk på Kaupanger kaupingar.

Det bur om lag 5 000 i Sogndal, om lag 1 500 i Kaupanger og rundt 300 i Fjærland. I dag er Sogndal kjent for fotball og saft. Her finst også vidaregåande skole og høgskole. Kaupanger stavkyrkje er ei av dei eldste i landet.

Den første norske sjølvbiografen kom frå Sogndal

Blant kjende personar frå Sogndal er Gjest Bårdsen (1791-1849), meistertjuv, utbrytarkonge og forfattar. Far hans drukna utpå Sogndalsfjorden.

Gjest sat mykje i fengsel, men skal også ha brote seg ut frå fengsel heile femtisju gongar. Han var kvikk i hovudet og gjekk for å vere friluftsmenneske. Det var i tida i fengselet, frå 1827 og utetter, at han tok til å skrive vers og prosa. Mange av forteljingane om han er om korleis han lurte lensmenn og futar for pengar og gav pengane til dei som trong dei meir. Elles finst ei rekke historier om korleis han greidde å sleppe frå arresten. Han har ofte blitt samanlikna med Robin Hood, sidan det blei sagt om begge at dei viste omsyn til fattige og svake.

I 1841 blei den borgarlege æra til Gjest gjenoppretta ved kongeleg resolusjon, og i 1845 fekk han nåde fordi han verka karakterfast og oppførte seg godt som fange - og blei sett fri frå fengsel ved kongeleg resolusjon den tredje oktober 1845 etter å ha vore fengsla i atten år på Akershus, og enda om fleirtalet i Høgsterett var imot det. Akershus - det er elles der regjeringa held til i dag. Gjest på Akershus har mange vore.

Den sjuande mai 1848 gifta Gjest seg, femtisju år gammal. Bruda var nokså nær halvt så gammal, og frå Bergen. Der døydde Gjest året etter. Han hadde då drive ein liten bokhandel.

Under og etter fengselstida forfatta Gjest den første norske sjølvbiografien, ei ordbok på taterspråket og mange viser og dikt; han kunne seg med slikt. Han skreiv godt. Språket var levande og tydeleg. Han var kunnskapsrik og kunne appellere til både hovud og hjarte som det høvde.

Gjest livnærte seg dei siste åra mellom anna ved å reise rundt på bygdene og selje historiene om seg sjølv som såkalla "skillingstrykk" - dvs. småhefte som kosta ein skilling.

Mange skillingsviser som tradisjonelt har vore tilskrivne Gjest, kom frå ei tid utan lover om opphavsrett, det vil seie frå før 1886. Det kan vere vanskeleg å fastslå kven som skreiv kva: I ein analyse frå 1991 er berre elleve viser og eit visefragment rekna som sikre Gjest-produkt.

Her er åtte verk:

  • Sjølvbiografien "Gjest Baardsen Sogndalsfjærens Levnetsløb" - 1835.

  • "Fengsel og Frihed i tvende Qvad" - 1845.

  • "Brændevins-Ondet, en Folkevise med Fortale" - 1846.

  • "Acrostichon - eller Gjest Baardsen Sogndalsfjærens Levnet" - ei vise med 26 vers som skulle utgjere "hans fulde Navn" - utgjeven 1848.

  • "Ole Høilands død" - ei vise - 1849.

  • "Hun sveg mig dog" - ei vise - (utan årstal)

  • "Gjest Baardsen Sogndalsfjærens Levnetsløb efter Løsladelsen fra Aggershus Fæstning til hans død" - forfatta av han sjølv, gitt ut i 1869.

  • "Vandrings- eller Skøiersprog", gitt ut av Helge Refsum 1948.

Seinare granskingar kan tyde på at Gjest sin versjonar om seg sjølv var noko idealiserte, og heltedyrkarfilmen om han frå 1939 like eins. Gjest blei for helt å rekne fordi forteljingar om han glei godt inn i ei utbreidd oppfatning om griske futar og lensmenn som la tunge skattar på småkårsfolk. I novelleeventyra og småstubbr hos til dømes Asbjørnsen og Moe stig eit slikt syn også fram. Gjest blei raskt eit symbol på striden til vanlige folk mot urettvis skattlegging, og han vann ryet sitt i folketradisjonen som ein norsk Robin Hood mot denne "klangbotnen".

Gjest-forteljingane spela også på segntrekk som høvde i samtida. Dei største bragdene hans var frå rett etter 1814, då minne om det danske embedsveldet sat godt att i norske bygder.

Fødestaden hans i Sogndalsfjøra er elles restaurert som Gjest Baardsen-huset.

Gjest er ingen ane for meg, men eitkvart om "den eksotiske sogndølen" skulle vel gle ein eller annan. No følgjer åtte anegardar: Amla, Fimreite, Kvåle, Lerheim, Nagløyri, Sogndal prestegard, Ugla og Vangestad.

Div.

Amla

På slutten av mellomalderen ser det ut til at jorda rundt Amlabukta er samla under to store "hovudeiningar", for i 1522 er det berre nemnt gardane Amla og Kaupanger. Kaupanger på vestsida var éin stor gard, mens Amla var delt opp i tre gardar - ein på øvre, ein midtre og ein for nedre Amla. Dei to øvste blei samla til eitt bruk på 1600-talet.

Amla ligg ved Amlabukti i Kaupanger, Sogndal, Sogn og Fjordane. Gardane i øvre og nedre Amla har mykje felles historie. Og mektige furuskogar gav mykje inntekt til gardane der med tida; store sager langs Kaupangerelva skar tømmer; og ein stor del av jekteflåten på Sognefjorden blei hyrt inn for å frakte skurlasta til kjøparar i Bergen.

I Askvoll bygdebok av Abraham Loftheim står det at den danskfødte soknepresten Jens Mauritsen i Askvoll også eigde sagbruk og jord i Amla. Jens dreiv to sagbruk på Amla i Sogn i lag med Morten Lauritsson Amble. Sonen Peder overtok farseiga der og gifta seg med dottera til kompanjongen til far sin. Peder kalla seg Peder Jenssøn Amble, men etterkommarane kalla seg Klingenberg. Klingenberg-slekta rådde over det meste av jordvegen i Amla fram til Heiberg-slekta blei eigarar i 1690, står det i NRK Sogn og Fjordane fylkesleksikon.

På 1700-talet var det fleire medlemmar av dei velståande slektene Klingenberg, Falch og Heiberg i Amla som dreiv med Grønlandshandel.

[NRK Sogn og Fjordane fylkesleksikon, s.v. "Adels- og embetsgardar på rekkje og rad", og "Same eigar i Amla, Stedje og Kaupanger"]

Litt om slekt etter Peder Jensson og kona Øllegård

Far til Peder Jensson var Jens Mauritsen, som var sokneprest i Askvoll i Sunnfjord og jord- og sageigar i Amla, Sogndal i lag med Morten Lauritsson Amble, opphavleg frå "Romsdalen". Romsdals amt var fram til 1919 namnet på det som i dag er Møre og Romsdal fylke. Tilvisinga "Romsdalen" og vesentlege slektsforhold finn ein i G. Falch Heibergs Slægten Heiberg: Personalhistoriske og genealogiske opplysninger. (Kristiania: Cammermeyers, 1907:12)

Jens kom til Noreg frå Viborg på Jylland, og gifta seg to gongar. Med førstekona si fekk han "ordbokpresten" Christen Jenssøn. Med andrekona Anne Christendotter hadde han fleire søner. Peder Jenssøn (Amble) (1612-1684) arva faren sin del av eit sagbruk i Amla. Han gifta seg med Øllegård Mortensdotter, dotter av Morten Lauritzen Amble og Guri Michelsdotter Due (Heiberg 1907:12 og ovanfor)

Morten er med i koppskatten (kopp er frå tyske Kopf, hovud) for indre Sogn i 1645: I Sogndal prestegjeld, Kopanger sokn, på Amble gard, for Mortenn (namn), med "qvinde, 2 drenge, 2 piger". [Kjelda: Jo Rune Ugulen: Koppskatt for Indre Sogn 1645 Digitalpensjonatet, Digitalarkivet]

Øllegård og Peder fekk fleire barn. I anerekka vår er Erik. Han fekk tolv barn med kona Britha frå Rønneid. Dottera deira, Kirstina, fekk ein ny Erik, osv.

Erik Pederson Klingenberg ~• Kirstina Eriksdotter Klingenberg ~• Erik Hansson Skagen ~• Martha Eriksdotter ~• Britha Larsdotter Rønneid ~• Peder Thorson Spilchevig ~• Thomesine Pedersdotter Spilchevig ~• Peter Daniel Larsen Myren ~• Bestemor Ragna.

Dei tre siste i rekka er ikkje sogningar. Resten er, og "det er sogneblod i oss alle." Det kan også dei seie som har ete sognemorr i det siste.

Peder (født ca. 1613) tok over sagbruket til far sin i Amla. Han budde på Amle (Ambla) som gardbrukar, og var sorenskrivar i Sogn i 1615, er det nemnd i diplom, opplyser Sogn Tingrett. Peder er nemnd i prestemanntalet for Sogndal prestegjeld i 1666, og i futemanntalet for Indre Sogn i 1666. I tingboka for sorenskrivaren i Indre Sogn i 1669 står også: "Ved ting 11. oktober 1669 har Peder Jensen stevnet noen for ulovlig å ha hugget store mengder tømmer i hans skog." [◦Lenke] Jamfør [◦Sorenskrivarane i Sogn]

Peder og kona Øllegård er nemnde som opphav til slekten Klingenberg-slekta i Sogn. Dei fekk fire barn. Peder døydde før 1685.

[Jf. Jo Rune Ugulen i Norsk Slektshistorisk Tidsskrift, bind XXXVI, hefte 4: Bidrag til slekts- og personhistoriske utgreiingar i Sogn; 1. Kring Amla-godset i Sogndal (s 235-266).

Div.

Fimreite

Frå Fimreite
Frå Fimreite. Straks innanfor drap størstedelen av den norske lendmannsadelen kvarandre i eit sjøslag. Lendmann var den høgaste rangen under jarl.

FRÅ ANEREKKENE. Ti slektledd før meg gifta Kirsti Hansdotter (ca. 1660 - 1703) frå Fimreite seg med Anders Torbjørnson på Uglum.

FIMREITE. Fimreite gard ligg i Norumbygda i Sogndal kommune, Sogn og Fjordane, på sørsida av Sogndalsfjorden sitt innlaup frå Sognefjorden. Namnet heng kanskje saman med fim, som svarar til 'grasdekke på eng' i dansk med meir - og med reitr, oppspadd jordstykke. Gras som kjem tidleg om våren, vårfim, høver dessutan med klima og naturforhold på staden. Tunet på Fimreite ligg på eit platå i nordhallande bakkar på sørsida av Norumsfjorden. På 1300-talet var det minst to tun på garden, men det er likevel ikkje sikkert at dei to tuna var fysisk klart skilde frå kvarandre. Før utskiftinga i slutten av førre århundre låg alle hus på Fimreite i eit klyngetun. Det er sannsynleg at Fimreite var busett ifrå eldre jernalder.

AVGJERANDE SLAG. På austsida av innløpet til Sogndalsfjorden ligg Fimreite-gardane. Straks innanfor Fimreite, nær Hagastranda, stod den 15. juni 1184 eit stort sjøslag mellom Sverre Sigurdsson frå Færøyene og Kong Magnus Erlingsson. Dei sloss om kongsmakta i Noreg. Begge hevda at dei var av kongeætt og gjorde krav på å bli konge i Noreg. Kong Magnus blei drepen der, saman med 2000 menn. Kanskje overdreiv forfattaren mannefallet, men blant dei daude var størstedelen av lendmannsadelen som enno fanst etter generasjonar med borgarkrig.

Det fall seg slik: Sverre hadde reist til Sogndal med opprørsfolka sine for å slå ned eit opprør mot seg der, og Kong Magnus hadde fått nyss om at Sverre var i dei trakter. Han reiste innover Sognefjorden med tjueseks skip for å ta eit endelig oppgjer med Sverre. På Magnus si side stod både kyrkja og nesten alle lendmennene. Sverre hadde berre fjorten skip, men oppelda karane og brukte krigslist.

Følga av slaget var at nesten heile det gamle aristokratiet blei utsletta.

STORMANNSSETE. Fimreite var var knytt til storbønder og stormannsætter i mellomalderen, og var truleg stormannsgard i høgmellomalderen (som i Noreg vi seie perioden frå 1184 til 1319). Frå andre halvdel av 1300-talet kjenner ein til at om lag halve Fimreite var ått av adelsmenn, mens resten var kyrkjegods. Og på 1500-talet var Fimreite ått av folk med røter i den norske adelen. Ei gammal segn seier at ein baron budde på Fimreite kring 1600.

FIMREITEOSPA. På Fimreite stod det i gammal tid ei diger osp som blei rekna som eit heilagt tre. Her blei det så seint som på 1800-talet tømt øl over røtene på treet. Ospa skulle vere 18 meter høg, og krona hadde ein diameter på 21 meter.

Div.

Kvåle

To anar i Sogndal: Mikkel Mikkelson Due den eldre og kona hans, Maren (Mari) Stålesdotter ''av Kvaale-ætti'', (daud 10. august 1600). Dei fekk elleve barn. [Rauneberg 1915].

Garden Kvåle i Sogndal var ein stor og rik gard i mellomalderen (1030-1536/37) og seinare. Ut frå kjelder kan ein seie noko om tilhøva heilt tilbake til jernalderen (500 fvt. - 1030 evt.)

Arkeologiske og historiske kjelder viser at Kvåle har vore ein stor og viktig gard gjennom historia. Det var steinkyrkje på Kvåle i mellomalderen. Ho stod der i 1308 og var venteleg privat eigd av storbonden på Kvåle. Det blei elles bestemt at kyrkja skulle leggast ned i 1544.

Frå seinast 1218 til 1295, var garden også lendmannssete. Lendmennene administrerte eit område - len - for kongen. Garden hadde såleis høg sosial og økonomisk status. Slik heldt det fram i høgmellomalderen frå tidleg på 1300-talet og utover. Garden var adelsgods i den tida. Tidleg på 1300-talet var Kvåle ein av dei gardane i landet som betalte mest i skatt. Ein av eigarane. Hans Sigurdsson, var den største godseigaren i landet på 1400-talet.

Og ut frå landskulda var Kvåle den største garden i Sogndal skipreide i 1647. (Skipreide: administrativ eining i Noreg, med opphav i eldre tider, då kystdistrikt plikta å stille eit hærskip med mannskap i ufredstider - å reie ut, ruste ut, eit hærskip.) Sogndal skipreide omfatta 27 gardar det året. Gardane betalte landskuld, og Kvåle betalte 4 til 9,9 gongar meir enn gjennomsnittet, avhengig av reknemåten.

I 1647 eigde enka Mette Pedersen heile Kvåle-garden.

[Skrede 2006].

Div.

Lerheim

Gnr. 61 Lerheim, (s. 435 ff)

Namnet blir uttalt Le'reim. Første leddet kjem av leirr, leire, og siste leddet kjem av heim. Garden kan reknast som sikker busett i folkevandringstida, det vil seia for kring 1.500 år sidan. Men endinga -heim kan tyda på at dette er ein eldre gard med busetting attende til eldre jernalder, noko som vil seia 2.500 år attende i tida. Arkeologiske funn på garden støttar opp om dette. Elles reknar arkeologane at Lerheim i eldre tid gjekk heilt ned til Skjeldestad. Den yngre garden Ospesete blei sannsynlegvis utskilt frå garden i vikingtida.

Lerheim ligg på vestsida av Sogndalsdalen under Lerheimsfjellet. Sola er borte tolv veker om vinteren. I eldre tider batt fjellet grender omkring det saman i at det låge fjelldraget over Lerheim har frå gammalt av vore den beste overgangen til grannebygdene. Denne vegen over mot Øvstedalen gjekk folk frå fleire av gardane på vestsida av Sogndalselva og møttest til ting med Norane i det som heitte Norum skipreide, og då med felles lensmann. Fjellet blei mykje nytta i eldre tider, både som kløvjeveg og drifteveg. Såleis var Lerheimsfjellet ein del av eit større ferdsle-system i sogndalsområdet.

Garden er ikkje nemnt i mellomalderkjelder, men kan likevel reknast som busett då, ut frå kjelder frå 1500-talet. I 1563 finn vi namnet på den første brukaren vi kjenner, Anders på Lerheim. Dessutan er det nemnt ein Ellend, i 1603. Dei neste 120 åra var det to, fire og så tre brukarar. Dei tre bruka gjekk under nemningane fremste, midt og heimste Lerheim. Fremste Lerheim var det største av dei tre bruka. Då Ivar Knutsson kom på sine eldre dagar, delte han i 1771 fremste Lerheim i to der sonen Ola Ivarsson fekk eine halvparten, medan sonesonen Ola Jakobsson fekk andre halvdelen. Sistnemnde, også kalla Kvåls-Ola, heldt til i gamlestova på det bruket som i ettertid fekk bruksnummer 7. Ola Ivarsson bygde i tunet nedanfor vegen og dreiv det som i ettertid blei bruk 8. Desse fire bruka stod ved lag fram til 1832, då eit område frå Bårdgarden blei frådelt.

I 1832 selde Hans Olsson på Bårdgarden ein part av bruket til eldste broren Jakop, som sidan frådelte Storakvena som eige bruk med mark og åkrar, eng og skog og slåttemark. Dessutan skulle buskapen til Jakop få fritt beite på heile gardsområdet, så mange dyr han kunne fø på garden. Sameleis på stølen, der han skulle få hogge den stølsveden han trong. Jakop skulle òg få hogge ved til tørkestova, som tilvist. Elles skulle han saman med broren, "dog denne ikke til fortrengsel", fritt få nytte tørkestova, kverna og naustet i Sogndalsfjøra. Bruket fekk løpenummer 77b og blei utgangspunkt for bruk 5.

Lensmannsgard for ikkje haugtatte

Lensmenn. Ivar Knutsson på Lerheim blei i 1726 utnemnd til lensmann for Norane. Dette embetet følgde bruket i fleire tiår framover. Til forskjell frå dei andre bruka på Lerheim og bruka elles i området, var fremste Lerheim i sjølveige og velståande. Eit skifte etter tredje kona til Ivar, Synneva Olsdotter, vitnar om det slik: Då buet blei gjort oppi 1752, kom skiftesummen opp i 471,5 riksdalar. Når vi veit at ei normalt god ku blei taksert til 4 1/2 riksdalar i det same skiftet, får vi ei viss formeining om at dette var eit bruk over gjennomsnittet.

Hulder. På Avsøla heldt trua på huldra eller "dei underjordiske" seg fram til 1850-åra. På den tida levde truverdige menneske som visste om folk som hadde blitt haugtatte. Dei visste om folk som hadde høyrt at huldra snakka og spela på ymse måtar. "Det var den gongen eg tente på Rygg", seier ein. "Eg kom ruslande nedover stølsvegen over Ospeseter. Best det var, tok det til å synge og spele borti Huldehamar, lokkande fint, så det dåra meg. Eg stogga og var med ein gong inne i eventyret. Då eg sansa meg, sette eg på sprang, men spelinga følgde meg like til heimegrinda. Eg var så redd, men eg bad Gud vare meg og las fadervår. Då heldt det opp." [Skrive ned av Ivar L. Navarsete, med noko endra stil og uttrykk her. jf. s. 439]

Stølar. Lerheim hadde to stølar: vårstølen låg rett ovanfor bøgarden. Dit opp var det kort veg, og buforing til denne var om lag 10. juni, og til fjellstølen på Lerheimfjellet i slutten av juni. Der var det også mange andre stølar. Lerheimstølen har same stølshamna som Nystølen og Ospesetstølen. Drivdalsgrova er merkesgrensa på framkanten, og på heimkanten er Svartaberg merkesgrensa, og på utkanten går merkegrensa til Noranemerket.

Lerheim hadde fem sel og like mange fjøsar, og alle desse husa låg i ein runding med stølsgjerde av oppmura stein. Arbeidet blei gjort av fem budeier som gjekk heim om dagen og hjelpte til. Det tok om lag ein time å gå til Lerheimstølen. Her oppe dreiv budeiene med tradisjonell oste-og smørproduksjon. Men etter kvart som det blei vanskeleg å få tak i budeier, førte det til at mange fjellstøler blei nedlagde. Då starta Lerheimsbøndene i 1933 med å køyre mjølka frå fjellstølen til Fjøra, men det blei for hardt både for hest og kar. Det var opp klokka 4 om morgonen, på toppen av anna arbeid. Dei klarte ikkje dette slitet, og rundt 1950 gav dei opp. Då blei det slutt med drifta på fjellstølen. På den tida hadde dei kulturbeite heime. Dermed blei det lettare å levere mjølka til meieriet. Herifrå var det berre haust- og vårstølane som blei brukte, dette stod ved lag fram til i 1960-åra. Då blei også desse stølane nedlagde. I dag er mange av stølshusa nedrotna, andre er ombygde til fritidshus for gardsbruka.

Store dagar før. Sogndal idrettslag bygde skihytte i området i 1920-åra, og folk knytta til setrene på fjellet – truleg andre også – gjekk saman om å bygge skistadion på Lerheimstølen, som var peika ut som eit område som var veleigna både som hopp- og langrennsarena. Det første offisielle hopprennet blei halde søndag 11. mars 1928. "Veslebakken" med hopp på 25-35 meter var den første bakken som blei tatt i bruk. I 1930 blei den store bakken utbygt med fartsstillas som gjorde at hopparane kunne strekke seg til over 50 meter. Det første store rennet, Sognarennet, gjekk av stabelen laurdag og søndag 22. og 23. mars 1930 med deltakarar frå Høyanger, Leikanger, Vik, Fjærland, Luster og Sogndal. Trettenåringen Bjarne Lerheim slo til med eit stilreint prøvehopp på 31 meter.

Lerheimsbakken blei landskjend. Utanom dei mange skirenna i hopp og langrenn, (sognemeisterskap osb), hadde idrettslaget sitt årlege store hopprenn andre påskedag. Då henta dei alltid heim dei beste austlandshopparane, og då blei det i årevis reine 17. maistemninga. Sogndal musikklag spela. Det var mykje folk. På skifestane etterpå var det premieutdeling, og då gjekk pokalane rundt.

Det blei elles vanleg å halde samkome i skihytta. Då kom alle budeiene, og dei hadde med seg helgafriarane sine. Elles kom mange andre, mellom dei trekkspela som drog opp med den feiande "Lerheimstølsvalsen" og song attåt. Det blei liv i leiren med hæla i taket og stor jubel for valsen. Her oppe på stølane hadde også heimefolket faste samkome i helgene om sommaren, #8211; dei kom saman med slekt og vennar og smakte på stølskost som budeia sette si ære i å servere gjestane sine. Ein stølsdag saman med vennar var ein av dei største dagane i livet for dei som var husbondsfolk. Slike dagar hugsa og mintest dei med glede. Romantisk kunne det kanskje vere når heile grenda heldt stølshelg, og når budeia fekk friarar om laurdagskveldane. [Fritt etter nedskriving av Ivar P. Navarsete]

Stølsgjerde eller stølsbø

Dei fleste gardane hadde eit stølsgjerde som dei slo. Som regel låg dette på heimestølen. Lerheim derimot hadde stølsgjerde på både heime- og fjellstølen. Med andre ord: gardar flest hadde seterbøar med gras dei slo.

Eigedomsforhold

Dei fleste gardbrukarane i Sogndal eigde ikkje jorda si, og dei fleste gardbrukarane på Lerheim gjorde det heller ikkje. Eigarane sat ofte utanbygds. Det verkar sannsynleg at garden i mellomalderen delvis var ått av Nonneseter kloster i Bergen, som var eit jordkompleks som Vincent Lunge overtok i 1528.

I 1734 selde Sjur Nilsson på heimste Lerheim bruket sitt til Hans Knagenhjelm for 185 riksdalar. Det betydde at han og dei neste brukarane blei leiglendingar og måtte betale jordleige, den såkalla landskylda, til godseigaren. Status som leiglendingsbruk hadde heimste Lerheim fram til 1775. På sommartinget det året fekk den eldste attlevande sonen etter Lars, Ivar, skøyte på bruket hos Knagenhjelm for 194 riksdalar.

Midt-Lerheim som også blei kalla Kyrkjegodset, kom derimot ikkje i sjølveige før i 1840-åra. Fremste Lerheim skilde seg frå dei andre bruka ved at bruket kom tidleg i sjølveige. Dette fann stad tidleg på 1700-talet. Akkurat når kan ikkje kjeldene fortelje. Dette bruket hadde like høg skyld som dei to andre til saman og blei rekna som eit godt bruk. Det var sannsynlegvis grunnen til at lensmannen i 45 år hadde tilhald på fremste Lerheim.

Den ospa

Ein gong i 1806 eller 1807 hadde gardbrukaren Ola Jakobsson Lerheim hogge ned ei stor osp og nytta treet til reparasjon. Gjerninga hamna med tida i retten. Ola laut punge ut to kuverd før han og grannen var forlikte.

Lagretten kom til at treet stod på naboenka Gunnhild Johansdotter sin grunn. Ho klaga denne hogsten først inn for forlikskommisjonen, men der blei det ikkje nokon løysing. Torsdag den 9. september 1808 troppa lensmann Lars Blestrem opp i huset hennar i spissen for fire lagrettemenn. Og Gunnhild hadde innkalla nabovitne, den 83 år gamle Johannes Eriksson Lerheim med sonen Erik, og Lars Larsson Åberge, og desse blei "formanede til sanhed".

Gunnhild klaga naboen for å ha felt tre på hennar grunn, medan Ola Jakobsson fortalde lagretten at dette var mark han hadde brukt i 31 år. Etter desse to utsegnene frå partane, drog følget ut i marka på Lerheim denne torsdagen i 1808. På Ospeflatene, ved Drevdalsvegen, blei ospestubben påvist. Retten konstaterte at den målte 14 tommar i diameter.

Partane sin tvist om kven som eigde treet kom av usemje om kor grensa gjekk. Enka meinte grensa gjekk der vegen no gjekk, medan Ola hevda at vegen var på sida av treet då grenselinja i si tid blei fastsett. Eit svakt spor av gammal veg kunne påvisast eit stykke, men retten konkluderte med at grensa følgde den noverande grensetraseen. Ospa tilhøyrde dermed Gunnhild. Ola måtte derfor erstatte treet og ta alle sakskostnadene som tvisten hadde ført med seg. Desse var komne opp i vel 16 riksdalar, noko som då tilsvara verdien på omtrent to kyr. To kyr kunne Gunnhild utan vidare hente ut or fjøsen hans dersom han ikkje betalte innan førstkomande haustting.

Saka gav dessutan partane høve til å bli samde om delinga av ein av furuskogen. "Paa dette forliig gav parterne linanden hænder som venner og vel forligte", førte sorenskrivar Irgens seinare på hausten inn i ekstrarettsprotokollen sin.

Rusa på hausttinget

Den 8. november 1876 fekk Peder Pedersson Stigen ei bot på 2 spesidalar av lensmann Jersin fordi han hadde vist seg rusa på hausttinget i Hofslund. Men då Peder nekta å betale bota, blei saka vist til tinget. Det gjer at vi gjennom rettsforhandlingane får meir innsikt i saka ved at den blir referert i justisprotokollen for Indre Sogn. Under rettsforhandlingane i Solvorn 22. februar året etterpå kjem det fram at Peder Stigen dukka opp i skumringa på den andre dagen av hausttinget "i noget beruset Tilstand, tiden at han dog manglede Sands og Samling.". Her trefte han på Jens Andersson Øyre og spurde om han hadde sauar å selje. Det skulle han ikkje ha gjort, for Jens hadde før det året blitt dømt for å ha stole nokre sauar. Jens greip Peder i kragen slik at han fall bakover, deretter slo Jens han i hovudet utan at Peder tok att. Deretter blei dei to skilde.

Straks etterpå kom lensmann Jersin og bad om ro, noko som gjorde at Peder forlet tingstaden. Men då Jersin la fram eit førelegg på to spesidalar for uro på offentleg stad, nekta Peder å betale, han meinte det heile hadde bakgrunn i ei mistyding. Han innrømma at han ikkje hadde vore edru då han kom til Hofslund, men nekta å vere skuld i "nogen Rolighedsforstyrrelse" i og med at han ikkje hadde tatt igjen. Under rettsforhandlingane fekk Peder medhald i dette, men samtidig påpeika dommaren at han hadde provosert Jens med spørsmålet sitt.

I formildande lei trekte også sorenskrivar Schweigaard fram at Peder som då var 24 år, ikkje tidlegare hadde vore straffa. Likevel heldt retten fast ved at Peder skulle ha ei bot, denne gongen sett til 4 kroner: det var det halve av det første førelegget på 2 spesidalar. Men i tillegg måtte han betale 16 kroner i salær til politiaktor, slik at Peder måtte ut med det tredoble av den første bota han blei gitt hausten før.

Også etter utskifting av innmarka i 1889 ligg husa på Lerheim samla i eit tun. Ein gong tok eit snøskret fjøset til heimst i gamletunet og skudde det unnabakke i hundre meter eller så. Folk var fulle av otte for bølingen inni, men dyra var uskadde, og hanefar gol. [Avstutta etter Vilhelm Flugeim]

Slekta vår på Lerheim

BRUK 1, Fremste Lerheim i 1660-åra: Kristoffer Kristenson født kring 1621, daud 1701 på Lerheim. Gift med Karen Eriksdotter født kring 1629, daud 1701 på Lerheim.

Born: Johannes født kring 1663, og Anna født kring 1668, daud 1734 på Lerheim. Gift med Sjur Nilsson (overtok bruk 10)

1680-åra til ca. 1710: Johannes Kristofferson født kring 1663, daud 1714 på Lerheim. Gift med Marta Larsdotter. Dei fekk Sigrid f. 1685 som det første av barn. Sigrid blei gift i 1705 med Sjur Andersson Ugla [Uglum]. Desse to høyrer med blant anane våre, i lag med foreldra, besteforeldra og oldeforeldra sine på Lerheim.

Og herifrå går slektslinja vår frå Lerheim til Ugla i Sogndal. Det femte barnet til Johannes og Marta, anana våre, heitte Bodil. Ho blei neste brukar på garden og gift med Ivar Knutsson, som var lensmann i lang tid (nemnd ovanfor) og gifta seg opp att eit par gongar også.

[Kjelde: Selseng, Berit, og Jan Anders Timberlid. Sogndal bygdebok. Gardar og folk: Stedje sokn. Band 3. Sogndal: Sogndal Sogelag, 2007]

Div.

Nagløyri

Garden på elvesletta ved utløpet av Årøyelva kallast Nagløyri. Han heitte opphavleg Bruavoll. Her var det i gammal tid skysstasjon for folk som reiste mellom Sogndal og bygdene innanfor, i Hafslo og Solvorn.

I 1661 fekk den rike eigaren av Kroken i Luster, bergenskjøpmannen Bernt Arntzen Nagel, hand om Bruavoll og fiskerettane i Årøyelva. Fiskerettane kjøpte han frå futen i Bergen, Per Jansson.

Sjølv flytta Bernt Nagel etter ei tid frå Kroken til Bergen. Men sonen Anders Berentson Nagel var ein ivrig laksefiskar. Og elva har blitt kjend som ei av dei beste lakseelvene på Vestlandet, med strid straum og ein spesielt kortvaksen og kraftig laksetype. Anders busette seg på Bruavoll, som no etter kvart blei kalla opp att etter eigaren Nagel: Nagløyri.

Fisket etter kjempelaksen i Årøyelvi har sidan midten av 1800-talet vore reservert dei som kunne betale best for seg - kongelege, adelege og rikfolk - mellom andre den britiske kongen og den siste finansministeren til tsaren i Russland.

[Ei kjelde: NRK Fylkesleksikon Sogn og Fjordane. "Adels- og embetsgardar på rekkje og rad."]

Div.

Sogndal prestegard

Den tredje og fjerde soknepresten i Sogndal (Stedje) etter Reformasjonen heitte begge Mikkel Mikkelsen Due. Dei var far og son, og sonen avløyste far sin som sokneprest. Namna blei skrivne Michael Columbanus i dei tider. Dei har blitt fornorska til Mikkel, ikkje Mikael, men det er enno litt fritt val her. Columbanus er latin for due.

Mikkel den eldre (1548 - 10. aug. 1600) blei utnemnd til sokneprest i Sogndal i 1569. Han var gift med Maren Stålesdotter av Kvåleætta. Dei døydde same dagen. Dei hadde 11 barn. [Jf. Rauneberg 1915]

Sonen Mikkel (1568-1610) fekk dottera Guri. Ho busette seg på Amble (Amla) med Morten Amble, mannen sin. Morten var frå Romsdalen, blei busett på garden Amla i Sogndal, mens Guri var født i Sogndal som dotter av sokneprest Mikkel Mikkelson Due den yngre (alias Michael Columbanus Norwegus, utdanna ved universitetet i Rostock).

Mikkel Mikkelson (Michael Michaelsen, oppkalla etter krigarengelen Mikael) den yngre verka heftig og lite fredsam. Han måtte skriftleg forplikte seg til ikkje å "lade sine Affekter regjere for meget besynderlig udi sine Prædikener, saa at naar han havde Noget udestaaende med Nogen, da at lade alt saadant staa tilside og afholde sig fra Skjælden og Vrede". Elles ville biskopen få han straffa, står det. No vel. Mikkel Due den yngre var gift med Mette. Ho var dotter av sognefogden Jens Holst. [1]

[Jo Rune Ugulen: Gamle Stedje kyrkje i Sogndal, dei forsvunne epitafia der; og ei løysing på eit genealogisk spørsmål. NSHT b.XL-hefte 3, Oslo, 2006]

Div.

Ugla

Gard som blir kalla godt eigna for jordbruk - Ugla har gardsnummer 34. Lia ovanfor Ugla reiser seg med ein kam rett ovanfor husa på bruk 1. Etter kvart som skog vaks til, blei det færre skred. Elva Ilda flatnar nedetter, her tar slåttemarka til. Nedste delen av garden er temmeleg flat, og der er dei beste bøane. Her finn ein djup moldbotn og god slåttemark. Men innimellom stikk grunnfjellet opp. Garden vender mot sør; han er solrik og godt eigna for jordbruk. Avsetningar frå Vikheimsberget gjorde Ugla og fleire andre gardar til gode korngardar. Særleg éin åker på garden låg godt til: det blei sagt at dersom ikkje byggen blei modent her, var det ingen annan stad i Sogndalsdalen at han blei moden.

Gardsnamnet. Namnet skriv seg frå fuglenamnet ugle, som har vore namnet på elva ved garden. Eldste skrivemåten, Vglwm, finn vi i Vincens Lunges jordebok frå 1534, og seinare Vglum, Wglum fram til Uglum i 1723. I dag er Ugla er den offisielle varianten i matrikkelen.

Frå gardshistoria. Garden er rekna blant dei først busette i Sogndal. I bakken fann dei ting som viser at garden har røter attende til tida 550-800 evt. (= etter vår tidsrekning, e.Kr.) Arkeologane grov fram merke etter mura graver der innhaldet var kol, økser, sverd, piler, beisel, spydspissar og prydnadsting.

Det er elles rekna med at Ugla ikkje låg øyde etter svartedauden. Ugla var i bruk før 1500, men først på 1500-talet er det kjelder over kven som har budd her. Garden blei delt - i 1657 er Ingebrikt og enka oppførte som brukarar, og vi finn to brukarar ved manntalet i 1701: Anders Torbjørnsson og Rognald Klemetsson. Denne todelinga med nedre og øvre Ugla stod ved lag fram til 1880-åra.

På Ugla fanst det mange hestekarar. Det blei satsa på dølahest.

Naboskapet på Ugla var venteleg godt til dei tok sjansen på å ordne utskifting av teigane seg imellom - truleg i 1880-åra. Skeivfordeling av jorda kunne føre til vondt blod. Og kjelder frå 1880-åra viser at ikkje alle var nøgde. Dermed blei det stemningar og rettsaker, og usemje om dei nye grensene. Utskiftinga frå tidleg i 1880-åra var såleis ikkje heilt vellukka for dei tre gardbrukarane på Ugla, og i ettertid blei det ikkje noko godt naboskap. Misnøya førte til uvennskap i fleire slektledd etterpå.

Ugla driven på tradisjonelt vis fram til dei tekniske nyvinningane kom på 1900-talet.

Det var mykje stein i jorda. Det vitnar dei mange murane og steinrøysene på Ugla om. Ofte blei vekkøyringa av stein like så kostesam som sjølve gravinga.

1930-talet var ein periode for nydyrking på mange gardar i Sogndal, og på Uglas bruk 3 blei det dyrka 10 mål.

Mesteparten av enga på garden elles var udyrka mark. Men i 1860-åra hadde dei tatt til med kultureng. Garden hadde mykje ljåmark, så hesteslåmaskinen som kom i 1920-åra, kunne berre nyttast på den flate og samanhengande marka. Også i etterkrigstida stod dei og slo heile sommaren. Men då motorslåmaskinen kom, kom dei til nesten alle stadar.

Elles hadde dei slåttemark heilt ned mot elva. Nede i desse teigane stod det tre ulike løer. Dessutan slo dei ovanfor husa i det del kalla Bergi.

Frå 1860-åra henta dei heim langt mindre lauv på Ugla enn gjennomsnittsgarden i Sogndal, men områda som blei nytta til dette var hagane framover og området ned mot elva. Lauvinga dreiv dei på med til fram i 1950-åra.

Utmarksområda

Det er offisielt sameige mellom bruk 1, 3, 7, 8, 17 og 22 i Uglahagen, ein skogteig og ein som ligg nord for garden, og munnlege avtalar om kven som eig kva. Også i hamnehagen hadde dei ulike bruka ulike ressursar. Bruk 1 og 3 hadde også teigar på andre sida av dalen. Bruk 3 i dag har att ein skogsteig.

I stølsmarka kring heimestølen Uglaåsen og den gamle fjellstølen Vatnasete ved Vetlavatnet har garden beite-, fiske- og jaktrett saman med to bruk på Elvegjeng. Ved Vetlavatnet var det rikeleg med vatn, og det var viktig når dei skulle reingjere kar, men også til kjøling sommarsdagen.. Tuftene er i dag attgrodde. Så blei sommarstølen flytta til Frudalsvollen. Frå 1856 har Frudalsvollen vore stølshamn til garden. For at kyrne skulle halde seg der folk hadde skipa det til, laga uglane gjerde mellom urder.

Kyrne til uglane likte å gå i vatn. Sommarsdagen kunne dei gjerne stå i vatn til langt opp på sida når myggen var for nærgåande.

Hellebrotet på Uglaåsen

Fleire stadar i kommunen var det førekomstar av heller, men ikkje alle var av like god kvalitet som det på Uglaåsen. Hellebrotet som låg like ovanfor stølen, var av god kvalitet, men det måtte ein del arbeid til før ein kom ned til dei store hellene. I 1840-åra tok fleire gardar til å byte ut torvtaka med heller. Eit godt lagt helletak kunne vare i 150 år, eit torvtak kunne ta til å leke etter berre eit par års bruk. Når folk hadde bruk for heller, leigde dei retten til å ta ut dette. Men det hende også at det blei selt heller i brotet.

Barn i bryllaup

Johannes Amble fortel om eit bryllaup han var med på på Ugla i 1827. Mora Anna Olsdotter som var fødd Hove, hadde eit syskenbarn som gifta seg til Ugla der bestemora hans, Durdei Hove, kom frå.

Jeg var nok da meget ung, kanskje i det 3die Aar. jeg husker bare at de slog paa Trommer, men da de skjød fløi jeg til skogs som en Hare, saa man maatte hente mig tilbage. Saa var der en Aften, der sad en Kvinde og en mand i Høisædebcenken, derhen trængte sig flere Mennesker og jeg stod nede paa Gulvet og saa til. En Kvinde stod ved mig med en Papirlag i Haanden og ragte den til Brudefolkene. Jeg husker jeg sagde: "Lad mig fag den!" Men hun sagde: "Vil du ha den?" Jeg ønskede altsag at modtage deres Skaalepenge. Dette er omtrent alt hvad jeg erindrede fra Bryllupet. Bryllupet varede i 3 Dage, som Skikken var den Tid.

Barnebidrag

in gong i 1843 sende Peder Mikkelsson Vikheim brev til amtet (no: fylkete), der han klaga på oppfostringsbidraget han betalte til Kristi Olsdotter Ugla. I det brevet tok han også eit oppgjer med dei kvinnene som fekk såkalla uekte barn. Han skreiv at straffa berre var nokre dagars fengsel på vatn og brød, og at fedrane laut ut med stadig større og meir betydelege summar. Dermed kunne mødrene hjelpe seg og barna utan noko betydeleg arbeid. Som vitne på at opplysningane i brevet var rette fekk Peder tretten gardbrukarar til å skrive under på brevet.

Han skreiv ikkje at mødrer med barn utanfor ekteskap var dei som sat att med barna og ikkje minst skamma, og at mennene lettare kunne lure seg unna. Bygdesamfunn kunne vere nådelause mot kvinner som ikkje fekk barna sine i etablerte ekteskap.

"Til lags åt alle kan ingen gjera (Norsk ordtak)."

Skulemannen Lars Uglum

Lars Uglum (1892-1971) underviste, etter avslutta lærarutdanning på Stord, ved Sogndal Folkehøgskule før han enda opp ved Trudvang skule. Uglum blei i 1948 tilsett som den første skuleinspektøren i Sogndal kommune, dessutan var han mangeårig formann i skulestyret og ordførar i 12 år. Ikkje alle hadde syn for arbeidet hans, men han bøygde aldri unna i saker som han meinte tente bygda, så som å få oppretta gymnas i Sogndal og neppe vettlaus kraftutbygging.

Anar på Ugla, bruk 3

Frå 1684 til 1714: Anders Torbjørnson født kring 1648, daud 1704 på Ugla. Gift første gongen med Kristi Hansdotter født kring 1660 på Fimreite, daud 1703 på Ugla. Fjerde barn i første ekteskapet var Sjur f. 1703 på Ugla.

Sjur Andersson (f. 1703 og daud 1745 på Ugla) var brukar frå 1714 til 1745. Han blei gift første gongen i 1705 på Ugla med Sigrid Johannesdotter født kring 1685 på Lerheim, daud 1730 på Ugla. Marta var tredje barn i første ekteskapet.

Marta født kring 1717, daud 1780 i Åsen, Luster. Gift med Torbjørn Olsson Åsen født kring 1710. Frå dei kom Agatha Torbjørnsdotter som gifta seg med Peder Thorsen, som fekk Thor, som fekk Peder, som fekk Thomesine, som fekk Peter, som fekk farmor.

No ser ein vel ikkje at vi stammar frå Marta og Torbjørn utan å finne slektstreet vårt og kjeldene det er rota i, men her er altså samanhengen. Han går innom Luster og vidare.

[Kjelde: Selseng, Berit, og Jan Anders Timberlid. Sogndal bygdebok. Gardar og folk: Stedje sokn. Band 2. Sogndal: Sogndal Sogelag, 2007]

Innhald


Sogndal lokalhistorie, Amla, Fimreite, Kvåle, Lerheim, Nagløyri, Sogndal prestegard, Dueslekt, Uglagard historier, litteratur  

Heiberg, Gert Falch. Slægten Heiberg: Personalhistoriske og genealogiske opplysninger. Kristiania: Cammermeyers boghandel, 1907. Nettutgåve:
archive.org/stream/slgtenheibergpe00heibgoog#page/n6/mode/2up

Rauneberg, Erling. Kvaals-ætti. Historielaget for Sogn, 1915.

Skrede, Marit Anita Skrede, Storgarden Kvåle. Artikkel SFFkl-100061, 2006.
www.fylkesarkiv.no/kl/detalj/?id=159

NRK Fylkesleksikon. "Adels- og embetsgardar på rekkje og rad."

NRK. s.v. "Fimreite-gardane".
nrk.no/sf/leksikon/index.php/Fimreite-gardane

NRK Fylkesleksikon. "Same eigar i Amla, Stedje og Kaupanger."

NRK "Slaget ved Fimreite",
www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Slaget_ved_Fimreite

NRK Fylkesleksikon. "Slaget ved Fimreite". Oppdatert 13.06.2003
www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/fylkesleksikon/1598042.html

Sandal, Per. Sogndal bygdebok. Band 1. Allmenn bygdesoge. Tida før 1800. Sogndal: Sogndal Sogelag, 1986, passim.

Timberlid, Jan Anders, og Berit Selseng. Sogndal bygdebok. Gardar og folk: Stedje sokn. Band 1-3. Sogndal: Jan Anders Timberlid – Sogndal Sogelag, 2007.

Timberlid, Jan Anders, og Berit Selseng. Sogndal bygdebok. Gods, gardar og folk: Kaupanger Sokn. Band 1-2. Sogndal: Jan Anders Timberlid – Sogndal Sogelag, 2012.

Store norske leksikon, s.v. "Fimreite", "Gjest Baardsen (utdjuping)".

Wikipedia, s.v. "Gjest Baardsen".

Wikipedia, s.v. "Slaget ved Fimreite".

Notar

  1. Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen: biografiske Efterretninger samlede af Provst Johan Fredrik Lampe,. Efter hans Død udgivne af D. Trap, Sognepræst . Bind 2. Kristiania [Oslo]: Cammermeyers Boghandel, 1896, Bind 2, s. 44.


Sogndal lokalhistorie, Amla, Fimreite, Kvåle, Lerheim, Nagløyri, Sogndal prestegard, Dueslekt, Uglagard historier, opp Seksjon Sett Neste

Sogndal lokalhistorie, Amla, Fimreite, Kvåle, Lerheim, Nagløyri, Sogndal prestegard, Dueslekt, Uglagard historier BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]